Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Musikalsk meditasjon for dei aller minste

KATEGORI

Musikk,

SJANGER

Anmeldelser,

PUBLISERT

tirsdag 22. august 2017

HVOR
Sentralen

I sin debut som musikar for dei aller minste losa saksofonist Frøy Aagre born og foreldre trygt gjennom ein seanse med meditativ og harmonisk, kollektiv improvisasjon på Oslo Jazzfestival.

↑ Frøy Aagre inviterte de minste barna til improvisasjon og musikalsk meditasjon på Oslo Jazzfestival. Foto: Jan Petter Dahlgren

Idet denne meldaren fann vegen opp til Forstanderskapssalen på Sentralen hadde Frøy Aagre allereie leita fram og sett saman saksofonen sin. No var ho i gang med å vise fram og dele ut små klanginstrument, som enkelttangentar frå ein xylofon. Enkelte av dei små borna som sat der, frå spedborn og opp til om lag 3 år, fekk hamre litt forsiktig på desse.

Klanginstrumenta var stemt i same femtoneskala, så same kva dei måtte finne på låt det heile klårt og harmonisk. Aagre tok opp igjen saksofonen og spelte den same, enkle melodifrasa nokre gongar over den kollektive «klimpringa».

Så ville ho vise fram litt fleire instrument. I tillegg til sin eigen saksofon og klangtangentane leita ho fram ein liten kalimba, ganske mange rytmeegg og ikkje minst ein heil liten installasjon med ei rekkje triangel hengande på seg. Dei hang på stenger løfta berre om lag tretti centimeter over bakken. Slik kunne sjølv dei minste i publikum, som ikkje enno kunne stå på eiga hand, sitje der og prøve seg fram.

Alle instrument var avduka, presentert og utforska heilt enkelt og forsiktig, utan noko særleg snakk, og i eit svært roleg tempo. Så byrja musikken for alvor.


Frøy Aagre: Kling Klang – musikk for de minste

Oslo Jazzfestival 2017, Sentralen – Forstanderskapssalen

Laurdag 19.8.2017 (kl. 1300 – ca. 1350)

Kling Klang – musikk for de aller minste hadde sin debut under Oslo jazzfestival.

Produksjonen skal på turné til barnehagar i Østfold i desember.

Aagres konsept er enkelt, og fokuserer på å halde eit roleg og relativt lågmælt tempo, slik at alle borna kan henge med på det som skjer.

Har sakna tilbod for dei aller minste

Til Periskop forklarar den etablerte saksofonisten Aagre at ho sjølv har born i det tiltenkte publikumssegmentet (0-3 år), og at ho har sakna eit større konserttilbod som er tilrettelagt for desse. Inspirert av erfaringane med sitt eige born, samt kurs og samarbeid med organisasjonen Musikk fra livets begynnelse, har ho sett saman framsyninga Kling Klang – musikk for de minste.

Etter si første produksjonsveke, med utprøving på to ulike barnehagar i Oslo, hadde framsyninga sin offisielle debut under den siste laurdagen på Oslo Jazzfestival.

Aagres konsept er enkelt, og fokuserer på å halde eit roleg og relativt lågmælt tempo, slik at alle borna kan henge med på det som skjer. Det er ikkje enkelt å halde på merksemda frå så små born, men samtidig lagar dei også mykje mindre leven enn born frå tre år og oppover. Denne laurdagen hadde Aagre fordelen av at alle borna hadde minst ein vaksenperson med seg. Ho gjorde også sitt for å involvere desse i konserten.

Saksofonist Frøy Aagre med framsyninga Kling Klang på Oslo Jazzfestival 2017. Foto: Jan Petter Dalgren

Harmonisk kaos

Etter om lag eit kvarter, når dei siste instrumenta, rytmeegga, var delt ut, tok Aagre til med å synge ein enkel melodi og heldt takta med rytmeegget. Ho fekk med foreldra til å gjere det same, og la etter kvart på ei overstemme i tillegg. Så tok ho fram igjen klangtangentane og delte ut desse til enkelte av borna, slik at dei fekk supplere med klang frå desse. Snart hadde alle born og vaksne i salen ein finger med i spelet, og den kollektive jamseansen var så vidt i gang.

I det songen ebba ut, tok ho opp igjen saksofonen og vendte tilbake til variasjonar over den same, enkle melodifrasa som tidlegare. No opna ho golvet for fri utfolding for borna. Rommet blei gradvis fylt med meir og meir sus frå rytmeegg, meir eller mindre pulserande klang frå dei små tangentane og ekte «kling, klang» frå triangelinstallasjonen.

Nokre born kunne vandre fritt rundt sjølv, sjå på dei fargerike teppa, riste på eit rytmeegg og dunke forsiktig på eit klanginstrument, medan andre naturleg nok krevde litt meir oppfølging frå sine føresette. Forsiktig snakk og babling frå dei aller minste fylte rommet saman med resten av lydbiletet. Konsertmeistar Aagre vandra roleg rundt i rommet og kverna på den same frasa. I det ho passerte borna blei dei som regel trollbundne, og nokre fekk andektig freiste å trykke litt på klaffane på instrumentet.

No opna ho golvet for fri utfolding for borna. Rommet blei gradvis fylt med meir og meir sus frå rytmeegg, meir eller mindre pulserande klang frå dei små tangentane og ekte «kling, klang» frå triangelinstallasjonen.

Fra Oslo Jazzfestival. Foto: Jan Petter Dahlgren

Nydeleg konsertoppleving

Susing, klang, og prat frå bornemunnar, saman med Aagre sin meditative improvisasjon, skapte eit kaotisk, men like mykje harmonisk og komfortabelt lydbilete. For meg som observatør var det beint fram ei nydeleg konsertoppleving.

Det er neppe kontroversielt å påstå at det er fint i seg sjølv å sjå og høyre småborn og foreldre delta i aktiv musisering, både åleine og saman. Men det som var ekstra fint med Aagres konsept, og kanskje særskild for meg som ikkje hadde eit born å konsentrere meg om, var at det faktisk blei god musikk av det. Ein del av dette botnar i det enkle grepet Aagre har gjort tonalt sett – stemminga av instrumenta gjer at det vert eit opent og harmonisk klangbilete same kva borna gjer. Det andre var alle moglege små episodar med born som oppdaga nye klangar og freista å musisere på eiga hand og saman med dei rundt seg. Måten borna går fram på er like reint og klårt som den opne klangfargen i rommet – det er rein intuisjon og instinkt, og gjennomført nesten utan nokon form for skepsis.

Medan dei aller minste borna kunne bli fullstending fortapt i lyden av Aagres saksofon, eller det instrumentet dei sjølv hadde i handa, kunne ein tydeleg sjå at dei litt eldre borna også fekk oppleve genuint samspel. Det skjedde nok med ulike nivå av medvitne, men hjå nokre av desse var det heilt tydeleg at dei freista å anten synkronisere seg sjølv, eller i alle fall spele med nokre av dei andre lydane i rommet. I beste fall gir dette dei borna også ei tidleg oppleving av meistring det kan vere godt å ha med seg vidare i si musikalske utvikling.

Måten borna går fram på er like reint og klårt som den opne klangfargen i rommet – det er rein intuisjon og instinkt, og gjennomført nesten utan nokon form for skepsis.

Aktive deltakarar, ikkje passive lyttarar

Medan ein godt kan ha med seg born på meir konvensjonelle konsertar, må eg seie det er fint med eit konsept som er fullstendig tilrettelagt dei aller minste. Her var ingen tekstar eller musikalske strukturar som gjekk over hovudet på dei, og dei fekk også oppleve at dei sjølve kan vere aktive deltakarar og ikkje berre passive lyttarar. Aagre lukkast også leikande lett med å gjere den prosessen til eit godt kunstnarleg produkt. Den kollektive improvisasjonen og meditasjonen borna fekk ta del i er då saktens noko ein kunne overført vidare til eit mykje eldre publikum óg.

Eg vil også tru at foreldra hadde ei fin oppleving saman med borna sine her, på ein anna måte enn dei ville hatt gjennom å ta dei med på ein konsert på «våre» premiss. Her fekk dei meir inngåande studere, oppleve og ta del i prosessen borna deira gjekk gjennom.

På mange måtar var Aagre sitt konsept meir som ein verkstad enn ein konsert. Gjennom at publikum sjølve fekk delta og fortape seg i det mjuke lydbiletet som fylte rommet, skapte ho ei gjennomgåande positiv, musikalsk oppleving for borna. For nokre av dei litt eldre trur eg også det blei svært lærerikt.

Som jazzmusikar, på ein jazzfestival, fekk ho også planta gode haldningar til improvisasjon, utforsking og det å vere aktiv og nyfiken som både publikumar og utøvande musikar. Held Aagre fram med dette kan ho gjere viktige bidrag til å skape eit vakent, framtidig publikum for seg sjølv og sine kollegaer – også etter leggetid for dei minste.

Annonser
Stikkord:
· · ·