Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Performance mot kunstangst

KATEGORI

Visuell Kunst,

SJANGER

Intervju, Reportasje,

PUBLISERT

tirsdag 24. januar 2023

HVOR
Bergen

– Det er så hypa at ein skal forstå alt, umiddelbart, seier performancekunstnaren Kurt Johannessen. Over alt lærer barn at målet er å forstå. Performance gir barn og unge ein annan inngang. For her får dei sjå verdien av å berre oppleva – og kanskje bli kurert for kunstangst.

↑ Kurt Johannessen sin performance «BLU 10» i Bergen Kunsthall (2010). Kunstnaren opplever barna tek imot hans performancar med opne armar. Foto: Tove K. Breistein

Kurt Johannessen er ein av våre leiande performancekunstnarar i landet og har vore aktiv i 40 år. Han lagar ikkje performancekunst med barn, eller nokon publikum eigentleg, i tankane, men opplever at barn er så mottakelege for nye tankar og hendingar at dei tek imot hans surrealistiske og humoristiske performancar med opne, nyfikne armar. Dei vaksne visar til tider meir motstand.

Dei vaksne visar til tider meir motstand

Kurt Johannessen var ein av dei første i landet som starta med performance i Noreg. Nokre av performancane har han reist rundt med gjennom DKS. Foto: Tove K. Breistein

Performance i vekst

Dei siste 15 åra har performancekunst verkeleg vakse i Noreg. Kva tilbod og arenaer finst for unge til å oppleva performancekunst? Og finst det tilbod eller kurs der unge kan læra å utøva denne kunstforma sjølv? Gjennom ein reportasjeserie om performancekunst vil Periskop ta ein nærare kikk på desse to aspekta.

Eg startar med ein prat med Kurt Johannessen for å få eit inntrykk av korleis barn og unge møter dette kunstuttrykket. Han er i stor grad ein sjølvlært performance-kunstnar med berre nokre kurs innan feltet bak seg, og var ein av dei første i landet som starta med performance. Sidan tidleg på 1980-talet har Johannessen vist verka sine i Europa, Asia og Amerika. Nokre av desse performancane har han òg reist rundt i Noreg med gjennom Den kulturelle skulesekken (DKS).

Dei siste 15 åra har performancekunst verkeleg vakse i Noreg

Med fokus på performancekunst


Periskop innleder ein ny serie om performance. Hvilken verdi kan eit møte med performance ha for barn og unge – og hvor har dei unge ein anledning til å bli undervist og utvikle seg i kunstuttrykket.

Kurt Johannessen er ein av landets første  performancekunstnar, han uttrykker seg leikande og performativ på tvers av ulike kunstformer, som skulptør og bok- og biletkunstnar. Under opninga av dei 49. Festspillene i Bergen i 2001 dryssa han til eksempel Lyrisk regn over publikum i form av 460 000 papirlappar med poetiske tekstar. Han har gjennom åra hatt fleire performance rettet mot barn og unge, og har også gjort oppdrag gjennom DKS.

(Kilde: Store norske leksikon)

Kurt Johannessen studerte skulptur då han oppdaga at han fann prosessen kring det å laga kunst meir interessant enn det ferdige resultatet. Foto: Tove K. Breistein

Om å oppleva meir enn å forstå

På dataskjermen min dukkar eit lystig andlet opp. Ein smilande Kurt Johannessen på Zoom. Då han starta å studera i Bergen tidleg på 80-talet, fanst ikkje undervisning i performancefaget. Saman med performancekunstnarar, som Rita Marhaug, Roberty Sot, Karen Kipphof og Agnes Nedregaard, oppretta Johannessen organisasjonen Performance Art Bergen (PAB) i 2011. Aktiviteten og miljøet har vekse sidan då. No har han meir enn 350 ulike performance-produksjonar bak seg, samt fleire bøker som er utgitt på hans eiget forlag Zeth.

Kurt Johannessen studerte skulptur då han oppdaga at han fann prosessen kring det å laga kunst meir interessant enn det ferdige resultatet – det å visa handlinga på ein direkte måte.

– Performance handlar om å vera konsentrert og til stades i situasjonen. Det handlar ikkje om å forstå, men om å oppleva. Medan å forstå er noko som tek tid, er oppleving noko som skjer der og då, fortel kunstnaren.

Det handlar ikkje om å forstå, men om å oppleva

Forsida til boka «KjARTan Slettemark - kunsten å falle» (2009). Boka er bygd rundt den svenske fotografen Brita Olsson sin fotodokumentasjon av Slettemarks liv og kunst frå 1967-2008. Forfattere: Idun A. Husabø og Susanna Slöör.

Kroppen er ofte det viktigaste verktøyet, og sjangeren hentar gjerne element frå biletkunst, teater, dans og musikk

Aksjonar og ein puddel

Etter andre verdskrigen vaks performance-kunst fram i USA som ei vidareføring av avantgarderørsla i mellomkrigstida. Kroppen er ofte det viktigaste verktøyet, og sjangeren hentar gjerne element frå biletkunst, teater, dans og musikk. Yoko Ono, Matthew Barney og Marina Abramovic er nokre namn me kjenner frå utlandet.

I Noreg er Kjartan Slettemark sentral. Mot slutten av 60-talet utførte han det som då vart kalla happenings eller «aksjonar». Ikledd kostymer iscenesette Slettemark eigen kropp i provokative performancer, ofte med ein samfunnskritisk brodd. Eit døme er då han kledde seg ut som puddel og reiste rundt til galleri og museum utan invitasjon for å symbolisera kunstnaren si krevjande rolle som underdog i samfunnet. Mykje har skjedd sidan då – og performance har vorte akseptert som eit seriøst og viktig felt innanfor kunsten.

Ikledd kostymer iscenesette Slettemark eigen kropp i provokative performancer

Performance i ein privat heim i Bergen, «BLU10» (2010). Foto Pavana Reid

Svart dress og nærvære

Då Kurt Johannessen starta si utforsking av feltet, søkte han seg ut av Noreg. Han valde å ta nokre av studiane i Reykjavik og London og trekk fram kunstnarane Brian Catling (1948-2022), Laurie Anderson og Stuart Brisley som kjelder til inspirasjon.

Kurt Johannessen har arbeida mykje med eit sterkt fysisk og mentalt nærvære i sine performancar. Med svart dress som uniform har han entra ein situasjon og vore til stades i denne situasjonen på ein undersøkande måte som utfordrar tilskodaren til å sjå omgjevnaden på nytt vis. Stoppa og tenka. Nye, ferske perspektiv.

Medan den svarte dressen er ein gjengangar i Kurt sine performancar, har hovudet til tider vore dekka av ein stor blå ballong, beina laga av kvistar eller munnen vore full av hundrevis av trådar som strekk seg utover.

Kurt Johannessen har arbeida mykje med eit sterkt fysisk og mentalt nærvære i sine performancar

Eg har sjølv fleire erfaringar med performancekunst der eg først har forstått ting lenge etterpå

– Barn har det naturleg i seg

Etter kvart har Kurt Johannessen hatt mange performancar for barn, både i skulen og barnehagen, på reiser rundt om i landet.

– Barn har det naturleg i seg. Dei tek imot ting og har ikkje same behov som vaksne for å forstå og plassera ting innanfor kategoriar og boksar. Eg har sjølv fleire erfaringar med performancekunst der eg først har forstått ting lenge etterpå. Fleire år seinare, til og med. Og det er heilt naturleg. Ein kan berre kjenna på det som skjer, og la det verka inni seg. Forståinga er berre eit biprodukt, fortel Kurt engasjert.

Då han arbeida for Den kulturelle skulesekken kunne han møta to til fire skuleklassar kvar dag og ta imot 40 til 100 elevar per performance.

– Eg utførte ein performance som eg kalla «Fyrste overlevering».  Då prøvde eg å helsa på elevane, for så å gi dei ein pitteliten porselenselefant som eg tok ut av munnen min. Ikkje alle turte helsa på meg, men når dei såg kva som hende, ville mange likevel. Ein gong ville 70 elevar at eg skulle helsa på dei. Det var som å stå i eit ropande, bølgande hav, for så å endra seg til total stille når eg gav ut ein elefant. Det er noko av det mest magiske eg har opplevd, fortel kunstnaren begeistra.

Under visninga av «BLU 10» i Bergen kunsthall, 2010. Foto: Tove K. Breistein

Forståinga er berre eit biprodukt

Eit barn følger med under ein performance i Dale kyrkje, «Preludium 2» (2022). Foto: Monica Takvam, Pavana Reid.

Det siste me treng å læra barn er kunstangst!

Påverka av dei vaksne

– Møter barn performance annleis enn vaksne?

– Vaksne kan vera litt knytt og ha ein kunstangst som øydelegg for opplevinga. Barn er i utgangspunktet heilt klare for opplevingar, men dei vert påverka av haldningane til dei vaksne – det siste me treng å læra barn er kunstangst! meiner Kurt.

Han hugsar eit møte som ikkje gjekk så bra.

– Eg brukte å reisa rundt og lesa i bøkene mine og fortelja om performance. Eg gav skulen eit utval av bøkene mine, slik at dei kunne lesa og sjå litt før eg kom. På ein skule vart eg møtt av ein lærar som sa: «Me viste ikkje heilt kva me skulle gjera med dette», og gav  bunka med bøkene tilbake til meg. I timen med elevane var det ingen som våga spørra eit einaste spørsmål, og det var heller ingen som turte helsa på meg under performancen, så ingen elefantar var gitt bort. Det var den einaste skulen der ingen turte helsa på meg, av over 100 skulebesøk, fortel Kurt.

Det var den einaste skulen der ingen turte helsa på meg, av over 100 skulebesøk

Performance i Byparken i Bergen, «Tuande Ferd» (2020). Foto: Petter Lønningen

Er det denne surrealistiske tankegangen og Kurt sitt fordomsfri vesen som trosser normer og såkalla normalitet som appellerer til barn?

Hårsamlaren

Kurt lagar ikkje performance direkte retta mot barn, men seier han tenker som eit barn og finn prosjekter i sitt eige repertoar som passar for dei yngre òg.

I 2009 starta han eit prosjekt der han ville samla inn så mange hårstrå som mogleg frå heile verda. Prosjektet «The Hair Collection» strakk seg over syv år, og i samband med det oppretta han eit hårinnsamlingskontor.

Er det denne surrealistiske tankegangen og Kurt Johannessen sitt fordomsfri vesen som trosser normer og såkalla normalitet som appellerer til barn? Eg kan sjå for meg ei gruppe med barn som sitt rundt, eller på eller under eit bord, kanskje, som i fullt alvor diskuterer og vurderer viktigheita av å oppretta eit hårinnsamlingskontor. Eg kan òg sjå for meg Kurt Johannessen i same setting.

Kurt les opp to dikt frå si rike tekst-produksjon som får oss begge til å le:

Fyrstikken var så nervøs for at ho ikkje skulle ta fyr, at ho tissa på seg.

Eller.

Tenk på noko du ikkje veit.

Igjen er det lett å sjå for seg ein barneklasse som ler seg i hel av tanken på ein fyrstikk som tissar på seg. Det er òg lett å førestilla seg seriøse andlet som konsentrerer seg i forsøket på å tenka på noko heilt nytt.

Tenk på noko du ikkje veit

«Exbodiment #4» vart vist i Kunsthall Giessen i 2022. Foto: Rolf K. Wegst

Gjennom performance, teikning, maling eller andre ting, får ein brukt dei intuitive energiane

Hundre performancar på ei veke

Kurt Johannessen har trua på å læra gjennom handling. Han meiner bøker ikkje alltid er beste kjelde for læring.

– Det er sjølvsagt mykje læring i bøker, men det å lesa handlar i stor grad om å forstå. Det er ikkje noko gale i det, men ein får ikkje brukt sine kreative evner. Gjennom performance, teikning, maling eller andre ting, får ein brukt dei intuitive energiane. Ein prøver å finna ut av noko heilt nytt. Noko ein framleis ikkje veit finst, meiner Kurt.

Då han heldt kurs for arkitektstudentar på Bergen Arkitekthøgskole, måtte dei framføra performancar dagleg for kvarandre for å skrella vekk det teatralske og komma til kjernen.

 – Workshopen skulle utfordra arkitektstudentane til å tenka friare rundt det å laga eit hus. Ikkje berre kor skal bad, kjøken og stove plasserast, men prøva å tenka ut meir ukonvensjonelle måtar for kroppen å vera i eit rom på. Eg utvikla ein måte å kursa på som fungerte bra. Kvar dag fekk dei som oppgåve å gjera små handlingar, eller små performancar på seks-sju minutt som dei måtte visa for klassen. Det kunne vera å utføra ei handling knytt til eit spesifikt objekt. Målet var ikkje at det skulle vera fantastisk, men at dei skulle få mengdetrening. Dei var kring 20 elevar, og i løpet av ei veka fekk dei sjå 100 performancar. Det var ganske heftig. Det handla meir om kvantitet over kvalitet, og gjennom kvantitet vart det teatralske fjerna og me satt igjen med kjernen av handlinga, forklarar kunstnaren.

Under visning av «Samtalane» i 2022. Foto: Pål Hoff, Pavana Reid

Kunstnaren i sitt atelier i Bergen. Foto: Tove K. Breistein

Eg gjer ikkje performance for å visa meg, men fordi det er ein interessant måte å gå inn i kunsten på

Performance og fotball

Som ung ville truleg Kurt Johannessen ikkje likt desse oppgåvene, og nervane studentane kjente på er noko kunstnaren kjenner att. Som ung var han sjølv sjenert, og dramaundervisinga var langt frå hans arena. Fotball derimot var ei stor interesse, og han trekk parallellar mellom performance og fotball.

– Det handlar om å gjera noko på ein eller annan form for scene. Det å spela ein fotballkamp krev òg at ein er der fysisk og mentalt, med alle auga festa på seg. Det er mykje likt i performance, sjølv om kunsten har eit mykje meir opent rom og i utgangspunktet færre reglar, seier Kurt.

Han har etter kvart fått prestisjefulle oppdrag, som opninga av Festspillene i Bergen, og er nøgd med å våga visa seg fram, vel vitande om at heile kultureliten ser på. No kjenner han ikkje på nervøsitet lenger.

– Eg gjer ikkje performance for å visa meg, men fordi det er ein interessant måte å gå inn i kunsten på. Eg tenker ikkje så mykje på mottakar lenger, i høve til det å bli likt eller ikkje likt. Å arbeida med kunst er som ei reise, og å presentera ei bok eller ein performance er stasjonar i denne reisa som andre kan gå inn i, fortel kunstnaren nøkternt.

Performance i Galleri Christinegaard, «Steinar og luft» (2022). Foto: Pål Hoff, iivi Meltaus

Å arbeida med kunst er som ei reise, og å presentera ei bok eller ein performance er stasjonar i denne reisa som andre kan gå inn i

Ein har så mykje inni seg, så mange inntrykk

Likestiller intuisjon med intellektet

Medan hans performancar brukte vera meir kroppslege og fysiske, som å kasta seg i ein vegg, har dei gradvis vorte meir poetiske og stille. Vitskapsmann og filosof John Bennett har vore ei kjelde for inspirasjon her.

– John Bennett har ein veldig fin og enkel måte å sjå på ting på. Han meiner me har fire energiar: det fysiske, kjensler, intellekt og intuisjon. Desse energiane er alle likestilte og det handlar om å bruka riktig energi i riktig setting. Det er ikkje eit hierarki der intellektet er overordna nokre av dei andre energiane, forklarer Kurt.

Med alderen kjem nye innsikter, og han meiner kunsten er med på å bidra til dette.

– Ein vert meir avslappa når ein vert eldre. Når ein er yngre, handlar det om å komma seg inn i eit yrke og bli ein del av noko. Det kjennes ut som ein må utover når ein er yngre, medan ein som vaksen skjønar gradvis at det handlar om å søka innover. Ein har så mykje inni seg, så mange inntrykk, seier Kurt Johannessen.

Han brukar stadig meir inspirasjon frå inni seg sjølv, men trur òg undervisning, samtalar og det å sjå andre sin kunst kan vera nyttig for å få nye inntrykk. Dei siste 15 åra har han sett ei stor auking innafor performancefeltet i Noreg.

– Kva er årsaka til denne aukinga?

– Eg trur det kommersielle har mindre fokus hjå dei yngre kunstnarar. Før var det mange som ynskja å få kunsten stilt ut på galleri, medan i dag er det meir kunstnarstyrt og ikkje så stort fokus på innkjøp. Mange er meir fri, og det fører folk inn i performance, trur kunstnaren.

«Reise» (2014), vist i Bø. Foto: Pavana Reid

Mange er meir fri, og det fører folk inn i performance

Under visninga av «Snakkande steinar» (2022) på Bryggen Museum. Foto: Petter Lønningen

Kunsten å eta teikningar

Så – kanskje ein kan konkludera med at me må visa barn og unge performance før kunstangsten tek dei, og at me ikkje treng vera så redde for det me ikkje forstår. Verken vaksne eller barn. Performance med sin frie form er inkluderande for dei som ikkje er så begeistra for bøker, dei med maur i buksene og dei med rik fantasi. Det er og lærerikt for dei med låg fantasi.

Johannessen har nok eit døme på eit vellukka møte då han var på Rosendal barneskule. Eller to møter, eigentleg.

– Eg var på ein barneskule i Rosendal i 2003. I 2012 var eg tilbake att i Rosendal og selde teikningar av ville dyr som publikum kunne kjøpe dersom dei åt teikninga på staden. Fleire av elevane eg møtte i 2003 kom og åt teikningar i 2012, minnast han.

Kanskje elevane som kom att i 2012 hadde mindre motstand mot å eta teikningar på grunn av det tidlege møtet med den leikne performancen. Det er ikkje utenkeleg.

Kunstnaren er ikkje i tvil om at barn og unge har glede  av å oppleva performance.

– Barn berre tek inn alt nytt, og så kjem forståinga etter kvart. Det er så hypa at ein skal forstå alt, umiddelbart. I skule og overalt lærer me barna at målet er å forstå. Det er påtrengande. Gjennom performance kan ein «læra» å vera meir open og sjå verdien av å berre oppleva. Difor er performance viktig. Òg for barn, seier Kurt Johannessen.

I neste sak om performance skal Periskop undersøka vidare kva undervisning som finst for unge innanfor performance.

Gjennom performance kan ein «læra» å vera meir open og sjå verdien av å berre oppleva.

Annonser
Stikkord:
· · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · ·