Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Innkjøpsordninga: Kulturrådet gir meir pengar til teikneseriar og sakprosa for barn og unge

KATEGORI

Litteratur,

SJANGER

Intervju, Nyhet, Nyheter,

PUBLISERT

onsdag 18. november 2020

– Men kor vert satsinga på det digitale av? spør leiaren for Norsk Bibliotekforening Barn og unge.

↑ Foto: Sansern Prakonsin / Unsplash

Mange som arbeider med bøker for barn og unge set innkjøpsordninga høgt. Men når ein først skal endre ho, slik ei nylig utgreiing tok til orde for, kva bør endrast for å gi barn og unge best mogleg tilgang på bøker?

Periskop har snakka med representantar frå bransjar som er tett knytt til innkjøpsordninga. Dei ønsker seg meir visuell litteratur i biblioteka – og meir pengar til bøkene barn og unge les mest. Betre kompetanse på det visuelle feltet i vurderingsutvala er naudsynt.

No er dei høyrt – i alle fall eit lite stykke på veg. Kulturrådet bevilga i oktober 15 millionar til litteraturordningane for 2020. Ein million går til innkjøp av sakprosa for barn og unge, noko som gjer at fire sakprosatitlar kan kjøpast inn. I tillegg går ein million til innkjøp av teikneseriar.

 

Betre kompetanse på det visuelle feltet i vurderingsutvala er naudsynt.

Anne Elisabeth Kaldhol er spesialbibliotekar ved Deichman, Fysisk og digital samling. Kaldhol er leiar i Norsk Bibliotekforening Barn og unge. Foto: Privat

– Trengst meir pengar

Anne Elisabeth Kaldhol, spesialbibliotekar ved Deichman, Fysisk og digital samling. Kaldhol er leiar i Norsk Bibliotekforening Barn og unge.

Gir endringane i innkjøpsordninga barn og unge betre tilgang til den typen litteratur dei ønsker å lese?

– Det trur eg, men berre om pengebevillingane til dei ulike ordningane aukast. Teikneseriar er til dømes svært populært blant barn og unge. Viss ikkje biblioteka får meir pengar å kjøpe inn for, vil det fort kunne bli som tidlegare i år. Då måtte Kulturrådet avkorte utbetalingane til forlaga fordi det hadde blitt kjøpt inn for mange bøker og det ikkje var pengar til å betale alle så mykje som dei eigentleg skulle ha, fortel Kaldhol.

– Barn og unge les mykje serielitteratur. Til dømes er Jørn Lier Horst sin serie Detektivbyrå nr 2 mykje utlånt. Ti ulike titlar i denne serien er inne på lista over dei 30 mest utlånte bøkene siste halvår. Ingen av desse titlane har vore påmeldt innkjøpsordninga til Kulturrådet.

Mykje lånt: «Operasjon Radius» er den 16. boka i serien om Detektivbyrå nr. 2 av Jørn Lier Horst og Hans Jørgen Sandnes. Foto: Canoa forlag / Strawberry publishing

«Kråkesøstrene» er tredje bok i Nordlys-serien til Malin Falch. Foto: Egmont

Biblioteka ein tapar i kommunebudsjetta

Det er teke til orde for automatisering av sakprosa og teikneseriar i innkjøpsordninga – altså at alt kjøpast inn om det er «godt nok», slik regelen er for skjønnlitteratur. Bør automatisering av sakprosa og teikneseriar innførast?

– Ja, det er riktig å auke automatiseringa, slik at bøkene kjem raskare ut til biblioteka og lånarane. Men igjen: Pengebevillingane må òg aukast, slik at det blir produsert meir litteratur og ein meir stabil økonomi for forlag, forfattarar og illustratørar kan sikrast. Automatisering vil gi biblioteka tilgang til eit større utval bøker. Bibliotekbudsjetta er ofte ein tapar når det kjem til ei skranten kommunekasse, meiner ho.

– For dei barna som ikkje blir treft av skjønnlitteraturen, er det viktig at dei kan finne annan litteratur dei interesserer seg for. Det blir i år utgitt fleire teikneseriar enn på lenge. Mange trur vi er på veg inn ein ny gullalder for norske teikneseriar. Då trengst offentleg støtte. Teikneseriar blir mykje utlånt i biblioteka, og då er det viktig at vi også kan ha norske forfattarar som barn vil lese. Eit godt døme her er Nordlys-serien til Malin Falch. To av Nordlys-bøkene ligg heilt i toppsjiktet på lista over mest utlånte bøker siste halvåret.

For dei barna som ikkje blir treft av skjønnlitteraturen, er det viktig at dei kan finne annan litteratur dei interesserer seg for. 

Barn og unge lever sine liv på ulike appar og sosiale medium, dei burde få tilgang til litteratur der og.

Kva med det digitale?

Innkjøpsordninga skal sikre at nye generasjonar norske barn kan lese og les mykje. Kaldhol saknar òg ei satsing på bøker som når barn og unge på dei digitale plattformene.

Korleis ser den ideelle innkjøpsordninga ut?

– Ho gir rom for å inkludere litteratur barn og unge sjølv vil lese. Det er viktig å få dekka det store spennet av interesser som finst blant barn og unge, både innan fag- og skjønnlitteratur – og på begge målformene. Ordninga bør og ta høgde for den store bruken av digitale dingsar barn og unge har i dag. Dei lever sine liv på ulike appar og sosiale medium, dei burde få tilgang til litteratur der og. Det er rart at denne utviklinga heng sånn etter når det kjem til offentlege ordningar. Litteratur som blir utvikla kun digitalt kjem jo ikkje med i innkjøpsordninga.

Saka held fram etter anbefalingane.

Svein Størksen er forlagssjef i Magikon forlag. Foto: Privat.

Skandaløst, men akseptert

– Det trengst ei rettferdig og forutsigbar innkjøpsordning som tek opp i seg det beste frå dei ulike kategoriane ein kan melde på bøker i. Kategori 1 tykkjer eg er grunnleggande urimeleg på eitt punkt: Først må ein distribuere ut eit stort antal bøker, for så kanskje å få vite at bøkene ikkje er ønskt likevel. I tillegg må ein betale ei høgare royaltysats til forfattaren for det salet som ikkje eingong har funne stad. Denne ordninga meiner eg er skandaløs, men alle aksepterer ho fordi det er slik det alltid har vore, og uansett verdset me den elles svært vellukka innkjøpsordninga, seier Svein Størksen, forlagssjef i Magikon.

Bør ein kunne klage ved avslag?

– Det er absolutt naudsynt. Innkjøpsordninga kan miste truverd når få personar tek avgjerdene og det ikkje er mogleg å klage. Sjølv folk med toppkompetanse kan gjere feilvurderingar. Ifølge forskrifta for Kulturrådet skal avslag grunngjevast i samsvar med forvaltningslova. Eg tvilar på at det er andre område av den offentlege forvaltninga der vedtak utan grunngjeving vert gjort med så store konsekvensar. Og utan at ein kan klage.

Saka held fram etter annonsane.

Sjølv folk med toppkompetanse kan gjere feilvurderingar.

Den visuelle kompetansen har ikkje vore god nok i utvalet som vurderer bildebøker.

Visuell fagkompetanse trengst

Kor viktig er det at kompetansen på visuell litteratur vert auka i innkjøpsutvalet?

– Den visuelle kompetansen har ikkje vore god nok i utvalet som vurderer bildebøker. Før skulle bilda berre visualisere og dekorere teksten, men no er illustratøren medforfattar. Det er ikonoteksten som er innhaldet i boka, altså den historien som tekst og bilde fortel saman. Ein kan ikkje vurdere desse delane uavhengig av kvarandre. Samstundes har me sett ei utvikling der mange bildebøker skapast av illustratørar som òg skriv teksten. I mange av desse bøkene speler verbalfortellinga ei mindre rolle. Desto viktigare å sørge for at den visuelle fagkompetansen i vurderingsutval og juryar er på eit profesjonelt nivå.

Korleis er vilkåra for illustratørar i Noreg?

– Dei er svært utfordrande. Få illustratørar lagar meir enn ei bildebok i året, og mange bøker vert laga i samarbeid med ein forfattar slik at royaltyen delast. Innkjøpsordninga gir dei eit minstehonorar som er godt sett opp mot land og marknader ein kan samanlikne seg med, men gir likevel ekstremt dårleg timeløn. Eg trur mange ikkje veit kor mykje tid som kan gå med til å lage bilde til ei heilt normal bildebok.

«Jakob og Neikob: Stormen» av Kari Stai vart ikkje kjøpt inn av Kulturrådet i 2019. Foto: Samlaget

Annonser
Stikkord:
· · · · · · · · · · · · · · · ·