Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

– Ja, det er plass til kulturarv i skulesekken

SJANGER

Leserinnlegg,

PUBLISERT

fredag 3. november 2017

– Til og med ganske god plass, skriv Lin Marie Holvik, direktør i Kulturtanken.

↑ Lin Marie Holvik er direktør i Kulturtanken. Foto: Lars Opstad

– Er det plass til kulturarv i skolesekken, spør Louise Brunborg-Næss i eit innlegg hos Periskop 24.10.2017.

Ja, det er plass til kulturarv i Den kulturelle skulesekken (DKS). Ikkje berre er der plass, der er til og med ganske god plass, òg plass til utvikling og vekst.

Eg gjorde eit grep med kulturarv nesten like etter at eg vart tilsett i Kulturtanken august 2016, nemleg å sørge for at akkurat dette feltet fekk si fagansvarlege kvinne på plass: sosialantropologen Bente Aster.

Ser naudsynet av å styrke kvaliteten i kulturarvproduksjonar

Som ein kuriositet kan eg nemne at nettopp Aster og Kulturtanken, saman med Riksantikvaren, Museumsforbundet og Landslaget for lokalhistorie, sit i styringsgruppa til prosjektet Lokalhistorie i skulesekken, der Brunborg-Næss er prosjektleiar.

Vi var svært glade og takknemlege for førespurnaden om å sitje i styringsgruppa. Grunnen til at vi hadde moglegheit til å takke ja til plassen i styringsgruppa er at allereie hadde kompetanse på kulturarv i etaten: Vi hadde ein fagansvarleg for feltet hos Kulturtanken.

For, som også Brunborg-Næss peiker på, ser vi naudsynet av både å auke tilfanget av og styrke kvaliteten i kulturarvproduksjonane i Den kulturelle skulesekken. Difor er initiativ som dette eit godt høve for lokale historielag saman med lokale muse og kommunar å lage forslag til produksjonar som kan gå inn i Den kulturelle skulesekken.

Ikkje tungt å handtere

Gjennom 2017 har Kulturtanken gjennomført ei brei kartlegging av feltet. Forvaltning i fylke og kommunar, muse, innhaldsleverandørar, det frie feltet og organisasjonar har vært målet i denne kartlegginga. Det er eit stort og givande arbeid, nettopp fordi det  er så mange aktørar på feltet. Men at det er tungt å handtere er vi slett ikkje einige i. Tvert imot opplev vi ei overveldande interesse, for innhald, formidlingsformer så vel som utvikling i kulturarvfeltet.

Vi har allereie hatt fleire større og mindre samlingar og møteverksemd for kulturarvfeltet. Vi har hatt eit utviklingsprosjekt om ny teknologi saman med skulelevar også, som jo er vår målgruppe. Dette ønsker vi å fortsette med, saman med samarbeidspartnarar, innhaldsleverandørar, produksjonsmiljø og andre aktørar på DKS-feltet.

Ja til innspelsdebatt

Forslaget til Brunborg-Næss om å ha ein åpen innspelsdebatt tar vi på strak arm: Vi er i gang med å planleggje eit slikt treffpunkt første del av 2018. Kulturarv skal ha sin fortente debatt, og vi er begeistra for engasjementet i feltet.

At det har vore naudsynt å ha ein samlande aktør for feltet i DKS ser vi, og den rollen tar vi for å løfte og styrke kulturarv i DKS. Men vi er mange som må jobbe for å gjere kvarandre gode til det beste for skuleelevane, og for at denne heilt unike ordninga skal vokse og blomstre på kulturarvfeltet så vel som på dei andre kunst- og kulturfelta i ordninga.

Vi ser fram til ein god debatt med gode innspel.

Annonser
Stikkord:
· ·