Tove Jansson 100 år: Då nettene var varme og lyse og det skjedde ting heile tida
Tove Jansson vart fødd 9. august 1914. No vert hundreårsjubileet hennar markert over heile verda. I høvet jubileet publiserer Periskop eit essay Ragnar Hovland skreiv om Tove Janssons Sent i november i 2011.
↑ Tove Jansson. Foto: Markku Lepola / Public domain
Sommarlektyre! Ein heilt eigen sjanger. Og minna veltar straks på, med forunderleg kraft, om bøker ein har brukt sommaren på å lese. Den litt tunge, men absolutt lærerike og heroiske, sommaren då ein streva seg gjennom heile Ulysses, den noko lettare og lysare sommaren då ein låg i det intenst grøne sunnfjordgraset og nærmast svevde gjennom Alice in Wonderland ogThrough The Looking Glass. Første sommarmøte med P.G. Wodehouse og Jeeves. Med Dickens’Great Expectations. Donald-pocketbøkene. Og alt det andre.
Lektyre som passa saman med sol og regn, bading, fisking, lange bilturar, fjerne kafébord og hotellrom, sommarforelskingar og lett udefinerbar lengt mot noko. Ikkje for krevjande, eller nettopp det. Bøker som ein no har tid til å lese.
Her kjem ei sommarbok som ikkje handlar om sommar. Men minnet om sommar. Somrane som har vore, og som aldri vil komme tilbake.
Fakta
Tove Jansson (9. august 1914–27. juni 2001) var finlandssvensk forfattar, teikneserieteiknar og malar.
Tove Jansson er mest kjend for bøkene om Mummidalen. Bøkene hennar er omsett til meir enn 34 språk. Ho illustrerte òg bøker av forfattarar som J.R.R. Tolkien og Lewis Carroll.
Ragnar Hovland (fødd 15. april 1952) er norsk forfattar, dramatikar, omsetjar og musikar. Han debuterte som forfattar i 1979 med romanen Alltid fleire dagar. Hovland skriv for barn, ungdom og vaksne.
Her kjem ei sommarbok som ikkje handlar om sommar (det ville då også vere underleg, med den tittelen). Men minnet om sommar. Somrane som har vore, og som aldri vil komme tilbake.
Dette er ei bok av det slaget som ein nesten ikkje vågar å snakke om. Ein vil at boka skal vere hemmeleg, på same tid som ein vil at så mange som muleg skal kunne gle seg over den. Det er verdslitteratur, men det er det no så mykje som er. Og den er skriven av ein av dei aller største forfattarane. Ein av desse forfattarane som det kjennest så trygt å lese, fordi ein veit at ho ikkje er i stand til å skrive eit einaste ord som er feil, ikkje ei einaste dårleg eller slapp setning. Ein veit at ein vil le høgt undervegs, og kanskje gråte litt. Og at ein etterpå vil kjenne seg litt klokare og vite at ein har lese noko som er djupt menneskeleg og sant.
Og så er ikkje personane i romanen eingong menneske, men likevel altså svært menneskelege.
Dette er ein vemodig roman. Kanskje først og fremst fordi det er aller siste gongen lesaren får besøke Mummidalen og personane der. Ein visste vel ikkje at det ville bli siste gongen, då boka kom ut, men hadde kanskje likevel ein mistanke. Boka ber preg av å vere ei avslutning. Historia ser rett nok ut til å halde fram, men ein annan stad, og vi får ikkje del i den. Og boka er også vemodig på den måten at mummifamilien ikkje eingong er med, berre som eit slags bakteppe.
Og så er ikkje personane i romanen eingong menneske, men likevel altså svært menneskelege.
Dette er bipersonanes roman. Her samlast dei i det tomme mummihuset og må gjere så godt dei kan.
Dette er bipersonanes roman. Figurar som har spelt mindre (men viktige nok) roller i dei tidlegare bøkene om mummitrollet og familien hans. Her samlast dei i det tomme mummihuset og må gjere så godt dei kan. Ingen av dei har eigentleg noko felles, men dei må lære seg å leve saman. Det er den nevrotiske Filifjonka, den litt engstelege Hemulen, den mystiske vandraren Snusmumrikken, den egoistiske og kranglevorne Onkelskruttet (Onkelsulliken i norsk utgåve), den vakre og sjølvsikre Mymlan (eller Mymlens datter på norsk) og den redde og morssøkande homsen (nei då, det er eit lite vesen og har ingenting med seksuell legning å gjere, Tove Jansson fann på ordet først) Toft.
Filifjonka skal eigentleg berre på besøk til mummimamma («man ska besluta sig för saker i vissa stämningar och helst snabbt innan stämningen går över») og har med seg ei gåve, ein porselensvase. Mymlan finn brått ut at ho skal besøke søster si, Lille My, etter gammalt. Hemulen finn ikkje lenger noka meining i livet, han synest plutseleg at alt han driv med, er å flytte ting frå ein stad til ein annan (ei kjensle mange av oss vel har hatt), og han minnest brått eit hyggeleg gjesterom og somrar som var, då det skjedde ting. Onkelsulliken veit ikkje heilt kvifor han gir seg på veg til Mummidalen, for han har gløymt det meste, inkludert sitt eige namn («Det är lite melankoliskt att glömma de andras namn men bara skönt att kunna glömma sitt eget».).
Snusmumrikken har eigentleg brote opp og gitt seg på veg sørover for vinteren, men oppdagar at han har gløymt nokre tonar til ein song om regn han har tenkt å lage, og må tilbake for å finne dei. Og homsen Toft er ein sjåar, og heilt åleine i verda (det er også dei andre), og han har sett mummifamilien i draumane sine og drar no for å finne dei. Og først og fremst for å finne ei mor. Seks personar som altså ikkje har noko særleg felles, to som er på høgd med dei fleste situasjonar (Mymlan og Snusmumrikken), tre som er heller engstelege av natur, og så altså Onkelsulliken som driv med sitt og er mest sur og sint fordi berre han veit korleis det er å vere gammal. Det er til dømes slik, alderdommen i eit nøtteskal:
Det finns så många som blir presenterade och genast förlorar sitt namn. De kommer på söndagarna. De skriker artiga frågor därför att de aldrig kan lära sig att man inte är döv. De försöker tala så enkelt som möjligt för att man ska förstå vad det är fråga om. De säger god natt och går hem till sig själva och spelar och dansar och sjunger ända till nästa morgon. De är släktingar.
Det som bind dei saman, er at dei alle treng den fråverande mummifamilien. Og dei finn ut at dei alltid har rekna dei som noko sjølvsagt. Som hemulen seier det:
«Jag tittade aldrig så noga på dem, de bara fanns du förstår…De var bara som nånting som alltid finns kvar om du förstår vad jag menar … Sådär som träd, va – eller saker …»
Boka startar ein gong i november og sluttar litt ut i desember, når snøen alt har meldt seg. Det skjer stort sett heilt daglegdagse ting, og høgdepunktet er ein fest (eller «hemmakveld») der alle skal bidra med noko. Og den sluttar med at alle (bortsett frå homsen Toft) drar kvar til sitt, utan å vente lenger på mummifamilien. Berre vesle Toft er att for å ta imot fanglina då stormlykta frå båten til mummifamilien endeleg viser seg mot den mørke himmelen.
Det er mørkt og kaldt, både ute og inne i det tomme mummihuset. Det regner kraftig («marken ruttnade istället för att vissna»), det blæs, og fryktinngytande torevêr drar forbi. Einsame, digre og mørke dyr snik seg langs husveggane. Men Filifjonka går inn i morsrolla, tenner i kakkelomnen og lagar mat til alle. Og alle (bortsett frå Onkelsulliken, sjølvsagt) begynner å ta seg av kvarandre, med eller mot sin eigen vilje. Og alle opnar seg på eitt eller anna tidspunkt, også meir og mindre frivillig. Sjølv Mymlan og Snusmumrikken blir avslørte og får menneskelege sprekkar i fasadane. Og dei begynner å respektere kvarandre. Og då dei bryt opp, har alle nådd fram til ei form for høgare erkjenning. Dei treng ikkje lenger vente på den trygge mummifamilien.
Det som bind dei saman, er at dei alle treng den fråverande mummifamilien. Og dei finn ut at dei alltid har rekna dei som noko sjølvsagt.
Og heile tida handlar det på fleire nivå om somrane, om eit fast haldepunkt, om ei tid då ein kjende seg lykkeleg. Som det er for hemulen: «På något vis hade han alltid tänkt sig sommar i Mumindalen.» Og slik er det vel for alle oss som har vandra i denne dalen. Det er sommar der (bortsett frå i boka Trollvinter, men den øydelegg ikkje poenget). Og det er den korte og lyse nordiske sommaren, som ingen har skildra som Tove Jansson. (Ikkje tilfeldig at ei av ikkje-mummibøkene hennar heiterSommarboken.)
Så kva er det med Tove Jansson? Er det ikkje barnebøker ho har skrive? Er ikkje heile mummikonseptet øydelagt av banalisering og dårlege teiknefilmar og ymse spin-off-produkt?
Det er ikkje det. Og ikkje er det barnebøker heller. Om det no er nokon der ute som er redd for slikt. Ikkje berre. Og Sent i novemberer mest for dei vaksne. Sjølv las eg boka første gongen som 19–20-åring, og det var akkurat rett alder. Og då eg las boka om att for å skrive denne artikkelen, oppdaga eg fort at eg framleis er i akkurat rett alder.
Essayet held fram etter annonsene.
Det er den korte og lyse nordiske sommaren, som ingen har skildra som Tove Jansson. Og det er ikkje barnebøker. Om det no er nokon der ute som er redd for slikt.
Bør ein så ha lese dei andre bøkene om Mummidalen og innbyggjarane der før ein går laus på denne? Truleg er det ein fordel at ein har lese noko, at ein iallfall har ei aning om kva det dreier seg om, for å få full effekt. Men det er ikkje vanskeleg, alle bøkene er lett tilgjengelege, på svensk eller norsk. Og heilt nødvendig er det likevel ikkje å kjenne forhistoria. Ein kjem fort inn i atmosfæren. Og ein skjøner meir undervegs. Og forfattarens eigne illustrasjonar gjer at personane fort blir levande og krev å få vere hos deg for alltid. Og denne kombinasjonen av tekst og bilde gjer også Tove Jansson eineståande i verdslitteraturen.
Dette er ei bok av det slaget ein ikkje må seie for mykje om, og det har eg truleg alt gjort. Det er den perfekte melankolske sommarlektyre, og for heile året. Og eg gir med dette siste ordet til Onkelskruttet:
Och nu kunde han inte fiska längre. Han lade sammetskudden över huvudet och mindes sin egen glada bäck, mer och mer kom han ihåg hur bäckarna rann och dagarna gick på den tiden för länge sen när det fanns mycket fisk och nättterna var varma och ljusa och saker hände hela tiden. Man sprang benen av sig för att hinna med allt som hände och sov bara en liten blund i förbifarten och skrattade åt allt …
Frå Ragnar Hovland: «Kunsten å kome heim og andre essay», Samlaget 2011. Trykt med løyve frå forfattaren og forlaget.