Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Skjermtid i kunst og handverk

PUBLISERT

tirsdag 12. mai 2020

Fjernundervisning i dei praktisk-estetiske faga kan fungere. Men særleg inspirerande er det ikkje.

↑ Øving gjev meistring. Foto: Periskop

Ingen fekk særleg tid til å førebu seg. Nesten over natta til 13. mars fekk skular og foreldre melding om at frå no skulle alle elevar halde seg heime. Undervisninga vart flytta frå klasserom og over i ei verd av digitale løysingar få meistra fullt ut. Ein måtte gjera det beste ut av det og prøve å koma seg gjennom krisa med hovudet nokolunde over vatnet. Men kvar vart det av dei kreative faga i all støyen? Korleis takla dei overgangen til digitale løysingar og fjernundervisning?

Det tok ikkje lang tid etter at samfunnet lukka seg før det byrja å dukka opp videoar i sosiale medium der kollasjar av meir eller mindre profesjonelle musikarar framførde musikk. Dei spelte inn sitt instrument heime hjå seg sjølv, før alt vart redigert i hop til samspel og publisert. Midt i denne straumen dukka det opp ein video frå Ruseløkka skole i Oslo. Ei handfull elevar song seg gjennom Yellow Brick Road. Det vart ein hit.

Kvar vart det av dei kreative faga i all støyen?

Heidi Torkelsen er faglærar i musikk ved Ruseløkka skole i Oslo. Foto: Privat

Musikk blir ikkje prioritert like høgt som dei andre faga, men slik er det jo også til vanleg

Meir teoretisk

– Det var eigentleg ei ekstraoppgåve, fortel faglærar Heidi Torkelsen.

– Me hadde arbeidd med Elton John på 5. til 7. trinn, og hadde sunge songen på skulen. Eg inviterte elevar til å vera med, og det var heilt frivillig å melda seg på. Det var jo tenkt som noko for skulen, men så var det nokre musikarar som delte den, og brått vart den sett av mange tusen.

– Og korleis takla elevane det?

– Dette er elevar som er vane med å stå på ei scene, så eg trur dei takla det heilt fint og ingen tok av på grunn av dette, fortel Torkelsen.

Trass i ljospunkt som dette og at Ruseløkka er ein skule som satsar på musikk, innrømmer ho at det har vore ein utfordrande periode. Ho saknar å kunne sjå alle elevane i eit klasserom, og seier at det er vanskeleg å få like god kontakt via ein skjerm.

– Musikk blir ikkje prioritert like høgt som dei andre faga, men slik er det jo også til vanleg. Eg får undervisa dei timane eg skal. Men hjå oss er musikk eit veldig praktisk fag, me speler, syng og diskuterer. Eg merkar at fjernundervisninga har gjort faga meir teoretisk, og det drep litt av gleda med faget for mange elevar. Fleire elevar taklar musikktimane betre enn dei andre faga, det er ein stad der ikkje alt handlar om å vera best. Med fjernundervisning forsvinn noko av dette. Det blir meir som dei andre faga, meiner Torkelsen.

Det var jo tenkt som noko for skulen, men så var det nokre musikarar som delte den, og brått vart den sett av mange tusen.

«Mona Lisa» av Leonardo da Vinci (cirka 1505).

Mona Lisa i Minecraft

Ein skal ikkje leita lenge på nettet før ein finn eit lite hav med tips til opplegg for lærarar som står fast. Delingskulturen er tydelegvis sterk, og mange prøver å tette holet i den faglege verktøykassa.

Charlotte Veland Hoven er allmennlærar ved Ingeberg skole like utanfor Hamar. Hennar bidrag var å utforda elevane på å kopiera kjende kunstverk i Minecraft. Resultatet var overveldande.

– Eg har brukt Minecraft også tidlegare, og veit at det er eit verktøy som appellerer til alle, uansett innfallsvinkel og fag. Første veka skulane stengde snakka me om Da Vinci og Mona Lisa, og elevane måtte teikne ein kopi. Difor var det kort veg til å kombinera desse to tinga. Elevane kunne velje mellom fire kunstnarar og finne eit bilete sjølv. Og det er klart at dei som valde seg Salvador Dalí fekk ei ekstra utfording, då ein berre skal bruka kuber for å kopiere verket.

– Kunne ikkje elevane berre finna eit bilete på nettet?

– Det er sjølvsagt alltid ein fare. Men her leita eg meg gjennom tjuefem sider med treff på Google for å finna liknande bilete, men fann ingen av dei elevane mine hadde levert inn. Så då får det heller passere.

Mona Lisa i Minecraft. Skjermdump av elevarbeid ved Ingeberg skole (2020).

Blikkontakten har forsvunne

Hoven har same erfaringa om at noko forsvinn når ein må undervise via ein skjerm. I starten trudde ho at dette kom til å bli framtida, no er ho blitt meir skeptisk.

– Eg merker at dynamikken endra seg med denne undervisningsforma. Terskelen for å bryte inn og kommentere har blitt høgare når blikkontakten har forsvunne. Og trass i at me prøver å lage mindre grupper, så er det ikkje alle elevar som er komfortable med å be om ordet og bli så synleg som på ein skjerm.

– Kva då med fag som kunst og handverk og musikk?

– Eg har sett veldig mange kreative oppgåver rundt om der elevane verkeleg har fått utfalde seg. Men det er nok ingen tvil om at det har blitt verre å få til fagleg framgang i desse faga. Eg las om ein klasse på ein ungdomsskule som hadde fått i oppgåve å lære seg eit instrument innan 19. april. Det blir å satsa for høgt, men eg håpar at dei lukkast! Så ja, eg trur nok fjernundervisning er meir krevjande i desse faga, meiner Hoven.

Charlotte Veland Hoven er allmennlærar ved Ingeberg skole like utanfor Hamar. Foto: Privat

Det er nok ingen tvil om at det har blitt verre å få til fagleg framgang i desse faga.

Ingvild Sommer er redaksjonssjef i Fagbokforlaget. Foto: Fagbokforlaget

Eg trur vi var inne i eit digitalt løft allereie. Politisk har det vore eit fokus på å auke digital kompetanse i fleire år.

Eit digitalt løft?

Det er ikkje berre lærarane som har delt raust i denne perioden. Både TV 2 og NRK har merka ein veldig vekst i besøkjande. På ein normal dag har NRK Skule om lag ti tusen brukarar. I denne perioden har det vore tre-fire gonger så mange innom. TV 2 sin Elevkanalen har eit rikt tilbod også innan kunst og handverk og musikk.

Men Fagbokforlaget sat på gull. Deira heildigitale læremiddel Verkstedet var akkurat det som veldig mange lærarar hadde bruk for. Det dekkjer alle læremåla i dei praktisk-estetiske faga, og forlaget har fått støtte frå Utdanningsdirektoratet til å utvikle læremiddelet.

Skjermdump frå «Verkstedet», kapitlet om arkitektur og perspektivteikning. «Verkstedet» er Fagbokforlaget sitt heildigitale læremiddel.

Verkstedet har hatt ei auke på nesten 700 % etter at vi opna nettstaden, fortel Ingvild Sommer i Fagbokforlaget.

Normalt må skulane kjøpa lisensar for å få tilgang. Då koronaen sette inn, opna forlaget sidene. Dei har ikkje teke stilling til når dei skal lukke att, truleg til hausten. Sommar fortel at ho er imponert over dugnadsarbeidet.

– Det kjem mykje bra ut av dugnadsånd, også frå lærarhender som deler ting dei har laga sjølv. Forskjellen er vel at materialet vårt er kvalitetssikra av både fagfolk og pedagogar, og at det er systematisk testa i klasserom før det er gitt ut. Eg trur båe desse spora kjem til å vera med oss vidare i åra som kjem.

– Vil dette føre til eit digitalt løft i desse faga?

– Eg trur vi var inne i eit digitalt løft allereie. Politisk har det vore eit fokus på å auke digital kompetanse og bruk av digitale ressursar i fleire år, og dette har vi også sett i salstala våre. Men truleg har fleire lærarar gjort seg kjent med digitale verktøy og læremiddel, og kanskje kan dei gjera seg betre nytte av dei no, seier Sommer.

Artikkelen held fram etter annonsane.

– Me treng skulane

Elevane har også mista verdfull inspirasjon. Kvar veke er det normalt to tusen tilskipingar på norske skular i regi av Den kulturelle skulesekken (DKS). No er det ingenting.

– Me har i samarbeid med fylkeskommunar og kommunar prioritert digital formidling, men i praksis stengde DKS samstundes med skulane, fortel direktør Øystein Vidar Strand i Kulturtanken, som har ansvar for ordninga.

– Me treng skulane som arena. Styrken i ordninga er det fysiske møtet mellom kunstnar og elev. Slike møter kan ikkje finna stad no. Ingen veit heller når kan bli aktuelt att. Skulane har så vidt starta opp att, men det blir jo spennande å sjå når det er råd å invitera elevar til ei DKS-framsyning att. Mange elevar samla i eit rom for å møta utøvarar som har reist frå skule til skule og fylke til fylke, er ikkje heilt optimalt reint smittevernfagleg. Difor må me tenkje nytt.

– Og kva tenkjer de då?

– Kulturtanken har arbeidd med digitale moglegheiter i fleire år. Dels av di verka er digitale i seg sjølv, dels av di kjernepublikummet vårt er vane med ein digital arena. Kunst i digitale flater er noko me kjem til å sjå meir av uansett om ein vil eller ikkje. Difor er det svært spennande å sjå kva denne situasjonen kan føra med seg. Kan ein arbeide med eit mindre publikum? Korleis kan ein kombinera det digitale og det fysiske? Målet er at me kjem opp med løysingar som også vil kunne fungere etter at koronaen har lagt seg. For oss som nettverksorganisasjon så har det å arbeide meir digitalt ein openberr fordel. Og det er noko ein kan ta med seg frå denne situasjonen: den har synt oss kva som er mogleg å få til, seier Strand.

Øystein Strand er direktør i Kulturtanken. Foto: Erik Fosheim Brandsborg

Kulturtanken har arbeidd med digitale moglegheiter i fleire år. Dels av di verka er digitale i seg sjølv, dels av di kjernepublikummet vårt er vane med ein digital arena.

Annonser
Stikkord:
· · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · ·