Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

– Kva skjer med tilliten etter koronakrisa? spør Nina Refseth

KATEGORI

SJANGER

Kommentar, Kronikk,

PUBLISERT

onsdag 24. mars 2021

Kva historiar skal vi leve med og fortelje vidare for å gjenskape tillit, etter koronaen? spør Nina Refseth i denne kronikken.

↑ Tillit er blant det viktigste vi har. Foto: Caroline Hernandez / Unsplash.

Ein gong kjem denne pandemien til å vere over. Eg tek meg i å grunne på kva som kjem etterpå, kven vi har blitt når vi ein gong skal setje samfunnet på beina igjen. Kva byggesteiner tek vi med oss? Er vi framleis dei vi var før?

Nina Refseth er direktør ved Norsk folkemuseum. Foto: Privat / Twitter.

Den korte avstanden

Eg tenkjer ikkje på oss som individ. Vi er nok sikkert også alle litt endra, men kva vil summen av alle desse små endringane gjere med samfunnet vårt? Eit samfunn er noko meir enn individa som bur i det, det er meir enn butikkar, kafear og næringsliv, det er meir enn økonomi og institusjonar. Samfunn har ulike særpreg. Det som har særprega det norske samfunnet, har vore den korte avstanden og den utstrakte tilliten; til institusjonar og styresmakter, men ikkje minst tillit mellom innbyggjarane. Vi har i utgangspunktet trudd at folk er ordentlige og heiderlege, vi har trudd på at vi vil kvarandre vel. Vi har vore saman.

Men eit år med pandemi og restriksjoner har tært på oss alle. Ganske tidleg kom ønsket om å stille oss på utsida av dette for dagen. Hadde det ikkje vore for skituristane som reiste til Alpane, ville vi ikkje ha fått smitta inn. Hadde det ikkje vore for feriereisende i sommar, ville det gått fint. Om studentane ikkje hadde festa da semesteret starta, om berre innvandrarane hadde oppført seg, om Oslo-folk hadde vore like flinke som trønderar, og hytteturistane på Vestkanten heldt seg heime, ville våren vore trygg. Om dei berre…

Vi har i utgangspunktet trudd at folk er ordentlige og heiderlege, vi har trudd på at vi vil kvarandre vel.

Men vi gløymer at i redselen for dei andre, da skil vi oss frå menneska rundt oss.

Den moralske dimensjonen

Smitte har igjen blitt tillagt ein moralsk dimensjon, og når smitta spreier seg, blir gruppa av dei andre stadig meir trugande. Ho eser ut, dei andre er dei framande som ikkje vil oss vel. Gruppa vi stoler på, blir mindre og mindre. Ein ung mann som set seg på nabosetet på bussen, ei gruppe ungar som står ved inngangen til kiosken, ei eldre kvinne som står for nært  i butikken, eit ungt kjærastpar som kyssar i parken – medan dei før minte om oss sjølve eller folk vi har kjend, er dei no som ein ukjend trussel.

Vi ventar på vaksine, men tolmodet er borte. Vi ønskjer oss alle forståeleg nok ein plass litt lengre fram i køa, ein billett ut av restriksjonane, til ein stad og eit liv vi hadde før. Som om vi var på eit fly tenkjer vi at om vi berre får luftmaska først, da kan vi kanskje redde dei andre etterpå. Men vi gløymer at i redselen for dei andre, da skil vi oss frå menneska rundt oss, og vi må leve i ei stadig frykt både for dei andre og for sjølve å bli ein del av dei utskilte. Vi er ikkje lenger dei vi ein gong var, sjølv om vi kanskje tru det sjølve.

Innlegget held fram etter annonsene.

Vi treng tillit også når alt dette er over. Foto: Note Thanun / Unsplash.

Tillit er blant det viktigste vi har. Foto: Caroline Hernandez / Unsplash.

Historiar om oss, og dei andre

Vegen tilbake til tillit, til samkjensle, blir ikkje til av seg sjølv. Vi kan ikkje viske ut, hoppe over, gjere det usagt. Kva historiar er det vi skal leve med og fortelje vidare for å gjenskape tillit? Kulturen, samfunnet, er  ikkje statisk, som vafler eller stavkyrkjer, eller som gamle oppføringar av Ibsen eller Grieg. Det er noko vi skapar saman og deler med kvarandre. Slik skapar vi dei byggesteinene vi skal ta med oss vidare.

Det finst bilete og historiar, det finst tankar og handlingar, som må byggje oss saman, som viktige klossar i eit større byggverk. Det er nok historiar om dei andre, vi treng forteljingar om eit større oss. Det er det kultur dreier seg om. Det er i alt det vesle og kvardagslege vi skapar det varige og sterke.

For pandemien tar ein gong slutt, og vi skal vidare. Og eg håpar tilliten mellom oss framleis er der, som ein tråd vi skal veve nye bilete over. Men vi må ville det, og på eit tidspunkt kan tråden bli for tynn. Eg håpar vi ikkje er der.

Teksten er tidligare publisert på forfattarens Facebook-side.

Det er nok historiar om dei andre, vi treng forteljingar om eit større oss.

Annonser
Stikkord:
· · · · · · · · ·