
POSTKORT FRÅ DKS: All slags kjærleik er lov
Forfattar og artist Heidi Marie Vestrheim har vore på turné med gitar og boka si om Jenny Fender – og med eit bodskap om at mangfald er viktig og at all slags kjærleik er lov i ei verd som ser ut til å være redd for alt som er annleis.
↑ Heidi Marie Vestrheim og Silja Sol Dyngeland i turnémodus. Foto: Privat

POSTKORT: Heidi Marie Vestrheim er frilansmusikar, programleiar i barne-tv og debuterte i 2023 som barnebokforfattar. No har ho sendt postkort frå ein DKS-turné til Periskop. Foto: Jan Khür/Gyldendal
Er ho gay?
Ja, ho er nok det.
Åja.
Alle foto: privat / frå Vestrheim
Fyrste gong eg var på turne var eg 14 år. Det var riktignok å busse frå bedehus til bedehus i vinterferien saman med Ungdomskoret i regi av Indremisjonen, men det var ekte turne med nytt bedehus kvar dag, langt vekke frå Vestlandsbygda mi, med overnatting i gymsalar og andre store rom. Og det var akkurat magisk nok, dette omreisande og musikalske livet, til at eg tenkte at dette var noko eg skulle jobbe hardt for at skulle skje så ofte som mogleg i livet.
Då eg var 19 år vart tru, bedehus og korsong bytta ut med klubbar, skitne backstage’ar, Hooch og elektronisk-popmusikk. Saman med bandet Atakama surfa eg på Bergensbølga, og den skvulpa oss rundt heile Norge, England, Frankrike – og igjen kjente eg på at dette var sjølvaste livet.
I over 25 år har eg både i band og som soloartist tilbakelagt eit utal netter på hotell, motel, hostel, Vandrerhjem, nightliner, heime hos arrangørar, på loft, i stabbur, på sofa backstage, i campingvogn eller telt som følge av ei framføring på ei eller anna scene. Og ikkje éin gong har eg skada meg. Ikkje før no.
Kor gammal er du?
48 år.
Du liknar på tanta mi.
Les Periskop-meldinga av Heidi Marie Vestrheim og hei kalas HER
SPØRSMÅL: Kva er det eg elskar? Kva er det me som reiser land og strand i kvar ein krik og krok elskar? Foto: Privat

Fakta:
Produksjon på turné i regi av Innlandet Fylkeskommune i mars 2025 for 5.-7.-trinn: Utforsk produksjoner i DKS | DKS Innlandet
- Produksjonen er produsert av Den kulturelle skolesekken Akershus, Buskerud og Innlandet.
Heidi Marie Vestrheim har med seg Silja Sol Dyngeland eller Brit Aksnes. Saman speler dei rock – og fortel om Jenny Fender og Signe Casio:
Bandet deira er kaputt, ferien er kaputt, livet er kaputt. Signe er borte, og Jenny Fender er aleine igjen i bygda. Det er nesten så ho vert heilt deprimert.
Dessutan er den nye naboen kjempeirriterande, med rocka sveis og trommesett i kjellaren. Ho spradar rundt med det skeive smilet sitt og gjer Jenny heilt svimmel. Dette blir verdas VERSTE sommar … eller?
Eg elskar livet på vegen, livet som omreisande formidlar, musikar og forfattar.
Ei glasdør i vegen …
DKS er ikkje for pyser, brukar eg (og alle som driv med DKS) å seie. Mest fordi det er mykje hard jobb, mest fordi det er mykje reising, mest fordi det er utruleg mange formidlingar, repetisjon av materiale og til tider stor slitasje på kropp og sjel, men også fordi skular har glasdører. Og glasdører er livsfarlege når ein svolten musikar/forfattarar skal finne eit lærarrom ein ikkje heilt veit kvar er og har dårleg tid og difor tenkjer at ein må gå veldig fort rett fram utan å sjå seg for.
Så, det var fyrst i ein alder av 47 år at eg verkeleg skulle få kjenne på kva rock ’n’ roll-turneringa har å by på. Eg gjekk rett i glasdøra med full styrke, knakk nasen, blodet spruta, elevar løpte løpsk, lærarar vart omsorgsfulle og eg vart sjokkskadd. Pluss nase-skadd.
Men eg elskar livet på vegen, livet som omreisande formidlar, musikar og forfattar. Sjølv om eg av og til lurer på kvifor eg elskar det?
For det finst jo dagar med alt for smale, glatte vegar, dagar med for lite dagslys og for mange gymsalar, dagar der GPS-en sender meg inn på grusveg i skog som ikkje endar opp i ein skulegard i det heile, dagar der taco-bagett på Amfi er einaste løysinga på lunsjen, dagar der sakn etter ungane mine heime blir for stort, dagar der eg heller gjerne skulle lege i sofaen med kona mi og sett på serie, dagar der ingen kjem for å hjelpe med å bere utstyr, gymsalen er for kald og kaffien for svak.
Gitaren din er lik som den på bildet.
Ja, det er med vilje.
Åja.
MOTIVASJON: Men kva ofrar ein ikkje for å sjå unge, fine fjes lyse opp? Foto: Privat


INNHOLD: Boka om Jenny Fender handlar om alt virvaret ein kan oppleve i overgangen mellom barndom og ungdom. Dette er ei forteljing om vennskap, rock og kjærleik. Foto: Gyldendal
Å merke at den eine der i mengda sug til seg orda, musikken og kanskje hugsar det resten av livet
Frå gymsal til ei lita, intim verd
Kva er det eg elskar? Kva er det me som reiser land og strand i kvar ein krik og krok elskar?
Møta med elevane. Responsen frå elevane. Spørsmåla til elevane. Blikket til elevane. Små fjes som utrykker så mykje meir enn ord kan. Å merke at den eine der i mengda syg til seg orda, musikken og kanskje hugsar det resten av livet. Stemninga idet ein forvandlar ein gymsal om til ei eiga, intim, lita verd, der berre me som er der skjønar og kjenner kva som skjer. At ein kan gi. Gi noko som dei ikkje hadde fått om ikkje akkurat eg kom på besøk. Noko som dei voksne der heime kanskje ikkje hadde prioritert, tillate eller sett verdien av.
Det skal seiast at eg også elskar alt som skjer etter kl 14:00, når kanonballar, kjegler, klatretau og innebandykøller nok ein gong regjerer i gymsalen. Då er eg og dei fine folka eg reiser med ute og inspiserer kva lokalmiljøet har å by på: spa med ulik suksessrate, badstove ved fjorden, Pilates med deprimerande avsløring av eiga helse, toppturar, bolle på det lokale bakeriet, onsdagsfilmen på TV-Norge, hårklipp på hotellrommet, kviss på den lokale puben, linedans-kurs, vandring på stranda, sjå på freda bygningar, kinoen med kun oss i publikum, fleskepannekaker over disk, parkere utan å måtte betale (for det er det ingen som gjer i Kopparvik sentrum må vite) eller drikke drink i bar som har eiga is-sklie.
Handlar boka om deg?
Nei, eg ville bli musikalstjerne. Men det er masse i Jenny eg kjenner meg godt igjen i.
Stemninga idet ein forvandlar ein gymsal om til ei eiga, intim, lita verd, der berre me som er der skjønar og kjenner kva som skjer
Bandet Hei kalas består av Roy Ole Førland, Heidi Marie Vestrheim og Annikken Theodorsen. Foto: Jan Khür


HEI KALAS sitt album "Hvorfor er jeg allergisk" fra 2020 ble nominert til Spellemann. Foto: BlueBox Records
No for tida er det eg elskar mest av alt at me får vise dei unge rundt omkring at det finst små Jenny Fender’ar der ute
All slags kjærleik er lov
Men no for tida er det eg elskar mest av alt at me får vise dei unge rundt omkring at det finst små Jenny Fender’ar der ute. At mangfald er viktig, at all slags kjærleik er lov. Det kjennest ekstra viktig no. No som verda ser ut til å vere så redd for alt som er annleis. No som verda er så delt, alt er så enten eller og alle er så bastante.
Jenny Fender handlar om 12 år gamle Jenny som drøymer om å bli rockestjerne og reise på verdsturné saman med bestevenninna si, Signe. Men idet sommaren startar, står både rockedraumen og vennskapet i fare når Signe må flytte, og ei ny jente frå Oslo flyttar inn i nabolaget. Og det verste av alt – Jenny vert forelska. I denne nye nabojenta.
For meg er det viktig å få fram at det er ikkje det at ho forelskar seg i ei jente som er problemet, nei det er den kjærleiken som er problemet, når ein trass alt har sverga til sin beste venn att klissete klining og klissete kjærastar det skal ein ikkje halde på med når ein må bruke all si tid på å verte rockestjerne.
Er ho gay?
Ja, ho er nok det.
Åja.
Knokken nase, blod og legevakt er ganske rock and roll …
Men kva ofrar ein ikkje for å sjå unge, fine fjes lyse opp? Enten av glede eller av at dei fekk besøk av ein god tanke eller idé der inni skallen sin som forhåpentlegvis skal surfe der inne som ei eiga, designa Bergensbølge og etter kvart skvulpe dei i land ein plass der gode ting kan skje.
Er du gay?
Ja, og eg trudde ikkje eg kom til å få gifte meg eller få ungar, men no sit eg på Vålerenga med kone, to ungar, hytte og bil.
Er du seriøs no?
Ja, heilt seriøs.
Annonser

