Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Vivaldi og paraplyane

KATEGORI

Scenekunst,

SJANGER

Anmeldelser,

PUBLISERT

mandag 23. februar 2015

Fine tolkingar av Vivaldi for dei aller, aller, aller minste. Ein kvit fugl og ei bille i hovedrollene – og eit tre fylt med paraplyar.

↑ Foto: Tor Erik H. Mathiesen

«Dei fire årstidene» er eit nytt stykke figurteater som tek utgangspunkt i eitt av musikkhistorias mest kjende verk: klisjefabrikken Vivaldis «4 årstider». Dette er ein barokksuite Vivaldi komponerte i 1723, og eit uvanleg biletkraftig stykke musikk.

Skaper tryggleik

Årstidene er eit djupt almennmenneskeleg fenomen. Framleis ligg årstidene over oss – det er mogleg å relatere seg til dei sjølv om mykje har blitt eit app-sirkus innandørs.

Det er på ein måte anakronistisk å kome på Fana Kulturhus og sjå nett dette stykket. Det er utøvarane sjølve som står i døra og tek oss imot – og me føler oss velkomne. Dermed blir dette raskt ei intim og personleg oppleving. Det er stor fallhøgde: Kunstnarar som ynskjer ein velkomen i døra kan raskt verke kleint og intimiderande for vaksne. For born er dette med på skape tryggleik i den svarte boksen. Sånn er det i alle fall her i ein av dei mindre salane i Fana Kulturhus. Og sjølv om brannalarmen gjekk (falsk alarm!) like før stykket byrja gjorde det ingenting. Borna hadde allereie fått roen.

Borna ler

Roen blir endå større idet dei kjende tonane i første satsen – Våren – strøymer ut or hifi-en. Dokkeførarane blir nærast usynlege sidan dei går i svart og lyset er på lågbluss. Det er no hovudrolleinnehavaren dukker opp – ei lita gul bille. Ho er så lita at eg først ikkje ser snurten av ho. Billa er ein fint utførd liten figur med dirrande bein. Ved siden av denne vetle karen blir den andre store figuren introdusert: eit tre fylt med paraplyar. Igjen gjer mørkret at ein ikkje ser at dette er ein hageparasoll. Dette er DIY («do it yourself»)-teater som funker som ei kule. Treet består av åtte paraplyar – sju kvite og ein svart – og desse er sentrale i det levande skugge- og ljosspelet som finn stad kring billa.

Fakta


«Dei fire årstidene»

Musikk: Antonio Vivaldi

Idé, konsept og scenografi: Trond Birkedal og Ljudmil Nikolov

Regi: Trond Birkedal

Med: Ljudmil Nikolov og Kristian Børve

Rekvisittar og kostyme: Britt Koldal

Hordaland Teater

Foto: Tor Erik H. Mathiesen

Årstidene blir med dette enkle treet framkalla effektivt medan musikken utviklar seg. Det dukkar snart opp andre dyr også. Ein liten fugl i kvit fjørdrakt flaksar einsamt over paraplytreet. Denne tassen får snart selskap av endå fleire fuglar – som skuggar. Ein skuggefisk sym på ein paraply. Som bindande ledd får dokkeførarane paraplyane til å fly i lufta. Høgdepunktet for min del er også der borna roper høgast: når våren blir framkalla på scenen. Dette gjer figurkunstnarane med eit enkelt grep: Dei fyller ein paraply med sol og blomar. Alt blir til ved hjelp av lyskastarar, lommelykter og fargefilter. Det fungerer utmerka. I ein annan sekvens dusjar den eine dokkekunstnaren innsida av ein paraply. Borna ler og roper høgt ut i rommet: «Vaaaaaaaaskemiddel!!!!!!»

Rørslene det meisterlege

Entusiasmen tek av når hovedrollebilla får fem små billeborn når våren står på for fullt. Dei går alle med solbriller. Kontrastane er fine og nære i dette stykket – nett som i Vivaldis originalverk. Det heile blir avslutta av kulde og vinter igjen. Det snør, og tre kvite paraplyar blir effektiv forvandla til snømann.

Som nemnd: Det er stor fallhøgd i slike stykker som dette. Mange av dei scenografiske detaljane er uhyre enkle. Det meisterlege med framføringa og utføringa er rørslene på scenen. Dokkeførarane klarar å få dei enkle figurane til å leve – og gjere effekten av det store treet fullkome. Det heile er framførd med varme og nærheit. Difor er «Dei fire årstidene» eit fint alternativ til app-festen i dagens norske barndom.

Foto: Tor Erik H. Mathiesen

Annonser
Stikkord: