
– Eg er forelska i dans, og det er dette eg vil gjera
Sidan i haust har dei unge talenta i dansekompaniet ESC turnert musea i Vestland med framsyninga «Thrash Mob». Periskop blei med dansarane på tur til kunstmuseet Kabuso i Øystese i Hardanger.
↑ Fra «Thrash Mob» under Oktoberdans 2024 på Kode/Permanenten. Foran: Ada Sophie Mentzoni. Foto: Thor Brødreskift
– Det er truleg litt hjartebank hjå dansarane, ja.
Produsent Sølvi Katrine Andersen i ESC Ungdomskompani for samtidsdans og Bergen dansesenter legg vekt på litt.
– Det er ingen scenelys eller scenekant å skjula seg bak i denne framsyninga. Men dei er sterke jenter som tør å ta plass, og når dei går inn i Thrash Mob-karakterane, vert dei ekstra modige.
Framsyninga Thrash Mob av talentkompaniet ESC har tredje stopp på vestlandsturneen sin. Denne gangen til museet Kabuso i Øystese. Snart skal dei unge dansarane på. Og eg har spurt om produsenten trur dei er nervøse.
I dialog med videoverket til Simone Hooymans ved Kabuso. Foto: Sissel Lillebostad / Kabuso

I prosessen med å laga «Thrash Mob» har dansarane brukt mykje tid på ulike museum for å studera besøkande og observera korleis menneskjer ter seg når dei er på museum
Ambassadørar for samtidsdansen
Det startar i hovudsalen der videokunstutstillinga Eternity in a moment av Simone Hooymans står i dempa belysning. Framsyninga er inkludert i inngangsbilletten, og det er ikkje alle i rommet som veit kva som ventar. Umerkeleg skrid første dansar inn. I prosessen med å laga Thrash Mob har dansarane brukt mykje tid på ulike museum for å studera besøkande og observera korleis menneskjer ter seg når dei er på museum.
Ein ny dansar skrid inn. Ein av dei har fem belte rundt livet, auga er ramma inn med kraftig sminke og håret greidd bak i ein wetlook. Uttrykket er pønkete og bootsa er tunge. Tredje skrid inn. Fleire har satt seg ned langs vindaugskarmen no. Sidemannen spør meg om det har byrja.
Ada Sophie Mentzoni (17) og Josefine Birkeland Hauge (17) frå Bergen og Helene Andrea Haukereid (16) frå Høyanger representerer ESC i dag. Grunna skadar er dei litt færre enn vanleg på dagens framsyning. Vanlegvis består kompaniet av 10-15 ungdommar, medan det varierer kor mange som er med i framsyningane ut i frå kva visjon og ynskje koreografen har.
Plakatfoto frå utstillinga «Eternity in a moment» av Simone Hooymans. Foto: Kabuso

Dei stoiske fjella i bakgrunnen står i kontrast til dansen
Zombiar møter venleik
Dansarane byrjar å interagera med utstillinga. Kroppane formar seg etter linjene i videokunsten. Frodige, fargesterke botaniske element teikna med vassmåling står i kontrast til dei mørkkledde dansarane. Samstundes fortel utstillingsteksten at i kunstnaren si verd er «katastrofar forkledde og pakka inn i teikninga si venleik og fargane sine vibrerande tonar.». Det bygger opp under mystikken i Thrash Mob.
For kvart stopp på vestlandsturnéen møter dansarane ei ny utstilling, og koreografen har fokusert på korleis dansarane skal møta ny informasjon. Gjennom improvisasjon lever dansen i møte med kunsten og publikum som beveger seg fritt i lokala. Dansarane finn kvarandre og synkroniserer rørslene. Det er noko zombieaktig over måten dei beveger seg på. Rommet har no fullt fokus på dei tre dansarane. Dei tek i bruk golvet meir og meir og kollapsar tungt mot bakken.
Lyden av bass frå kafeseksjonen dreg oss ut i foajéen og kafeen. Musikken eskalerer i takt med dansarane sitt temperament og tempo. Dei kjem tett på publikum. Snor seg forbi oss. Andleta er livlause. Dei enser ikkje publikum, men ser rett gjennom oss. Mellom tre-fire høgtalarar utgjer golvet ein provisorisk pop up-scene. Dei stoiske fjella i bakgrunnen står i kontrast til dansen som byggjer seg meir og meir opp. Vendt inn mot kvarandre i ein trekantformasjon ser dansarane på kvarandre, hopper, headbanger, roper, klappar takta og slynger seg rundt kvarandre. Kafebordet vert ein rekvisitt som ho eine legg seg over. Tekno vert til ein synth som høyrest ut som fuglesong. Me sitt stille og konsentrert og følger med.
Thrash Mob
Ei framsyning av ESC ungdomskompani for samtidsdans
Koreograf: Ar Utke Ács
Komponist: Dragongirl / Nikoline Ursin
Kostymedesign: Butcher Queen / Rufus Backman
Dansarar: Ada Sophie Mentzoni (Bergen), Anders Skrede Rivedal (Askvoll), Helene Andrea Haukereid (Høyanger), Isabelle Haugen Stringer (Bjørnafjorden), Josefine Birkeland Hauge (Bergen)
Kunstnerisk bidrag fra Elena Hertzberg Aidoni
Produsent: Sølvi Katrine Andersen, Bergen Dansesenter
Co-produsent: BIT Teatergarasjen
Støtta av: Bergen Kommune, Vestland Fylkeskommune, Fana Sparebank, Statens Kunstfond (Danmark), Nordisk Kulturfond.
Framsyninga vart vist på BIT Teatergarasjen sin festival Oktoberdans i 2024, då på Kode/Permanenten. Sidan gjekk turnéen til Sogn og Fjordane kunstmuseum i Førde, Kabuso i Øystese og Nordfjord folkemuseum i Sandane/Gloppen.
Meir enn tørrtrening
Etter framsyninga tek eg ein prat med dansarane. Ada, Josefine, og Helene samlar seg rundt appelsinbåtane og ei stor kanne med kakao som er sett fram.
– Er dette til oss? spør eg og føler meg veldig ivaretatt.
– Ja, smiler dei tre jentene, som har gått frå å vera pønkete rebellar til imøtekommande og smilande. Sminka er borte, og dei sitt i sine eigne klede. Eg lurer på kva ambisjonar dei har med dansen.
– Eg er forelska i dans, og det er dette eg vil gjera, fortel ei bestemt Josefine.
– Gjennom ESC, og kanskje spesielt denne framsyninga, lærer me å sleppa kontrollen og å leva oss inn i ein karakter, fortset ho.
Ada er einig.
– Til denne framsyninga har me laga våre eigne karakterar, og me er med på å forma stykket saman med koreografen. Det er uvant og spanande og veldig lærerikt, fortel Ada.
– Denne framsyninga er veldig annleis frå andre ting eg har gjort før.
Dei to bergensarane går på Langhaugen vidaregåande skule si danselinje. Der er dei i større grad vane med å terpa trinn og teknikk til ferdige koreografiar, medan hjå ESC er det ei forventing at dansarane skal bidra i koreografiane og vera med på å skapa saman i rommet.
– Eg har fått eit meir opent syn på kva ein kan gjera i dans etter eg byrja i ESC, fortel Helene.
Ho kjem frå Høyanger og går på Høyanger vidaregåande skule og kjente ikkje Ada og Josefine frå før av. Over intensive helgesamlingar og i feriar møter ESC-dansarane kvarandre og tette band vert etablert. Jentene fortel at det er veldig sosialt og at alle passar på at alle har det bra. Både «dei vaksne» og ungdommane sjekkar inn hjå kvarandre.
Gjennom denne framsyninga lærer me å sleppa kontrollen og å leva oss inn i ein karakter
Dansetalenta i «Thrash Mob» frå ESC. Frå venstre: Josefine Birkeland Hauge, Isabelle Haugen Stringer, Anders Skrede Rivedal, Helene Andrea Haukereid, Ada Sophie Mentzoni. Foto: Thor Brødreskift

Målet er å løfta regionale dansetalent og unge koreografar
Gode ambassadørar for samtidsdans
ESC Ungdomskompani for samtidsdans er eit tilbod til unge i Vestland fylke med talent og interesse for samtidsdans. Målet er å løfta regionale dansetalent og unge koreografar. Ungdommane som vert tatt opp i ESC må ha danseerfaring og ei interesse eller openheit for samtidsdans.
– Samtidsdansen rommar veldig mykje og gir mange moglegheiter. Ungdommen er gode ambassadørar for samtidsdansen. Dei har ei stor glede og interesse for å ta det vidare, fortel Sølvi Katrine Andersen. Ho er produsent hjå Bergen Dansesenter, som driv ESC.
Dansarane vert rekrutterte via skulen og kulturskulane, sosiale medium, maillister og gjennom ungdommane sjølv, som spreier ordet vidare.
Helene vart tipsa av rektoren på sin skule om ESC. Det var hennar første audition, men heldigvis er den er lagt opp som ein dansetime der dei dansar samstundes, slik at det ikkje er for fryktinngytande. Det er koreografen som vel ut dansarane, og dei ser ofte etter både teknikk og kreativitet.
– Det er få moglegheiter for dans i Sogn og Fjordane, fortel Helene.
Dei har eit tilbod som heiter Dans Uten Grenser der ho er trenar.
– Eg bruker mykje av det eg lærer hjå ESC med elevane mine der, fortel ho.
Å vera med i ESC har gitt dansarane eit meir ope syn for kva samtidsdans kan vera, fortel dei unge talenta til Periskop. Her i aksjon frå Kode/Permanenten i Bergen. Frå venstre: Ada Sophie Mentzoni, Anders Skrede Rivedal, Helene Andrea Haukereid. Foto: Thor Brødreskift

Verktøy eg lærte som 15-åring forstår eg først no
Verktøy til seinare i livet
ESC har ein ambisjon om å gi koreografar moglegheita til å arbeida med større ensemble, noko som er ein mangelvare for koreografar i Noreg. Gjennom ESC kan ein få jobba med ei gruppe på opptil 15 dansarar. Kvart år vert ein koreograf valt ut gjennom ein open call, som vert lyst ut nasjonalt og internasjonalt. Representantar frå samarbeidspartnarane Carte Blanche og BIT Teatergarasjen, samt ein representant frå det frie scenefeltet og Bergen Dansesenter sit i juryen. Ar Utke Ács er koreografen bak Thrash Mob og synest det er spanande med dansarar i denne alderen.
– Som tenåring fell ein mellom det å vera vaksen og ung. Ein føler seg kanskje ferdig med danseskulen for barn og byrjar å stilla fleire kritiske spørsmål og å utforska. Kven er eg? Kva kan eg som eg ikkje visste eg kunne? Det er ei interessant tid å vera i, meiner Ar.
Då Ar var på alder med utøvarane i Thrash Mob, var det mykje hen ikkje forsto då hen var med i eit ungdomskompani. Verdien av det vert tydelegare no, mange år seinare.
– Då eg var i tenåra forstod eg ikkje kvifor ein skulle blanda politikk inn i dans, til dømes. På den tida ville eg berre dansa, og det gav ikkje meining å skulle involvera ein tematikk som klimakrisa eller liknande. Det tek tid å forstå. Verktøy eg lærte som 15-åring forstår eg først no, fortel Ar.
Å ta plass
Med Thrash Mob har koreograf Ar prøvd å læra dansarane å ta plass. Thrash Mob er inspirert av punk og flash mobs. Dette ville hen ta inn i museet og stilla spørsmål knytt til hierarki i kunstformar, alder, kunnskap og rom me deler. Koreografen har instruert dansarane sine til å laga kvar sin karakter til Thrash Mob som ein kan lesa om i fanzina dei har laga til framsyninga. Under overskriften «How my character was made» har Helene skrive: «I wanted my character to be fearless and confident. Somebody to look up to. Orianna is everything I wasn’t while growing up.»
– Me sette i gang nokre sosiale prosessar der me stilte spørsmål kring kva identitet er, og undersøkte korleis det kan vera flytande. Det å konstruera ein karakter gjer at ein tillèt seg å vera noko anna enn ein vanlegvis er. Me har øvd på improvisasjon i dans og korleis ein kan røra seg til informasjon som kjem, her i form av menneskjer som beveger seg rundt i ei utstilling, fortel Ar.
Ada fortel at det var vanskeleg å halda seg seriøs då dei starta utforskinga av desse konstruerte rollene.
– Det var veldig vanskeleg å ikkje le, fortel ho.
– Men no går me heilt inn i rolla, fortset Helene.
– Me held maska og enser ingen.
Me held maska og enser ingen
Skarpare rørsler, større ro
I tillegg til å ha lært meir om teljing, tempo og korleis laga skarpare rørsler med kroppen, føler Ada at ho har fått ein større ro og oversikt og evna til å spela på kunsten og gruppa.
– Me ynskjer å gi dansarane verktøy innanfor korleis ein arbeidar improvisatorisk og brukar ulike metodar. Me har eit mål om at dei skal få ein større forståing for rom og samspel, fortel produsent Sølvi.
– Gjennom ESC prøver me å skapa tryggare dansarar som tør å involvere seg. Og dette ser me heilt tydelege resultat av hjå ungdommane frå første møte til siste framsyninga. Dette er ein etterspurt kvalitet i eit framtidig arbeidsliv som dansar. Me tenker på ESC som ein arena for å utvida perspektivet på dansekunst hjå dei unge dansarane. Ungdommane blir tatt med på oppsettingar av samarbeidspartnarane våre, Carte Blanche og BIT Teatergarasjen, men òg andre aktørar innanfor samtidsdans, workshops og samtalar. Me ynskjer å gi dei fagleg innhald i tillegg til trening, fortel Sølvi.
ESC er mellom anna fast innslag på dansebiennalen Oktoberdans sitt program og BIT Teatergarasjen sitt sesongprogram.
Dans er ein måte å lære på
– Me må ta ungdommen seriøst
ESC oppsto kring 2008 då dei tre dansekunstnarane Camilla Skrede Johannessen, Monica Reksten og Cecilie Ravndal Nilsen kom heim til Bergen frå ulike danseskular i London og såg eit behov for unge dansarar.
– I London er det vanleg å ha ungdomskompani. Ein får ein heilt anna erfaring med å ha vore med på store produksjonar. Difor starta me ESC. Me ville gi eit breiare tilbod enn å berre øva tørr teknikk som det ikkje blir noko av, seier Monica.
Dei tre dreiv ESC i kring 10 år før dei bestemte seg for å gi det vidare til Bergen Dansesenter.
– Me ynskja å arbeida tett på ungdommen og gi dei ein moglegheit til å ta seg tid og rom til utforsking. Gjennom ESC kan ungdommane arbeida kreativt, seier Monica, som er dansepedagog ved avdeling dans på Langhaugen vidaregåande skule i Bergen.
– Me må ta ungdommen seriøst. Viss dei vil driva med noko, må me gi deg moglegheita til å utforska. Uansett om dei vil bli kunstnarar, publikummarar eller arbeida i barnehage, er det ei kjempefin erfaring som er overførbar både til andre fag eller andre situasjonar i livet. Dans er ein måte å lære på, fortel Monica.
Ho hyllar dansen som eit internasjonalt språk me tolkar nesten utan at me veit om det.
– Viss me ikkje skal kjempa for kunsten, kva skal me kjempa for då? Kunsten får oss til å stilla spørsmål, fundera og setta søkelys på ting me lurer på. Kunsten rommar alt frå det vakre til det politiske og kan vera så utruleg mykje. For oss er det dans, for andre er det ein kombinasjon av lys, kostymer og scenografi. Ulike ting snakkar til oss. Difor må alle utsettast for alt. Før idretten tek dei, Monica ler av at ho pratar ned idretten og siterer Churchill i same andedrag.
Skapar tryggare dansarar
Brita Grov budde på Stord då ho vart med i ESC som 14-åring. Etter det tok ho utdanning i London før ho flytta tilbake til Bergen for å arbeida profesjonelt som dansekunstnar.
– Samtidsdans var heilt nytt for meg då eg starta i ESC, og eg hadde ikkje dansa eller blitt kreativt utfordra på den måten før. Det var mitt første skikkelege møte med samtidsdans i ei gruppe med unge talentar. Det var både utfordrande og vanskeleg i starten, men òg utruleg kjekt og lærerikt, fortel Brita.
Hennar tid i ESC var med og påverka valet om å tørra å satsa på samtidsdans.
– Erfaringa frå ESC gav meg nye verktøy til å skapa materiale sjølv, og saman med andre. Eg fekk i innsyn i korleis det var å jobba som skapande dansar i eit kompani. Heile prosessen med lange prøvedagar, teknisk prøve, val av kostymer og så vidare gjorde at eg fekk ei større forståing, fortel Brita.
Dei tre stiftarane av ESC gav frå seg hjartebarnet sitt etter kvart som det vaks seg større.
– Me opplevde at det vart vanskelegare å få inn støtte. Det er mykje byråkrati og søknadar med å driva eit ungdomskompani, og nokre år var veldig vanskelege. Mot slutten arbeidde me meir som produsentar enn dansekunstnarar, og det var då me bestemte oss for å la Bergen Dansesenter overta drifta, fortel Monica.
Ho er oppgitt over eit støtteapparat som verkar tidvis tilfeldig og ustabilt.
– Eit år tok Bergen kommune plutseleg kontakt. Då hadde me nesten gitt opp, men då ville dei ha oss som ein fast post på budsjettet sitt. Det er synd at det verkar så tilfeldig og personavhengig, seier Monica.
Saka held fram etter biletet og annonsane.
Det var utfordrande og vanskeleg i starten, men òg utruleg kjekt og lærerikt
For nokre er drømmen KHiO, for andre er dansen ein hobby. Om KHiO-draumen ikkje går i oppfylling med ein gong, kjem fleire moglegheiter. De unge har fått trua på seg sjølv i ESC. På biletet: Helene Andrea Haukereid. Foto: Thor Brødreskift

Trening i avslag
Etter framsyninga på Kabuso dreg Ada og Josefine heim til Bergen att, medan Helene dreg til Høyanger.
– Dans er tryggleiken min, og ein måte å kopla av på, seier Helene.
Ho er redd for at dansegleda hadde forsvunne om det skulle vore jobben hennar, og ser for seg å ha dans som ein hobby. Dei to andre er derimot sikre i sin sak om at dansen er vegen å gå.
Ada og Josefine har framleis eitt år att på vidaregåande, men var nyleg på audition på Kunsthøgskulen i Oslo saman med 30 andre.
– Me testa audition for å oppleva det og for å sjå om KHiO er noko for oss, fortel Ada.
Dei er einige om å satsa på dansen og KHiO er framleis draumen, sjølv om begge fekk avslag etter audition. Det tek dei med knusande ro.
– Me har fleire forsøk. Avslaget er ikkje større enn om me ikkje hadde søkt i det heile tatt, fortel Ada med overtyding.
Dans er tryggleiken min, ein måte å kopla av på
Annonser

