Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Belinda Braza: Innkastaren i Groruddalen

KATEGORI

Scenekunst,

SJANGER

Intervju,

PUBLISERT

onsdag 31. august 2022

HVOR
Rommen scene

Vi må tenka om teateret slik vi tenker om miljøet. Berekraft, langsiktige strategiar og dårleg tid!, meiner Belinda BrazaHo er kunstnarisk leiar for Det Norske Teatret i Groruddalen. Og ja, ho har dårleg tid.

↑ Belinda Braza er kunstnarleg leiar for Det Norske Teatret i Groruddalen. Foto: Erika Hebbert

Som kunstnarleg leiar for Det Norske Teatret i Groruddalen, ei satellittscene under Det Norske Teatret, jobbar Belinda Braza mykje med å bygga ned skepsis og fordommar om kva teater er og kan vera. Og ikkje minst kven det er for. Her fortel ho om sine visjonar og om rolla ho har teke på seg som rebell og innkastar ved teateret aust i Oslo.

Belinda Braza. Foto: Erika Hebbert

Kva treng scenekunstfeltet for barn og unge i dag?

– Større heider og status! Først og fremst trur eg at vi som felt med stor iver skal omtala barn og unge som det dei er: verdas viktigaste publikum og kunstnariske premissleverandørar. Dernest følgja opp med handling. Politisk og internt i feltet, med eit glokalt og svolte kunstnarisk blikk, som må spreia seg like mykje internt i eige fagfelt som på politisk plan. Scenekunst for barn og unge må aldri undervurderast som «berre» eit sosialt prosjekt, men anerkjennast som eit sterkt kunstnarisk motivert prosjekt som vil utfordra og utvida teater-arven langt inn i framtida. Det vi omtaler som «barn og unge» er ei særs samansett gruppe, med eit breitt spekter av sosioøkonomiske ulikskap, kulturar, alder, interesser, som igjen gir store forskjellar knytt til om teateret opplevast viktig og med relevans.

Omgrep som kvalitet, aktualitet, mangfald, diversitet og «å ta på alvor» bør derfor heile tida granskast av dei av oss som sit i leiarstillingar. Det bør tvinga oss til å legga opp gode strukturar og samarbeid slik at vi unngår «blindsone-programmering». Kven gir vi plass til, kven samarbeider vi med, kva for stemmer og menneske er ikkje representerte, korleis bygger vi ned potensielle tersklar, kven får tilgang, kven får ikkje? Vi kan og bør sikra strukturar og strategiar som gjer at scenekunsten for det unge publikummet får eit gjeldande kunstnarisk handlingsrom og slagkraft.

Omgrep som kvalitet, aktualitet, mangfald, diversitet og «å ta på alvor» bør derfor heile tida granskast av dei av oss som sit i leiarstillingar

Fleire samarbeid på tvers av institusjonar, frie grupper, både nasjonalt og internasjonalt kunne gitt eit nødvendig felles kunstnarisk og kvalitativt løft

Eg trur at eg, og alle som engasjerer seg i scenekunst for eit ungt publikum, med stor glede skal anerkjenna at dei unge rundt oss har kompetanse, blikk, erfaring og estetisk preferanse som vi bør vera nysgjerrige og svoltne på å møta og lytta oss inn til viss teateret skal vere relevant i tida framover. Deretter tenker eg at fleire samarbeid på tvers av institusjonar, frie grupper, både nasjonalt og internasjonalt kunne gitt eit nødvendig felles kunstnarisk og kvalitativt løft. Eg trur òg at satsinga på kunst og kultur for barn og unge på den måten kan løftast høgare på politisk plan av eit samla fagfelt. Vi er mange som roper på kvar vårt kant, men vi roper sterkare om vi roper saman. Då må dei løyvande instansane anerkjenna at dette er og har vore eit underprioritert felt. Spesielt i post-pandemi-tid ser vi ein endring i vanar hos dei fleste av oss, men kanskje spesielt unge menneske. To år utan dei fysiske og levande møteplassane har sett spor, og det er dei unge som har tapt mest.

De nye teatersjefene


I en serie mini-intervjuer spør vi landets ferske teatersjefer og kunstneriske ledere ved scenekunstinstitusjoner om hvilken retning de ønsker å ta barneteateret i.

Vi spør dem om hvilke utfordringer de ser for barneteater i Norge, og hva de vil gjøre med det. Og om hva som er deres drømmeforestilling å sette opp for en ung aldersgruppe.

Tidligere intervjuer i serien finner du her.

Eg er redd for at teateret potensielt vil smelta og forsvinna om ikkje dei unge opplever at det er eit reelt behov for den levande scenekunsten i liva deira

Korleis vil du som kunstnarisk leiar jobba med det?

– Gjennom synleggjering, tilgjengeleggjering og eigarskap. Det vi jobbar mest med i Groruddalen er å bygga ned skepsis og fordommar om kva «teater» er og kan vera. Ikkje minst «kven det er for». Frå oppstarten i 2019 har vi jobba aktivt med å knyta til oss dei lokale kunstnarskapa, for både å lytta oss inn til, og synleggjera dei for eit breitt publikum. Dette ønsker eg å halda fram med, gjennom å vera ein aktiv initiativtakar, rebell og «innkastar».

Sistnemnde har vorte brukt til å beskriva meg ved fleire høve. Det trur eg handlar om at eg har kjennskap til eit nettverk som kanskje ikkje er dei som frekventerer teatera hyppigast, eller som har dei kunstnariske stemmene deira representert på, bak, eller framføre scena. Enda. Her ligg det eit ekstremt potensiale, viss vi som teater klarer å anerkjenna talenta, sørga for å gi plass, tid, rom og moglegheit til å la desse gryande kunstnarstemmene få veksa og etablera seg. Satsinga i Groruddalen er eit tydeleg bevis på at Det Norske Teatret er kunstnarisk nysgjerrig på akkurat dette, og at vi set handling bak ord.

Foto frå prosjektvisninga «Spire» ved Det Norske Teatret i Groruddalen. Foto: Dag Jenssen / Det Norske Teatret

Status og løft for scenekunst for barn og unge startar med kvar av oss

Det siste året har vi oppretta billettfond, vi har etablert eit Kunstnarisk råd som består av 4 teaterfaglege og 4 eksterne som jobbar med barn/unge i Groruddalen. Vi har oppretta eit ungdomsråd med unge frå Groruddalen. Vi har hatt 2 urpremierar med nyskrive norsk dramatikk, som har møtt publikum både i det tradisjonelle scenerommet og gjennom ei stad-spesifikk teateroppleving. Vi har òg starta ei dramatikarsatsing i samarbeid med Dramatikkens hus, ein skrivekonkurranse og andre kompetansehevande prosjekt for å gi unge moglegheit til å bli kjent med teateret gjennom fleire av dei kunstnariske fagfelta. Vi har starta ei eiga satsing for unge kvinnelege regi-spirar med minoritetsbakgrunn, i møte med unge skodespelarar. Og sist, men ikkje minst jobba aktivt for internasjonale samarbeid med teater og kunstnarar som brenn for scenekunsten for eit ungt publikum.

Vi må tenka om teateret slik vi tenker om miljøet. Berekraft, langsiktige strategiar og dårleg tid! Eg er redd for at teateret potensielt vil smelta og forsvinna om ikkje dei unge opplever at det er eit reelt behov for den levande scenekunsten i liva deira. Vi som vaksengenerasjonen må vere ansvaret vårt bevisst.

Kanskje gjennom at vi oftare minnest korleis vår eigen inngang til scenekunsten som unge var – og å ønska denne moglegheita og møtet for fleire enn oss sjølv? Status og løft for scenekunst for barn og unge startar med kvar av oss.

Les om Braza si draumeframsyning etter annonsane.

Eg drøymer om ein levande kulturkrasj

Kva er di draumeframsyning for barn og unge?

– Eg har vel eigentleg ikkje ei spesifikk draumeframsyning. Men eg drøymer nok om å få vera med på å skapa eit teater der unge får rom til å vera kunstnariske rebellar, og der strukturane rundt er trygge og sterke nok til å hegna om dei sjølv når verda rundt «ristar». Ein levande kulturkrasj der unge kan nytta dei kreative stemmene sine trygt og fritt, med moglegheit til å realisera seg som kunstnariske premissleverandørar.

Eg drøymer om eit teater der dei opplever ein genuin heider av kor viktige dei er for den kunstnariske utviklinga og relevansen til teateret, frå feltet som heilskap og politisk, både no og langt inn i framtida. Satsinga i Groruddalen og på barn og unge generelt er nemleg aldri «berre» eit sosialt prosjekt, men eit sterkt kunstnarisk motivert prosjekt. For, ved å ønska velkommen til Groruddalens ca. 11 000 unge nye publikummarar og unike kunstnarstemmer, vil vi oppleva eit teater som blir utvida og blir utvikla i eksplosivt tempo!

Det er starten på ein heil del draumeframsyningar eg gler meg til å oppleva!

Belinda Braza starta i jobben som kunstnaleg leiar ved Det Norske Teatret i Groruddalen i juni 2021.

Foto frå prosjektvisninga «Spire» ved Det Norske Teatret i Groruddalen. Foto: Dag Jenssen / Det Norske Teatret

Annonser
Stikkord:
· · · · · · · · ·