Brageprisen til Jenny Jordahl
Jordahl fikk prisen for «Hva skjedde egentlig med deg?», en grafisk roman om spiseforstyrrelser.
↑ Foto: Cappelen Damm
Brageprisen deles årlig ut av stiftelsen Den norske bokprisen. Årets utdeling foregikk digitalt. Vinner av brageprisen i kategorien Barne- og ungdomsbøker ble Jenny Jordahl for den grafiske romanen Hva skjedde egentlig med deg?.
Periskops anmelder Egon Låstad gav også boken gode skussmål: «Ved hjelp av bilder gir Jordahl språk til et sykdomsforløp som både er tabubelagt og som kan være vanskelig å forstå for mange. Dette gjør Hva skjedde egentlig med deg? til et viktig verk.»
Lett å lese, vanskelig å glemme
Juryen sier blant annet dette om «Hva skjedde egentlig med deg?»:
Spiseforstyrringar er lite handsama i barne- og ungdomslitteraturen, og i denne grafiske romanen presenterer Jenny Jordahl tung tematikk på ein lett måte, men utan å overforklare. Ord som spiseforstyrring er ikkje nemnt. Tekst og bilete spelar i høg grad på lag: All tekst i boka er dialog, medan bileta ikkje berre syner fram kva som skjer, men òg korleis Janne kjenner seg og kva for tankar ho har. Dei mange ordlause avsnitta står igjen som vel så viktige når det gjeld å forstå kva Janne går gjennom i møte med ytre og indre demonar, og tydeleg fargebruk forsterkar dei ulike kjenslene hennar: Eit møte med ein ny venn er halde i ein lett og glad fargepalett, medan ein slengkommentar frå klassekameratar eller ei i utgangspunktet velmeint oppfordring frå foreldra brått kan tydeleggjere det mørke og truande som alltid ligg latent hos Janne. Dette er godt gjort, og gjer at Hva skjedde egentlig med deg? blir ei god leseoppleving og ei viktig bok – lett å lese, men på langt nær like lett å gløyme.
Prisen består av 75.000 kr og en statuett laget av kunstneren Børre Larsen.