Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Julefortellingar i farta eller performance om du vil

KATEGORI

Litteratur,

SJANGER

Anmeldelse,

PUBLISERT

tirsdag 22. november 2022

Det er mange gode kvalitetar ved Samlaget si nye julebok for barn. Ho er overkommeleg og praktisk – og full av fine bilete. I tillegg til ei lita perle og to.

«Jula er her! 24 fantastiske julehistorier for barn». Foto: Samlaget

Scenario frå ein heim med små barn: Eit stykke ut i desember merkar du skuldrane heisa seg. Peparkakekveldane med venner, grautlaga, avslutningane på skule, barnehage og aktivitetar hopar seg opp. Kjekt er det, alt saman. Men julekalenderepisoden på tv har blitt utsett tre dagar på rad. Og til slutt ligg ein fire-fem dagar bak skjema i kalenderboka òg. For kveldane blir seine, podane trøytte, det er ikkje mange nok kveldstimar i adventen.

I år har Samlaget tenkt på dette. Boka Jula er her! 24 fantastiske julehistorier for barn har, som tittelen seier, 24 historier. Men du treng ikkje lesa alle. Du kan lesa dei du vil. Historiene har ikkje nummer, det er inga fortelling du må følga til siste slutt.

Jula er her! 24 fantastiske julehistorier for barn


Ei førjulsbok med 24 historiar

Med bidrag frå A. Audhild Solberg, Agnes Ravatn, Arne Svingen, Bjørn F. Rørvik, Bjørn Ousland, Bobbie Peers, Christian Wiik Gjerde, Eivind Gulliksen, Frode Grytten, Gulraiz Sharif, Harald Nortun, Helene Uri, Herborg Kråkevik, Hilde Hodnefjeld, Ida Eva Neverdahl, Inga H. Sætre, Ingunn Thon, Jenny Jordahl, Jens Kristensen, Kaia Dahle Nyhus, Kari Stai, Kristian Krohg-Sørensen, Maja Lunde, Maria Parr, Mari Kanstad Johnsen, Marianne Gretteberg Engedal, Nora Brech, Norå Dåsnes, Ruth Lillegraven, Simon Stranger, Sunniva Sunde Krogseth, Susanna Kajermo, Svein Nyhus, Tegnehanne, Tom Egeland, Veronica Salinas, Victoria Sandøy, Øystein Runde, Øyvind Torseter og Åshild Irgens

Målgruppe: Frå 6 år

Samlaget 2022

Mari Kanstad Johnsen har ei nydeleg teikna fortelling med i boka. «Julenatt» heiter ho. Foto: Samlaget

Lang historie eller kort?

Nokon er glade i episodefortellingar. At ein som i NRK sine julekalender-seriar følger ei historie som finn si løysing til slutt. Slik det til dømes er i bøker som Julemysteriet av Jostein Gaarder, Adventsstjernen av Simon Stranger, Snøsøsteren av Maja Lunde eller førre årets fine Snøballkrigen av Sigmund Løvåsen.

Men den som likar lesestunder på adventkveldane (i alle fall når det ikkje blir stress), har eit fint alternativ i Jula er her!. 24 ulike forfattarar har bidrege med kvar sine tekstar, og dei kjem i ei rekke sjangrar: Dikt, teikneseriar, noveller og brev. Fri oppgåve, med andre ord – sjølv om berre sju av bidraga er heilt nyskrivne. Dei 17 andre har stått på trykk i ei eller anna utgåve av juleheftet Barnas juleroser tidlegare år.

Jula er her! er rik på fargar, her er kvar historie ramma inn så ein lett skil dei frå kvarandre, og alle tekstane er illustrerte. Og det er kanskje det finaste med denne boka, kor gode illustrasjonane er. Sjølvsagt fulle av jul, men det kjennest som jula no, ikkje for lenge sidan, ikkje berre før korona, ikkje så nostalgisk (ok, litt det òg, men ikkje så mykje). Som tekstane fangar bileta ikkje berre den tradisjonelle og gledelege høgtida, men den mangfaldige jula, den sorgfulle jula, den rotete, kranglete jula. Slik opnar dei historiene opp for kvardagen dei vert lesne inn i.

Det er kanskje det finaste med denne boka, kor gode illustrasjonane er

Illustrasjon av Hilde Hodnefjell frå historia «Hunden som håpa» av Helene Uri. Foto: Samlaget

Så kva handlar jula om for dei fremste barnebokskaparane i Noreg i dag? Juletre, hund og nisse, i alle fall. Sakn og glede og forventningar. Gåver, sjølvsagt, men mindre enn ein skulle tru. Og ikkje minst: Det kompliserte i at dei store barna veit at nissen ikkje finst mens dei små framleis lever i trua på at han gjer det. Det kan verta mykje moro og lureri ut av sånt.

Juletre, hund og nisse. Sakn og glede og forventningar

Sunniva Sunde Krogseth har illustrert Veronica Salinas sitt julenissebrev «Den beste gaven». Foto: Samlaget

Skjeggrøsk og sakn

Nokre av historiene er verkeleg gode. Som den av Maria Parr, «Oskar og nisseskrekken». Den kjende miksen av natur, tradisjon og rakkarfantar er sjølvsagt til stades hos Parr også her. Ho har levert ei fortelling som kombinerer skjeggrøsk og sakn på ein aldeles herleg måte. Ei historie som kan klinga kjent får ein fantete vri.

Harald Nortun si fortelling «Det året vi ikkje hadde råd til juletre» er òg eitt av høgdepunkta, det same er A. Audhild Solberg si knallgode Lucia-fortelling. Heilt til sist kjem eit gledeleg gjensyn med Borgny Ur frå Ingunn Thon si fine barnebok Ollis. Thon har skrive ei nissete historie om kor enkelt og gøy det kan vera å spreia juleglede der det trengst som mest. Eg håpar dette er fortsettinga på Thon sitt snåle og fine Ollis-univers.

Nokre av historiene er fort lesne og raskt gløymde. Nokre av dei ber preg av at dei har for lite plass til det dei eigentleg vil fortelja. Då er det meir morosamt der illustratørane får boltra seg. Nora Dåsnes får rett nok litt for lite plass til si julegrantenning, Samlaget kunne godt ha spandert eit oppslag til på ho. Julevitsane til Bjørn F. Rørvik og Eivind Gulliksen når ikkje heilt opp til det dei fekk til i tidlegare vitsebøker, medan Tegnehanne sin «Nissemors dag» er eitt av høgdepunkta i boka. For kva gjer nissemor når julenissen dreg ut med gåvene?

Svein-Tony får være Lucia i A. Audhild Solbergs fortelling «Årets Lucia». Illustrasjon: Inga H. Sætre. Foto: Samlaget

Vaksenkritikk

Marianne Gretteberg Engedal har løyst Agnes Ravatn si julehistorie fint i grafisk novelleform. «Nissen grip inn» er ei litt rar julefortelling der mor får den finaste gåva, og barnet blir ganske lei seg. Historia er nesten litt vanskeleg å kjøpa for eit barn, trur eg. Men når ho går over i eit meir fantastisk landskap, går det betre. Uansett er historia ein rimeleg krass foreldrekritikk. Det kan vera spanande å sjekka ut korleis barna responderer på denne. At historia vil engasjera, er eg ikkje i tvil om.

Marianne Gretteberg Engedal har laga ei teikna fortelling av Agnes Ravatn si fortelling «Nissen grip inn». Ho handlar om ei veldig kul borg. Foto. Samlaget

Ope blikk

Blant dikta står «Eit juletre» av  Ruth Lillegraven framleis støtt som fjell. Ikkje minst fordi Øyvind Torseter sin illustrasjon på eit vis er heilt motsett av kva diktet er. Der diktet strekk seg mot himmelen, mot stjernene og snøen som fell, dykkar Torseter ned til røtene, og der finst ei anna jul. Det er eit bilete til å leike og myldre i.

Alle dikta i boka handlar om utsikt, om å kikka ut på vinterhimmelen, anten i teksten eller i illustrasjonen. Dikta kan vera med på å opna lesaren sitt blikk utover seg sjølv i ventetida fram mot jul.

Øyvind Torseter har illustrert Ruth Lillegravens dikt «Eit juletre». Foto: Samlaget

Ventehendingar

Og apropos ventetid. Sjølve godbiten er det Frode Grytten som står for. Hans bidrag – kan hende burde det vore kalla dikt, eg kallar det performance art – er ein morosam og leiken tekst med oppgåver til lesaren. Ting ein kan gjere for å korta ned ventetida. Teksten, som er sett opp som eit dikt, minnar om korleis performancekunstnaren Kurt Johannessen skriv. Johannessen er ein av dei mest kjende performancekunstnarane i Noreg. Eg abonnerer på nyhendebrev frå han, og då sendar han oppmodingar som «Bak eit brød som ser ut som eit fly». Til dømes. Og litt av det same finn ein hos Grytten her:

 

Flytt inn i eit peparkakehus. Ha lakris til middag.

Skyt ein kakemann ut i verdsrommet.

(…)

Legg deg under juletreet og høyr kva juletreet har å fortelje deg.

Lag ansiktet til bestemor di av cornflakes-bitar.

Hent mjølk frå kjøleskapet og et opp bestemor di, knasande og søt.

 

Og så vidare. Denne kan ein lesa om att og om att.

Meldinga held fram etter annonsane. 

Trass nokre transportetappar, er Jula er her! 24 fantastiske julehistorier for barn ei bok ein kan ha mykje glede av gjennom fleire år. Kan hende finn ein nett den gode, varige juleteksten her, den som ein kan komma tilbake til, den som kan bli julehistoria ein alltid må høyra. Boka er god å lesa høgt, men kan sjølvsagt òg lesast åleine av barnet. For travle familiar som treng litt performance art i liva sine er boka i alle fall ikkje så dum.

Illustrasjon av Victoria Sandøy til Frode Grytten sin tekst om kva ein kan gjera mens ein ventar på at julaftan skal komma. Foto: Samlaget
Annonser
Stikkord:
· · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · ·