Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Kva skal til for å makse i Den kulturelle skolesekken?

KATEGORI

Musikk, Skole,

SJANGER

Anmeldelse,

PUBLISERT

mandag 6. februar 2017

Periskops nye serie MAKS tar utgangspunkt i dei kunst- og kulturuttrykka som får best tilbakemelding frå skulane. Først ut er Buskerud fylkeskommune med musikkframsyninga Lydrommet.

↑ Illustrasjon: René Josdal.

Serieboks: DKS MAKS


I serien DKS MAKS set Periskop søkelys på dei produksjonane i Den Kulturelle Skolesekken som får best tilbakemelding frå skulane. Vi har spurt kommunar og fylker kva produksjonar som har blitt best teke imot, og ser nærmare på dei gjennom ein serie kritikkar av dei produksjonane.

Finst det noko mønster i kva som er best likt eller kva som opplevast som ein suksess? Og har produksjonane noko samanheng knytt til tematikk, estetikk eller deltaking? Korleis står dette opp mot kritikarblikket?

Vi gjer merksam på at kommunane og fylka har ulike vis å måle tilbakemeldingar frå skulane på, og dei kan dermed ikkje samanliknast direkte. Nokre fylke tel gjennom skjema dei tek imot frå skulane, mens andre brukar skjøn når dei har meldt sine framsyningar til Periskop.

Foto: Lydrommet/DKS.

Tre improvisasjonsmusikarar og ein lysdesignar står bak kvartetten Lydrommet, som debuterte ved Ultimafestivalen allereie i 2010. Sidan den gang har dei turnert og spelt for både vaksne og born, og haustar gode tilbakemeldingar for oppsetjingane dei har gjort for Den kulturelle skulesekken.

Utanfor gymsalen ved Gvarv skule i Sauherad vandra eg gjennom ein stim av born som venta på å kome inn til konsert. Då eg smatt forbi dei og inn i gymsalen var det som å vandre inn i eit endelaust rom. Gymsalen var so mørk at eg ikkje kunne sjå andleta til korkje musikarane eller elevane medan dei fekk beskjed om å samle seg rundt ei form i sølvmateriale i midten av rommet.

Utan vidare introduksjon byrja musikken å spele og borna blei raskt oppslukt i det som var i ferd med å skje. Dei fire utøvarane var plassert i kvart sitt hjørne rundt elevane. Eit svakt klangteppe frå gitarist Are Lothe Kolbeinsen utvikla seg langsamt saman med rassling og «pling»-lydar frå trommeslagar Ulrik Ibsen Thorsrud og trompetist Stian Omenås, som også supplerte med enkel perkusjon.

Lydlandskap med stigande energi

Med hjelp frå folien i midten, lyskastarar og lampar, og elles både veggar og tak, kasta lysdesignar Elisabeth Nilsson lys på måpande andlet. Ei lyskule dukka opp på veggen bak meg og summinga frå snakkande, spente elevar blei erstatta av utrop om kva dei såg og høyrde.

Etter få sekund var vi alle omkransa av eit mørke der uforklarlege lysfenomen følgde rørslene i musikken – og motsett. Musikken hadde få konkrete motiv, men utvikla seg som eit lydlandskap med stigande energi. Etter nokre minutt gjekk dei tre musikarane gradvis inn i ein tung rockebeat, og fleire av borna nikka entusiastisk med rytma.

Ein meir konkret rytmikk kontrasterte det elles meir abstrakte lydbiletet og bidrog til at fleire av borna lot seg rive med av musikken. Saman med lysdesignet skapte musikken i utgangspunktet eit spennande totaltbilete, med fine element, til dømes då dei seinare i konserten improviserte med lysande ballongar. Seansen skapte ein forløysande verknad samanlikna med det meir spente uttrykket som musikarane innleia med.

Fakta om Lydrommet


Oppsetjinga blei fyrste gong spelt under Ultima festivalen 2010 på Teknisk Museum.

Lydrommet har sidan 2012 turnert i Den kulturelle skolesekken i Sør-Trøndelag, Oppland, Hedmark, Aust-Agder, Telemark og Buskerud. Oppsetjinga er anmeldt frå Gvarv skule i Telemark 19. januar 2017.

Oppsetjinga er trekt fram av Buskerud fylkeskommune som èi av tre oppsetjingar frå sist skuleår dei har fått spesielt gode tilbakemeldingar på. Dei to andre oppsetjingane var Pavlovs Tispe av Kai Johnsen og Camara Joof og kinofilmen Gilberts grusomme hevn.

 

Medverkende i Lydrommet:

Are Lothe Kolbeinsen (gitar)

Stian Omenås (trompet, perkusjon)

Ulrik Ibsen Thorsrud (musiker)

Evelina Dembacke (lysdesignar)

Foto: Lydrommet/DKS.

Opnar opp for nye tankerekker

Utan at borna la merke til det hadde Omenås tatt med seg trompeten og lagt ut på vandring omkring i rommet. Nokre born skvatt heilt tydeleg då han stod bak dei og brått blåste ut svake, lange tonar frå instrumentet sitt. Ikkje lenge etter sendte Nilsson eit lys nesten heilt opp i taket, der trommeslagar Thorsrud umerka hadde klatra til toppen av ei høg gardintrapp og laga lengtande, spøkelsesaktige lydar på ei sag.

Slik brukte musikarane rommet til å skape ei større oppleving rundt musikken, utan at dei drog for mykje av fokuset vekk frå den som det mest sentrale elementet i framføringa. Vandringa og påfunna som blei gjennomførte virka heller som impulsar i samspel med musikken. Soleis kunne dei – i beste fall – lære borna noko om kva slags fantasifulle tankerekker samtidsmusikken kan skape.

Når musikarane og lysdesignaren var i ein aktiv dialog, kunne ein sjå korleis musikalske idear som kanskje er litt fjerne frå dei musikalske assosiasjonane ein har innarbeida, faktisk kan resultere i konkrete impulsar gjennom fysiske rørsler eller endringar i lyseffektane. Slik kan borna skape seg nye knaggar og assosiasjonar til den improviserte musikken, og soleis auke repertoaret i sine eigne musikalske referanserammer.

Foto: Lydrommet/DKS.

Surrealistisk rom

Etter at dei runda av konserten på sine opphavlege plassar i rommet, og før vi gjekk kvar til vårt, fekk borna høve til å stille spørsmål og dele nokre ord om si oppleving. Då hagla det inn kommentarar om fluger og mygg, skumle dyr som vakna frå djup søvn, spøkelse og zombiar.

Eleven som fekk siste ord spurte like godt: «Finst spøkelse på ekte?», som om desse fire kunstnarane hadde tilgang på informasjon som ingen andre kjente til.

At borna kunne få eit inntrykk av at det overnaturlige eller det draumeaktige var reelt var ikkje vanskeleg å forstå. Den totale opplevinga av førestillinga var som ein introduksjon til eit surrealistisk rom styrt av musikarane. Mørket skapa ei kjensle av eit uendeleg rom, der dei uføreseielege lyselementa som dukka opp i samspel med musikken skapte eit sterkt inntrykk av at kva som helst kunne skje.

Både musikken og lysdesign var svært abstrakt, og slik kan så varierte assosiasjonsrekker som borna presenterte i etterkant oppstå. Borna fekk også forklart at det heile var improvisert, og soleis formidla musikarane at dei let fantasien sin få like mykje spelerom som den gjer hjå borna.

Rommet som blei skapt gjorde ikkje naudsynleg at borna stilte spørsmål til kva som er ekte eller ikkje, men det mørket som omkransa oss inviterte kanskje til frie tankestrøymar dei elles skapar saman i fri leik. Måten Lydrommet nytta rommet på kan lære borna at kunstopplevingar kan vere ein slik arena for både vaksne og born.

Konkretisering av impulsane improvisert musikk kan skape

Då Lydrommet spelte på Garv skole avdekte det korleis ein klar musikkpedagogisk effekt kan kome ut av lysdimensjonen i Lydrommet: Det kan lære borna å opne seg og oppleve improvisert musikk på sine eigne, ibuande premiss. Samtidig var det også ei total kunsterfaring med eigenverdi.

Vandringa og rørslene som blei skapt av både utøvarar og lysdesign, fungerte som ei slags konkretisering av impulsane improvisert musikk kan skape. Men det beste med prosjektet er at det ikkje eigentleg lærer borna noko nytt, men heller gir dei stadfesting på at det å leike og å late fantasien springe fritt ikkje berre er lov – det er noko vaksne også samlast for å gjere saman. Og dette er born allereie ekspertar på. I beste fall kan framsyningar som Lydrommet bidra til at dei ikkje vert avlært før det er for seint.

 

 

Annonser
Stikkord:
· ·