Artikkel
Litteratur
Kvar er mor? På leit etter mødrer i barnelitteraturen
8 januar 2014
FORSKINGSARTIKKEL: Då eg vart mor byrja eg å lese barnebøker med ny interesse. Blant anna funderte eg på kvar mødrene fanst i barnelitteraturen. Og då eg las Hilde Kramer si bok «Hvor er mamma?» (2007) kjende eg meg att. For mødrene var som regel fråverande. Utan at eg forsto kvifor. Som hovudpersonen Marie i Kramers bok tenkte eg at eg måtte gå systematisk til verks. Kvar skulle eg leite? Det var kanskje naturleg å starte i heimen?