Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Kloden rører på seg

KATEGORI

Scenekunst,

SJANGER

Reportasje,

PUBLISERT

tirsdag 21. april 2020

HVOR
Økern

Det er enno eit stykke att til ein sikkert veit at det blir noko av scenekunsthuset Kloden. Men initiativtakarane greier ikkje å vente.

↑ Kloden har flytta til midlertidige lokale i Kabelgata på Økern. Kjell Moberg (kunstnerisk leiar), Ådne Sekkelsten (direktør) og Eirik Willyson (produsent) er utolmodige og gler seg over at Kloden Pilot er i ferd med å reise seg. Medan dei ventar, inviterte dei Periskop på omvising i Kabelgata. Foto: Kjartan Helleve

Periskop informerer: Denne saka vart skrive før koronapandemien inntrefte. Opninga av Kloden Pilot er forsinka, og Kloden i sentrum i starten av juni er og utsett.

Me står i eit stort og kaldt rom i Kabelgata på Økern i Oslo. I taket heng ei enorm kran, som i sine dagar truleg kunne ha løfta både ein og to bilar. I bakkant er nokre enkle kontor som dannar ein liten hems eller galleri. Men aller mest er rommet tomt.

Slik skulle det vore: Om berre nokre få månader skal det bli fullt av skodespel og publikum. I juni flyttar Kloden i sentrum ut hit til Kabelgata, og Brageteatret gjestar Heddadagene med framsyninga Psykt Blod. Det markerer etableringa av Kloden på Økern, det initiativtakarane håpar skal bli eit fullblods teater særleg retta mot barn og ungdom.

Kloden og Kloden Pilot


Kloden: Teaterhus på Økern i Oslo. Skal etter planen opna i 2024. Norsk Scenekunstbruk har vore initiativtakar.

Kloden Pilot: Forprosjekt i mellombelse lokale på same stad som teaterhuset skal liggje. Skal innehalde ei enklare scene. Første framsyning skulle vore i juni 2020. Den er no utsett.

I Klodens kunstnarlege råd sit Mehda Zolfaquari, Deise Faria Nunes, Nils Johnson, Mia Habib og Kristofer Grønskag.

Kjell Moberg er kunstnerisk leiar, Ådne Sekkelsten er direktør og Eirik Willyson produsent.

Styreleder er Janne Langaas.

Eit stykke att

– Viljen og tempoet er nok høgare enn graden av finansieringa. Me arbeider etter fleire modellar, men det er til god hjelp at Kloden Pilot no er i ferd med å reise seg. Dessutan har me hatt ein spleis for å få eit skikkeleg golv her. Ein ting er at me faktisk treng pengane, men det vil også auke medvitet om og eigarskapen til prosjektet, seier Ådne Sekkelsten, som er dagleg leiar i Scenekunstbruket og direktør på Kloden.

Innsamlinga er dei nøgde med. Den vart avslutta i byrjinga av mars, og 93 ulike personer, kompanier, teatre og organisasjonar gav til saman 78.650 kroner. Det utgjer ein fjerdedel av kva det nye scenegolvet vil koste.

Pilot-prosjektet har så langt fått støtte frå Kulturrådet, Sparebankstiftlesen og Bergesenstiftelsen, og får driftsmidlar frå Oslo kommune. Men det er endå eit stykke att før dei heilt sikkert kan seia at det blir eit permanent teaterhus i Kabelgata.

– Ligg de bra an etter planen?

– Håper det, seier Kjell Moberg, som er kunstnarleg leiar på Kloden.

– Vi er alltid optimistar!

Kjell Moberg, Ådne Sekkelsten og ein modell av Kloden. Foto: Kjartan Helleve

Utolmodige

Kabelgata ligg mellom Økern og Ulven, nedst i Groruddalen i Oslo. I nær fortid var det mekanisk industri her, men no har den måtte vike for Kuben vidaregåande skule og meir kulturell industri. Det er her initiativtakarane ynskjer å etablere eit nytt samlingspunkt for norsk barne- og ungdomsteater. Målet er at huset skal opne i 2024, men den vesle administrasjonen er allereie plass i mellombelse kontorlokale. No arbeider dei mest med å få Kloden Pilot opp på beina.

– Me såg at dette kom til å ta tid, fortel Moberg.

– Me kunne berre ha sete på kontora og teikna vidare på planane. I staden kan me no utvikle prosjektet, me kan køyre eit testløp og me kan bli synlege. Samstundes skal sjølve Kloden bli mykje meir enn berre eit visningsrom. Der skal me ha kontor, øvingsrom og verkstader, det blir noko som knapt finst andre stader. Så Kloden Pilot blir berre ein liten smakebit, seier Moberg.

Grunnen til at dei allereie er på plass, er eit nært samarbeid med Oxer eiendom, som utviklar området kring Kabelgata. Utbygging av nærliggande Ulven og Hovinbyen går for fullt, og det har også vore viktig å vere på plass allereie frå starten.

– Det har vore heilt avgjerande å ha eit godt samarbeid med utbyggar, seier produsent Eirik Willyson.

– Dei såg tidleg at dette området trengte eit initiativ som dette, og det var dei som kom til oss, ikkje me som må prate oss inn. Oxer ser sjølvsagt at dette og liknande prosjekt vil auke verdien på bustadane rundt om her.  Men me opplever også at dei er reelt opptekne av å lage gode bymiljø. Det er dette samarbeidet som gjer det mogleg å få til Kloden Pilot, seier Willyson.

Me kunne berre ha sete på kontora og teikna vidare på planane. I staden kan me no utvikle prosjektet, me kan køyre eit testløp og me kan bli synlege.

Tomt, enn så lenge: Etter planen skal det spelast teater i desse lokala på Økern. Frå venstre Kjell Moberg, Eirik Willyson og Ådne Sekkelsten. Foto: Kjartan Helleve

Målet er å gjere dette til ein nasjonal samlingsstad

Stort behov

Det går så det grin for frie teatergrupper. Det har aldri blitt produsert meir scenekunst for barn og unge enn no. I 2001 bokførde Norsk scenekunstbruk 963 framsyningar fordelt på 42 produksjonar. I 2018 var tala 2609 framsyningar fordelt på 77 ulike framsyningar. Publikumstalet auka frå om lag 100 000 til nesten 240 000. Den kulturelle skulesekken, som vart etablert i 2001, har hatt mykje å seia for scenekunstfeltet for barn og unge.

Med ein slik auke aukar også talet på framsyningar utanfor gymsalane, og dei få prøveromma er stadig fullbooka. Scenekunstbruket såg eit behov for fleire scener og fleire øvingsrom, og draumen om eit eige hus dukka opp. Eit hus som kunne samle heile det faglege miljøet.

– Eg tok vel det første initiativet i 2015, fortel Ådne Sekkelsten, som er dagleg leiar i Scenekunstbruket.

–  Eg trudde i utgangspunktet at det fanst nok scener, men undersøkte kva behov som fanst. Me fann at det mangla ein samlande stad der dei frie teaterkompania kunne ha framsyningar, særleg dei som retta seg mot barn og unge. Etter å ha leita etter inspirasjon inne og ute, kombinert med eit blikk for byutvikling, landa me altså på dette her.

– Men vil dette vere berre for Oslo-kompania?

– Målet er å gjere dette til ein nasjonal samlingsstad. Me ønsker å vere det me har kalla eit distribuert nettverkssamarbeid for heile scenekunstfeltet over heile landet.  Men det er ikkje til å kome i frå at tre fjerdedelar av alle kompania høyrer heime på det sentrale austlandet, sjølv om dei turnerer over heile landet. Dei speler faktisk minst her. Difor er det ikkje heilt unaturleg at det kjem fleire øvingsrom her, og også ein stad å spele stykka for publikum, seier Sekkelsten.

Det er ikkje til å kome i frå at tre fjerdedelar av alle kompania høyrer heime på det sentrale austlandet, sjølv om dei turnerer over heile landet. Dei speler faktisk minst her

Gler seg til å vise forestillinger i Kloden sine mellombelse pilotlokalar i juni: Kjell Moberg, Ådne Sekkelsten og Eirik Willyson. Foto: Kjartan Helleve

Skal ikkje bli eit institusjonsteater

Kloden AS er eigd av Norsk scenekunstbruk, som igjen er eigd av Danse- og teatersentrum (DTS). DTS er ei samanslutning av frie teater- og dansegrupper, etablert 1977. Målet var å stå sterkare politisk og fungere som ein interesseorganisasjon. Denne organisasjonen etablerte så Norsk scenekunstbruk i 1994 for å styrke formidlinga av scenekunst for barn og unge. Det er Scenekunstbruket som har teke initiativ til Kloden, og det er som om organisasjonen er på nippet til å etablere sitt eige institusjonsteater. Det er ikkje tilfelle.

– For det første skal Kloden vera sjølvstendig med si eiga kunstnarlege leiing og sitt eige kunstnarlege råd. Teateret skal ikkje bli ein visningsarena for Scenekunstbrukets framsyningar. Ressursdeling med Scenekunstbruket har vore naudsynt i ein etableringsfase, men vi byggjer no sakte, men sikkert opp ein eigen stab. For det andre skal Kloden vera eit programmerande teater utan skodespelarstab, seier Sekkelsten.

– Dette er ein fysisk stad fordi me meiner det er eit behov for visningsrom og produksjonslokale, seier Willyson. Kloden vil ha to teatersalar og fire-fem produksjonsrom.

– Fleire frie scenekunstgrupper har prøvd seg på å drifte eit teaterhus for eiga maskin. Det er ikkje alltid like enkelt, og mykje energi går tapt. Difor vel mange å leige seg inn ein stad. Kloden er svaret på eit ønske me har fanga opp i miljøet i mange år: Å kunne samlast ein stad med akkurat denne kombinasjonen av øvingsrom, verkstader og scene. Målet er å leggje til rette for andre, seier Moberg.

– Me skal heller ikkje ta alle initiativ sjølve, dei skal også kome frå utsida, skyt Willyson inn.

– Me tenkjer nettverk og samarbeid heile vegen, samarbeid med heile det norske scenekunstfeltet. Så me må vera medviten rolla vår, og særleg staden me ligg. Me må prøve å kome oss ut av våre eigne nettverk, me må opne opp også for folk som ikkje høyrer til i teatermiljøet. Det er så lett å gå i dei same spora, seier Willyson.

Artikkelen held fram etter annonsane.

Me må prøve å kome oss ut av våre eigne nettverk, me må opne opp også for folk som ikkje høyrer til i teatermiljøet

Scenekunstbruket må heile tida tørre å seia at den eller den framsyninga ikkje er god nok. Dermed sit nokon med eit ansvar og kan bli stilt til veggs på det.

– Kan ikkje vera redd for makt

Sjølv om huset ikkje skal produsera framsyningar sjølv, så skal det det vera eit offisielt program som vert programmert av Kloden sjølv. Å sleppa til alle har dei ikkje noko vidare tru på.

– Det vart prøvd på Black Box på 80-talet, seier Sekkelsten.

– Då fekk alle som var medlem i Danse- og teatersentrum spele der. Og utan nokon profil heldt teateret på å gå dukken. Det spesielle med dette prosjektet er dynamikken mellom programmeringa og produksjonsromma. Sjølv om det finst ein programprofil, så skal huset vera ope for alle.

Nett som Scenekunstbruket ikkje hadde blitt noko av utan Danse- og teatersentrum den gongen i 1994, ville heller ikkje Kloden blitt etablert utan Scenekunstbruket i ryggen dei første åra.

– Ein kan ikkje vera redd for makt. Scenekunstbruket må heile tida tørre å seia at den eller den framsyninga ikkje er god nok. Dermed sit nokon med eit ansvar og kan bli stilt til veggs på det. Det finst ein lang tradisjon i Scenekunstbruket og no i Kloden med å ha kunstnariske råd og faglege utval. Prosessane skal vera transparente, og ein har heile vegen henta inn synspunkt og tankar frå utsida. Me skal ikkje konkurrere med kompania, me skal invitere dei inn, seier Sekkelsten.

Annonser
Stikkord:
· · · · · · · ·