Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Den vakre stormen

KATEGORI

Scenekunst,

SJANGER

Anmeldelser,

PUBLISERT

mandag 23. juni 2014

Forteljinga om Miranda og Ferdinand er ei vellukka musikalsk danningsferd om å bli stor.

↑ Foto: Joerg Wiesner/Den Norske Opera & Ballett

Barneoperaen «Stormen – forteljinga om Miranda og Ferdinand» som hadde urpremiere ved Den Norske Opera 12. juni handlar først og fremst om å vekse ut av barndomen og bevege seg inn i ungdomen og ein annan slags leik, som det heiter i Rune Belsvik sin libretto. Og det er ei vellukka musikkforteljing der tekst, sceneuttrykk og musikk glir saman i ein vakker musikalsk og visuell heilskap med element frå både småbarnsverda og vaksenlivet.

Magisk reise

Dette er ei reise både i direkte og overført tyding. Miranda og far hennar strandar på ei øy etter at båten deira søkk, og kosedyra til Miranda er dei einaste andre som er med. På øya lagar faren Prospero seg eit laboratorium der han samarbeider med den gode hjelparen sin, Feen. Frå dette laboratoriet fell det ut ein tryllestav som Miranda prøver å trylle fram ei bursdagskake med. Men etter ein merkeleg storm møter ho Ferdinand som er såra. Ho vil hjelpe han, men han vil stikke av. Miranda prøver å trylle han til å bli, slik ein bør gjera i slike høve, og heldigvis får ho hjelp av Feen.

Dette spaningsfeltet mellom realisme og magi er det mange halvstore born som kjenner seg heime i, og med det er det allereie gjort eit kunstnarleg val som er perfekt retta mot målgruppa. Og i utforminga vidare går det realistiske og det magiske, hendingane og kjenslene hand i hand. Feen syner seg som ein klassisk ballerina med tyllskjørt. På denne måten er ho absolutt verkeleg nok, men kan òg tolkast som ei meir abstrakt, svevande kraft. Feen tryllar fram ein dansande vind, vassdropar, sandkorn og bitar frå eit øydelagd skip – alle spela og visualisert av levande, små menneske i fine kostyme. På denne måten går heile tida det konkrete og abstrakte parallelt, og det er svært vakkert.

Fakta


«Stormen – forteljinga om Miranda og Ferdinand»

Libretto: Rune Belsvik

Musikk: Nils Henrik Asheim

Regi: Gunnar Bergstrøm

Scenografi: Silje Sandodden Kise

Koreografi: Kristian Støvind

Kostymer: Grete Rustad

Lys: Jacob Christensen

Videodesign: Robin Hagen

Med Barnekoret og Ballettskolen ved Den Norske Opera og musikarar frå Juniororkesteret ved Barratt Dues Unge Talenter og Den Norske Operas orkester, dir. David Maiwald

Den Norske Opera & Ballett

Stormen finn stad i spaningsfeltet mellom realisme og magi. Foto: Joerg Wiesner

Song og dans utfyller kvarandre

Gjennom samarbeidet mellom Ballettskolen og Barnekoret ved Den Norske Opera & Ballett har det òg vore ein kongstanke å få songen og dansen til å spela saman og utfylle kvarandre som uttrykksformer. For å få fram både det konkret formulerte og det kjenslemessige og underliggjande er det ved fleire høve både ei synge-Miranda og ei danse-Miranda, ein synge-Ferdinand og ein danse-Ferdinand på scenen samstundes. «Det vi ikkje kan syngje, dansar vi, og det vi ikkje kan danse, syng vi» er filosofien her. Det er ein spanande måte å tenke på, men det er ikkje så lett å oppfatte personane som ein, og då får ein ikkje kjensla av at dei utfyller kvarandre heller. Akkurat dette trekk litt ned.

Nordheimsk klangmagi



I botnen ligg dramaet til Shakespeare og ballettmusikken til «Stormen» av Nordheim, men den første merkar vi ikkje så mykje til. Namna Miranda og Ferdinand er henta frå Shakespeare, men dette er Rune Belsvik si historie. Nordheim er meir synleg i det musikalske landskapet enn Shakespeare i det litterære. Som Nils Henrik Asheim sjølv har uttala er det to utdrag frå balletten «Stormen» som vert brukt. Det eine kjem i samband med eit forlis der det både risler og boblar elektronisk, og det andre er knytt til laboratoriet der det kjem masse dunder og brak. Det er lett å kjenne att Nordheim sin musikk i både oppbygging og instrumentarium, allereie i denne balletten frå 1979 hadde han teke i bruk mange av dei klassiske klangdanningsteknikkane vi møter i mykje av musikken hans seinare. Musikken er svært stemningsskapande, og eignar seg sjølvsagt svært godt i denne samanhengen der magi spelar ei viktig rolle.

Det vi ikkje kan syngje, dansar vi, og det vi ikkje kan danse, syng vi. Foto: Joerg Wiesner

Klassiske operatrekk

I ei naturleg forlenging av dette nyttar Asheim sjølv mange ulike musikalske uttrykksformer. Her er melodiar som kan likne både ariar og resitativ, om ein skal nytte klassisk operaterminologi. Dei vekslar mellom å vera melodiøse og snakkeaktige, og ein del ligg i eit ganske fritt tonalt landskap. I andre scener nærmar han seg noko hip-hop-aktig, og sluttsongen kunne nesten ha vore med i ein musikal. All musikken ligg tett opp til handlinga, og med det glir han inn i ein organisk heilskap med resten av uttrykka – faktisk heng dei så tett saman at det er vanskeleg å rekapitulere delar av musikken i ettertid. I denne samanhengen er det i grunnen eit kvalitetskriterium. Om han hadde hatt lyst kunne Asheim vore dristigare i val av tonespråk, men her vel han rett og slett det beste frå fleire stilartar, og det fungerer godt. Hadde han bevega seg ut i eit krassare landskap er faren stor for at musikken og sceneuttrykket på eitt eller fleire tidspunkt ville ha peika i kvar si retning, noko som ganske ofte skjer i moderne musikkdramatiske verk. Her går dei godt saman heile vegen.

Kosedyr ut, kjærleik inn

Scenebiletet er i det heile prega av fargar og fantasi. Kosedyra til Miranda er på plass, og etter kvart kommuniserer dei med Ferdinand sine, som er av det meir skumle slaget. Kosedyra er store og levande og kan snakke, dei er jo òg spela av levande folk. På den måten får dei den rette plassen i småbarnsverda – dei er sentrale personar, ikkje noko småtteri som sit stille. Men etter som det utviklar seg noko anna mellom Miranda og Ferdinand fjernar dei seg. Når dei to til slutt sit og held kvarandre i hendene og kosedyra ikkje er interessante lenger sit vi att med kjensla av å ha vore med på ei vakker og viktig ferd i unge menneskesinn.

Kosedyra er store og levande og kan snakke. Foto: Joerg Wiesner

Både songarar og dansarar imponerer i framsyninga. Ein gløymer mest at det er unge amatørar ein har med å gjera, for både song- og danseteknikk, formidlingsevne og sceneuttrykk held eit svært høgt nivå. Dette er første gong Ballettskulen og Barnekoret ved Operaen har laga ei framsyning saman, og ein tanke bak er nettopp å ta dei unge utøvarane på alvor som kunstnarar. Og det lukkast. Det er imponerande kva dei får til. Eg er dessutan sikker på at dei unge tilskodarane let seg prege av at det er jamnaldringar og ikkje vaksne i rollene. I alle fall i mange bareteatersamanhengar plar vaksne aktørar å gjera seg alt for barnslege eller utagerande når dei skal vera barn eller ungdomar, og dette har prega mykje av scenekunsten for dei unge. Det er betre i song og dans når ein ikkje talar så mykje, men likevel gjer det heilt klårt noko med truverdet og identifikasjonen at kunstnarane er om lag like store og like gamle som tilskodarane. Det er flott å oppleve ei 14-års jente synge resitativ med ei klassisk skolert stemme med tonar som kjem litt «hulter til bulter», som det står i programmet. «Stormen – forteljinga om Miranda og Ferdinand» har blitt ei vakker musikkforteljing som både underteikna og dottera på 10 set stor pris på.

Meldinga vart først presentert på ballade.no 19.06.2014.

Annonser
Stikkord:
· · ·