Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Høstens debutanter: Science fiction og dagboknotater

KATEGORI

Litteratur,

SJANGER

Anmeldelser,

PUBLISERT

torsdag 24. oktober 2019

Periskop anmelder Kass og Tycho: De forbudte solsystemene og Lik meg: Oda og Arins dagbok.

↑ Christopher Pahle: Kass og Tycho / Anne Wisløff: Oda og Arins dagbok. Foto: Aschehoug / Cappelen Damm

Kass og Tycho: Som å vere høg på speed og syre på same tid

Eg prøver å halde meg godt fast på den elleville turen Christopher Pahle gir lesaren, men det er ikkje alltid heilt enkelt.

Kass, eller Kassiopeia som ho eigentleg heiter, og Tycho blir kalla «de eneggede tullingene» av dei skumle tiandeklassingane. Det er noko retro over måten dei blir plaga på i romanens innleiing, med eit slikt kallenamn og ved å bli jaga gjennom skogen. For så vidt er heile forteljinga klassisk; det handlar om å reise ut i den store verda og finne vegen heim.

Vimsete jente og logisk gut

Eller: Her reiser vi strengt tatt ikkje ut i verda, men i verdsrommet –  mykje, mykje lenger ut enn noko menneske nokon gong har vore. Kass og Tycho er tvillingar, men jente og gut, og altså ikkje einegga. Dei er nokså ulike på mange vis. Kass er vimsete, overmodig og rastlaus. Tycho er logisk, boksmart og litt forsiktig. Stort meir enn desse eigenskapane ved dei får vi ikkje innblikk i.

Det irriterer meg kor ekstremt smart Tycho er, han klarer å løyse meir enn det lesaren, og sikkert òg ein vaksen fysikar, klarer. Kass er derimot der at Tycho må forklare henne korleis solsystemet vårt funkar, ned på det nivået at planetane går i bane rundt sola. Kan hende har forfattaren gjort det slik for å famne flest mogeleg lesarar. Det er store skilnadar på kunnskapsnivåa til tiåringar, men likevel – det blir for stereotypt.

 

Tankevekkande

Med flate karakterar blir det ekstra vanskeleg å følge teksten sine brå og ville sprang. Allereie frå start slit eg med å sjå føre meg det som skjer i skogen og etter kvart inne i romskipet tvillingane finn. Romanen er full av artige påfunn og morosame skapningar, men for meg blir det for mykje av det gode og for få pausar til å la alt søkke inn. Kontrastane mellom det veldig jordiske, som skulebrød, sjokomelk og ei sjuk farmor, og verdsrommet med supernovaer og dupliseringsmaskiner fungerer svært godt, men alt i alt er bileta for spreidde assosiasjonsmessig, dei kjem frå for mange univers (!).

Mykje komikk

Samstundes er det i møta mellom tvillingane og dei utanomjordiske skapningane teksten har styrkane sine. Det oppstår mykje komikk i kommunikasjonen, og eg får mange tankar om korleis vi menneske trur vi eig heile universet og kor naivt forhold vi har til teknologi.

Og sjølv om eg opplever boka som utmattande, som å vere høg på speed og syre på same tid, kan den nok fungere for godt trente lesarar i målgruppa. Kan hende for dei som er glade i Percy Jackson- eller William Wenton-bøkene. Kanskje passar boka best for barn som er meir lik Tycho enn Kass, sjølv om boka er full av fart. Eg tippar for øvrig at dette er første bok i Kass og Tycho-serien; med slutten av boka gir Christopher Pahle seg sjølv mange spennande element å spele vidare på. Og som forfattaren skriv i etterordet kunne nesten alt som skjer i boka skjedd i røynda, og det er fascinerande å tenke på.

 

"Kass og Tycho" av Christopher Pahle. Foto: Aschehoug

Med slutten av boka gir Christopher Pahle seg sjølv mange spennande element å spele vidare på.

Kass og Tycho: De forbudte solsystemene


Av Christopher Pahle

Sci-fi for mellomtrinnet

Aschehoug

Lik meg: Oda og Arins dagbok


Av Anne Wisløff

Roman for mellomtrinnet

Teikningar av Torill Gaarder

Cappelen Damm

"Lik meg" av Anne Wisløff. Foto. Cappelen Damm

Lik meg: Eit fint supplement til tv-serien

Eg flirte og grein og heldt meg for auga og sukka medan eg såg NRK Super-serien Lik meg. Noko av det kjekkaste eg veit er slike drama om brytningstid og intriger. Nyleg slapp kanalen dokumentarserien Sjuende med mykje av den same tematikken.

Når eg no automatisk samanliknar desse to seriane blir det tydeleg for meg at så lenge det er upolert skandinavisk tv spelar det liten rolle om det er dokumentar eller skodespel – det opplevast gjerne som verkeleg uansett. Lik meg er iallfall eit strålande døme på ektefølt drama med sitt sterke manus og gode skodespelarar.

Utfrysing

Med stor interesse les eg boka som serieskapar Anne Wisløff har skrive ut frå første sesong av serien. Alle som har tatt ein kjapp titt, har fått med seg hovudkonflikten: Oda og Arin har vore bestevener sidan barnehagen. Dei er nokså ulike, Oda er kjenslestyrt og vimsete, Arin er pliktoppfyllande og snill, eller iallfall opptatt av å bli oppfatta som snill. Dei byrjar i sjuande klasse, og nytt av året er at klasseveninna Luna sin bestevenn har flytta, og då må Luna definere rolla si på nytt.

Luna er ei typisk populær jente som har dei riktige kleda og tilgang på mammas sminke. Ho får raskt mykje makt og lagar seg ein liten gjeng. Ho bestemmer seg fort for at ho vil ha Arin inn i gjengen, mens Oda skal haldast langt utanfor.

Dagbøker

Dette blir vi fortalt gjennom dagbøkene til Oda og Arin. Tekstane er lange og rike, og dei reflekterer godt personlegdomane til dei to jentene: Oda sine energiske tekstar er sett i ein litt vindskeiv font og er fulle av artige små teikningar. Arin sin del har eit mykje flinkare preg med ein meir tradisjonell font og sobert språk.

Medan eg les, noterer eg meg at eg må finne fram mine eigne dagbøker frå same tida. Eg blar meg fram til leirskulen i 1998, og forventar at eg skriv minst like underhaldande og med like stor språkbreidde som Oda og Arin, men blir møtt av korte og uinspirerte tekstar. Dagbøker er ein effektiv, og med rette populær form å fortelje i, men eg trur ikkje Oda og Arin sine dagbøker nødvendigvis er heilt realistiske. Viss Wisløff hadde tillate seg å legge inn nokre overstrekingar eller fleire heilt korte notat, hadde det blitt meir truverdig for meg.

Men bortsett frå dette har Wisløff skrive ein nydeleg roman som går rett inn i blodet og hjartet, akkurat som tv-serien (som eg heldigvis har igjen litt av sesong 2 av!). Eg er veit ikkje om boka tilfører serien så mykje nytt, alt blir veldig likt, men den er nok iallfall fin for fansen.

Dagbøker er ein effektiv, og med rette populær form å fortelje i, men eg trur ikkje Oda og Arin sine dagbøker nødvendigvis er heilt realistiske.

Annonser
Stikkord:
· · · · · · ·