Intervju Reportasje
Visuell Kunst
Performance mot kunstangst
24 januar 2023
– Det er så hypa at ein skal forstå alt, umiddelbart, seier performancekunstnaren Kurt Johannessen. Over alt lærer barn at målet er å forstå. Performance gir barn og unge ein annan inngang. For her får dei sjå verdien av å berre oppleva – og kanskje bli kurert for kunstangst.