Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Bandleiren LOUD!: Frå amatør til konsertutøvar på fem dagar

KATEGORI

Musikk,

SJANGER

Intervju, Reportasje,

PUBLISERT

tirsdag 17. november 2020

HVOR
USF Verftet, Bergen

– Eg merkar ikkje at det manglar gutar her, seier ein av deltakarane på bandleir for jenter, ikkje-binære og transpersonar i Bergen.

↑ Hanna Elisabeth Zieritz har vore på LOUD! i Bergen i haustferien. Draumen er eit band med suksess. Foto: Johanne Karlsrud

I dei største byane i Noreg vert det kvar haust arrangert musikkleir for jenter, ikkje-binære og transpersonar i regi av den idealistiske organisasjonen AKKS. Over fem dagar får ungdom mellom 11 og 16 år moglegheit til å fordjupa seg i musikk innanfor proffe rammer.

LOUD!


LOUD!: Bandleirar arrangert av AKKS i Oslo, Stavanger, Fredrikstad, Bergen og Trondheim. LOUD! er eit tiltak for å skapa meir mangfald i musikklivet

AKKS: Idealistisk musikkorganisasjon som arbeider for likestilling i norsk musikkliv

Tidspunkt: Haustferien og ein større, nasjonal sommarleir

Ope for: Jenter, ikkje-binære, transpersonar og andre underrepresenterte kjønn mellom 11-16 år

Gratis bandøving: Alle LOUD!-band får tilgong  til gratis bandøving i AKKS sine lokale ut kalenderåret

Musikkaktivitet for alle: AKKS Bergen tilbyr gratisplassar og redusert deltakaravgift til dei som treng det

Støtta av: Bufdir, Frifond kompetanse og Bergen kommune

LOUD! skal vere ein trygg stad for utforsking og utfalding.

Utforsking og utfalding

Årets LOUD! i Bergen er fullteikna. Medan nokon tar seg haustferie, vel tretten ungdommar å stå opp tidleg også i ferien for å læra seg å spela i band. USF Verftet på Nordnes vert arena for bandøving, føredrag og verkstadar. Når eg vitjar leiren, har han allereie vore i gang eit par dagar, og eg entrar ein skravlete og sosial lunsjpause. Leiren er open for dei som har erfaring med musikk, men òg dei som er heilt grøne. Eg tek ein prat med Trine Gabrielsen som er dagleg leiar for AKKS Bergen.

 LOUD! er for alle, uansett erfaring. Om ein ikkje har teke i eit instrument før eller spelt fleire forskjellege instrument over fleire år, speler ingen rolle, seier ho.

– Dei som har spelt før, kan utvikla seg på sitt instrument eller prøva seg på eit nytt. Dei får utfordra seg på samspel, samarbeid og nye sjangrar i tillegg til å læra meir om utstyr og framføring. Samstundes er det rom for å utforska frå nybyrjarnivå, og alle får god oppfølging av bandinstruktørane. LOUD! skal vere ein trygg stad for utforsking og utfalding, seier Gabrielsen.

I løpet av leiren skaper dei eigen bandidentitet og lagar merch. Vokalist i bandet «Zoom», Frid Katarina Stegen (16), har på seg band-t-skjorte frå merchverkstaden. Foto: Johanne Karlsrud

Veka startar med instrumentkarusell der kvar deltakar får prøva fleire instrument. Mot slutten av dagen set dei opp ønske for kva dei vil spela resten av veka. Basert på alder og hva for instrument dei ønsker seg vert dei sett saman i band. I løpet av veka skal dei produsera og framføra ein song.

– Dei fleste deltakarane kjenner ikkje kvarandre frå før. For at dei skal bli komfortable med å spela instrument eller syngja for kvarandre, har me mellom anna jam på slutten av første dagen. Då speler me låta dei har lært i løpet av instrumentkarusellen om att og om att – heilt til alle har fått prøvd seg på eitt eller fleire instrument, fortel Gabrielsen.

Marie Kristin Dale aka MK frå bluesrockbandet «MK's Marvellous Medicine» er ein av leirinstruktørane på LOUD!. Foto: Skjermdump frå Spellemannsprisen sin YouTube-kanal.

Ein feministisk oase

Eg går mellom dei ulike øvingsromma på USF Verftet.

– Kan de ikkje berre spele? No må me vera litt effektive. Intro og vers, køyr på! Ikkje ver redd!

Marie Kristin Dale aka MK frå bluesrockbandet «MK’s Marvellous Medicine» forsøker å få dei fem jentene i bandet «Sky Crash» til å fokusera, og oppmuntrar strengt. Det er torsdag, og i morgon skal dei ha konsert for familie og venner på studenthuset Det Akademiske Kvarter. Øving står på agendaen. Saman med gitarist og fløytist Mira Thiruchelvam frå bandet «9 grader nord» er MK leirinstruktør på LOUD! i Bergen.

I løpet av leiren har tre band blitt danna: «Pritti», «Zoom» og «Sky Crash». Dei har skrive ein song kvar frå botn av, med tekst og melodi, som skal framførast på konserten. MK og Thiruchelvam er med på dei daglege bandøvingane og driv dei fram.

– Bra! Det er tight, det er groovy. Dritfett, rosar MK.

I tillegg til å fordjupa seg i eit instrument, får ungdommane vera med på ulike verkstadar og føredrag knytt til det å vera musikar, helde av instruktørar frå musikklivet i Bergen.

Leiren er ein feministisk oase. Dei ønsker å skapa ei eiga boble. Subtile grep som spelelister dedikert til kvinnelege artistar som Susanne Sundfør, Beyonce og Veronica Maggio under lunsjpausen er eitt verkemiddel.

Andre er meir openberre, som at alle instruktørar er kvinner.

Fløytist Mira Thiruchelvam frå bandet «9 grader nord» var ein av bandinstruktørane på LOUD! i Bergen. Foto: AKKS Bergen

Det øvast. Foto: Johanne Karlsrud.

Eg tenker ikkje over at det ikkje er gutar her. Og når eg går ut i den verkelege verda, så tenker eg «Oi! Der er ein gut.»

Gutar får gitar, jenter ukulele

Saman med Frid Katarina Stegen (16), Dina Kristiansen Bratteteig (15) og Mia Lund Janson (13) har Hanna Elisabeth Zieritz (15) danna bandet «Zoom» denne veka. Dei har alle vore med på LOUD! før og speler fast i band på fritida. Dei er einige om at det er litt herleg å ikkje ha gutar i leiren, samtidig som ein eigentleg ikkje merkar det så godt.

– Det er merkeleg, for eg merkar ikkje at det manglar noko. Eg føler at alt er som det skal. Eg tenker ikkje over at det ikkje er gutar her. Og når eg går ut i den verkelege verda, så tenker eg «Oi! Der er ein gut.» Eg lever i ei boble når eg er på LOUD!, seier Zieritz. 

– Me har ikkje hatt særleg erfaring med musikkindustrien, så me har ikkje opplevd kor sterkt påverka han er av gutar, men eg merkar i musikktimen på skulen at gutar får spela meir på instrument og får meir oppfølging. Dei får spela gitar mens jentene får spela ukulele, fortel Bratteteig.

– Ja, eller, gutane får spela instrument, medan me berre skal synga, legg Zieritz til.

Dei er usikre på kvifor det er slik, men trur kanskje det er inngrodde normer som må utfordrast.

Eg kan sjølv minnast korleis gutane dominerte gymtimane på skulen og tendensen til at gutane presterte, mens jentene observerte. Forventingane til kjønnet var ein sjølvsagt, etablert dynamikk som ein ikkje stilte spørsmål ved. Ein kom faktisk ikkje på det.

Zoom-øving. Foto: Johanne Karlsrud

Kjønnsroller og forventingar forsvinn i ein setting med berre jenter og underrepresenterte kjønn

Utfordrar normene

– Grunnen til at me fokuserer på folk som identifiserer seg som jenter eller ikkje-binære, er fordi me har sett at kjønnsroller og forventingar forsvinn i ein setting med berre jenter og underrepresenterte kjønn. Då kan dei prøva seg på akkurat det dei vil i staden for å følga normene, fortel AKKS-leiar Gabrielsen.

Ho meiner det er viktig å starta tidleg for å hjelpa dei yngre og framtidige generasjonane med å utfordra normene. Og då meiner ho ikkje berre i musikkbransjen, men òg elles i samfunnet.

AKKS sitt formål er å rekruttera, motivera og synleggjera kvinner. På timeplanen står føredrag om normkritikk av Anette Basso med fokus på likestilling i alle ledd av musikkbransjen – uavhengig av kjønn, alder, kjønnsidentitet, seksuell orientering, hudfarge eller religion. AKKS har òg produsentprosjektet GAIN som kun er for jenter.

Ragnhild Severeide, medarrangør på LOUD!, påpeiker at sjølv om det er viktig å bevisstgjera forskjellar i musikkbransjen, skal ikkje det setja grunntonen for leiren. Intensjonen med leiren er å gje kunnskap, interesse og tryggleik til å prøva seg vidare med musikken og å ha det gøy.

Bandet «Pritti» vart starta på LOUD!. Fotograf: Johanne Karlsrud

Songen vår heiter «Fuck Boomers» og er ei politisk låt som handlar om korleis boomers har øydelagd verda og at me må rydda opp.

– Me kjem til å skrika litt

Eg spør deltakarane i «Zoom» om å få vera med på øvingsrommet for å høyra kva dei har arbeidd med. Med hjelp frå artisten L.U:N.A og låtskrivarverkstaden hennar, har dei laga ei punkelåt om klima.

– Me valde først temaet ungdomstid, og så utvikla det seg til noko heilt anna, seier Zieritz.

Tittelen på songen, Fuck Boomers, refererer til dei fødd mellom 1946 og 1964. Etter andre verdskrig aukte fødselstala drastisk, og boomer er ei forkorting for baby boomer. «OK boomer» er eit begrep som undergrev dei vaksne når dei er moraliserande overfor dei yngre. Frasen vert gjerne brukt på ein nedsettande, kritiserande måte mot boomers og deira miljøfiendtlege overforbruk.

– Songen vår heiter Fuck Boomers og er ei politisk låt som handlar om korleis boomers har øydelagd verda og at me må rydda opp. Songen er ganske heftig punk, fortel Stegen.

Medlemmane i «Zoom» er ein del av generasjon Z, populært kalla zoomers. Det refererer til dei fødd på slutten av 90-talet eller byrjinga av 2000-talet, og det er her bandnamnet kjem frå. Zieritz kjem med ei til åtvaring om at dei kjem til å skrika litt, sidan det tross alt er punk dei speler.

Hanna Elisabeth Zieritz (15) har vore med på LOUD! fleire gonger. Her på øving med bandet «Zoom». Foto: Johanne Karlsrud

Skummelt å satsa

Øvingsrommet er fullt av musikkutstyr, og dei lydisolerte veggane er godt eigna for punk. Mellom øvingane pratar dei om riff, akkordar og takter, men og LHBTQIA-rettar og norsk politikk. Zieritz viser ei ny basslinje ho har oppdaga som ho meiner gjer låta meir funky. Ein treng ikkje halda seg til ein sjanger, ein må berre spela det ein likar, meiner ho.

På LOUD! får dei òg tips om korleis ein kan leva som musikar. Eit inspirasjonsføredrag inneheld tips om ulike fond ein kan søka på og korleis ein kjem i gong i musikkbransjen. Medlemmane i «Zoom» fortel at dei eigentleg kunne ønska å arbeida profesjonelt med musikk, men at dei er litt redde for å satsa heilt.

– Eg har tenkt ganske mykje på det. Eg har jo ganske lyst til å spela med bandet mitt, bli store i Bergen og spela masse konserter. Det er jo på ein måte ein draum, fortel Zieritz.

Mellom øvingane pratar dei om riff, akkordar og takter, men og LHBTQIA-rettar og norsk politikk.

Bandbilde av «Zoom». Foto: Johanne Karlsrud

På LOUD! vert me meir eller mindre vener allereie andre dagen. Eg trur det har noko å gjera med alle dei latterlege leikane me har.

Sjølvtillit gjennom leik

Både Gabrielsen og Severeide er imponert over utviklinga ungdommen har gjennom veka.

– Eg synest det er imponerande at dei klarar å spela ein song etter berre ei veke. Og at dei vågar – ikkje minst, seier Gabrielsen.

– Allereie første dag låter det reint og kult, fortset Severeide.

Målet for leiren er å senka terskelen for å spela og å skapa sjølvtillit, samhald og musikkinteresse. For å få ungdommen til å våga å sleppa seg laus, er leik eit viktig pedagogisk hjelpemiddel.

– Gjennom leik ønsker me både å bli kjent og la deltakarane få sleppa seg laus, kanskje til og med dumma seg litt ut. Me vil visa at det er trygt å prøva og eventuelt feila på LOUD!. Ikkje alt ender opp som ein hadde tenkt, men det gjer ingenting. Poenget er å ha det gøy!

Også «Zoom»-deltakarane dreg fram leik som eit positivt element på leiren.

– Det er ein ting eg likar veldig godt med LOUD!. Det er at det er mykje leik og veldig sosialt. Eg har vore på andre type leirar der det er mykje meir terping på det tekniske med instrumenta. På LOUD! vert me meir eller mindre vener allereie andre dagen. Eg trur det har noko å gjera med alle dei latterlege leikane me har. Alle berre tullar rundt og plutseleg er med veldig godt kjent med kvarandre, seier Zieritz.

Artikkelen held fram etter annonsane.

Ikkje fokus på kjønn

Gabrielsen er opptatt av at på LOUD! er det ingen forventing om at ein skal vere flink. Det er prosessen som står i sentrum. Ho meiner at ved å ha ei hands on-tilnærming til instrumenta, lærer deltakarane mykje. Denne pedagogikken passar godt til ei aldersgruppe som fort kan bli lei av å sitja i ro, lytta og ta notat.

– Ved å få prøva seg fram sjølv, meiner me at dei lærer raskare og meir entusiastisk. Gjennom veka blandar me bandøving mellom anna med workshops. Slik kan dei skapa samhald gjennom å laga noko saman, som til dømes bandnamn og bandeffektar.

Mogleg er det eit paradoks å arrangera musikkleir for jenter, ikkje-binære og transpersonar utan å fokusere på kjønn, men eg vert imponert over korleis ungdommar som ikkje kjenner kvarandre på måndagen tør å stå på ei scene saman fredagen og spele for eit publikum. Om ein klarar å legga til rette for trygge rom og trygge relasjonar der ein kan leika saman, kan punk-musikk oppstå på kort tid. 

«Pritti» posing. Foto: Johanne Karlsrud

Ved å få prøva seg fram sjølv, meiner me at dei lærer raskare og meir entusiastisk.

Annonser
Stikkord:
· · · · · · · · · · · · ·