Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

«PSST2» på Borealis: Lekker gaming og digital frustrasjon

SJANGER

Anmeldelse,

PUBLISERT

onsdag 7. april 2021

HVOR
Åsane kulturhus

Vil tenåringar ha meir av det dei allereie har? Er dei interesserte i ein konsert som speglar deira digitale tilvere? spør Åsa Opedal i denne konsertmeldinga.

↑ Frå konsertframsyninga «PSST2» under Borealis. Foto: Thor Brødreskift

I fjor rakk musikkfestivalen Borealis akkurat å gjennomføra før landet eit par dagar seinare stengte ned. Avviklinga av årets festival kjennest som ei merkeleg eittårsfeiring av Covid i Noreg. Digitale arrangement må kompensera for eit vanlegvis internasjonalt program, og talet på konsertar, workshops og samtalar som brukar å samla eit trufast publikum, er sterkt reduserte.

PSST2


Konsertframsyning for ungdom inspirert av digital kultur

Tingingsverk til Borealis 2021

Verdspremiere 21. mars 2021. Vart vist både med publikum i salen og digitalt

Medverkande:

Øyvind Hegg-Lunde: musikar, komposisjon, regi
Øyvind Skarbø: musikar, komposisjon, regi
Fredrik Rysjedal: animasjon, video, regi
Hans-Olav Molde: lyddesign
Andreas Johansen: lysdesign

Mennesket og skjermen

Derfor er ein faktisk konsert med to dyktige trommeslagarar særs velkomen i eit kulturfattig år. Øyvind Skarbø og Øyvind Hegg-Lunde er båe komponistar og trommeslagarar, kjent frå konstellasjonar som Building Instrument, Strings & Timpani, 1982 og Skarbø Skulekorps. Om ein sper på med illustratør Fredrik Rysjedal, kan det fort verte bra. Rysjedal har ein doktorgrad i design med hovudvekt på rørlege bilete i skjermbaserte teikneseriar. Dei tre har samarbeidd før: Rysjedal har òg tidlegare laga illustrasjonar til Skarbø og Hegg-Lunde sine verk.

Trioen fekk mange godord etter barneframsyninga PSST! i 2017. Under årets Borealis var det urpremiere på etterfølgjaren, PSST2. Medan framsyninga frå 2017 var laga for barn, er denne retta mot tenåringar. Gjennom å skapa og projisera ei konstruert og oppstykka verkelegheit tematiserer denne konserten digitale vanar og påverknaden skjermbruk har på mennesket.

Frå «PSST!» i 2017. Kvardagslydar vart konsert. Foto: Jarle H. Moe

Gjennom å skapa og projisera ei konstruert og oppstykka verkelegheit tematiserer denne konserten digitale vanar.

Korleis påverkast konsentrasjonen vår når me heile tida vert avbrotne? Kva skjer med tålmodet vårt?

Det faktiske og det fiktive

I konsertframsyninga PSST! frå 2017 samla trioen ulike lydar som kan dukka opp i heimen i løpet av ein dag. Frå scenen lytta dei etter skilnadene mellom lyd og stille, bråk og musikk, fantasi og verkelegheit.

Tidsskriftet Ballade skildra det som ei framsyning der «Utøverne minner de voksne på hvordan det kan være glidende overganger mellom fantasi og virkelighet i et barns verden. Samtidig viser de barna at deres hverdagslyder og dagdrømmer er interessante og viktige nok til at voksne ønsker å lage kunst av dem.»

I Borealis sin podcast fortel utøvarane at idéen om å laga framsyningar for spesifikke aldersgrupper oppstod under ein togtur på turne. Det var noko tiltalande med avgrensinga: å konsentrera seg om ei aldersgruppe om gongen. I arbeidet med PSST2 var dei bevisst på å ikkje prøva for hardt å nå ungdommen, men heller setja spørsmålsteikn kring kva som skjer i kvardagslivet når ein alltid er tilgjengeleg via ein skjerm. Korleis påverkast konsentrasjonen vår når me heile tida vert avbrotne? Kva skjer med tålmodet vårt?

Konserten viser korleis ein kvardag krydra med digitale inntrykk kan viska ut grensene mellom det faktiske og det fiktive, livet utanfor skjermen som skjer her og no og verdas vide nett som skjer i handa di.

Frå «PSST2». Foto: Thor Brødreskift

Måten han formidlar bodskapen på er så tørr at ein får lyst til å, ja, ta opp telefonen og forsvinna inn i den digitale verda.

Ironisk start

Konserten startar med ein opplysningsvideo. Ein middelaldrande mann står i Bergen sentrum og lagar ein film som fortel ungdom om internettet og kor farleg det kan vera. Den moraliserande oppmodinga om ikkje å legga ut noko du ikkje vil mor di skal sjå, verkar naiv og lite treffande på ungdommen. Opptaket vert lagt fram som eit mislykka forsøk på å visa vaksne som skal prata med tenåringar. Med det tek trioen avstand frå denne pinlege måten å nærma seg ungdommar på og plasserer seg sjølv på lag med tenåringane.

Den eldre mannen har nokre gode poeng, men måten han formidlar bodskapen på er så tørr at ein får lyst til å, ja, ta opp telefonen og forsvinna inn i den digitale verda. Opptaket er ironisk. Det gjev ein humoristisk start på det som skal verte ein litt irriterande time.

Når lysrøyra vaknar, vert me sende rett inn i ein hyperstimulert tenåringshjerne. Den traurige mannen vert erstatta av musikk og videokunst som fyk over veggen. Det momentante skiftet frå opplysningsvideo til konsert understrekar skiljet mellom dei vaksne og ungdommen.

Datatreff-estetikk i konsertframsyninga «PSST2». Foto: Thor Brødreskift

Candycrush-symmetri

Eit titals vertikale lysrøyr sirklar inn ei scene full av instrument. I perfekt symmetri med instrumenter og lys sit Fredrik Rysjedal. Frå scena styrer han det visuelle i framsyninga. Med to datamaskinar framfor seg vert han som ein gamer der han sit med ryggen til publikum under heile konserten. Oppsettet av lysande teknisk utstyr gjer dette til eit slags estetisk datatreff. Dette er høgkulturell, lekker gaming. Den stereotype gameren med joggebukser, Grandiosa og Cola lett tilgjengeleg eksisterer ikkje her.

Dei blinkande lysrøyra gjev ein eksplosiv energi og rammar inn utøvarane. Enkle geometriske former glir over veggen bak trioen. Skarbø og Hegg-Lunde står på kvar si side av Rysjedal og  forsterkar estetikken i symmetrien på scena. Dei klare fargane er candycrush-deilige og fangar merksemda vår. Det er enkelt og intuitivt. Hjernen kan gå inn i ein meditativ døs og motta strøymar av dopamin når identiske rektangel treff kvarandre perfekt i ei Tetris-aktig, flat 2D-verd.

Men med dominerande illustrasjonar og perkusjon som ligg nedpå får ein kjensla av at lydbiletet er underordna. Det visuelle er travelt, det tek så mykje av merksemda at musikken hamnar i bakgrunnen. Som eit soundtrack til eit dataspel. Det set større krav til det som skjer på skjermen.

Dette er høgkulturell, lekker gaming.

Candycrush-estetikken vert avbryten av det velkjende Mac-hjulet midt i «PSST2». Foto: Thor Brødreskift

No signal

Første gong det dukkar opp eit vindauge på pc-skjermen som fortel at det er dags for ei oppdatering av programvaren, er eg usikker på om det er Rysjedal som har trøbbel, eller om det er ein del av framsyninga. Rysjedal sin skjerm er projisert på veggen, og publikum får sjå dataverda hans. Så heng musa seg opp.

Det irriterande, dog fine, Mac-fargehjulet dukkar opp på skjermen for å informera om at maskina arbeidar. Samtidig startar tekstmeldingar og reklamevindauge med corny catchfrases å poppa opp. Ei røyst kommenterar «Click. Click. Click bait», medan Skarbø og Hegg-Lunde tappar nitid på cymbalane med fingertuppane og set lyd til uroa og rastløysa. For kvart vindauge som dukkar opp på skjermen, aukar intensiteten.

Foto: Thor Brødreskift

På eit tidspunkt tenker eg at framsyninga kunne vore ein del av Utmark, Bergen Kunsthall sin konsertserie som speler ny og ofte eksperimentell elektronisk musikk. Men så vert kjensla avbroten av ein sjamporeklame som poppar opp på skjermen, og musikarane responderer umiddelbart.

Det er shower hour, og musikarane omstiller seg til smooth, jazzy musikk – og hjernen omstiller seg og hopper inn i nye stemningar. Her finst ikkje nokon bodskap, men reklamar og andre avbrot driv musikarane heile vegen i ei ny retning.

Her finst ikkje nokon bodskap, men reklamar og andre avbrot driv musikarane heile vegen i ei ny retning.

Det digitale sløret av projeksjonar vert eit filter som fjernar dei frå verkelegheita og plasserar dei inni ein skjerm.

Verkelegheita vert utviska

Rundt scena er det spent opp eit slags nett. Før konserten startar og lyset i taket går av, ser det ut som eit koronatiltak som skal sikra smittevern. Det er ikkje særleg pent, men forsvinn i mørket når konserten byrjar. Men nettet kjem til si rett når illustrasjonar etter kvart vert projisert på det. Ein slags ny vegg oppstår mellom scena og tilskodarane. Det er eit overraskande grep som gjev scena ny dimensjon og djupne.

Veggen nettet lagar skil publikum frå utøvarane. Dei på si side vert ståande mellom det som no er to skjermar som konkurrerer om merksemda vår. Gjennomskinlege teikningar på den nye veggen gjer at scena kjem nærare publikum. Trioen hamnar i bakgrunnen, som fanga i ein gamal PC-skjerm. Innhaldet på skjermen vert like viktig som menneska på scena. Når projeksjonane er på sitt sterkaste, kan me så vidt sjå dei, medan flytande reklamar og firkantar driv mot oss. Utøvarane vert meir distanserte, og det vert vanskeleg å skilja dei tre plana frå kvarandre. Det digitale sløret av projeksjonar framfor utøvarane vert eit filter som fjernar dei frå verkelegheita og plasserar dei inni ein skjerm.

Verkemiddelet gjer faktisk at verkelegheita vert utviska og den digitale veggen som delar rommet skapar distanse til det menneskelege. Verkelegheita vert meir uhandgripleg jo meir realistisk det fiktive vert.

Det er mykje fin musikk i framsyninga som eg har lyst til å dvela ved, men han vert heile tida avbroten av digitale forstyrringar.

Stoppar idet det vert bra

Det elektroniske lydbiletet ligg som eit bakteppe under framsyninga. Skarbø og Hegg-Lunde legg trommer over melodiøs synth. Lyder henta frå noko som kunne vore Mario Cart er òg med. Det er mykje fin musikk i framsyninga som eg har lyst til å dvela ved, men han vert heile tida avbroten av digitale forstyrringar. Idet me skal drifta inn i behageleg loungestemning eller kjensla av konsert på Utmark, vert me revne ut og forstyrra av at omverda vil inn i konserten.

Eg saknar at trommeslagarane tek større plass. I staden for at dei utnyttar og visar fram si største styrke, slagverket, vert dei assistentar til musikksnuttane og vignettane som bryt inn.

Frå «PSST2». Foto: Thor Brødreskift

Me er i internettet og me har ikkje nettvett, såpass har me forstått.

Passivisert og aktivert

Kvaliteten på det tekniske oppsettet er høg. Nydeleg lysdesign er med på å stramma opp og heva konserten. Diverre er innhaldet mangelfullt: Framsyninga er fragmentert, og sekvensar der lys, lyd og videokunst fungerer godt saman, vert konstant avbrotne. Det startar som behageleg og tankelaus avkopling, men etter kvart vert informasjonsmengda for stor. Tekstmeldingar, anrop og reklamevindauge som legg seg oppå kvarandre som ein dårleg kabal, gjer at ein får ikkje moglegheit til å nyta estetikken. Bodskapen om masete digitale vaner er tydeleg, men det manglar ei overordna meining. Me er i internettet og me har ikkje nettvett, såpass har me forstått.

Innhaldet varierer frå opptak av utøvarane som etterliknar ein Dressmann-reklame, filmopptak av ein fugl som flyg og tilfeldige YouTube-filmar og meldingar som tikkar inn. Det understreker kor fragmentert tankerekkene kan verte i ei digital verd, men eg saknar ei større meining bak det. Det kaotiske kunne eskalert til noko større der slagverkarane dreiv fram kaoset og det hektiske vart meir hektisk. Eller det kunne vore ein meir tematisk djup meining bak stykket. Borealis omtalar PSST2 som ein konsert som knytar spørsmål kring skjermbruk til «tenåringenes mange eksistensielle utfordringer». Dette høyrest utruleg interessant ut, men eg ser ikkje att problemstillinga i framsyninga.

Artikkelen held fram etter annonsene.

Forlenging av eit altfor digitalt år

Snarare vert det ei framsyning om korleis vaksne oppfattar eit tenåringshovud. Trioen si frykt for å «prøva for hardt» på å nå ungdommen har resultert i ein konsert som reproduserer deira oppfatning av denne aldersgruppa utan å svara på spørsmåla kring kva den digital verda eigentleg gjer med dei.

Men trioen har lykkast i å imitera digital frustrasjon; endelaus scrolling som matar hjernen med info. Den superaktiverte hjernen er rastlaus, uroleg og passiv på same tid og klarar ikkje å motstå internettet sine uendelege digresjonar. PSST2 får fram kor meiningslaust og slitsamt det kan vera med overdrive skjermbruk, men det kjennes litt meiningslaust å sjå ei framsyning om det òg. Konsertar kan vera ein ideell stad for kontemplasjon eller fullstendig nærvære, medan dette vert meir som ein time heime ved PC-en. Som tilskodar sit eg att med uforløyst irritasjon.

PSST2 er ei introvert framsyning. Den største interaksjonen er når Rysjedal svarar på ei innkomande melding at «eg er på konsert no». I Borealis-podkasten fortel trioen at dei set pris på moglegheita til å skapa noko for eit ungt publikum som kanskje ikkje har vore på konsert før. Men vil tenåringar ha meir av det dei allereie har? Er dei interesserte i ei forlenging av skjermtida deira på konsert – framfor levande, dynamisk, organisk musikk som vert skapt rett framfor auga deira?

«PSST2» får fram kor meiningslaust og slitsamt det kan vera med overdrive skjermbruk, men det kjennes litt meiningslaust å sjå ei framsyning om det òg.

Annonser
Stikkord:
· · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · ·