Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Kvifor ikkje berre musikk?

KATEGORI

Musikk,

SJANGER

Kommentar,

PUBLISERT

fredag 13. juni 2014

Kvifor tyr symfoniorkestra så lett til utanommusikalske og historisk-/biografiske innfallsvinklar når dei skal presentera klassisk musikk for barn, spør Tori Skrede.

↑ I Trondheim er det ein pingvin som viser fram orkesterinstrumenta. Foto: Christian Nilsen

Dei norske symfoniorkestra legg stadig større vekt på familiekonsertar og tilbod for barn og unge. Fleire av orkestra har hatt omfattande tilbod i mange år, men Oslo-Filharmonien kjem med eigen familieserie i sesongen 2014/2015. Gjennom ein kjapp granskingsrunde fann eg ut at alle orkestra i dei andre store byane har fine tilbod for barn og familiar neste sesong, og gjennom tematiske fellesnemnarar og eit nyskrive verk er det tilboda til Bergen Filharmoniske Orkester og Oslo-Filharmonien som peikar seg ut som mest interessante.

Nytt orkestereventyr i Bergen

Symfoniorkestra i dei to største byane har kvar sine inngangsportar til den klassiske musikken. Stort sett klassiske, kan eg kanskje seie, for i familieserien til Oslo-Filharmonien er det òg reinspikka filmmusikk med, men den vert dregen inn i samanhengen gjennom den overordna tematikken i serien. I Bergen får det historiske større fokus. Bergen Filharmoniske Orkester fyller 250 år neste år, og i dette høvet har dei fått laga «Eventyret om Bergen Filharmoniske Orkester». Svært mange kjenner til Minken Fosheim sine «Eventyret om Vivaldi», «Eventyret om Grieg» med vidare, og det er òg Fosheim som står bak det nye verket om orkesteret. Ved sida av dette inneheld familieserien i Bergen «Peter og ulven», ein konsert med musikalske julekort, og «Professor Harmonika» som er ei oppdagingsferd i orkesterklangen der ungane blir kjende med og utforskar dei ulike instrumenta. Professor Harmonika-konserten er alt prøvd ut på ein del 2. klassingar som ein del av Den kulturelle skulesekken i Bergen.

Tradisjonelt i dei andre byane

Orkestra i dei andre byane gjer òg ein innsats for dei yngre. Trondheim Symfoniorkester har pingvinkonsertar der presentasjon av orkesterinstrumenta står i høgsetet og ein skodespelar i pingvinframtoning leier det heile. Orkesteret byd òg på musikk til både teiknefilm og Chaplin. Dette er vel og bra, men så nytt er det ikkje. Stavanger symfoniorkester har ikkje slept programmet for neste sesong enno, men fortel i ein e-post at konsertar for barn og unge står på programmet. I Nordnorsk Opera og Symfoniorkester, som har konsertar i både Bodø og Tromsø, har dei òg eit ganske tradisjonelt musikkutval med verk som «Peter og ulven» og «Dyrenes karneval.»

Tematisk heilskap kontra litt av kvart

Medan Bergen Filharmoniske Orkester har hatt eigen familieserie i fleire år, er det fyrste gong Oslo-Filharmonien kjem opp med tilsvarande. Frå før har orkesteret hatt einskilde konsertar, som «Den som hører, får se» i januar i år, men no har dei fire familiekonsertar med ein tematisk heilskap. Planetane og universet er paraplyen. På den fyrste konserten spelar orkesteret «Planetene» av Gustav Holst, og astrofysikaren Knut Jørgen Røed Ødegaard er konferansier. På neste konsert er det Star Wars-musikken til John Williams som står på programmet, og borna vert oppmoda til å kle seg ut som ein av Star Wars-figurane.

I Bergen Filharmoniske Orkester går professor Harmonica på oppdagingsferd i orkesterklangen. Foto: Henning Målsnes

Den neste konserten i serien er spunnen kring store spørsmål som: «Hva er lyd, og når blir lyd til musikk? Hva skjer i vårt indre øre når vi hører på musikk? Hvordan høres musikken ut i verdensrommet?» Naturvitskapsformidlaren Andreas Wahl er konferansier på denne konserten. Den siste konserten er ein filmkonsert. Dokumentarserien «The Blue Planet» er utgangspunktet, og orkesteret reklamerer med «Kombinasjonen av levende orkestermusikk og film fra dramaet i havet garanterer en eventyrlig opplevelse for hele familien.» Komponisten George Fenton vil sjølv dirigere, og filmregissør, produsent og journalist Frode Stang er konferansier.

Verdsromet og det lokale

Familieseriane til orkestra i Bergen og Oslo signaliserer mykje bra. Den store skilnaden mellom dei er at Oslo-Filharmonien har lagt opp til ein utanommusikalsk overbygging, medan orkesteret i Bergen byd på litt av kvart. Oslo-konseptet gjer det mogeleg å trekke parallellar mellom ulike verk med ein tematisk fellesnemnar, og slikt er alltid spanande. Mange barn er opptekne av verdsromet, og det er fint at Oslo-Filharmonien vel eit tema som òg kan fenge dei litt større.

Bergen Filharmoniske Orkester har teke til seg Minken Fosheim som har hatt stor suksess både hos dei og i store delar av landet tidlegare, og eg går ut frå at namnet og suksessen hennar skal vera med å selje eventyret om BFO. Og dét er det absolutt ikkje noko gale i, for ho er ein glitrande formidlar som gong på gong har vist at ho kan lage spanande eventyr med naturlege koplingar til musikken som vert presentert. Sett frå min ståstad er denne konserten det mest spanande i Bergen – det er ikkje kvar dag ein kan oppleve eit heilt nytt verk med lokalt innhald, iallfall ikkje i nasjonal målestokk. Resten av familieserien i Bergen er meir safe. Ein kan få med seg klassikaren «Peter og ulven», som mange vil kjenne att, og som andre vil ha utbyte av for fyrste gong, og instrumentpresentasjon er alltid interessant.

To gjengangarar i formidlingspraksisen

Men kvifor må ein så ofte velja ein utanommusikalsk innfallsvinkel når ein skal presentere klassisk musikk for barn og unge? Det ser ut til å vera to gjengangarar i formidlingspraksisen: Den eine er at musikken vert sett i ein samanheng utanom seg sjølv, både gjennom tematisk overbygging og val verk, den andre er presentasjon av instrument og orkesterklang. Det er spanande å kople både Knut Jørgen Røed Ødegaard og Andreas Wahl opp mot planettematikken, og i alle fall den siste er ein kjend figur for ungane. Men det er neppe musikk desse karane skal snakke om. Og på denne måten, gjennom å ta utgangspunkt i det utanommusikalske, vil ein gong på gong signalisere at musikken skal tene noko anna. Skildre noko anna. Vera noko anna enn musikk.

Eg har ikkje noko ynskje om å reetablere eit gamalt, hierarkisk skille mellom programmusikk og absolutt musikk, heteronomi og autonomi. Svara på spørsmålet om musikk kan skildre noko anna enn seg sjølv har vore delte opp gjennom historia, og i dag vil nok mange meine ja. Det er i alle fall ikkje tvil om at musikk er ein viktig del av svært mange multimediale uttrykk. Og då er det kanskje naturleg at dei store orkestra vel å setje barne- og familiekonsertane og musikken inn i større samanhengar? Det kan godt vera at vegen frå «Star Wars» til «The Blue Planet» til «Planetane» er rett veg å gå. Men er det berre musikk knytt opp mot noko anna som fenger dei små?

Berre ein masse fiolinar?

I det glitrande læreverket «Lyttemetodikk» frå 1997 nyttar professor og forfattar Magne Espeland omgrepa formal og assosiativ lytting. I assosiativ lytting skapar lyttinga assosiasjonar til noko anna, i den formale lyttinga legg ein vekt på formene og strukturane i sjølve musikken. Også dette kan vera ein spanande inngangsport til klassisk musikk. Programmusikken har ofte mykje til felles med musikken i film og teater som de fleste kjenner betre i utgangspunktet. Men faktisk er både barn og vaksne godt kjende med å lytte til musikk i seg sjølv. Kvifor skal det vera så unaturleg å lytte til klassisk musikk – berre som musikk? Mange vil meine at dei lange symfoniane med dei lange satsane blir for keisame. Og ein grunn til at klassisk musikk kan bli oppfatta som vanskeleg tilgjengeleg er nettopp at mange ikkje finn knaggar å hekte musikken på. Ein Mozart-symfoni blir berre ein masse fiolinar.

Kven vil snakke om det?

No er det ikkje familieseriane i orkestra som skal ta seg av den musikalske opplæringa til dei unge, men all den tida det vert nytta forteljarar og konferansierar, kunne det vore interessant om nokre av dei snakka om musikken direkte. Kva med å ta for seg «Paukeslagsymfonien» av Haydn utan å snakke så mykje om paukeslaget, men heller demonstrere hovudtema, sidetema og treklangsmelodikk? Og det er sjølvsagt mogeleg å nærme seg programmusikk på dette viset òg. Ein kan fortelje ungane om instrumentering, rytmikk og harmonikk som er med på gjera musikken til det han er. Poenget er å starte med musikken. Å halde musikken og den musikalske oppbygginga som det viktigaste, så lyttarane kan konsentrere seg om den og oppleve noko dei kan bruke ved neste høve.

Dukke ned i musikken

Ein kan kople musikken opp mot biografi og historie, slik Minken Fosheim gjer det, med stort hell. Ein kan òg kople musikken opp mot andre kulturelle uttrykk frå den same epoken. Og ein kan kople mot eit utanommusikalsk program. Samanhengar vil ein alltid finne, og dei vil alltid vera interessante, men dei treng ikkje alltid vera til stades. Dei fleste orkestra er gode til å presentere instrumenta og særprega deira, men der stoppar det dei seier om musikken i seg sjølv. Kva med resten av det som skapar det klingande resultatet? Eg trur mange, både barn og vaksne, ville bli overraska over kor interessant det er å dukke ned i musikken i seg sjølv, og for mange vil det skapa eit mykje nærare tilhøve til musikken. Utan kvite Mozart-parykkar og utan alt anna som tek fokus bort frå dei klingande tonane.

Kommentaren vart først presentert på ballade.no 28.5.2014.

Annonser
Stikkord: