Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Upretensiøs og proff Purriot

KATEGORI

Scenekunst,

SJANGER

Anmeldelse,

PUBLISERT

tirsdag 15. mai 2018

Det gløder av entusiasme i alle ledd av Purriot og den forsvunne bronsehesten: musikken svingar, skodespelet og stemmene er på stell, kostyma er ein fest og historia er artig og lett å følgje.

Purriot og den forsvunne bronsehesten . Foto: Joerg Wiesner

Med Gisle Kverndokks nye opera viser institusjonen i Bjørvika igjen at dei har kome langt å lage musikkteater for og med barn og ungdom. Den vitnar også om ei satsing over tid, og etter alt å døme: ei dreiing i synet på kva det å rekruttere yngre publikum til operahusa kan innebere. Mens det i mange tilfelle før har handla om å opne opp det klassiske repertoaret for nye målgrupper, blir det no satsa meir på nye koplingar mellom dei elementa som til saman skapar god opera: velkomponert musikk og fine stemmer, eit drama som godt kan romme store kjensler, regi som får alt til å synge saman, effektfull scenografi – og rett og slett evna til å forføre og underhalde.

Det meste av dette finst i Purriot og den forsvunne bronsehesten, med handling frå i eit litterært univers mange barn kjenner frå før. Bjørn F. Rørvik er forfattaren også av bøker som Bukkene Bruse-serien, Nisseforeningen og Dyrene i Bfrika. Som desse er serien om detektiv Purriot rikare på fantasi og humor enn store emosjonar, men er den mindre eigna for opera av den grunn? Eller berre mindre pinleg?

Purriot og den forsvunne bronsehesten


Musikk: Gisle Kverndokk

Libretto: Bjørn F. Rørvik

Regi: Heidi Bruun Nedregaard

Kostymer og scenografi: Chenille Markovic

Koreografi: Tiril Andøl

Lysdesign: Dorthe Wiig Andersen

Med operaens barne- og ungdomskor, leiar: Edle Stray Pedersen

Solistar: Aksel Rykkvin, Frida Elvira Monn-Iversen, Elias Gill Johannesen, Therese Schoder-Larsen, Nora Ervik, Evert Karlsson, Kjersti Horgmo Fiskevold m. fl.

Musikarar frå operaorkesteret, dirigent Håkon Daniel Nystedt

Den Norske Opera og Ballett 12.-27. mai

Sveitt Rossini, sjarmerande bankran

For å sjå litt tilbake: Eg blir framleis litt sveitt når eg tenkjer på skuleframsyninga av Barberen i Sevilla som rundt sist årtusenskifte fann vegen til den gamle scena på Youngstorget. Operaen investerte i prosjektet som inkluderte ei illustrert bok med handlinga, fakta, oppgåver og ein CD. Men det sceniske resultatet var plumpt og forvirrande: Etter ein halv time med kostymedrama, koloratur og vaksenintrigar i nervøst høgt tempo, lente barnet ved sidan av meg seg over og kviskra: «Kven det eigentleg som er ER barberen?»

I dag verkar det heldigvis gamaldags å – sett på spissen – korte inn og fjase opp ein opera frå standardrepertoaret og tru at det er det som skal til for at den skal appellere til barn og sikre nytt publikum. Og noko av grunnen til at dette står fram som så passé, er at åra i Bjørvika har vist at det finst heilt andre måtar å formidle opera til unge menneske på.

I dag er klassikarane overlatne til ein enklare formidlingspakke med leik, song – eller dans, for ballettane sin del – under vignettar som Mini-Carmen, Mini-fløyten og Mini-nøtter. Mens fleire ressursar går til produksjonar som er utvikla for målgruppa frå starten av.

Imponerer igjen og igjen

Den vakre Babyoperaen Korall Koral for barn mellom 0 og 3 år, med musikk av Maja Ratkje og premiere i 2009, er eitt vellykka og særeige døme. Endå meir imponerande, organisatorisk sett, er prosjektet Funiculi Funicula, laga i samarbeid med Teater Joker og fleire andre aktørar. Her jobba profesjonelle songarar og skodespelarar med eit heilt kull femteklassingar over tid før framføringar på operaen og skolane til elevane. Mitt klare inntrykk frå gymsalen på Manglerud skole eit par år tilbake var at den fargesprakande framsyninga med masse materiale frå operaklassikarane, appellerte også til dei yngre elevane. Lite slår det å aktivisere elevane sjølv – i dette tilfellet som alt frå songarar til levande kulisser – og det å ha barn og unge på scena som målgruppa kan identifisere seg med.

Det siste har vore noko av nøkkelen i det arbeidet som er gjort i Bjørvika, der barne- og ungdomskoret har hatt hovudrolla i ei rad produksjonar. Ensemblet Edle Stray-Pedersen har bygd opp i operaen imponerer igjen og igjen.

Nytt av norske komponistar

Rett nok var det som om produsentane ikkje heilt stolte på det då dei i 2008 presenterte Peter Maxwell Davies’ Det store bankranet. I ein introduksjon før framsyninga, som i tillegg gav ein smakebit på historia, kom eit innslag med ei «typisk operastemme» som måtte varmast opp. Dette og eit par andre operaklisjear som ikkje var særleg relevante for det som skulle skje, står i dag fram som ein rest frå haldninga om at barn må møte det «vaksne» repertoaret om dei skal kome inn i sjangeren.

Spørsmålet er: Kan dei ikkje like gjerne bli glade i opera gjennom stemmer som liknar deira eigne? For det var då bankranet var i gang og barna kom i sving, at sjarmfaktoren kom skikkeleg på plass, i samspel med unge musikarar frå Barratt Due musikkinstitutt. Det same skjedde eit par år seinare i Askepott, med musikk av den same Maxwell Davies og ei rad fine ungdomar og barn i rollene.

Etter desse to, skrivne i 1989 og 1980, var det grunn til å spørje om ikkje det var tid for også å bestille noko heilt nytt for barn og unge, og gjerne av norske komponistar. Eitt svar kom i 2014 i form av Stormen – forteljinga om Miranda og Ferdinand med musikk av Nils Henrik Asheim, til tekst av Rune Belsvik. I denne fabelen, om ei jente som strandar på ein aude øy med kosedyra sine, var også barn frå ballettskolen med – og operaorkesteret. Denne fekk særleg ros for å spele på meir abstrakte uttrykk i samspelet mellom dans og kostyme, song, scenografi og musikk.

Purriot og den forsvunne bronsehesten . Foto: Joerg Wiesner

Duka for intrigar, fart og forviklingar

I forhold til dei mest poetiske elementa i Stormen, er Purriot og den forsvunne bronsehesten nokså rett på sak, eller på grønsak, då. Karakterane i stykket er nemleg jordbær og paprika, aubergine og selleri, i tillegg til at mange har menneskeroller som detektiv, prest, teaterregissør og museumsdirektør. Med det er det duka for eit kostymedrama av den artige sorten, med artisjokkar, knallsterke chili, beige potetar, mais og asparges og sjølvsagt Per Sille, i ein enkel og funksjonell scenografi.

Historia startar i det «bygda», (kjøkkenhagen) skal setje opp det årlege Hurlumspelet, og krimdramaet er i gang når ein verdifull bronsehest – på utlån frå museet – brått er forsvunnen. I det detektiv Purriots kone Paprika også må steppe inn i rolla som dronning for prestefru Brekky Bønnesen, blir det forviklingar – for detektiven vil ikkje ha noko av at ho skal kysse den pompøse politiinspektør Gurk, sjølv om det berre er teater. Når det så viser seg at også presten er sur, at kona hans er eit råskinn på sykkel og at ugledrakta kan bli ståande ubrukt fordi ingen vil ha den rolla, er det duka for intrigar, fart og forviklingar.

Historia kunne lett blitt forvirrande, men mine konsulentar, som er om lag midt i den annonserte målgruppa – mellom 5 og 12 år – synes det var greitt å følgje handlinga. Om sjølve oppklaringa av mysteriet ikkje superspennande, meinte dei, blei det likevel ikkje keisamt, for det var så mykje anna artig som skjedde.

Alt kjem liksom så lett

Og driv var det i handling og musikk, med kjappe replikkvekslingar på rim, innimellom med klar retning mot dei yngste i salen («Kongen er på dass!») andre gongar med referansar som dei vaksne kjente best igjen. I musikken var det mange, frå opningskoret i Les Miserables-stil og – sjølvsagt – kjenningsmelodien til TV-serien om Agatha Christies Hercule Poirot, som blei leiemotivet til hovudpersonen. Kjærleiken blir hylla med med The Beatles «All You Need is Love» og Händels hallelujakor som braut gjennom på slutten. Pluss sikkert mange, mange fleire, meir eller mindre kamuflerte sitat.

Alt hang liksom slentrande saman i eit musikal-kabaret-operetteaktig tonespråk som få i landet meistrar som Gisle Kverndokk. Det merkast at han har gjort mykje opera og musikal, for barn og vaksne, for alt kjem liksom så lett, samtidig som grepet om stoffet er rutinert og sikkert. Det var også eit rutinert ensemble i orkestergrava, seks musikarar frå operaorkesteret som under leiing av Håkon Daniel Nystedt takla mange og dels uventa vendingar med overskot. Den nære akustiske musiseringa var også ein kvalitet. I staden for å la seg freiste til å nå publikum gjennom teknologien barn og unge er fortrulege med, blei enkeltinstrument løfta fram, med hell. For Iphone-generasjonen er det vel så tøft å høre ein ekte marimba lage ringelyden i ein telefon på scena, som noko anna.

Dei unge solistane på premieren imponerte også, både i song og sceneframferd. Aksel Rykkvin har tydelegvis kome heiskinna og vel så det gjennom overgangen frå feira gutesopran til lys baryton og gjer en fin figur som Purriot, mens partnaren hans Frida Elvira Monn-Iversen briljerte som Paprika med ein nydeleg, lett sopran – hører vi ei soubrette in spe? Therese Schoder-Larsen som regissør Selleri Stang, Elias Gill Johannesen som inspektør Gurk/Kongen var også skikkeleg fine, som presteparet Bønnesen, Evert Karlson og Kjersti Horgmo Fiskevold – ikkje minst var syklinga og temperamentet til «prestefrua» spenstig. Trøkk var det også i dei tre chili-ternene og i jordbæret Stella Aksnes-Pehrson.

 

Purriot og den forsvunne bronsehesten . Foto: Joerg Wiesner

Tidvis skravlete og stereotypisk

Den einaste eigentlege innvendinga mot denne festen av ein familieopera, er at den tidvis blir litt «skravlete». Så mange replikkar og artige rim skal inn mellom dei smektande ariane, at eg sakna meir ro og avveksling frå tid til annan. I scena der Purriot jagar Brekky Bønnesen på sykkel, kunne det til dømes vore lagt inn eit lenger instrumentalparti, tenkte eg – litt pause frå alle orda. Mot slutten var det tilløp til meir slikt, i marerittet til Purriot når mysteriet endå ikkje er løyst og i gleda over at alt løyser seg. Men fleire scener kunne liksom vore spent opp på eit endå større lerret. Det er truleg litt meir å gå på før publikummet synes det blir keisamt.

I tillegg kunne ein peike kjønnsrollene, i 2018 er det vel i overkant stereotypt at både prest, detektiv og politi er mann – mens dei viktigaste kvinnerollene er kjærastar og fruer? Sjølv om det også er typisk for «vaksen» opera, opnar vel nye produksjonar for å leike og fantasere meir med slike ting?

Når det er sagt, er noko av det beste med Purriot og den forsvunne bronsehesten at det langt frå lyser «rekrutteringsstrategi» av den. Her er det i staden leik og moro, fantasi og kvalitet på eigne premiss. Mange må ha hatt artige dagar på jobb med denne operaen, samtidig som ein også anar kor mykje arbeid som ligg bak, i alle ledd, men ikkje minst for dei unge songarane (med foreldre og andre støttespelarar) som sjonglerer solistoppdraga mellom mange andre aktivitetar. Det krever sikkert masse krefter – men resultatet strutter like fullt av vitaminar og ny energi.

Annonser
Stikkord:
· · · · · · ·