Solrun Toft Iversen: Vi må gjere det lett for born å møte teateret på sine premiss
Påtroppande teatersjef ved Den Nationale Scene i Bergen vil stimulere til fantasi og vektlegge at born og unge kjenner seg inkluderte i teateropplevinga. I dette mini-intervjuet fortel Solrun Toft Iversen korleis ho skal få til det.
↑ Solrun Toft Iversen blir teatersjef frå juni 2023. Foto: Sebastian Dalseide / Den Nationale Scene
Som påtroppande teatersjef for Den Nasjonale Scene i Bergen vil Solrun Toft Iversen arbeide for at born skal få møte teateret på sine premiss. Ho vil utforske korleis vi kan nå born og unge også utanfor den fine teatersalongen.
Kva treng scenekunstfeltet for born og unge i dag?
– Status og ambisjon. Så enkelt ser det ut frå mi side. Det vil seie at anerkjenning og synlegheit er like sjølvsagt som rundt andre prosjekt og at det opplevast like attraktivt å arbeide med kunst for yngre målgrupper. Dessutan vil eg legge til at sjølv om mitt institusjonshjarte bankar varmt for den generøse familieframsyninga, så er det naudsynt parallelt med det å produsere framsyningar for smalare målgrupper, der ein kan differensiere etter spesifikke aldersgrupper. Både familieframsyningar og meir avgrensa målgruppeprosjekt må gjere det lett for born å møte teateret på sine premiss og oppleve at dei er teken på alvor som publikummarar.
Scenekunstfeltet for born og unge treng status og ambisjon
De nye teatersjefene
I en serie mini-intervjuer spør vi landets ferske teatersjefer og kunstneriske ledere ved scenekunstinstitusjoner om hvilken retning de ønsker å ta barneteateret i.
Vi spør dem om hvilke utfordringer de ser for barneteater i Norge, og hva de vil gjøre med det. Og om hva som er deres drømmeforestilling å sette opp for en ung aldersgruppe.
Eg vil vere utforskande på korleis vi kan nå born og unge også utanfor den fine teatersalongen
Korleis vil du som teatersjef jobbe med det?
– Eg vil jobbe med både store familieformat der eg forsøker å dyrke møtet og fellesskapet mellom fleire generasjonar – og eg vil vere utforskande på korleis vi kan nå born og unge også utanfor den fine teatersalongen. Eg vil be gode instruktørar om å utvikle framsyningar for oss og legge øyre til dei som har engasjement for og kompetanse til å tenke nytt i augehøgde med born og unge.
Kva er di draumeframsyning for born og unge?
– Eg greier ikkje svare eintydig på det, fordi eg jo nettopp trur på både den breie og den spesifikke målgruppa. Men felles for alle mine draumar er at eg ynskjer å stimulere fantasi og vektlegge at publikum kjenner seg inkludert i opplevinga.
Solrun Toft Iversen startar i jobben som teatersjef ved Den Nationale Scene i juni 2023.