Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Nordisk råd samanlikner eple og appelsinar

KATEGORI

Litteratur,

SJANGER

Kommentar,

PUBLISERT

tirsdag 13. oktober 2015

Vinnaren av Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris blir annonsert 27. oktober. Avslører Nordisk råds eigne nominasjonbegrunnelsar kva kvalitetskriterium som ligg til grunn for prisen?

↑ Nordisk råd samanlikner eple og appelsinar

Kva er det som skal til for at ei utgiving skal bli nominert til Nordisk Råds barne- og ungdomslitteraturpris? Etter å ha lese gjennom Nordisk Råds nominasjonsbegrunnelser, sit eg att med ei lang liste med kriterium. I omtalene av dei nominerte er det to som blir nemnt hyppigast, nemleg godt språk og gode illustrasjonar. Sjølvsagt. Ei bok som er nominert til Nordisk råds høgthengande pris bør i det minste ha eit godt språk og gode illustrasjonar, men om vi ser på resten av lista kan vi spore eit stort mangfald, og fleire, og mogelegvis andre kriterium, enn dei som gjeld for bøker for vaksne.

Dagsaktuell og tradisjonsberar

Veikko Holmberg og Sissel Horndal frå det samiske språkområdet er nominert med boka Durrebjørnen og skuterløypa. Vi møter Durre og Darre, mor og son, som ligg og søv sin søtaste vintersvevn, men idet skuterane brøyter seg veg gjennom villmarka, vaknar bjørnane og tar umiddelbart grep. Her kan bjørnane og menneska prate med kvarandre. Dette fører til folkemøte og opprivande diskusjonar og fraksjonar i den vesle bygda. Språket er usentimentalt og Nordisk råd skriv i nominasjonen at det «speglar den samiske måten å fortelje på». Boka er dessutan høgst aktuell for dei mange kommunane som diskuterer fri ferdsel i utmark, men for kven er barne- og ungdomslitteraturen skrive for, igjen?

Dagsaktuell er også Simon Stranger frå Noreg sin roman De som ikke finnes. Samuel har flykta gjennom Europa, og ender opp utanfor vindauget til 18 år gamle Emilie som han møtte på Gran Canaria i forrige roman. Emilie sitt ynskje om å hjelpe går på tvers av Noregs reglar mot å hjelpe ulovlege flyktningar. Meir aktuell er det vel knapt mogeleg å vere.

Dei som ikkje skriv seg inn i vår verklegheit, kan til dømes legge seg på linja for tradisjonsberarar. Holmberg og Horndal med si bjørneforteljing ber ikkje berre med seg en samisk forteljartradisjonen, men også den samiske tilnærminga til og samtala med naturen. Naja Rosing-Asvid frå Grønland si bok Aqipi – til sommerfesten, gir oss ei innføring i gamle kulturrituale, trommedans, matkultur og forteljartradisjon og myter frå Grønland.

Sjølvsagt er bøker som stimulerer borns fantasi ein kategori som blir føretrukke. I eventyret om Maresi i romanen med same namn, fører Maria Turtschaninoff frå Finnland oss inn i et eventyrland på øya Menos, ein tilfluktsstad for jenter. Her får vi kart over øya og klosteret der handlinga foregår, og eit plott og skildringer som tilfredsstiller fantasysjangeren samtidig som boka skildrer usedvanlig sterke jenter med mot og styrke.

Frå Sverige kjem også Jakob Wegelius med Mördarens apa. Dette kan vere både ein sjømannsroman, ei detektivfortelling og ei eventyrfortelling i samme bok, ifølge Nordisk råd sine sider. Denne boka er også utstyrt med eit kart og eit illustrert persongalleri i byrjinga av forteljinga.

Originalitet

Originalitet er vel eit godt kriterium å ha med seg, uansett kven ein skriv for. Islandske Þórarinn Leifssons Maðurinn sem hataði börn, eller oversatt Mannen som hatet barn, blir presentert som sterk og original. Utifrå presentasjonsteksten vil eg tru at originaliteten ligg i kompleksiteten til hovudkarakter Sylvik Kaminski Arias, ein spansk immigrant med polsk herkomst. Mor er død, han bur hjå bestemor, og i det vi møter han er systera hans nettopp forsvunnen. Dessutan skjelv menneska i Reykjavik over ein mogeleg barnemordar på frifot. Her er det rom for mykje spenning.

Mette Hegnhøj frå Danmark blir ikkje berre presentert som original men også autentisk. Med Ella er mit navn vil du købe det? Æske med løsblade og poetsne, flytter Hegnhøj romanen ut av dei stive permane. Asken med lause ark er nedteikningar av 11–12 år gamle Ella som er mykje åleine når mor får seg kjæreste. Etter kvart forsvinn katten hennar, og til slutt forsvinn ho sjølv. Her ber sjølve formgjevinga av forteljinga på autensiteten. I nominasjonen skriv Nordisk råd det følgjande: «Lek med bokstavene slik at de danner bilder, konkrete iakttakelser som fanger det uhåndgripelige, barneresonnementer som åpner opp for motet til å la få ord være nok – det er noen av de virkemidlene som gjør denne esken til et unikt kunstverk.»

Mangfald

Blant dei 14 nominerte er den største variasjonen innan sjanger. Vi har ei fagbok om Leonardo Da Vinci, skrive av Marjatta Levanto og illustrert av Julia Vuori frå Finland med tittelen: Leonardo oikealta vasemmalle, eller, oversatt til norsk, Leonardo fra høyre til venstre. Vi har ei bildebok om vêret av islandske Bergrún Íris Sævarsdóttir med tittelen Vinur minn, vindurinn, eller Min venn, vinden. Vi har Wegelius sin Mördarens apa på over 600 sider, Mette Hegnhøj sine lause ark og Stranger sin påtrengande realisme og Turtschaninoffs eventyrunivers. Det er ikkje grenser for kva Nordisk Råd skal samanlikne og diskutere før prisen blir tildelt. Ved fyrste gjennomlesing av dei nominerte tok eg meg sjølv i å bli opprørt på barne- og ungdomsforfattarar sine vegne. For det er ikkje grenser for kva desse skal vere. Dei skal vere språkberarar, fantasiberarar, realismeberarar og tradisjonsberarar, medan forfattarar som skriv for vaksne helst berre skal skrive drivande godt.

Eg stiller meg noko kritisk til om det er mogeleg å samanlikne ei biletbok med ei fagbok med ei barnebok med ei ungdomsbok. Prisen forsøker å favne heile det mangfaldige barne- og ungdomslitteraturfeltet på ein gong. Det seier seg sjølv at det er umogeleg. Det er for eksempel ingen lyrikksamlingar, novellesamlingar eller teikneseriar som er nominert. Komiteen skal rett og slett samanlikne eple og appelsinar. Og når slike samanlikningar blir gjennomført, kan vurderinga bli noko anna enn: «Kven sin tur er det no? Eplet eller appelsinen?»

 Flere av nominasjonene er anmeldt på Barnebokkritikk.no

Vi gjør også oppmerksom på at faktafeil er rettet opp i teksten etter publisering. 

Annonser
Stikkord:
· · ·