Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Haust-debutantar: Snøballkrig og hjarteklapp

KATEGORI

Litteratur,

PUBLISERT

tirsdag 23. november 2021

Filmstjernehår, verdas viktigaste snøballkrig og organdonasjon. Barnebokdebutantane Sigmund Løvåsen og Line Dybedal ladar opp til jul.

↑ «Eit hjarte til jul» av Line Dybedal og Line Renslebråten. Foto: Samlaget / «Snøballkrigen» av Sigmund Løvåsen og Åshild Irgens. Foto: Ena

Dei seinare åra har store julefortellingar for barn ofte handla om nokon ein har mista. Eg kan nemna kalenderbøkene Snøsøsteren av Maja Lunde og Lisa Aisato eller Adventsstjernen av Simon Stranger og Shwan Dler Quaradaki som døme. Ikkje så rart: Jula er ei høgtid for minne, og det ligg djupt i menneska å kjenne på kva som er vekke når ein samlast og kveikjer ljos.

Difor er det ei lette når ikkje berre det tunge får plass i fortellingane om jul. Det er for eksempel utruleg kor mykje kjensler som kan få plass i ein real snøballkrig.

To av debutantane i haust har skrive julebøker om varsla sakn – om ei mor som treng eit nytt hjarte og om ei oldemor som er i ferd med verkeleg byrja gløyma. I begge bøkene freistar barna å gjera det beste ut av kvardagen når ein ikkje veit kor lenge han vil vere slik ein er van med.

Og om det fanst ein illustrasjonspris for finaste filmstjernehår i ei barnebok, ville han gått til den eine av desse utgjevingane, det er eg heilt sikker på.

Det er utruleg kor mykje kjensler som kan få plass i ein real snøballkrig

Eit hjarte til jul


Bildebok av Line Dybedal

Illustrert av Line Renslebråten

Målgruppe: Frå 3 år

Samlaget 2021

«Eit hjarte til jul» av Line Dybedal, illustrert av Line Renslebråten. Foto: Samlaget

«Eit hjarte til jul»: Det kjensle-sprengde barnet

Artisten Line Dybedal har skrive si første barnebok. I desse dagar er ho på turné i Vestland fylke med framsyninga basert på boka Eit hjarte til jul og EP-en med same tittel som nett er sloppe. Fortellinga i Eit hjarte til jul er snøtung og julete. Ho handlar om Nora, som har ei sjuk mor. Så sjuk er ho at ho treng eit nytt hjarte. For at ho skal få det, må nokon døy. Men viktigare for Nora: Vil mora fortsatt vera glad i ho, kjenne ho att, når eit hjarte som høyrer til ein annan person dunkar inne i ho?

Bildeboka er illustrert av Line Renslebråten, og fargane følgjer Nora sitt humør langt på veg. Ofte er det mørkt som vinternatta, men alltid med ljos frå ei lykt, eit vindauge eller ein sjuarma stake – heilt svart vert det aldri. Dei lengtande minna etter mora er brune i fargetonen, og kvardagen er grå og slapsete når Nora og faren traskar på sjukehusbesøk.

«Eit hjarte til jul» er snøtung og julete

Illustrasjon frå «Eit hjarte til jul» av Line Dybedal. Mor til Nora treng eit nytt hjarte. For Nora er dette vanskeleg. Illustrasjon: Line Renslebråten. Foto: Samlaget

Dybedal skriv seg tett på Nora sitt kjensleliv. Nora er ein truverdig karakter

Spelar opp verkemidla

Nora balar med redsla over å kanskje mista mora, men mest med frykta for kven mora vil verte om ho får eit nytt hjarte. Faren freistar hjelpa Nora, han sender ho til farmor, som veit om ein hemmeleg juletreskog. Jakta på det perfekte juletreet startar – og dei finn det! Samstundes kjem telefonen om at ein donor er funne. Og det endar godt, som det skal til jul.

Dybedal skriv seg tett på Nora sitt kjensleliv. Nora er ein truverdig karakter – å tenkje at kjærleiken ligg i hjartet er konkret og logisk for eit barn. Dybedal vil tydeleg visa at ein kan vera i tvilen og det vonde, men at det sjølvsagt vil gå bra – og her spelar ho ivrig opp verkemidla som skal understreka det. På turen til juletreskogen (kan hende er det rart at den store jenta Nora aldri har vore med dit før?) finn dei treet, og eit stjerneskot fell samstundes. Ikkje før har Nora ønskt seg noko før det knekk i kvistar og farmor kjem med kakao. Og rett som det er, ringer telefonen: Dei har funne eit hjarte til mamma.

Treet. Nett det treet Nora vil ha. Illustrasjon: Line Renslebråten. Foto: Samlaget

Livet kan òg vera desse fortetta augneblinkane. Men litterært vert det mykje på ein gong i det julete, glitrande landskapet som slåst om plassen med dei mørke tankane til Nora.

Line Dybedal. Foto: Helle Frogner

Mørkt i adventstida. Fargane i «Eit hjarte til jul» ligg tett på hovudpersonen Nora sitt kjensleliv. Illustrasjon: Line Renslebråten. Foto: Samlaget

Litle fuglen sette seg

Nora vender seg ofte vekk frå lesaren i denne boka. Fleirtalet av bileta visar ho ståande med ryggen til eller godt på avstand. Berre på få av sidene kjem ein tett på i ei bok som vil vera nær. Illustratør Line Renslebråten har valt ein teknikk der ho blurrar, legg på eit filter som gjer motiva utydelege, truleg for å visa fram kva som er sentralt for Nora. Oftast er det menneska som er framtredande, i tillegg til ein liten raudstrupe. Han flyg med Nora mest heile tida, men har inga funksjon i fortellinga. Det kunne det vore spennande om han hadde – som trøyst for Nora, som bodberar, som forteljaren, som lesaren. No er han mest berre til pynt, endå så fin han er. Raudstrupa har litterære tradisjonar hjå Asbjørnsen og Moe og Selma Lagerlöf, så når han hentast inn her og brukast så tydeleg i boka, bør han òg ha ein funksjon.

Illustrasjon: Line Renslebråten. Foto: Samlaget

Eit hjarte til jul er ei bok for den som treng trøyst i tvila, som balar med vonde tankar og som hamnar i situasjonar lik den Nora er i. Det er ikkje ei historie som tek riskar eller utfordrar ein sjanger. Snarare er det ei tradisjonell fortelling om at det kjem til å gå bra, at ein må halda på håpet. Og det skal ein jo, ikkje minst når det er jul.

Raudstrupa har litterære tradisjonar hjå Asbjørnsen og Moe og Selma Lagerlöf, så når han brukast så tydeleg i boka, bør han òg ha ein funksjon

Her er sangen «Juletreskogen» frå EP-en Eit hjarte til jul.

Saka held fram etter videoen og anbefalingane.

Snøballkrigen


Adventskalenderbok av Sigmund Løvåsen

Illustrert av Åshild Irgens

Målgruppe: Frå 6 år

Ena 2021

«Snøballkrigen» av Sigmund Løvåsen. Illustrert av Åshild Irgens. Foto: Ena

«Snøballkrigen»: Frigjerande juleleik

Endeleg ei kalenderbok som gjev ein lyst til å leika og ikkje berre gråta og eta peparkaker!

Eg overdriv sjølvsagt. Men eg gler meg over kalenderboka Snøballkrigen av Sigmund Løvåsen. Proppfull av nostalgi på sitt vis, men ikkje på dei vaksne sine premiss. Tvert om, eigentleg. Det seiast at barn og besteforeldre har ein felles fiende: foreldra. Slik er det her og: Dei vaksne set seg på bakbeina når Åsmund og venninna vil oppfylla det store ønsket til oldemor: Snøballkrig i bygda, nett slik det var då ho var ung.

Oldemor Ågot held på å forsvinna. Minna bleiknar, ho kjenner ikkje alltid Åsmund og venninna Margit att, ho gløymer kva ho har sagt og svir havregrauten. Likevel vitjar dei ho ofte. Nokre dagar er morosame, som då oldemor vert heilt fælen når ho ser ein raud elefant i stova – som viser seg å vera Fantorangen på TV-en. Men dei ser òg at ho forsvinn. Difor vert historiene hennar dyrebare, og ein dag i desember fortel ho dei om Den store snøballkrigen dei bruka ha vesle julaftan då ho var ung. Hennar største ønske er å oppleva den berre ein gong til. Åsmund og Margit har fått eit prosjekt i adventstida.

Dei vaksne set seg på bakbeina når Åsmund og venninna vil oppfylla det store ønsket til oldemor: Snøballkrig i bygda, nett slik det var då ho var ung

Oldemor vert livredd når ho ser ein diger, raud elefant i stova. Men så er det jo berre Fantorangen. Då må dei både le og gråte litt i lag. Illustrasjon: Åshild Irgens. Foto: Ena

Sigmund Løvåsen. Foto: Geir Dokken

Sterk og galen

Sigmund Løvåsen har skrive ei kalenderbok av strabasane dei to vennene gjer for å freista få til snøballkrigen. Verda er imot dei: Foreldra meiner det berre er tull, alle oldemor pleidde kriga med er stort sett på heimen eller daude, snøen kjem ikkje, og neste dag har oldemor gløymt heile greia. Men dei to gir seg likevel ikkje. Dei kastar seg ut i turar med oldemor i trillebår for å finna marka der krigen bruka vera, i skogrydding, krangling og rådslaging med ein halvgalen militærkaptein. Samstundes må Åsmund handtera dei skilde foreldra sine og finna ut kva for kjensler Margit vekkjer i han. Margit er ei smått vedunderleg jente, sterk og galen og med filmstjernehår (signert illustratør Åshild Irgens). Det er ikkje rart Åsmund må kjenna litt ekstra etter.

I passeleg lange kapittel bygger Løvåsen opp ei fortelling frå norsk vinterleg kvardag. Boka er skrive på eit radikalt eller dialektnært bokmål, Løvåsen skriv til døme «skola» i staden for «skolen». Sjølv om boka har 24 kapittel, spring kapitla i tid – her kan det vera hopp over tid frå eine dagen til den andre. Fleire kalenderbøker gjer det – og det er heilt greitt.

I passeleg lange kapittel byggjer Løvåsen opp ei fortelling frå norsk vinterleg kvardag

Gretne gubbar kan òg vera greie nissar, finn Margit og Åsmund ut. Dei må vere rett smarte om dei skal få marka rydda til den store snøballkrigen. Illustrasjon: Åshild Irgens. Foto: Ena

Kor var det den snøballkrigen skulle vera, då? Åsmund og Margit fraktar oldemor på snødekte og attgrodde stiar. Illustrasjon: Åshild Irgens. Foto: Ena

Den livsviktige leiken

Miljøskildringa er fin og smart bygd opp. Lesaren vert kjent med dei ulike karakterane etter kvart som fortellinga skrid fram. Boka er litt som ei Skomakargate. Her bur dei raraste folk med vanlege og uvanlege yrke. Dei er blide og gretne som folk flest, men dei er sjølvsagt gode inst inne når ein gir dei ein sjanse. Og det må til, skal snøballkrigen verta noko av mot alle odds. Nett her ligg sjarmen ved slike fortellingar. Dei vaksne må vekkjast for dette eine og utruleg viktige prosjektet: Leik. For leik kan gjera noko med ein, ta ein ut av dei vande mønstera, opna nye rom å vera i lag i. Det er det eg likar best med denne boka, at ho så intenst heiar fram den livsviktige leiken.

Oldemor skal døy. Foreldra er skilde og får det ikkje så godt til når dei er kvar for seg, heller. Storesøster er sur. Menneskelege kjensler som hemn og sjalusi vakar under overflata hos Åsmund. Men vil ein nok, kan mykje endra seg i ein sjølv og i andre. I alle fall om ein har blitt treft av det frigjerande suset frå ein snøball.

Leik kan gjere noko med ein, ta ein ut av dei vande mønstera, opna nye rom å vera i lag i

Alt for oldemor! Illustrasjon: Åshild Irgens. Foto: Ena

Annonser
Stikkord:
· · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · ·