2,5 millionar til musikkprosjekt for barn og ungdom
Kulturrådet lanserer ny satsing på produksjon og formidling av musikk for barn og ungdom.
↑ Illustrasjonsfoto: Andy Lee / unsplash
«Uhørt!» er ein del av Kulturrådets langsiktige satsing på kunst og kultur for og med barn og unge.
Målet med den nye ordninga «Uhørt!» er å stimulere kunstnarar og produksjonsmiljø til å rette seg til eit yngre publikum, slik at barn og ungdom får eit større og meir variert tilfang av gode musikkproduksjonar, skriv Kulturrådet i ei pressemelding.
– Barn og ungdom skal ha tilgang til like gode musikkopplevingar som vaksne, seier Lars Petter Hagen, nyutnemnd rådsleiar for Norsk kulturråd og tidlegare medlem i Kulturrådets faglege utval for musikk.
Tid og rom til utvikling av konsept
Gjennom «Uhørt!» lyser Kulturrådet ut 2,5 millionar kroner som skal gjere det mogleg for fleire aktørar å formidle musikk til eit ungt publikum. Kulturrådet ønsker å gi fleire moglegheiter til å sameina solide kunstnariske krefter og presentere gjennomarbeidde og omfattande produksjonar på ulike offentlege arenaer og treffpunkt der barn og ungdom er til stades.
Den nye ordninga legg til rette for at ambisiøse idear skal få ei heilskapleg og god finansiering der kostnader til både produksjon og turné eller anna formidling kan søkast om i éin og same søknad. Midla skal gjere aktørar i stand til å få finansiert større satsingar, der det blir gitt tid og rom til utvikling av konsept, kunstnarisk idé, samarbeidsformer og formidlingsmåtar. Ordninga skal òg gi rom for å utvikle nye konsept og formidlingsmåtar basert på eksisterande produksjonar og verk.
Satsar på barn og unge
– Kulturrådet ønsker at skaping av kunst for barn og ungdom skal vere eit attraktivt arbeidsfelt for fleire musikarar, komponistar, arrangørar og produksjonsmiljø i heile landet, seier Lars Petter Hagen.
Barn og ungdom er eit av Kulturrådets strategiske satsingsområde, og alle støtteordningane i Kulturfondet skal innanfor rammene sine bidra til å legge til rette for at barn og unge over heile landet får ta del i kunst- og kulturopplevingar av høg kvalitet, både som publikum og som medaktørar i skapande prosessar.
Første søknadsfrist er 15. mai. Les meir om «Uhørt!»-ordninga her.