Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Trubadurane syng, men ingen klappar

KATEGORI

Litteratur,

SJANGER

Anmeldelser,

PUBLISERT

fredag 9. januar 2015

Odd Nordstoga har skrive oppfølgjaren til «Eg og Pontus går for gull» frå 2013. Pontus og eg møter nok ein gong kaos og vanstyre, men trubadurane har i denne boka mista si kraft, og folket høyrer ikkje på dei.

↑ Trubadurane syng, men ingen klappar

I boka er det ikkje landvegen, men havet som er ferdselsveg for dei to venane. Dei reiser på ein noko skrøpeleg flåte, katten heng i masta og syng, medan trubaduren sit sveitt og mødd med den lange hatten og gjer eit forsøk på å styre ferda med gitaren.

Det ser ut til å gå bra, for dei endar opp i hamna til ein by der dei forventar å tene pengar for underhaldning og musikk, og få seg ein fest attpå. Men allereie i hamna skjønar dei at noko har gått gale i denne byen: «Og rart er det som møter oss / Hamna flyt med skit og boss / Vasa saman av segl og taug / ligg rotne båtar i haug på haug».

Fakta


«Eg og Pontus går i land»

av Odd Nordstoga

Gyldendal  2014

Kunstnarar utan publikum

Det er ein del fellestrekk mellom dei to bøkene. Dei som las førre bok vil vite at Pontus og eg vart kasta i fengsel for musikken og ablegøyane sine, fordi kongen ikkje likte musikk. I denne boka derimot, ser det ikkje ut til at styresmaktene bryr seg om dei kreative påfunna til Pontus og eg. I staden er det menneska i byen som yter største motstanden, sidan dei er skildra som zombiar med tomme blikk. Med andre ord: Fleirtalet av folket, sjølve publikum, har fjerna seg frå det folkelege (og kanskje menneskelege) og er opptatt av seg og sokken (!) sin. «Det er som å spela for betong», klagar Pontus og eg, som aldri har møtt denne typen motstand før.

Kritikken av det narsissistiske samfunnet

I mangel av å vere opptekne av anna enn sokken sin, har samfunnet gått «til atters» for å seie det mildt: «Kyrkjetårnet, det står på tvers / Togstasjonen, den einsam står / ein annan stad enn der toget går / Og midt i vegen ei seterbu / og ut i havet ei halvvegs bru / På slottet står det ei skinntynn ku». Her er samfunnet ein ruin, kommunikasjonssystemet er nedlagt, og uferdige prosjekt som brua er tydelege teikn på at ein ikkje verken har plan, initiativ eller politisk vilje til endring. Nordstoga ser ut til å raljere over samtida si, noko som er ein av dei beste sidene ved denne teksta. Byen vert vanstyrt av Kapteins Snusks Parti For Allting Lov Og Evig Fri, og kaptein Snusk gjer kjempestore uttak som banksjefen tankelaust ausar ut i «hytt og ver». Med andre ord er det kanskje eit postmoderne, postindustrielt samfunn Nordstoga skildrar, der ein brukar meir enn ein yter. Ein konsekvens av det manglande initiativet til folk, er at skulen berre har frikvarter, og at barna ikkje lærer noko som helst der. Tiltaksløysa har med andre ord forplanta seg inn i institusjonane, og barna vert oppdregne til å gjere ingenting, akkurat som foreldra sine.

Det er ikkje Pontus og eg som får byen på fote etter kaotiske år, men ei jente som syng «rett ut sagt vedunderleg». Og det er kanskje ein lærepenge for dei to følgjesveinane som trudde at dei alltid ville få applaus og jubel for songane sine? Denne gongen er det derimot jenta folket lyer på, og etter den strålande responsen får Pontus ein ide om å bruke henne som talerøyr for politikk. Han skriv følgjande vers: «Har du av kaos og rot fått nok? / Saknar du din eine sokk? / Hugsar du ein by så fin? / Gjer så at på ny den skin!» Folket innser sjølv at dei må gjere noko aktivt for å redde byen sin: «Ein evig ferie er faktisk trist / Ja, alt blei så bakvendt og skeivt til sist!» Tiltaksløysa vert bytta ut med ein god, gammaldags sosialdemokratisk dugnad for å få orden i byen att, og med den nye folkeviljen vert det orden på sakene. Og Kaptein Snusk som er redd for at jenta «har folket i si hand», tenkjer på at det er mogleg ho kan ta makta frå han. Slik vert det også eit visst feministisk tilsnitt i teksten, sidan det er kvinnemakta han er redd for («Det stinkar:Dronning folk og land!»), og følgjeleg kidnappar han henne.

Etter at innbyggjarane, eg og Pontus har snikra eit heimelaga fly, følgjer dei etter Kaptein Snusk som har tatt jenta med i ein robåt (!). Den høge trubadurhatten kjem godt med i redningsaksjonen, jenta endar opp i flyet til dei to hovudpersonane. Avslutninga av boka er som sist: Det vert fest og feiring på torget i byen.

Nye forteljartekniske grep

Det er gjort nokre nye grep i denne boka. For det første har ein fått inn eit barn som helt i teksten, og det er viktig sidan boka vender seg til ein barnelesar (i tillegg til vaksenlesaren). Det er jenta som fortel dei om vanstyret i byen, og ho er kanskje den einaste av byborgarane som ser at det må ein redningsaksjon til. Slik får barnet ei frelsarrolle, og slik brukar Nordstoga eit tema med lang tradisjon i barnelitteraturen.

Det er også eit poeng at Pontus og eg går frå å vere heltar til å verte medhjelparar til helten. Det er songen til jenta som får folket ut av dvaletilstanden, og som får folket til å juble. Og fordi songen har ein så tydeleg effekt, ser Pontus sitt snitt til å kritisere styresmaktene også ved å skrive ein kritisk tekst som jenta framfører. Slik går songen til jenta over frå å vere vakker, til å ha eit politisk innhald. Her kan ein få assosiasjonar til protestvisene på seksti- og sytti-talet, som var samfunnskritiske og førte til opprør og reaksjonar.

For det andre er denne teksten endå tydelegare samfunnskritisk enn teksten i den førre boka. Det er også eit godt trekk. Folket tek tak og får orden på sitt eige samfunn, solidaritet og engasjement tek over for «eg har nok med meg sjølv og sokken min»-haldninga som byen har vore prega av. Og under feiringa på torget dukkar tretten tusen sokkar opp att. Dette er kanskje meint som eit bilde på at Kaptein Snusk har tatt sokkane, og slik gjort folk sjølvopptatte? Uansett, harmoni og glede er på nytt etablert i forteljinga og dei to trubadurane kan fare vidare på jakt etter nye eventyr.

Forholdet mellom tekst og illustrasjon

Nordstoga er ein folkekjær musikar og ein poet i songane sine. Intensjonen ved denne boka er kanskje å fortelje ei underhaldande historie, utan å bruke mange poetiske verkemiddel. Likevel meiner eg at teksten av og til kunne vore betre skriven. Ei slik utsegn seier like mykje om mine forventningar til Nordstoga som tekstskapar fordi han gong på gong har vist at han er ein av dei beste i sin generasjon til å skrive viser og songtekstar.

I denne boka, derimot, meiner eg illustrasjonane er vel så gode som teksten. I alle oppslaga går illustrasjonen over to sider. Slik vert tekstverset omkransa av illustrasjonen, og ein vert oppteken av detaljrikdomen i teikningane. Eitt av kjenneteikna til Rune Markhus som illustratør er at han teiknar mange, spennande og morosame detaljar i kvart oppslag, og tilfører forteljinga energi og vitalitet. Slik vert «Eg og Pontus går i land» vel så mykje ei visuell forteljing for denne lesaren, som ei tekstoppleving.

 

Les også: Dei nynorske trubadurane, Periskop 10.12.13.

Annonser
Stikkord:
· ·