Høstens debutanter: Fotballjenter, fordommer, fittetryner og tentakler
Periskop anmelder ungdomsromanene #Kampklar og Draumar betyr ingenting.
↑ Ane Barmen: «Draumar betyr ingenting» / Nina Rossing: «#Kampklar». Foto: Gyldendal / Vigmostad og Bjørke
«#Kampklar»: En sterk fortelling om fotballjenter, fordommer og fittetryner
Da Norges beste fotballspiller, Ada Hegerberg, sluttet på landslaget, skapte det diskusjon om hvordan kvinnelandslaget nedvurderes økonomisk og hvordan kritiske røster blir undertrykt. Gjennom Heimebane har vi fått TV-eksempler på hvilke fordommer kvinner møter i fotballmiljøet. Nina Rossings #Kampklar tematiserer hvordan kapital og holdninger påvirker også de unge fotballjentene, og hvordan den digitale hverdagen vår gjør alt verre.
SoMe-terror
Hovedpersonen Anja er snart 18 år og drømmer om å bli profesjonell fotballdommer. Hun og venninnene er med på et prøveprosjekt i Trondheim, der de får opplæring og betalte jobber. Allerede i første kapittel starter konflikten. Anja dømmer en G19-kamp, og guttene er alt annet enn begeistret for at dommeren er ei «helvetes kjerring». Det hagler med skjellsord og trusler, og etter kampen er det ett av lagene som sprer manipulerte og seksualiserte bilder av Anja. Fotballklubb, politi, skole og foreldre står uten verktøy til å hjelpe henne mot det som følger av netthets, rykter og vold.
Å definere seg selv
#Kampklar handler dermed først og fremst om Anjas egen evne til å definere seg selv og sin historie. Hun opplever at når man først kommer i rampelyset, blir alt man sier og gjør fortolket, og sjelden i beste mening. Selv når hun blir banket opp og havner på sykehus, er det ukjente mennesker som mener å vite at hun er «ei hore» og at hun «har bedt om det». Voldshendelsen får Anja til å tenke igjennom og redefinere hvem hun er. Hun har vært vant til at hennes egne prestasjoner er avgjørende, men plutselig truer ytre krefter med å stjele fra henne kontrollen. I tråd med den digitale tidsånden, tenker hun på seg selv som programvare: «Er Anja 2.0 like modig som Anja Original pleide å være?» Skal hun isolere seg, eller skal hun reise seg og ta nytt grep om eget liv?
Perfekt plottpasning i stiv språkdrakt
Rossing er lektor i videregående og kjenner ungdomskulturen i Trondheim godt, men teksten sliter med å finne en troverdig fortellerstemme. Enkelte ganger, som i eksempelet over, fungerer metaforbruken, men teksten har en overdreven bruk av muntlige virkemidler, dialekt, sms-språk og engelsk sjargong som gjør at dialogene og Anjas refleksjoner litt for ofte blir stive og tilgjorte.
Forfatteren redder fortellingen i havn fordi hun vet hvordan hun skal bygge et plott. #Kampklar tegner et overbevisende bilde av hvor komplisert det er å ta igjen mot netthetsen. Nettmobben er et mangehodet monster som lever sitt eget liv, der det ikke er én person eller én gjeng som står ansvarlig.
«#Kampklar» handler først og fremst om Anjas egen evne til å definere seg selv og sin historie.
#Kampklar
Ungdomsroman
Av Nina Rossing
Vigmostad og Bjørke, 2019
Draumar betyr ingenting
Ungdomsroman
Av Ane Barmen
Gyldendal, 2019
Det er ein gjennomgåande styrke ved romanen at han viser meir enn han fortel og forklarar
«Draumar betyr ingenting»: Angstfylt sorg og famlande kjærleik
Draumar betyr ingenting er ei bok full av kontrastar. Det handlar om liv og død, om å vere ung og å vere gamal, om å vere aleine og å vere saman, om å nærme seg kvarandre og å avvise, om å sakne fortida og å snuble inn i framtida.
Louise har flytta til ein hybel i Ålesund fordi barndomsvenen Tormod døydde i ei mopedulykke for eit og eit halvt år sidan. Romanen syner oss korleis eit nytt dødsfall – mormora døyr like plutseleg som Tormod – trekk ho heim til bygda og ein sommarjobb på sjukeheimen, og korleis ho blir konfrontert med alt det ho har flykta frå.
Her er ikkje svart eller kvitt
Ane Barmen skildrar relasjonane til Louise realistisk og ambivalent. Vi får sjå verda gjennom hovudpersonen sine refleksjonar og tankar, og ho er sjeldan einig med seg sjølv. Verda er mest grå, her er ikkje svart eller kvitt, uansett om det er vener, familie eller arbeidsstad ho skriv om. Louise har til dømes eit vanskeleg forhold til storesystera Isa, som ho kjenner at ho har minimalt til felles med.
Gjennom teksten hakkar dei konstant på kvarandre, og skildringane av Isa er iblant nådelause, samstundes er det ingen Louise forsvarer så intenst mot ytre fiendar som nettopp storesystera. Eit anna døme er korleis ho mistrivst på sjukeheimen, det gjer vondt i ryggen og det er ubehageleg å «tørke ræv», men på same tid knyter ho seg til pasientane, spesielt den demente Karen, som saknar bestevennen sin slik Louise sjølv gjer.
Meldinga held fram under annonsane.
Legg lokk
Kjernen i teksten er sorga over Tormod. Forteljinga oppheld seg like mykje i fortida som i notida. Louise og Tormod var bestevener, og rett før han døydde var dei på veg inn i eit kjærleiksforhold. Ho sørgjer ikkje berre over tapet av han, men også over alt dei ikkje fekk, og ho maktar ikkje snakke med nokon. Alt ho legg lokk på skapar angst, og ho slit med panikkanfall. Angst og panikk er merkelappar som ikkje blir brukt eksplisitt, i staden skildrar teksten dei kroppslege reaksjonane, og det er ein gjennomgåande styrke ved romanen, at han viser meir enn han fortel og forklarar. Dei vanskelege kjenslene kjem også fram gjennom handlingane til Louise, som når ho fjernar bursdagskorta frå Tormod som heng på veggen, eller når ho ringer til telefonsvararen hans.
Tentaklar
Stadig kjem teksten tilbake til at Tormod elska blekksprut. Han fortalde entusiastisk om det intelligente blautdyret med ni hjernar – ein for kvar arm i tillegg til hovudhjernen – og korleis blekkspruten kan erstatte tentaklane sine om han mistar ein av dei. Louise fortel at sorga over Tormod «kjennest som om du har mista ein tentakel som aldri veks ut att». Blekkspruten sine armar blir dermed eit bilete på alle relasjonane hennar. Folka rundt ho er ein del av ho, og dei er smertefulle å miste.