Fråveret av jenter i pensumlistene
Lesebok for jenter er ein tekstsamling som skal gi jenter gode forbilde frå litteraturen. Jenter treng tekstar som ikkje skildrar jenter som offer, men som sjølvstendige og ressurssterke individ. Dette er nemleg mangelvare i skulen, ifølgje Solveig Aareskjold. Ho har funne fram tekstutdrag frå 3000 år tilbake i tid og fram til våre dagar.
↑ Charles Baugniet: «En sommerdag». Kilde: Wikimedia Commons
Solveig Aareskjold er ein forfattar med stor produksjon av romanar og essaysamlingar. For underteikna er ho først og fremst ein underfundig og stilsikker essayist, som meistrar hovudintensjonen bak sjangeren: å skape refleksjon hjå lesaren ved å gjere uventa og spenstige tankesprang og setje spørsmålsteikn ved velkjende sanningar.
Aareskjold startar i kjend stil med eit forord, der vi kan lese følgjande påstand: «Det er ei utbreidd misforståing at kvinnene ikkje hadde fullt menneskeverd før dei fekk stemmerett og lov til å studera ved universitetet. Derfor blir sjølv dei mest oppvakte og handlekraftige jentene narra til å tru at dei ville ha vore slavar om det ikkje var for samfunnsreformane dei siste hundre åra». Med andre ord, Aareskjold er essayistisk slagkraftig frå første bokstav.
Og ho har eit tydeleg mål med boka, nemleg å fokusere på tekstar gjennom tre tusen år der kvinner vert skildra med fullt menneskeverd: «jenter og unge kvinner som tenkjer og handlar som fullverdige samfunnsborgarar. Den motgangen dei kjem ut for, er slikt som kan råka kven som helst, og dei taklar det som folk som er vande med å bli møtte med respekt». Boka skal vise at jenter har vorte omskrivne som respekterte samfunnsborgarar før stemmerett, kjønnskamp og likestilling vart slagord i samfunnet. Dette er den eine delen av oppdraget til Aareskjold. Den andre delen er å ta utdanningssystemet. «For dei som underviser i skulen, veit sjeldan meir enn det dei har lært ved universitetet, og der lærer ein berre det som ikkje strir mot dei personlege interessene til dei universitetstilsette». Slik. Det er skapet satt på plass. Det er kanskje nokon som vil la seg hisse opp over ein slik påstand, men bak alle spissformuleringar ligg den urolege tanken om at forfattaren kan ha eit poeng, sjølv om ein må ha tiltru til at lærarar også les etter at dei er ferdig utdanna ved universitetet, og at universitetstilsette er så sjølvreflekterte at dei kan opne opp for andre tenkemåtar og interesser enn sine eigne. Det er uansett eit faktum at kanon har vore så godt som fri for kvinner, og det må vere ein grunn til at det har vore slik. Ifølgje Aareskjold er jenter framleis i stor grad ekskludert frå kulturarven: «den kulturarven som blir formidla i skulen, handlar nesten berre om det framståande menn har sagt og gjort. Når kvinnene blir nemnde, er det som regelen som hjelpelause offer for mannleg makt».
Organiseringa av tekstsamlinga
Tekstane i utvalet er skrivne av kvinner, med to unntak, Homer og dei norrøne forteljarane. Om forfattaren til Odysseen skriv ho «Dersom det likevel er ein mann som står bak, må han ha hatt meir sans for jenter enn det som har prega åndslivet fram til i dag». Og om dei norrøne sogene skriv ho at dei like gjerne kan vere skrivne av kvinner, sidan kvinnene i sogene gjer som dei vil og sjeldan bryr seg om kva mennene synest.
Boka er innordna i kapittel der Aareskjold skriv ein introduksjon av teksten og set teksten inn i ein samanheng. Tekstane er ordna kronologisk og kvart kapittel er knytt til omgrep som handlekraft, identitet, sjølvrealisering, lojalitet, ære, makt, fantasi, empati, skam, frigjering, omsorg og mot. Kapitteloverskriftene legg derfor føringar for lesinga av tekstane.
Jenter då i møte med jenter no
Eit av dei tydelegaste grepa til Aareskjold er at mange av jentene frå dei eldre tekstane vert samanlikna med jenter i vår tid. Dette komparative grepet vert også nytta for å legitimere mykje av den eldre litteraturen i undervisninga i skulen i dag. I introduksjonen til teksten om Perpetua får vi eit innblikk i den kommenterande skrivemåten til Aareskjold: «Mange jenter skriv dagbok. Det same gjorde den kristne Perpetua som levde i Kartago i det noverande Tunisia om lag to hundre år etter vår tidsrekning. Ho har óg det felles med mange jenter i vår tid, til dømes den pakistanske menneskerettsforkjemparen Malala, at ho var i livsfare fordi ho ville ha eit fullverdig liv. På den tida var det dødsstraff for å vera kristen, og i dagboka si fortel Perpetua om kvifor ho ikkje kunne gje opp det ho trudde på: Ho kunne like godt gje opp å vera seg sjølv». Slik får Aareskjold vist at problemstillingane til jenter i tidleg kristen tid framleis har aktualitet i dag, fordi dei kjempar for fullverdige liv.
Dronning Kristina vert linka til Pippi Langstrømpe. «Historia om dronning Kristina viser korleis det kunne gått med Pippi om ho hadde fått halda fram med superkreftene sine som vaksen i staden for å bli sperra inne i evig barndom. Men i etterkrigstida, då Astrid Lindgren skreiv Pippi-bøkene, var folk endå meir redde for sterke kvinner enn folk på sekstenhundretalet var for hekser. Ikkje eingong fantasylitteraturen tok sjansen på ei vaksen Pippi».
Fakta
Solveig Aareskjold: «Lesebok for jenter frå Homer til Hunger Games»
Samlaget 2014
I tillegg vert Saga Norén frå tv-serien «Broen» sett som ein representant for moderne og sterke kvinner frå Sverige. Rett nok er Kristina ein person som har levd, til forskjell frå Pippi og Saga, men Aareskjold skapar eit samband mellom den historiske personen Kristina og dei to litterære etterkomarane hennar. Alle tre er sterke og sjølvstendige. Dei er ikkje redde for å utfordre maktapparatet i samfunnet. Og dei får anerkjenning fordi dei er den dei er. «Eg kunne ikkje finna meg til rette med kvinneleg handarbeid, og det var uråd for meg å gjere framsteg der. Derimot meistra eg i fjortenårsalderen alle dei språk, vitskapar og idrettar dei underviste meg i. Sidan har eg tileigna meg mykje anna utan hjelp av nokon lærar, og det er sikkert og visst at eg utan hjelp kunne ha lært meg tysk, fransk, italiensk og spansk like lett som svensk, som er morsmålet mitt».
Moralismen i barnelitteraturen
Norske forfattarar som Dikken Zwilgmeyer og Sigrid Undset har også fått plass i tekstutvalet. Dikken Zwilgmeyer er først og fremst kjend for Inger Johanne-bøkene frå tida rett etter århundreskiftet, og Aareskjold knyt tekstutdraget til empati. Og ho skriv at det finst tilfelle der «kravet til empati blir meir enn den einskilde kan bera. Særleg ligg det eit stort press på jentene, som i dei siste hundreåra har blitt rekna for å ha både medfødd evne og naturleg plikt til å vera snille med alle» (109). Og forfattaren stiller spørsmålet: Er «kravet om altomfattande venninneskap eit krav om personleg utsletting?» (ibid). Tekstutdraget er historia om Magrete Kind, som ingen vil vere venninne med, heller ikkje Inger Johanne. Magrete er stempla som kjedeleg og seier ting alle kan gjette seg til på forhånd. Zwilgmeyer meir enn antydar at Magrete vert sjuk som resultat av utstøytinga, og teksten vert heretter både melodramatisk og skjebnetung. Mora reflekterer over mangelen på veninner og eit mislukka fødselsselskap ved dottera si dødsseng. «Aa, saa glad hun har været i dere veninderne; saa gjerne hun vilde være sammen med dere, stakkar; – men saa har det nu været saare stunder ogsaa, naar dere ikke vilde ha hende med dere» (117). Melodramaet er fortetta og skal verke preventivt på andre småjenter som ikkje inkluderer alle i veninnegjengen sin.
Aareskjold ser ut til å meine at kravet om empati er ekstra framheva i jentebøkene, samstundes som ho sjølv framhevar det ved å ta det med i denne tekstsamlinga. Dette er eitt av krava som jentene får, dei skal vere snille og inkluderande. Den moralistiske tradisjonen i barnelitteraturen vert tydeleg gjennom utdraget, like eins spørsmålet om slik litteratur legg eit utilbørleg stort ansvar på jentelesaren. Skremselseffekten er uansett til stades, mobbing kan føre til dødslengt. Magrete vert frelst, men kva skjer med Inger Johanne? Det er ho som må leve med avgjerslene ho har tatt. Ein kan seie at Zwilgmeyer fortettar og overdramatiserer temaet, samstundes veit ein at temaet om utstøyting og avvising er ekstra stor i jenteflokkar, og i vår tid kanskje vanskelegare å få tak på fordi mobbinga er subtil og føregår på sosiale kanalar som Facebook og Twitter. Aareskjold viser at temaet har vore tatt opp i litteraturen før, og at jentene ser ut til å ha fått eit spesielt ansvar når det gjeld å forhindre mobbing og utfrysing også gjennom litteraturen.
Under kapitlet Skam har Aareskjold tatt med novella «Første Møte» der ei jente mister dokka si Gerda, og finn den tilfeldigvis att hos ei jente på eigen alder som ligg til sengs med tuberkolose. Mora, som har tatt dokka, verkar ikkje skjemd over handlinga si, i staden smiskar ho for jenta, og seier at ho nok har mange fine dokker, som er langt finare enn denne. Slik oppfordrar ho jenta indirekte til å la vere å seie at dokka er hennar, og jenta seier ingenting, sjølv om ho er lei seg. Ho vert slik stilt ovanfor eit dilemma som er større og meir komplisert enn det ho burde bli utsatt for i ung alder. Kva er det moralsk rette? Skal ho ta dokka tilbake, og slik utsetje den tuberkuløse jenta for sorg, eller skal ho teie om tjuveriet og slik verte ein medskuldig?
Dette er jenta sitt første møte med fattigdommen, og med korleis fattigdommen endrar folk og gjer dei skamlause. Å legge historia i synsvinkelen til ei lita jente, er gjort for at den naive jenta med ein beskytta oppvekst får eit sjokkarta møte med sosiale forskjellar i samfunnet. Og den vesle jenta som ikkje har gjort noko gale, kjenner vel så mykje på skamma som den vaksne mora
Forskjellen på den vennlege Mary Poppins (1964) levandegjort av Julie Andrews i filmversjonen og den langt meir bestemte Mary Poppins i boka frå 1934, er også påfallande. Aareskjold hevdar at Mary Poppins står i Pippi-tradisjonen, sjølv om Pippi er langt meir ettergjevande og mindre magisk enn Mary Poppins, som både kan flyge og vere bisk og sint – om det høver seg slik. Kanoniseringa av den vennlege Mary Poppins i filmen seier kanskje noko om rådande samfunnssyn. Kvinna skulle vere assosiert med mild og kjærleg barneoppdraging, og stadfeste i staden for å utfordre samtidas tradisjonelle kvinnesyn.
Lesebøker for jenter trengst!
Prosjektet til Aareskjold er interessant på mange måtar. Ho går politisk til verks og har overordna grunngjevingar for å gi ut boka. Ho er polemisk og har ein brodd mot institusjonar som ho meiner ikkje har endra seg. I eit intervju i Klassekampen hevdar ho «På universitetene foregår det en blokkering av informasjon, der man blir ofre for patriarkalsk stupiditet» (7.3.2013). Denne påstanden er skarp og opnar for debatt. Eit av bidraga til å gjere jenter meir synleg for lesande jenter meiner ho er å trekke fram jenter som har skrive eller skriv for å «presentere litterære tekster som forteller en annen historie» (ibid).
Det kunne vore mogleg å brukt heilt andre tekstar enn dei Aareskjold nyttar, slik det alltid vil vere ein diskusjon om tekstar eller tekstutdrag i alle tekstsamlingar. Som lesar er det nokre tekstar eg meiner står seg betre enn andre i denne samlinga. Men som prosjekt er ideen god og viktig.
Les også «Gode bøker for både jenter og gutter», Periskop 3.7.2014