Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Litteraturen skal fram!

KATEGORI

Litteratur,

SJANGER

Artikkel,

PUBLISERT

tirsdag 5. november 2013

– Eg har fleire gonger høyrt folk seie: «Finst det barnelitteratur på nynorsk?». Då har vi ei formidlingsoppgåve, seier Roald Kaldestad, kunstnarisk leiar for den nynorske barnelitteraturfestivalen Falturiltu på Stord.

↑ Festivalsjef Roald Kaldestad. Foto: Ingvild Bræin

– Veldig mykje nynorsk barnelitteratur held høg kvalitet, men når ikkje ut til så mange som ein kunne ønske. Heller ikkje til folk i nynorskkommunar. Det vi vil med Falturiltu er å vise fram all den gode barnelitteraturen. Men òg gi publikum noko dei ikkje visste at dei ville ha, seier Kaldestad.

Falturiltu blir denne veka arrangert for sjuande år på rad. Besøkstalet har stige jamt. Pressa har ikkje gått mann av huse for å dekke festivalen, men dette har òg betra seg dei siste par åra.

– Det handlar nok òg om at vi byrja å tenke på ein annan måte. Vi vil vise fram ukjente forfattarar, men vi treng også dei store namna, som trekkplaster. Elles blir det slik at ein viser fram ein masse flotte ting som ingen ser, seier Kaldestad.

Fakta


Falturiltu

(raltura)

Nynorsk barnebokfestival på Stord

Festivalforfattar 2013: Einar Økland

Tidlegare festivalforfattarar: Oskar Stein Bjørlykke, Rune Belsvik, Erna Osland, Hans Sande, Ingelin Røssland, Ragnar Hovland.

Økland har bana veg

I år er det største trekkplasteret veteranen Einar Økland, som har tittelen festivalforfattar. Det inneber at tekstane hans står på programmet i ulike samanhengar heile veka gjennom, men også at han sjølv flyg frå post til post. Ein uthaldande 73-åring.

– Når ein tenker på kven ein kan invitere til å vere festivalforfattar, er Økland eigentleg den mest opplagte. Så det er på høg tid vi spurde han. Han har jo inspirert alle dei forfattarane eg vaks opp med, som Ragnar Hovland, Hans Sande og Rune Belsvik. Han har bana veg for dei og mange andre, og vore sentral i arbeidet for å heve statusen til barnelitteraturen. Eg har mistanke om at han var ein sentral pådrivar for ei innkjøpsordning for barnebøker. Han er med andre ord ein nøkkelperson i utviklinga for barnelitteraturen og for kåra til denne litteraturen. Feltet blei jo ikkje tatt seriøst då han byrja. No er det ei anna tid, no får faktisk barnelitteratur meldingar i media, og vi har nettstader som barnebokkritikk.no. Men at høva har endra seg, skuldast blant anna den enorme jobben Økland og andre gjorde på 70-talet, seier Kaldestad.

Byggjer på eigen styrke

At Falturiltu er lagt til Stord er verken tilfeldig eller irrelevant. Her er uvanleg høg forfattartettleik, og påfallande mange av forfattarane skriv for barn og unge.

– Ein ville ikkje nådd fleire om ein la festivalen til for eksempel Bergen eller Haugesund?

– Nei, eg trur poenget er den lokale forankringa. At vi byggjer på det som er sterkt i regionen. Vi har fleire besøkande frå nærområdet enn utanfrå, og det er bra med så stor lokal oppslutning, men på sikt er ambisjonen å bli ein nasjonal festival. Dei nynorske festspela i Ørsta og Volda har jo klart å oppnå dette. Men ein treng eit lokalt fundament for å få det til.

– Kven når de i første rekkje fram til?

– Småbarnsforeldre er sjølvsagt eit stort potensial. Det er foreldre og besteforeldre som kjøper bøker til barna. Så vi må treffe heile familien med programmet vårt. Det kan vere ei utfordring, men er ei viktig oppgåve. I fjor hadde vi Odd Nordstoga her, då gjekk det av seg sjølv, han treffer jo folk frå 3 til 90.

Frå opninga. Einar Økland les. Foto: Falturiltu

– Det blir ikkje avgrensande når ein berre slepper den nynorske litteraturen til?

– Nei. Det er så mange festivalar, og det er dette som gjer oss spesielle. Når eg tenker på kandidatar til festivalforfattarar, kjem eg på minst 25 som ville vore meir enn viktige nok. Så det er nok av god nynorsklitteratur å løfte fram.

Sjølv om Falturiltu ønsker å nå fram til mange, er kvaliteten det viktigaste, understrekar Kaldestad . Og festivalen skal ikkje berre presentere dei populære sjangrane.

– Det var dét Ole Hamre lukkast med med OIOI-festivalen i Bergen, som hadde slagordet «Sært og populært». Han gjennomførte det med høg kunstnarisk kvalitet. Den blandinga vil vi gjerne ha.

Barn gjespar ikkje av dikt

Under opninga av festivalen, der blant anna Frode Grytten og Mads Berven framførte førestellinga «Gabba Gabba Hey» basert på Grytten si bok om ein far som vil på tivoli og ein vettskremt son som ikkje vil, las både Einar Økland og Hanne Bramness opp dikt. Økland sine dikt var retta mot ungdomsskuleelevar, Bramness sine mot barn. Barna i salen sat overraskande stille og lydde.

– Dikt for barn er ganske smalt, trur ein, men eg har snakka med barnebibliotekarar som seier at det er diktsamlingar som oftast blir lånt ut. Eg har sett det sjølv når eg har vore med far min (forfattar Per Olav Kaldestad, red.) ut på diktopplesingar, det treffer bra, dikt er bilde som eksploderer i hovudet på barna. Det kan faktisk vere tyngre å lese lange prosaforteljingar for barn. Einar Økland illustrerer det poenget godt, det skjer jo ingenting i hans tekstar, seier Kaldestad og legg til eit smil som skal nyansere utsegna.

– Det er ikkje action. Det skjer likevel ein heil del kvardagslege og filosofiske saker i dikta hans, og det går rett inn hos ungane.

Nynorsk er heller ikkje så smalt som ein vil ha det til, seier Kaldestad, som kallar Uprisen eit lakmuspapir. Foreningen !Les står bak prisen, som blir delt ut av ungdom sjølve – og fire av sju av dei siste vinnarbøkene har vore på nynorsk.

– Eg har turnert rundt i heile landet med mine eigne barnebøker, og har enno ikkje møtt elevar som seier: «Jammen det er jo på nynorsk!». Det er ein myte som vi i festivalleiinga vel å ikkje bry oss om.

Å knekke lesekoden

Bildebøker står sentralt under årets festival. Nokre av dei som tidlegare har illustrert Øklands barnebøker, kunstnarane Wenche Øyen, Gerhard Stoltz, Oddvar Torsheim og Kari Bøge, er representerte med ei utstilling. Nye forfattarar og illustratørar som Kari Stai og Øystein Runde, og iherdige travarar som Akin Duzakin står òg på programmet.

– Bildebøker kan vere ein god innfallsport til litteraturen, for eksempel for dei som ikkje er så glade i å lese i utgangspunktet. Ein av mine eigne søner las «En pingles dagbok», for så å lese dei ni neste i serien på styrten, og så gjekk han rett over på «Harry Potter» og «Ringenes herre». Då har du knekt lesekoden. Det handlar om meistring. Du kan sjå tilbake og seie at eg har lese den boka der, faktisk.

– Du er sjølv musikar, men òg barnebokforfattar, med blant anna «Heavykatten, Discodansemusa og Pinnsvinet Phillip» på samvitet. Kvifor gjekk du også forfattarvegen, må ein det når ein bur på Stord?

– Ja, det må ein, ler Kaldestad.

– Nei, eg har lese barnebøker heile vegen. Ved eit tidspunkt fekk eg lyst til å skrive dei sjølv. Som liten såg eg jo at far min sat og skreiv heile tida, det måtte vere noko spennande med det. Etter at eg fekk ungar sjølv, har eg merka kor viktig det er å lese høgt for ungar.

– Kvifor er det viktig?

– Blant anna på grunn av den stunda du har i lag med ungane. Det er lite av det i samfunnet i dag, det er så travelt heile tida. Det å sitje tett i lag med ungane slik, og samstundes lære dei å bli glad i bøker, gi dei lyst til å lese sjølve. Å lese er viktig for å finne sitt eige språk, si eiga stemme, å kunne uttrykke seg. Eg les framleis barnebøker på eige initiativ. Eg finn like mykje klokskap, glede og kvalitet der som i romanar for vaksne, seier Kaldestad.

Annonser
Stikkord:
· · · ·