Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Poesi rett i hjartet!

KATEGORI

Litteratur,

SJANGER

Kronikk,

PUBLISERT

mandag 7. august 2023

«Kvit, norsk mann» av Brynjulf Jung Tjønn er diktboka som vekkjer sterke kjensler både hos vaksne kritikarar og unge som les kritisk.

↑ Denne gjengen kåra «Kvit, norsk mann» til vinnar av Ungdommens kritikerpris 2023. Dei er elevar frå Gjøvik videregående skole, Polarsirkelen videregående skole, Amalie Skram videregående skole, Alta videregående skole, Oslo katedralskole, Rud videregående skole og Kristiansand Katedralskole Gimle. Foto: Naomi Garseth

«Kvit, norsk mann» av Brunjulf Jung Tjønn. Foto: Cappelen Damm

I løpet av mars vart Brynjulf Jung Tjønn tildelt både Kritikerprisen for vaksne og Ungdommens kritikerpris for diktsamlinga Kvit, norsk mann. Profesjonelle kritikarar og unge lesarar i vidaregåande skule kåra altså den same boka til vinnar. Men kva vektlegg dei to ulike juryane i valet av vinnarbok? Ser dei de same kvalitetane? Og kan dei lære noko av kvarandre si lesing?

Då Tjønn fekk Ungdommens kritikerpris, var det 18. gongen prisen blei delt ut. Men det var første gongen dei nominerte bøkene var dei same fire som til Kritikerprisen for beste vaksenbok. Tidlegare i Ungdommens kritikerpris har ein jury på tre kritikarar frå Norsk kritikarlag nominert det dei meiner er dei åtte beste norske skjønnlitterære bøkene for vaksne utgjevne innebuande år. Dei nominerte bøkene har juryklassar i vidaregåande skule fått i oppdrag å lese i løpet av fire månader før dei kåra ein vinnar. Det har hendt at det vore bøker som har vore nominert til både Kritikerprisen og Ungdommens kritikerpris, men det har aldri skjedd at same vinnar har blitt kåra.

Profesjonelle kritikarar og unge lesarar i vidaregåande skule kåra altså den same boka til vinnar. Men kva vektlegg dei to ulike juryane?

Ungdommens kritikerpris


Ein pris for skjønnlitterær samtidslitteratur, utgjeven for vaksne, men delt ut av elevar i vidaregåande opplæring

Prisen er inspirert av Goncourt des Lycéens, ungdomsvarianten til den store franske litteraturprisen Prix Goncourt

Sju klassar i vidaregåande skule er med i den nasjonale juryen kvart år

Juryen skal representere norsk ungdom og difor være breitt samansett med klassar frå heile landet. Ulike linjer skal være representerte. Ikke minst yrkesfaglege klassar

Ungdommens kritikerpris kom i stand etter eit initiativ frå Foreningen !les i 2005. Bak samarbeidet står òg Utdanningsforbundet, Norsk kritikerlag og Den norske Forleggerforening

Tidlegare vinnarar er mellom anna Agnes Ravatn, Demian Vitanza, Stig Sæterbakken, Helga Flatland og Nikolaj Frobenius

Brynjulf Jung Tjønn sin "Kvit, norsk mann" er tildelt Ungdommens kritikerpris 2023. Foto: Cappelen Damm

Dei fleste juryane meiner vinnarboka må seie dei noko om kva slags samfunn vi lever i

Utypisk vinnar

Sidan Ungdommens kritikerpris blei delt ut for første gong i 2006, har unge lesarar stifta kjennskap med bøker frå ei rekkje store forfattarnamn. Dei har blant anna lese Dag Solstad, Vigdis Hjorth, Karl Ove Knausgård, Jon Fosse og Per Petterson, og kåra Roy Jacobsen, Nina Lykke, Carl Frode Tiller og Agnes Ravatn til vinnarar av prisen. I dei ulike ungdomsjuryane sine grunngjevingar gjennom prisen si historie, seier dei ofte at det er viktig at vinnarboka har eit godt språk og driv. Det må vere ei spenning der som gir dei lyst til å lese vidare. Men det kanskje mest interessante er at dei fleste juryane meiner vinnarboka må seie dei noko om kva slags samfunn vi lever i og korleis vi er mot kvarandre. Uavhengig av kva studieretning elevane går på, ser dei ut til å vere opptekne av dei same spørsmåla når dei les norsk samtidslitteratur for vaksne: Kven er eg? Kven er du? Og kva slags samfunn skal vi skape?

Dette er en bok du kan låse inn i et skap, hente frem om mange, mange år og lese på nytt. Den gir et bilde av samfunnet i dag. Den er et portrett av oss, hvordan vi er som folk, hvordan vi har det, at vi av og til ikke gidder å bry oss. Den får oss til å stille spørsmålet: Skal vi la det være slik, eller skal vi gjøre noe med det?

Det sa til dømes elevar på ulike studieretningar då dei i 2013 kåra Det siste du skal se er et ansikt av kjærlighet av Eivind Hofstad Evjemo til vinnar av Ungdommens kritikerpris. Årets juryklassar var frå studiespesialiserande, elektro, musikk, informasjonsteknologi, drama, sal og reiseliv, og medier og kommunikasjon. Dei sju klassane fekk to månader på seg til å lese dei same nominerte bøkene som til Kritikerprisen for vaksne: Kvit, norsk mann av Brynjulf Jung Tjønn, Stakkar av Matias Faldbakken, Kniven i ilden. Ruijan rannalla – Sanger fra ishavet av Ingeborg Arvola og Skinnende døde av Mazdak Shafieian.

Om vinnarboka, Kvit, norsk mann, er både dei vaksne og ungdomane samde om at boka skildrar utanforskap og ikkje er en typisk vinnar eller forventa førsteplass. Dei vaksne meiner den er ein «utypisk vinner av Kritikerprisen fordi dette lauget består av lesere som vanligvis verdsetter mer avansert litteratur». For dei unge stod ikkje omslaget på boka i stil med innhaldet: «Denne boken var vi alle veldig skeptisk til når vi først så den. Vi tenkte at denne her kommer nok til å ende på bunn på listen vår.».

Dei vaksne og ungdomane er samde om at boka ikkje er en typisk vinnar eller forventa førsteplass

Brynjulf Jung Tjønn tek i mot Ungdommens kritikerpris tidlegare i år. Foto: Naomi Garseth

Personleg tone

Dei vaksne kritikarane og dei unge juryelevane meiner Kvit, norsk mann får fram sterke kjensler hos lesarane. I tala til kritikar i Aftenposten, Ingunn Økland, under utdelinga av Kritikerprisen for vaksne på Litteraturhuset i Oslo, måtte ho innrømme at boka «til og med har fått noen av oss til å gråte. Til tross for at den er både politisk og pedagogisk.» Det politiske og pedagogiske er ikkje noko juryen i Ungdommens kritikerpris legg vekt på. For dei er det viktigaste om dikta gjorde eit sterkt inntrykk på dei eller ikkje. I grunngjevinga, som rørte både vinnaren, kronprinsessa og dei andre tilhøyrande i salen, trakk ungdomane fram korleis dei alle blei sittande med ulike tankar, oppfatningar og inntrykk, og at måten Tjønn formidlar dikta på sette spor i dei. Og sjølv om gripefaktoren for ungdomane ikkje var der med ein gong dei såg boka, tok det ikkje lang tid før ho vann deira hjarte.

Kvit, norsk mann er ei personleg bok for Tjønn. Han skriv om eige opplevingar som adoptert i Noreg. Dette forsterkar leseopplevingane hos både dei vaksne og ungdomane. Forteljarstemma, «dikter-jeget» hos Økland og «forfattaren» hos ungdomane, har betydning for korleis dei les boka. Den personlege tona i dikta er noko som engasjerer dei som lesarar. Økland er i si tale meir spesifikk og brukar dikt frå boka for å vise til Tjønn sin bakgrunn og opplevingar som adoptert frå Korea av norske foreldre. Ho visar til draumen om «å skifte hår- og øyenfarge», om skolefotografen som ber han om å «opne auga meir», og vaksne i Ullevål hageby som lurar på om «han er det nye avisbudet».

Ungdomane refererer ikkje i tala si til dikt frå boka som kan illustrera deira opplevingar, men dei understrekar at det er «tydelig at forfatteren har gjort en grundig jobb med å gå inn i seg selv og sitt følelsesliv», og at «forfatteren skriver utrolig sterkt og gir deg en skikkelig nær og personlig kobling til boken». Dei unge lesarane opplevde språket i boka som enkelt, kort og nakent, men påpeikte òg at ho «rommer så mye følelser og sårbarhet». Dette er kanskje det same som når Økland viser korleis Tjønn i dikta sine «evner å ornamentere helt enkle setninger med slående bilder».

Det politiske og pedagogiske er ikkje noko juryen i Ungdommens kritikerpris legg vekt på

Ungdomane kan møte innhaldet utan anna referansepunkt enn sjølve teksten og opplevinga han gir

Viktig bok for alle

For Økland og dei vaksne lesarane er det ikkje noko nytt at Tjønn skriv om denne tematikken eller går nærare inn på situasjonar som nemnt ovanfor. Det handlar nok om at dei er meir erfarne lesarar og kjenner betre til Tjønn sine tidlegare bøker. Det som skil Kvit, norsk mann frå andre bøker av prisvinnaren, er ifølgje Økland ei ny undertone og sjølve forma som «skjærer situasjonene til på skarpere måter». Dei unge lesarane har ikkje like god bakgrunnskunnskap som kritikarane, og difor heller ikkje eit godt nok grunnlag for samanlikningar. Dei manglar òg det innarbeidde språket som ein profesjonell kritikar har, men samtidig kan dette gjere dei friare i lesinga si. Dei kan møte innhaldet utan anna referansepunkt enn sjølve teksten og opplevinga han gir. Dei er i alle fall letta over at Kvit, norsk mann gav dei rom for ulike tolkingar, og meiner det er «en bok og historie som passer for alle, uansett hvor mye eller lite du har lest eller opplevd i livet».

Økland set inspirasjonen til Tjønn inn i ein større samfunnskontekst når ho påpeikar at forfattaren er «inspirert av nyere internasjonale strømninger som Black Lives Matter og Stop Asian Hate», og at han i denne boka «trekker linjen til rasistisk motiverte drap i vårt eget land». At boka er basert på ekte hendingar, er noko juryen i Ungdommens kritikerpris meiner gjer at dei kjem nærare teksten, og dermed får anledning til tenke over og diskutere i dikta til Tjønn. For Økland er Kvit, norsk mann ein «vemodig protest mot rasisme», medan ungdomane merkar seg at forfattaren er sjølvkritisk og «viser en viss antydning til ironi». Dei er tydelege på at tematikken ikkje berre gjeld for dei som opplever eller har opplevd rasisme, men at boka er viktig for alle lesarar og at alle kan føle dikta i lang tid etter at dei har lese dei.

Brynjulf Jung Tjønn i samtale med storjurymedlemmar frå Alta videregåande skole om diktsamlinga «Kvit, norsk mann». Foto: Naomi Garseth

Dikta blir eit felles rom for kritikaren i hovudstaden, guten på informasjonsteknologi på Gjøvik og jenta på musikklinja i Alta

Følte det i hjartet

Om du er ein profesjonell vaksen lesar eller ein ungdom med lite leseerfaring, så ser språket og innhaldet i Kvit, norsk mann ut til å engasjere deg både som lesar og medmenneske. Opplevingane som Tjønn skriv om gjennom poesien, skapar empati og treff hjarta til dei vaksne og dei unge. Dikta blir eit felles rom for kritikaren i hovudstaden, guten på informasjonsteknologi på Gjøvik og jenta på musikklinja i Alta.

Når dei unge blir tekne på alvor som lesarar, og får moglegheita til å fordjupa seg i dei same bøkene som vaksne, gir litteraturen dei eit blikk på samfunnet og samtida dei er ein del av, og, i dette tilfellet, ei forståing av kva det vil si å bli oppfatta som annleis. At eit laug av «lesere som vanligvis verdsetter mer avansert litteratur», for å bruke Økland sine eigne ord, kan ha dei same oppfatningane som yngre og meir urutinerte lesarar, viser kva slags kraft og samlingspunkt litteraturen kan ha viss ein legg til rette for at leseopplevingar skal oppstå. Dikta til Tjønn sameinar både generasjonar og klasse. Vi kan alle få dei same kjenslene når vi les, men vi uttrykker dei på ulike måtar. Dei vaksne må innrømme at dei gret, medan ungdomane ikkje legg skjul på at dei følte det i hjartet.

Kronikken held fram etter annonsane.

Lesarane i Ungdommens kritikerpris er i ein alder der vaksenlitteraturen blir meir viktig, og der bøkene dei les kan få stor betyding

Ny generasjon lesarar

Å kople litteraturkritikarar med unge lesarar som skal lese kritisk og ta del i ei litterær offentlegheit, har vore ein sentral del av dei ulike prisane som Foreningen !les står bak. Lesarane i Ungdommens kritikerpris er i ein alder der vaksenlitteraturen blir meir viktig, og der bøkene dei les kan få stor betyding for leseopplevingar her og no, men òg for deira vidare lesekarriere. I Ungdommens kritikerpris får dei moglegheita til å fordjupe seg i norsk skjønnlitterær samtidslitteratur. Dei får eit felles prosjekt i klassa, og i samtalar med medelevar opplever dei at det er greitt å ha ulike oppfatningar og tolkingar av bøkene. Difor er det òg viktig at dei reiskapane som kritikarane tek i bruk når dei fordjupar seg i litteratur, er noko dei unge lesarane får kjennskap til. I møte med dei unge lesarane deler kritikarane av si erfaring, og gir ungdomane nyttig kunnskap som kan verke inspirerande når dei les. Desse reiskapane fungerer meir som ei støtte enn ei føring på korleis lese litteratur.

Dei unge kritiske lesarane i Ungdommens kritikerpris kan lære av kritikarane si evne til å stå i boka og ikkje avskrive ho fordi ho verkar utilgjengeleg ved første møte. Der ungdomane får erfaring med å lese kritisk og sette ord på meiningane sine, kan kanskje kritikarane lære noko av dei unge når det kjem til å vere meir fri i lesinga. Dei kan dessutan få innsikt i korleis ein ny generasjon av lesarar møter samtidslitteraturen, noko som òg kan bidra til å sørgje for at litteraturen blir lesen på en breiare og meir mangfaldig måte. Dei unge lesarane i Ungdommens kritikerpris er til dømes meir direkte og i større grad lada av kjensler i sin resepsjon av vinnarboka enn dei vaksne er. Som Tjønn sjølv sa i si takketale til juryklassane: «Å bli lesen av unge lesarar som er kritiske, har eit nytt blikk og er open for ulike typar bøker, det betyr veldig mykje for meg.»

Der ungdomane får erfaring med å lese kritisk og sette ord på meiningane sine, kan kanskje kritikarane lære noko av dei unge når det kjem til å vere meir fri i lesinga

Annonser
Stikkord:
· · · · · · · · · · · · ·