– Ein mangfaldig redaksjon er ein god start
Det er ein skeiv kjønnsbalanse i barne- og ungdomsredaksjonane i norske forlag. Det er endå lengre mellom dei som har ein fleirkulturell bakgrunn. Men er det eigentleg eit problem?
↑ Brynjulf Jung Tjønn, Sverre Henmo og Eivind Sudmann Larsen er blant de få mannlige bokredaktørene som jobber med barne- og ungdombøker. Foto: Anna Julia Granberg / Blunderbuss og Ingrid Pop.
Ein gjennomgang Klassekampen har gjort, synte at var langt mellom mennene i norske barnebokredaksjonar. I 40 av 49 stillingar arbeider det ei dame. Det viktigaste er mangfaldige bøker, vart det hevda.
– Sjølvsagt er det aller viktigaste at bøkene er mangfaldige i seg sjølve, men korleis klarer ein å sikre dette?, spør Brynjulf Jung Tjønn som arbeider i Samlaget som redaktør for barne- og ungdomslitteratur.
Han er ein av dei få mennene i denne posisjonen. Sjølv har han ikkje møtt nokon som stussar over yrkesvalet.
– Kanskje det er fordi eg også er ein etablert barne- og ungdomsbokforfattar. Då er det ikkje heilt unaturleg å jobbe i ein barnebokredaksjon, seier Tjønn.
Tjønn trur hovudgrunnen til den skeive kjønnsbalansen er skilnad i kvalifikasjonar.
– Er det slik at menn tenker at dei ikkje er aktuelle for å jobbe i barnebokredaksjonar fordi det allereie er kvinnedominert? Er det slik at kvinnelege sjefar først og fremst tilset kvinnelege redaktørar? Burde ein tenke litt annleis når ein skal rekruttere? Samtidig er det ikkje mange år sidan det var fleire mannlege barnebokredaktørar i dei norske forlaga, men mange har forsvunne av ulike grunnar, påpeikar Tjønn.
Er det slik at menn tenker at dei ikkje er aktuelle for å jobbe i barnebokredaksjonar fordi det allereie er kvinnedominert?
Å vekse opp med ein annan hudfarge, etnisitet og kulturell bakgrunn er ein kvalitet som ikkje kan lærast. Det må ein erfare.
Meir enn kjønn
Han trur at alle redaksjonar har godt av kjønnsbalanse, sjølv om den ikkje skulle bli heilt 50/50. Det vil auka variasjonen i referansar, interessefelt og kompetanse. Men problemet er endå større når det kjem til mangelen på kulturelt mangfald.
– Eg meiner det er eit problem at redaksjonane ikkje speglar samfunnet vi lever i. Eg trur dette kan påverke kva slags bøker som blir utgitt, kva slags forfattarar som blir rekruttert og kva slags historier som blir løfta fram. Å vekse opp med ein annan hudfarge, etnisitet og kulturell bakgrunn er ein kvalitet som ikkje kan lærast. Det må ein erfare. Eg trur til dømes ikkje mange etniske kvite nordmenn skjønar korleis det kan vere å ha asiatisk utsjånad i desse koronatider.
Han understrekar at dette ikkje berre gjeld redaksjonane, men også i bøkene dei gjev ut.
– Sjølv eg som har vakse opp med annan hudfarge klarer ikkje å skrive om dette. Eg er adoptert og har vakse opp som ein etnisk nordmann. Det å ha fleirkulturell bakgrunn er ikkje noko ein berre kan researche seg til. Ein må nesten føle det på kroppen, og det har vore for få forfattarar med fleirkulturell bakgrunn i norsk barne- og ungdomslitteratur. Heldigvis ser eg at det gradvis kjem fleire. Det er eg veldig glad for, uttalar Tjønn.
Å leite etter nye stemmer
Han trekkjer fram Peter F. Strassegger som denne hausten debuterer på Samlaget med ungdomsboka Aleksander den store. Hovudpersonen flyttar til Noreg som tenåring med påfølgande utfordringar med språket og alt det fører med seg.
– Fordi Peter sjølv har flytta til Norge som tenåring, visste vi at det kunne ligge ei historie her. Men så handlar dette også om kva forfattarane sjølve vil skrive. Vi har også andre forfattarar med anna kulturell eller etnisk bakgrunn, men som kanskje ikkje føler at dette er den rette historia å skrive enno. Men ja, vi leitar etter forfattarar som kan fortelje andre historier og som kan utvide tematikken i våre barne- og ungdomsbøker, og vi har nokre manus inne som vi trur kan bli veldig bra.
Som ei ekstra utfordring nemner han Samlagets målformpolitikk.
– Det må også nemnast at berre mellom 10 og 15 prosent av den norske befolkninga har nynorsk som hovudmål. Det kan gjere det ekstra utfordrande for oss å finne forfattarar med fleirkulturell bakgrunn, seier Tjønn.
Artikkelen held fram etter anbefalingane.
Vi har også andre forfattarar med anna kulturell eller etnisk bakgrunn, men som kanskje ikkje føler at dette er den rette historia å skrive enno.
Ikkje nok mangfald
Sverre Henmo, forlagssjef Barn og Ungdom i Aschehoug, trur den skeive kjønnsbalansen kan skuldast at barne- og ungdomskultur tradisjonelt har blitt sett på som mindre viktig enn vaksenkulturen. Han har sjølv møtt desse fordommane.
– Eg trur alle som jobbar med barnekultur blir spurt om kvifor dei ikkje heller jobbar med vaksenkultur, seier Henmo.
– Menn burde vere akkurat like opptekne av barnekultur som kvinner, så det er vanskeleg å skjøne kvifor det er slik. Det er freistande å tenkje at det har noko med merksemd å gjere. Det kan også henge saman med at menn les mindre skjønnlitteratur enn kvinner, men då burde vi jo sett same tendens i vaksenlitteraturen.
Til liks med Tjønn meiner han at dette er ein del av ei større utfording og ikkje berre eit spørsmål om kjønn. Han meiner at ein mangfaldig redaksjon syner att i bøkene.
– Det er klart det har noko å seia. Både for arbeidet i redaksjonane og i arbeidet med bøkene. Dette er noko vi er svært medvitne om og forsøker å gjere noko med. Eg veit ikkje kva som ville vera «nok» mangfald, men det er uansett ikkje nok som det er no.
Han fortel at dei arbeider med dette perspektivet på ulike måtar.
– Som døme på konkrete tiltak kan eg nemne at vi skipa til «Blinddate for illustratører og forfattere» i samarbeid med festivalen Spkrbox. Fleire andre tiltak er også satt i gang.
– Eg trur alle som jobbar med barnekultur blir spurt om kvifor dei ikkje heller jobbar med vaksenkultur.
Kjønnsbalanse blant studentar
Eivind Sudmann Larssen er heilt fersk som redaktørvikar i Mangschou, og meiner difor at han har litt tynt grunnlag for å seie så mykje om korleis det å vere mann og arbeide med barne- og ungdomsbøker. Forlaget har også teke til med å gje ut vaksenbøker, slik at han no arbeider med alle type bøker. Men han meiner at ein kan finne ei grunngjeving for den skeive kjønnsbalansen ved å ta eit steg tilbake.
– I studietida på Nordisk språk og litteratur på Blindern var det langt fleire kvinner enn menn. Det ville også vore langt mellom mennene om eg skulle lage ei liste over dei medstudentane som var «best»/mest motiverte for studiet. Så det er kanskje ikkje heilt unaturleg at denne kjønnsbalansen får fylgjer for fordelinga av kvalifiserte søkjarar i denne typen stillingar seinare? Eg har spurd dei andre i redaksjonen her, og dei har ønska å rekruttera menn når dei har lyst ut stillingar. Men dei opplever at det er få menn som søkjer seg til barnebokfeltet, seier Larssen.
Artikkelen held fram etter annonsane.
Dei har ønska å rekruttera menn, men opplever at det er få menn som søkjer seg til barnebokfeltet.
Eg opplever at såkalla «nye stemmer» er noko mange forlag pratar om og er på aktiv utkikk etter.
Blir diskutert
Han seier spørsmålet om mangfald er noko dei diskuterer i redaksjonen, men meiner å sjå tendensar til at i alle fall bøkene er ferd med å bli meir varierte.
– Kva historier ein blir fortalt, spesielt som barn, men også som vaksen, er ein viktig del av måten ein forstår sin eigen identitet og plass i samfunnet på. Om ein vil at fortellingane ein gjev ut skal representere eit mangfald, er nok ein mangfaldig redaksjon ein god stad å byrja. Mitt inntrykk er at barnebokfloraen i Noreg er både god og variert, både når det gjeld omsette og norske utgjevingar, men det kan jo heilt sikkert bli betre. Denne typen spørsmål er noko me diskuterer ein heil del i redaksjonen, og eg har inntrykk av at feltet som heilskap rører seg i rett retning, at ting heile tida blir litt betre, litt klokare og litt meir mangfaldig, hevdar Larssen.
Også Mangschou leitar aktivt etter nye perspektiv.
– Eg opplever at såkalla «nye stemmer» er noko mange forlag pratar om og er på aktiv utkikk etter. Eg trur i alle fall eg vel å vere optimist også på dette punktet, samstundes som me ikkje må bli for nøgde med dit vi er komne. Medvit og eit uttalt ønske om endring er naturligvis berre halve jobben, seier Larssen.