Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Gjer traume til kunstaktivisme

KATEGORI

Scenekunst,

SJANGER

Intervju,

PUBLISERT

torsdag 1. juni 2023

HVOR
Bergen

I framsyninga «A True Story» har kunstnarisk leiar av 71BODIES Daniel Mariblanca invitert transkjønna barn og foreldra deira til å stå på scena med han.

↑ Frå framsyninga «A True Story». Foto: Ursula Kaufmann

– Denne framsyninga kjem til å vera mwaaah! utbryt Daniel Mariblanca og kyssar fingertuppane sine.

Mariblanca har sidan 2016 drive 71BODIES, eit dansekompani i Bergen. Han beskriv kompaniet som a transgender inclusive dance and performance company. Mariblanca er òg dansar i Norges nasjonale kompani for samtidsdans, Carte Blanche. Under Festspillene i Bergen er det dobbelpremiere: På framsyninga A True Story som han har arbeidd med i over to år saman med transpersonar og deira familiemedlem, og den tilhøyrande boka The Magical Book of A True Story.

«The Magical Book of A True Story» av Daniel Mariblanca. Biletet er henta frå Litteraturhuset I Bergen sine sider.

Daniel Mariblanca. Foto: Ursula Kaufmann

Bryt tabu

Mariblanca er sjølv transmann, og i framsyningane sine brukar han eigne erfaringar og tankar kring transtematikken. Gjennom ærlege, konfronterande framsyningar uttrykker han kroppsleg korleis det er å vera transperson. Dette har ført til fleire prisar, mellom anna Årets kunstner av Bergen Kommune, nominasjon til Kritikerprisen for dans for framsyninga In First Person – The Dance, heddapris for beste danseforestilling for same framsyning og fireårig millionstøtte frå Kulturrådet.

For to år sidan bestemte han seg for å laga ei ny framsyning med transfamiliar som tematikk. Denne gangen ville han visa prosessen familiar går gjennom når eit familiemedlem er transperson. Han fann deltakarar i Noreg og i heimlandet Spania. Gjennom brevveksling, besøk og workshopar har han fylgt fleire familiar. Den multidisiplinære framsyninga A True Story blandar dans, live-musikk, biletkunst, film og performance.

Frigjorte barn til inspirasjon

Eg møter Mariblanca i Studio Bergen. Det er to månadar til premieren på A True Story, og deltakarar frå Spania og Noreg har komme til Vestlandet for å førebu scenografi, koreografi og vera saman. Her bidreg alle kreativt. Nokon er i gang med å bygga ein huskonstruksjon som vert dekorert med planter, nokon dansar på scena og andre sit i små grupper og pratar.

– Det er ei livsendrande oppleving for nokre av dei som er med. Det å vera i eit miljø der halvparten er transpersonar og å vera omringa av folk som er lik ein – det er utruleg viktig. Mange av desse menneska har vore gjennom mykje og opplevd mange avslag. Dette prosjektet omfamnar dei og let dei møta fleire som er i ein liknande situasjon. Dei vert kvarandre sine førebilete, fortel Mariblanca.

Då han han oppsøkte ein organisasjon for transkjønna barn i Spania, var det fleire som ville vera med i prosjektet og hadde eit behov for å utforska og uttrykka det dei gjekk gjennom. I Noreg var det vanskelegare å finna unge deltakarar som våga vera synlege. Kring halvparten av deltakarane på scena er norske, men dei yngste er altså spanske. Dei medverkande er mellom 8 og 85 år.

– Barna som er med i framsyninga er så fri! Ho eine fortalte allereie som 5-åring at ho ikkje var slik som dei andre, og at ho helst ville vera jente. Språket deira kring kjønn er så utvikla, og dei lærer meg så mykje. Og så inspirerer dei dei andre barna på skulen sin, fortel Mariblanca.

Det er ei livsendrande oppleving for nokre av dei som er med

Alejandro og Lara er to av barna som er med i framsyninga «A True Story». Foto: Ursula Kaufmann

Eg synest det kan vera vanskeleg å stå opp for meg sjølv, men når eg har sett dei yngste barna her og kor totalt fri dei er, har eg tenkt at det er slik eg vil vera òg

Mor og dotter

I framsyninga møter me spanske Jesse som er 17 år og har dansa sidan ho var tre. Jesse gjekk gjennom kjønnskorrigering då ho var barn, men opplevde at ting vart vanskeleg då ho kom i puberteten. Sjølvtilliten til å bera transidentiteten var ikkje heilt der, og ho slutta å dansa.

– Eg synest det kan vera vanskeleg å stå opp for meg sjølv, men når eg har sett dei yngste barna her og kor totalt fri dei er, har eg tenkt at det er slik eg vil vera òg, fortel Jesse.

Gjennom prosjektet vart ho oppmoda til å dansa att.

– Etter å ha møtt desse folka tenker eg ikkje så mykje på at eg er ein transperson. Ved å dela opplevingar og erfaringar med så mange andre transpersonar i ulike aldrar og med så ulike perspektiv har eg fått ei heilt annleis oppfatning av kva det tyder å vera transperson. Eg bryr meg ikkje så mykje lengre. Det har vore så frigjerande. Det er som om eg har forlate hulen min, fortset Jesse.

Med til Noreg og gjennom heile prosjektet er mor til Jesse, Saida. Ho har beskytta Jesse sidan ho var barn, og er ein aktiv forkjempar for transpersonar og deira rettar. Gjennom førelesingar og protestar kjempar ho kampen for at dottera og andre transpersonar skal få betre og enklare liv.

– Å vera med på dette prosjektet har vore veldig emosjonelt. Dottera mi levde lenge delvis i skapet og skjulte identiteten sin. Då ho kom hit, turte ho å opna skapet og fann styrke til visa seg fram og dansa att, fortel Saida.

Jesse dansar att. Foto: Ursula Kaufmann

Eit brutalt system

Saida er van med å stå på barrikadane framføre parlamentet i Madrid. Gjennom protestar og sveltestreikar kjempar ho og organisasjonen hennar Euphoria for retten til å gjennomgå kjønnskorrigering utan psykiatrisk evaluering først, òg for dei som ikkje er myndige enno.

– Jesse er heldig som har ei mor som er så progressiv og open som du er, seier eg.

– Eg liker ikkje når folk seier at dottera mi er heldig. Eg er heldig. Dottera mi hjelper meg å dekonstruera samfunnet. Eg var ikkje komfortabel med systemet før heller, men eg trudde kanskje det berre var meg. Dottera mi fekk meg til å sjå at det er systemet det er noko feil med. Når ein får barn, må ein implementera deira verkelegheit i sin eigen. Det er din misjon som forelder, fortel ho.

– Som transperson møter ein mykje byråkratisk fiendskap, bryt Mariblanca inn. Viss nokon ynskjer kjønnskorrigering, må ein gjennom ei grundig psykologisk vurdering. Systemet er brutalt, og me lever i ein form for institusjonell vald, meiner Mariblanca.

Han understrekar at det er ikkje det å vera transperson i seg sjølv som er vanskeleg, men det å vera i eit samfunn som ikkje aksepterer dei. Mykje av fordommane mot transpersonar skuldast mangel på kunnskap, trur han. Med A True Story ynskjer han å laga noko vakkert av det som ofte vert framstilt som hovudsakleg negativt og problematisk.

Frå framsyninga «A True Story». Foto: Ursula Kaufmann

Me lagar noko som går utover det å vera ein transperson, og som seier noko om å vera menneskeleg

Frå traume til aktivisme

Mor til Jesse finn denne forma for aktivisme forfriskande:

– Det er fint å få kunne gjera noko gjennom hjarta og ikkje berre vera i forsvarsposisjon. Å uttrykka noko frå ei mjukare side. Det er like viktig som å gå i ein protest eller overtyda folk gjennom leksjonar. Det er verkeleg ei gåve å kunne gi vår historie og vår kjærleik til andre. Me er ei gruppe med mange ulike bakgrunnar som skapar noko vakkert saman, fortel ho.

– Me lagar noko som går utover det å vera ein transperson, og som seier noko om å vera menneskeleg, tilføyer Mariblanca.

Maria, mor til Alejandro på ni år, er òg med til Noreg og ser på sonen sin kjønnsinkongruens som noko sterkt og viktig.

– Eg føler meg heldig som er mor til Alejandro. Han er verkeleg ei gåve til meg. Eg synest det er så imponerande at han allereie som 4-åring fortalte meg kven han verkeleg er. Det viser kor modige dei minste kan vera. Han rister i dei store dogma i samfunnet. Gjennom han har eg lært meir om binære system. Tenk at ein så liten kan rista i så elementære konstruksjonar i samfunnet, seier Maria.

Frå førebuingane til framsyninga «A True Story«. Her: Koyo og Domenech. Foto: Ursula Kaufmann

Med stoltheit

Maria trur dette prosjektet kan la sonen bera identiteten sin med enno meir stoltheit. Grunna hans tidlege kjønnskorrigering ser han ut som ein cis-gut og kunne enkelt skjult sin transidentitet.

A True Story tillét han å seia at han er med i eit prosjekt i Noreg om transpersonar og for han å omfamna sin transidentitet, fortel Maria.

Då Alejandro var mindre, følte han seg åleine med kjenslene rundt kjønnsinkongruens. Mor hans ser ein stor verdi i at sonen får sjå vaksne transpersonar.

– Alle desse nye referansane er viktige. Det å sjå alle desse ulike familiane og at det er fleire enn han, seier Maria.

I starten lurte ho på kva prosjekt dei hadde meldt seg på, men no ser ho på det som ei fantastisk form for aktivisme. Både Saida og Maria skal vera med i framsyninga.

– Eg er veldig takknemleg over å vera med. Dette er ei form for aktivisme som ikkje kjem frå hjernen, men frå  kjensler, seier Maria.

Artikkelen held fram etter biletet og annonsane.

Alle er med når framsyninga «A True Story» blir til. I framsyninga har Daniel Mariblanca med seg transbarn og deira familiar på scena. Foto: Ursula Kaufmann

Med «A True Story» ynskjer Mariblanca at dei skal kjenna eigarskap til si identitet ved å visa utfordrande augeblikk og intense prosessar i livet, men òg stoltheit

Tek kunstaktivisme ut i Europa

– Dette er eit intimt stykke som transformerer traume og smerte om til kunst, og gjennom visuell og fargerik scenografi står me stolte på scena, fortel Mariblanca.

– Me har skapt eit avslappa miljø der ingen treng å forsvara seg sjølv, men me kan vera oss sjølv. Og drøyma saman! fortset han.

Det er viktig for Mariblanca at deltakarane skal få lov til å uttrykka seg sjølv og bruka sin kreativitet til å visa kven dei er. Med A True Story ynskjer Mariblanca at dei skal kjenna eigarskap til si identitet ved å visa utfordrande augeblikk og intense prosessar i livet, men òg stoltheit.

Han vil ikkje inngå kompromiss på produksjonen og prioriterer det kunstnariske framfor å gjera de salbart. Likevel er A True Story allereie invitert til fleire scener framover. På reiserute står festivalen Boulevard i Nederland og Dansens Hus i Oslo.

– Eg gjer mykje ut av det. Det er verkeleg eit vakkert monster! Dette er draumen min. Me er 21 menneske involvert, så eg gjer verkeleg ikkje dette for meg sjølv. Eg gjer ingen kompromiss med denne visjonen, avsluttar Mariblanca.

 

Periskop informerer om følgande endringar: 

Setninga Mariblanca har sidan 2016 drive 71BODIES, eit dansekompani i Bergen som har fokus på å inkludera transkjønna menneske vart endra til Mariblanca har sidan 2016 drive 71BODIES, eit dansekompani i Bergen. Han beskriv kompaniet som a transgender inclusive dance and performance company.

Setninga var endra fredag 2. juni klokka 10.05.

Sitatet Det er som eg forlèt buret mitt, fortset Jesse vart endra til Det er som om eg har forlate hulen min, fortset Jesse.

Sitatet vart endra fredag 2. juni klokka 10.07.

Sitatet For meg er det viktig at han er stolt og at det ikkje er hemmeleg at han var fødd jente vart fjerna fredag 2. juni klokka 10.08.

Annonser
Stikkord:
· · · · · · · · · · ·