Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Kva skal vi leve av etter boka?

KATEGORI

Litteratur,

SJANGER

Kronikk,

PUBLISERT

mandag 14. februar 2022

Vi er midt i ei kulturell klimaendring. Er det verkeleg bøkene vi bør hegne om? spør Øystein Espe Bae i dette innlegget om unge og lesing.

↑ Foto til venstre: Unsplash. Til høgre: Øystein Espe Bae. Foto: Anita Arntzen

Lat oss berre punktere den slappe ballongen før den blir ei livsløgn: Nesten ingen barn og unge opplever lenger papirboka som eit interessant eller estetisk givande medium. Truleg kjem denne utviklinga til å forsterke seg. Om nokre år er det kanskje berre pliktlesinga igjen.

Så korleis skal vi få barn og unge til å lese? Medan vi ventar på at alle gode krefter søker svaret, kan det tenkast at spørsmålet blir stadig meir irrelevant?

Kvifor skal vi halde fram med å produsere og formidle så mange fantastiske historier akkurat for papirformatet, viss barn og unge viser mindre og mindre interesse?

Øystein Espe Bae er fagleder ved Norsk barnebokinstitutt. Foto: Niklas Lello

Skilnad på er og bør

Sjølvsagt vil foreldre, bibliotekarar og pedagogar ikkje slutte å lese bøker med dei minste barna med det første. Men vi må ta inn over oss at det skjer noko før barna når puberteten, ei kulturell klimaendring, som gjer at vi vaksne boksoldatar står makteslause tilbake. Viss du ikkje er innforstått med kva eg siktar til, bla litt i medietilsynet eller SSB sine årlege undersøkingar over kva barn unge bruker tid på. Snakk med ein litteraturformidlar. Eller til og med, snakk med ein 13-åring. Boklesinga er allereie marginalisert.

Vi som bryr oss om den slags bør dermed finne nye måtar å formidle dei gode historiene på. Papirboka er sjølvsagt svært veleigna for litteratur, sånn i seg sjølv, men den appellerer ikkje like godt lenger som medium for dei gode, litterære historiene for barn og unge. Vi må begynne å ta konsekvensane av det før det er for seint. Det er mogleg å på same tid meine at boka burde ha ein appell, og å innsjå at dette absolutt ikkje er tilfelle.

Vi må ta inn over oss at det skjer noko før barna når puberteten, ei kulturell klimaendring

Når litteraturen må ta grep

Få ting gjer meg så trist som å tenke på kva innsats og støttestrukturar som faktisk ligg bak mange av dei gode bøkene som i dag nesten ikkje når eit publikum.

For viss vi går ut frå at barn og unge faktisk har lyst på gode litterære opplevingar – berre ikkje i form av ei bok – kva kan vi gjere for å minske spagaten mellom alle dei talentfulle, litterære forteljarane der ute og dei potensielle målgruppene deira – som vi ikkje allereie gjer? Det er her diskusjonen må starte. Ikkje om kor vidt forfattarar, for å gjere seg moderne og relevante, skal bruke moderne teknologiske rekvisittar i historiene, eller skrive inn ein tilstrekkeleg representativ mengde mangfaldige bipersonar og tabubrytande tematikk.

Foto: Annie Spratt / Unsplash

Lesarane smelter som isbrear

Det er ikkje slike grep som til sjuande og sist avgjer om vi lykkast med å gjere litteraturen relevant. For ein 15-åring som er interessert i lesing legg ikkje frå seg ei knakande god historie berre fordi protagonisten ikkje ser ut til å bruke 4 timar på TikTok kvar dag, slik som ho sjølv. Og tilsvarande: Ein 15-åring som identifiserer seg som ein ikkje-lesar, plukkar garantert ikkje opp ei bok på biblioteket berre fordi hovudpersonen er avbilda på omslaget med nasen ned i ein iPhone 13 Pro.

Vi har høyrt om lesekrisa så mange gongar dei siste 20 åra at det, på same måte som kakofonien rundt klimaendringane, framstår som ein dyster lagnad som ein ikkje får gjort noko med. Likevel, barn og unges manglande interesse og evne til (djup)lesing kjem til å bli tema for konferansar og seminar også i åra framover: Lesarane smeltar som isbrear! Til dømes stiller årets Se og les-konferanse mange av dei same, viktige spørsmåla no i februar. For det er jo heilt naturleg for dei som jobbar på eit felt å ville snu ei nedsmelting som ikkje er berekraftig for det litterære krinslaupet, slik ein kjenner det.

Ein 15-åring som identifiserer seg som ein ikkje-lesar, plukkar garantert ikkje opp ei bok på biblioteket berre fordi hovudpersonen er avbilda på omslaget med nasen ned i ein iPhone 13 Pro

Spagaten mellom bokskaparane og målgruppene deira blir neppe mindre av at vi alle deler det same synet på lesingas fortreffelegheit

Paradigmeskifte som vond spagat

Så korleis skal vi gjere det? Eg tvilar på at det handlar om å knipe igjen auga og halde fram med å pushe lesekvantitet på kreative måtar gjennom sommarleskampanjar.

Vi vaksne lener oss sjølvsagt skakke på tung forsking når vi finn formidlingsmotivasjon i at lesing av bøker har tydelege fordeler for barn og unge. Lesinga utviklar alt frå fantastiske førestillingsevner, grunnleggjande empati, djupe konsentrasjonsevner, literacy og økoborgarskap. Det gjer alt slitet med å nå ut til barn og unge med bøkene verdt det kvar gong ein ny lesar ser lyset.

Men dette seier eg med all mogleg omsorg for litteraturen: Spagaten mellom bokskaparane og målgruppene deira blir neppe mindre av at vi alle deler det same synet på lesingas fortreffelegheit. Bruker vi alle desse gode effektane av lesing som stadige grunngjevingar for kvifor vi som samfunn skal halde fram med å satse pengane på å skape og formidle papirbøker, er det jo ingenting som hindrar spagaten å bli enno større dei neste åra. Til slutt risikerer ein om 10 eller 20 år å sitte att med ein haug med gode intensjonar og nye kulturfondsbøker i bibliotekmagasina, men forsvinnande få lesarar.

Ein ser ikkje alltid eit paradigmeskifte når ein står midt oppe i det.

Foto: NRK

Gjere seg relevant

Tekstkulturar er alltid i utvikling, hand i hand med utviklinga av medieteknologien, skriv Gunhild Kvåle i ein artikkel om digitale ungdomstekstar (2020). Samtidig peikar ho på at den offentlege samtalen om ungdom og digitale medium derimot ofte handlar om ei uro over korleis endringar i mediebruk kan tenkjast å påverke barn og unge negativt. Sjeldan handlar det om å forstå kva dei unge faktisk til ei kvar tid driv med, og korleis. Denne uroa er det mange som til ei kvar tid let seg smitte av. Anten det er radioen, fargefjernsynet eller smarttelefonen som kjem smygande for å røve bort unges verdifulle tid mellom to permar.

Barnebokinstituttets direktør Kristin Ørjasæter ropte i fjor eit lite varsku for at eit snevert litteratursyn kunne gjere uboteleg skade på litteraturinteressa hos barn og unge – viss ikkje litteraturen klarte å gjere seg relevant. Korleis? Ved å «utvikle seg på de plattformene der hvor barn og unge oppholder seg og teknologien gjør litterær fremstilling mulig».

For barn og unge kan jo eigentleg ikkje få nok av godt fortalte historier i ulike format. Tenk til dømes på SKAM. Så er det verkeleg bøkene vi på død og liv burde hegne slik om, viss vi faktisk bryr oss om å nå fram med noko gripande?

Sjeldan handlar det om å forstå kva dei unge faktisk til ei kvar tid driv med, og korleis

At bøkene er mindre attråverdige for dei unge enn før, betyr jo sjølvsagt ikkje slutten på litteraturen

Eit spørsmål om plattformisme?

Det er eit ømtålig spørsmål, eg forstår det. Papirbøker er jo faktisk ekstremt verneverdige som konsept, og heile systemet er jo rigga etter papirbokparadigmet. For mange, kanskje fleirtalet, er jo «litteratur» framleis synonymt med (papir)bok. Og jobbane til mange av dei som les dette er jo også truleg basert på papirboka, i stor grad. Barnebokinstituttet, der eg arbeider, er jo også… Ja, det er berre å lese namnet. I namnet åt boka og den heilage trykkekunsten. Faktum er at eg gjerne skulle sett at instituttet heitte noko litt meir treffande, som reflekterer korleis vi i dag faktisk tenker, forskar og underviser om litteratur her i gangane hos oss.

At bøkene er mindre attråverdige for dei unge enn før, betyr jo sjølvsagt ikkje slutten på litteraturen, eller den verbalspråklege skriftkulturen. Det vi som bryr oss om litteratur må snakke meir om, er korleis dei gode historiene  – og dei kjem det alltid til å finnast mange av – kan ut til målgruppene i dei formata og på dei plattformene som til ei kvar tid fungerer best i samtida. Det er ein evig samtale, som inneber å måtte pirke litt bort i den plattformismen som kan sjå ut til å vere til hinder for kunstnarisk nyskaping og utvikling av økonomisk berekraftige modellar for nye typar litteratur. Når papirboka får alle dei strukturelle fordelane i det gamle paradigmesystemet, kan det vere til hinder for at litteraturen utviklar seg i takt med lesarane i tida framover.

«Bilde av en brennende Tesla». Coveret er designet av Eilif Fjeld Teisbo. Foto: Brageteatret

Multimodale «lesarar»

Sjølvsagt kjem det digitale skiftet med ein del utfordringar for dei som vil drive med litteratur, både estetisk, etisk og økonomisk. Det viktige her er uansett at alle paradigmeskifter har stilt krav til både forteljarane og formidlarane si endringskraft og sjølvinnsikt for å lukkast å vere relevante – viss det er eit mål då. Lesarane har bevega seg til å bli meir enn lesarar, dei er multimodale, medskapande, interaktive, sosiale. Dei sit med makta meir enn før, forventar meir. Det er ei utelukkande positiv endring, spør du meg.

Og viss barn og unge likar lydformatet godt? Då går det an å skrive nyskapande ting for det formatet. Eg let meg til dømes inspirere av Brageteatrets Bilde av en brennende Tesla, eit nyskapande høyrespel eller lyddrama for den oppveksande generasjonen. Aksel Kielland omtalte det i Periskop som eit «hørespill for et nytt medieparadigme». Og eg noterer med interesse at Samlaget i vår satsar på ei rekke nye lyddrama for barn skrivne direkte inn mot lydformatet, utan boka som ein adaptiv mellominstans. Det lover i teorien godt for kvaliteten, når ein tek sikte på å utnytte mediets såkalla affordans, eller potensial, på den måten.

Ingen ting understreker meir at vi er i eit paradigmeskifte som at sjølve ordet lesar ikkje lenger er adekvat og dekkande for den nye rolla barn og unge ofte har i kulturen. Berre tenk på noko så basalt som lydboka (er det ei bok, forresten?). Eller ein person som speler eit litterært spel eller ein app der litterær historieforteljing og spelbasert interaksjon kranglar om definisjonsmakta.

Lesarane har bevega seg til å bli meir enn lesarar, dei er multimodale, medskapande, interaktive, sosiale

Siri Pettersen. Foto: Gyldendal/Lars Myhren Holand

Fandom

Sjølv har eg forska litt på dette med nye, litterære energifelt på sosiale medium i samband med Siri Pettersens nettbaserte fandomkultur. Sjølve lesinga er her ikkje lenger nødvendigvis det viktigaste desse unge gjer i møte med det litterære universet. I staden blir dei medskaparar i ein slags performativ runddans med forfattarpersonaen og andre fans, der makttilhøva tidvis blir snudd opp ned.

Og på same vis er også forfattarrolla i endring. Slike som Pettersen er døme på forfattarar som omfamnar dei moglegheitene sosiale medium gir for meiningsfull litterær produksjon og dialog med målgruppene. Men eg trur eg kan telle på ei hand forfattarar som verkeleg går så effektfullt inn med hud og hår på digitale plattformer som dette. For mange forfattarar er det ikkje ønskeleg eller komfortabelt gå så aktivt inn for å dyrke dialogen og lesarfellesskapet på nett.

Og her er poenget ein gong til. Framleis kan forfattarar fint lukkast med å satse på at dei gamle formata, sals- og formidlingskanalane framleis skal vere brukande. Godt polstra av den soveputa som dei økonomiske støttestrukturane er, kan både forlag og forfattarar satse på innkjøpsordninga, eit par-tre hundre sal av fysisk over disk, og ei bokmelding i avisa til og med. Denne økonomiske formelen kjem truleg til å vere eit faktum i mange år. Og så lenge ein ikkje finn måtar å gjere digital nyskaping økonomisk lønsam på, så kjem denne spagatformelen til å spele seg meir og meir ut over sidelinja i framtida, viss målet er å skape litteratur til barn unge som dei faktisk har lyst til å få med seg.

Godt polstra av den soveputa som dei økonomiske støttestrukturane er, kan både forlag og forfattarar satse på innkjøpsordninga

Alexander Kielland Krag. Foto: Gyldendal

Ingen former har forrang

Sjekk berre Alexander Kielland Krag, som debuterte i 2020 med Det blir mellom oss. Han fortalte historia si om ung, skeiv identitet på tvers av ulike plattformer; Snapchat, Instagram, Spotify, men også papirbok. Prisvinnande og nyskapande konsept – eg vil tru redaktør Kaisa Hoel i Gyldendal er nøgd med korleis det heile gjekk, også i eit PR-perspektiv. I eit intervju med Periskop i november uttalte Krag ein del ting som eg ikkje har høyrt så veldig mange andre forfattarar seie så tydeleg. For Krag handlar det om å fortelle historier. Men «akkurat hvordan den historien når frem, er sekundært. (…) Når man har en sterk litterær tekst, er hva enn som skyter ut fra den, formidling. Jeg opplever ikke at det å være aktiv på Instagram minimerer litteraturen». Krag fortel at han skriv med eit medvit om at teksten både skal bli til auditive og visuelle uttrykk. Ingen former har forrang, og det appellerer.

Papirboka til Krag er kanskje ikkje det mest kunstnarisk nyskapande i eit slikt utforskande, tverrmedialt prosjekt. Men det er garantert det sentrale objektet for forlaget, som tener pengane sine der. Og dermed også premissgivande for kunstnaren.

Skjermdumper fra Snapchat-utgaven av Alexander Kielland Krags roman «Dette blir mellom oss». Foto: Gyldendal

Vi må få til ei endring av korleis vi tenker litteratur

Papir og pengar

Fordi at dei økonomiske insentiva knyt seg så sterkt til papirboka i dagens system, er det ikkje sannsynleg at mange forlag verken kjem til å ha ressursar eller kompetanse til å skape grobotn i underskogen for at fleire slike nyskapande historieforteljarar skal kunne vekse opp. På same måte som satsinga på bildebok-appar (som krasja for ti år sidan), kjem truleg slike digitale innovatørar som Krag og hans entourage framleis til å vere unntaket som stadfestar regelen i mange år framover.

Vi både kan og bør løfte ein meir grunnleggande diskusjon om korleis forfattarar så vel som bildekunstnarar skal kunne lukkast med å vere mest mogleg relevante i tida framover, midt i ein stadig strammare merksemdsøkonomi. Og viss eg først skal fullføre berekrafts-analogien om nedsmelting av isbrear, så er jo det knapt nokon som trur det er realistisk å strupe all satsing på olje frå i morgon. Olja er jo berebjelken i økonomien på same måte som papirboka er det i kulturen, og kjem til å vere det i mange år til.

Men det finst eit liv etter boka. Dei gode historiene kjem til å bli fortalt. Vi må berre få til ei endring av korleis vi tenker litteratur for å kunne endre føresetnadane den har for å nå fram. Det er ei openbar kortslutning i dette krinslaupet, når papirbøkene som kjem ut, i mindre og mindre grad når ut til nokon.

Foto: Unsplash

Kjelder:

Bae, Øystein Espe (2019). «Sosiale medium som formidlingsarenaer for ungdomslitteratur?». I Ørjasæter, Kristin og Skaret, Anne (red): Litteraturformidlingens praksiser og arenaer. Oslo: Cappelen Damm.

Kvåle, Gunhild (2020). «Digitale ungdomstekstar». I Slettan, Svein (red.): Ungdomslitteratur, ei innføring. Oslo: Cappelen Damm.

Annonser
Stikkord:
· · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · ·