Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Arne Svingen vil gje ungane mareritt

KATEGORI

Litteratur,

SJANGER

Intervju,

PUBLISERT

tirsdag 26. mars 2019

– Før vart eg bekymra når ungane sa at dei hadde fått mareritt av ei av bøkene mine. No har eg forstått at det er det ultimate komplimentet, seier Arne Svingen.

↑ Forfatter Arne Svingen. Foto: Kjartan Helleve

Arne Svingen er uroleg. Det har han vore heilt sidan han gav ut si første bok.

For: Det er delte meiningar om alle testane skuleelevane må i gjennom, og ein er i alle fall ikkje samde om korleis ein skal lese svara dei gjev oss. Men alle kan sjå at gutane heng etter jentene, og ingen stad er dette tydlegare enn i norskfaget. Det tek ikkje lang tid før jamaldra jenter ligg år framføre gutane i ordforråd og tekstforståing.

Det er dette som uroar Arne Svingen, og det har det gjort heilt sidan han debuterte for 20 år sidan. No gjer han noko med det: I mai arrangerer han litteraturfestivalen «Gutta som aldri slutta»», ein festival med fokus på gutar og lesing.

Han har rett nok vore innom vaksensjangeren ved fleire høve og har faktisk skrive bøker utan blod og mysterier. Men det er ingen tvil om at mesteparten av det han har skrive er skumle og/eller morosame bøker for ungar i alle aldrar, med ein gut som hovudperson og eit litt tøft omslag. Målet er å få gutane til å lese.

 

Arne Svingen


Norsk forfattar fødd i 1967.

Aktuell med ungdomsromanen Alt jeg skylder deg er juling (Gyldendal, 2019)

Debuterte som barnebokforfattar med Flekken i 1999, og har sidan gjeve ut ei rekke barne- og ungdomsromanar.

Han har skrive fleire seriar, som Svingens mørke verden, Svingens gale verden og Bendik og monsteret.

Saman med Jon Ewo og Ingunn Aamodt har han gjeve ut grøssarserien Marg og bein.

I 2005 fekk han Brageprisen for Svart elfenben.

Fleire av bøkene hans har blitt filmatiserte. De tøffeste gutta har blitt til spelefilm, Hubert-bøkene har blitt til 26 teiknefilmar og Bendik og monsteret har blitt til ein animert kortfilm som har vunne internasjonale prisar.

 

Tidleg på 2000-talet skreiv eg ei bok med to jenter i hovudrollene, og i løpet av alle dei åra som har gått, har eg berre treft ein einaste gut som har lese den.

Vil skrive for dei som ikkje les

– Eg skriv fyrst og fremst bøker som eg trur eg ville ha like då eg sjølv var barn og då eg var ungdom, seier Svingen.

– I tillegg vil eg skrive for dei som ikkje les bøker. Eg har ingen illusjon om at ei enkelt bok kan gjera folk til lesehestar. Men om eg får nokon til å kome gjennom si fyrste bok, blir lista mykje lågare for å starte på ei ny. Det er avgjerande at det finst gode formidlarar som finn fram rett bok til desse gutane, og det er viktig at desse bøkene finst.

– Er det ikkje synd at me må snakke om gute- og jentelitteratur?

– Eg deler ikkje bøkene mine opp slik. Dei blir lesne av både jenter og gutar, særleg dei som er rekna på litt yngre lesarar. Men gutar er strenge, og det skal mykje til at dei vel ei bok med ein viss type omslag og ei jente i hovudrolla. Tidleg på 2000-talet skreiv eg ei bok med to jenter i hovudrollene, og i løpet av alle dei åra som har gått, har eg berre treft ein einaste gut som har lese den.

– Har du justert deg sidan starten eller skriv du med same motivasjon?

– Det einaste er at eg nok var meir forsiktig i starten. Då vart eg litt bekymra når ungar kom bort og sa at dei hadde fått mareritt av å lese ei av bøkene mine. Det var jo ikkje heilt bra, tenkte eg. Men etter kvart har eg forstått at dette er det ultimate komplimentet. Det betyr at vedkommande har levd seg inn i historia og blitt veldig engasjert. Det er ei heilt fantastisk kjensle, fortel Svingen.

Jon Ewo, Arne Svingen og Ingunn Aamodt står bak serien Marg og bein på Cappelen Damm. Foto fra arnesvingen.com

Omslaget til «Alt jeg skylder deg er juling». Foto: Gyldendal

Eg har erfart at unge lesarar blir irritert om kjærleik tek for mykje plass i ei bok som handlar om noko anna. Me forfattarar legg ofte inn ei slik historie og trur at det skal gje ein ekstraeffekt. Men effekten er berre at kjærleiken kjem i vegen for historia.

Ny bok om slåsting

I februar kom den nye ungdomsromanen Alt eg skylder deg er juling. Den handlar om Herman som er over snittet glad i å slåst. Omslaget er svart/kvitt med harde sølvfarga bokstavar og ein hovudskalle. Ein må ha vore medlem i SV i mange år for å tenkje at målgruppa for denne boka er jenter.

– Det er nok ikkje dei som slåst som kjem til å lese denne boka, og knapt dei som kunne tenkje seg å slåst. Den er meir for dei som har slåssing som ein del av kvardagen sin, som kjenner til slåstkampar og som kjem over slikt på nettet.

– Kva funksjonen har denne slåssinga?

– Generelt trur eg det er ei jakt på spenning. Det står liksom mellom ekstremsport og å gje litt juling. Men ekstremsport kostar pengar og krev kunnskap. Slåssing krev berre mot og at du er god med nevane. Det gjev respekt, det gjev ein høgare status. Dessutan er det eit utløp for noko. Eg har det på same måten når eg trener og kjemper om eit poeng. Om det ikkje går min veg, kan eg skrike høgt og øydelegge ting. I ein slik setting er det lov. Eg trur det er bra å få utløp for litt aggresjon av og til, seier Svingen.

I boka har hovudpersonen Herman klare reglar. Han slåst berre med folk som fortener det og som slår igjen. Han slår ikkje folk som ligg nede, jenter eller hundar. Ein dag dukkar Silje opp. Ho har høyrd rykte om denne slåstkjempa, og vil gjerne ha han med på eit sitt eige private hemntokt. Dessutan har han planar om å ta hemn sjølv. Saman legg dei ut på ei hardtslåande reise. Men midt opp i dette utviklar det seg eit nært forhold mellom Silje og Herman.

– Ho representerer noko nytt. Herman har ikkje mange vener, og knapt nokon han verkeleg kan snakke med. Det kan han gjere med Silje. Men dei blir ikkje saman. Eg har erfart at unge lesarar blir irritert om kjærleik tek for mykje plass i ei bok som handlar om noko anna. Me forfattarar legg ofte inn ei slik historie og trur at det skal gje ein ekstraeffekt. Men effekten er berre at kjærleiken kjem i vegen for historia. Difor var eg medviten på at Herman og Silje ikkje skulle bli eit par, sjølv om han nok kunne tenkje seg det.

– Og det er difor han blir med på Silje sin plan?

– Ho vil ha han til å banke opp folk som har drive utukt, men ikkje har blitt straffa for det. Desse folka er ganske stakkarslege, og Herman finn det vanskeleg å banke folk som ikkje tek att. Det blir litt komplisert, fortel Svingen.

Slåssing krev berre mot og at du er god med nevane. Det gjev respekt, det gjev ein høgare status.

Arne Svingen skriver en kamp på barnas premisser. Foto: Marlene Miller Svingen.

Eg seier ikkje at alle barne- og ungdomsbokforfattarar er fantastisk flinke til å snakke om bøkene sine, men veldig mange er det. Dei er nesten sultefora på denne type samtale.

Podkastverten Svingen

Han er alltid optimist med tanke på sal, men veit av erfaring at det ikkje er desse ungdomsromane som går best. Det gjer bøkene i seriane «Svingens mørke verden» og «Svingens gale verden», men sjølv dei vert ikkje bestselgarar. Og det trass i at dei er veldig populære mellom lesarane. Blant dei mest lånte bøkene på skulebibliotek finn du alle bøkene i «Svingens mørke verden».

– Men dei syner ikkje att på salslistene. Dei er heilt vekke, noko eg trur det skuldast omslaga. Foreldre og besteforeldre kjøper ikkje bøker med skumle omslag. Som jo akkurat er grunnen til at ungane plukkar dei fram på biblioteket. Eg kjem truleg aldri til å skriva noko som er like populært som den serien, men dei sel ikkje i bokhandelen.

– Er ikkje foreldre og besteforeldre smartare enn som så?

– Nokre av dei mest selde barnebøkene dei siste åra er skrivne av Torbjørn Egner. Det er fint å ha klassikarar, men dei burde ikkje vere bestseljarar i dag. Det er desse bøkene ungane får i julegåve, medan foreldra også har kjøpt eit nytt dataspel med 18-årsgrense. Dagen etter skal ungen velje, og då er det fort boka som tapar, seier Svingen.

Han meiner at noko av problemet skuldast at barne- og ungdomsbøker ikkje får nok merksemd. Eller rettare: merksemd.

– Kultur for barn er ikkje særleg synleg i medie-Noreg. Det hender ei avis glimtar til med eit oppslag, men det er sjeldan. Eg har sett så mange vaksenbokforfattarar som til dels er veldig dårlege til å snakke om bøkene sine, men som likevel får masse tid på tv, på festivalar og på Litteraturhuset til å snakke om sitt liv og virke. Det får nesten aldri barne- og ungdomsbokforfattarar.

Svingen ville gje desse forfattarane eit rom og byrja å intervjue kollegaer i podkasten «Svingens barnebokverden». Sidan starten i 2016 har nærare sytti forfattarar vore innom, og i fjor haust fekk han NBU-prisen for innsatsen.

– Alle seier ja når eg spør dei. Og eg seier ikkje at alle barne- og ungdomsbokforfattarar er fantastisk flinke til å snakke om bøkene sine, men veldig mange er det. Dei er nesten sultefora på denne type samtale og viljen er stor, seier Svingen.

Åtte nye titlar i år

Han innrømmer at han ikkje anar om kor vidt Alt eg skylder deg er juling kjem til å bli ein suksess, men kviler ikkje ved den tvilen. Han skal vidare til neste bok. Snittet dei siste åra ligg nærare fem titlar i året, i år blir det åtte.

I mars kjem den fyrste boka i ein heilt ny serie om den unge spesialagenten Elvin Griff, og i tillegg debuterte han i vinter som bildebokforfattar, saman med den danske illustratøren Kamila Slocinska.

– Eg har dette som fast jobb, seier Svingen når han skal forklare den veldige produksjonen.

– Dinest er mange av bøkene ein del av ein serie, der eg har gode rutinar på frå idé til ferdig bok. Men det er også bøker eg brukar utruleg lang tid på. Så nøkkelen er vel at eg kombinerer å bruke lang tid på nokre bøker og kort tid på andre.

– Så skrivesperre er eit framandord?

– Eg har byrja på mange bøker som aldri blir noko av. Men som oftast har eg ein klar plan, det er ikkje milevis mellom fyrsteutkastet og den endelege boka. Og det er klart at eg har fått ei rik erfaring i å skrive bøker, og særleg i å arbeide med plot. Når plotet ligg klart i botn, då er det berre å sette i gang. Mot slutten av eit langt prosjekt ser eg ofte berre fram mot å byrje på ein annan interessant idé eg har liggande.

– Greier du å gle deg over ei ny bok?

– Eg likar kjensla av å kjenne på den ferdige boka. Det eg ikkje er så glad i å slå opp ein tilfeldig stad i boka, for då ser eg med ein gong kva som burde ha vore annleis. Nesten alle setningar kan jo bli betre. Men det er moglegvis her skilnaden ligg. For på dette tidspunktet er eg allereie i gang med eit nytt prosjekt, noko eg har gledd meg til å kome i gang med. Moglegvis unner eg meg ein dag på balkongen for å pusle med idear, men stort sett er eg rett i gang med ei ny bok.

Annonser
Stikkord:
· · · ·