Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Sex? Nei takk!

SJANGER

Debattstoff, Kronikk,

PUBLISERT

mandag 18. mai 2020

– Folk som blei brent på bålet? Ikkje noko problem. Partert og kasta i pisserenna? OK. Men skriv eg ordet sex, får eg høyra det.

↑ Utsnitt fra «Den norske slavehandelen». Illustrasjon: Kristian Krohg-Sørensen. Foto: Gyldendal

Forfattar Anders Totland. Foto: Marius Knutsen

Dei siste åra har eg skrive fleire sakprosabøker for unge, der eg har tatt opp tema som slavehandel, tortur, ærelause yrke, og no sist: historia om dei spedalske i Noreg. Ein del av lagnadane eg fortel om i desse bøkene, er ekstremt dramatiske. Det er folk som blir røva frå heimane sine, sett på utsida av samfunnet, stua vekk på institusjon eller henretta. Særleg i historia om nordmennene som deltok i den transatlantiske slavehandelen er vondskapen så stor at det knapt er til å fatta.

Anders Totland


Kokk, organist, journalist og forfattar

Debuterte med Vampyrane i Eplehagen i 2015 (Kapabel Forlag)

Ungdomsromaner: Engel i snøen (Gyldendal, 2016), Så lenge ingen ser oss (Gyldendal, 2017), Nedteljing (Gyldendal, 2018)

Sakprosabøker for barn: Den norske slavehandelen (Gyldendal, 2018), Nattmannen (Gyldendal, 2019), Lepra (Gyldendal 2020)

Øvrige utgjevingar: Bidrag i antologien Fantasiboka (Skald, 2016), kokeboka Digg (Skald, 2017), Leseland-boka Ut i rommet (Samlaget, 2019) og vaksenromanen Vintertonar (Samlaget, 2019).

 

Vald er heilt greitt

Likevel er det ikkje valden som vekker oppsikt. Side opp og side ned om torturmetodar og grove overgrep går tilsynelatande heilt greitt for dei unge lesarane, som er målgruppa for bøkene. Det skaper spenning i historia, men er samtidig så lenge sidan at det ikkje er spesielt skummelt. Kva som skjedde for fleire hundre år sidan, angår jo ikkje oss. Det er ingen som risikerer å bli dømt til pisking eller henging i dagens Noreg. Og slavar er noko me berre les om i historiebøkene.

Folk som blei brent på bålet? Ikkje noko problem. Partert og kasta i pisserenna? OK.

Men skriv eg ordet sex, får eg høyra det. Og eg treng ikkje eingong å skriva det for at reaksjonane skal komma. Den første gongen eg opplevde kor rart dette kan slå ut, var i samband med lanseringa av Den norske slavehandelen i 2018. Boka er illustrert i teikneseriestil, og det er gjennomgåande ganske uskuldige framstillingar av alvorlege hendingar.

Side opp og side ned om torturmetodar og grove overgrep går tilsynelatande heilt greitt for dei unge lesarane

Du må ha godt syn og ein levande fantasi for å få noko særleg ut av det. Likevel var det nok til at fleire unge lesarar reagerte.

Men på ei side, der eg skriv om korleis ein prest skildra kvardagen på slaveforta som eit liv i hor og fyll, har Kristian Krohg-Sørensen teikna inn ei lita antydning til at nokon har sex på biletet. Ikkje som hovudmotiv, biletet er av ei gate med folk som drikk og har det festleg saman. Men i bakgrunnen, så vidt ein kan sjå det, sit det ei dame med opptrekt kjole på ei tønne, for det meste skjult bak ein vegg. Mannen som står mellom beina hennar er fullt påkledd. Du må både ha godt syn og ein levande fantasi for å få noko særleg ut av det. Likevel var det nok til at fleire unge lesarar reagerte då boka kom.

Illustrasjonen som vakte reaksjoner fra «Den norske slavehandelen», illustrert av Kristian Krohg-Sørensen. Foto: Gyldendal

Du kan ikkje visa dette til ungar, pappa!

Påprakking

Den første var min eigen son, som då var ni år. Han hadde på førehand lese heile manuset til boka for å sjå etter vanskelege ord og uttrykk eg burde forklara betre. Innhaldet i dette kapittelet hadde han ikkje reagert på. Då han såg biletet i den ferdige boka, kom derimot reaksjonen: «Du kan ikkje visa dette til ungar, pappa!»

Og han var ikkje åleine. Fleire eg møtte i tida etterpå gav uttrykk for det same: Sex høyrer ikkje heime i bøker for barn. Sånn er det berre.

Det ferskaste dømet på dette fekk eg då Bergens Tidende nyleg melde den siste boka i serien, Lepra. Heile bokmeldinga er løyst som ein samtale mellom bokmeldar Guri Fjeldberg og 12 år gamle Vera Semen Kjetland. Midt i samtalen referer den vaksne Guri til korleis nokon av personane i boka «hadde stevnemøter i smug». Då eg las den vidare dialogen, måtte eg først le. Men det var òg noko tankevekkande der:

Vera: Det med sexen kunne forfatteren godt spart seg. Det trengte jeg ikke å vite.

Guri: Så det går bra med han som skar seg over sin egen hals med brødkniven, men ikke at to leprasmittede har sex under en busk?

Vera: Akkurat. Du er voksen og synes sikkert at sex er kjempegøy, men hvorfor prakke det på barn?

I det neste svaret seier Guri Fjeldberg at det er eit poeng for historia at legane trudde sjukdommen kunne vera arveleg, og at folk difor ikkje måtte få ungar. Men for 12-åringen er det framleis berre flaut.

Innlegget held fram etter anbefalingane.

Korfor prakka dette på barn? Illustrasjonen er henta fra Anders Totland si bok «Lepra». Illustrasjon: Martin Ernstsen. Foto: Gyldendal

I fiksjonen kan alt gå an

I romanform kan eg finna på kva som helst, og sjølv om dei fleste les bøker åleine, får eg gjennom skulebesøk og samtalar med elevane eit slags innblikk i korleis lesarane tenker. Av dei eg møter, er det få, om nokon, som så mykje som lear på augeloka om nokon i historia ligg saman, deler nakenbilete, onanerer eller fantaserer om sex. Tvert om gjev ungdommane uttrykk for at det er fint å bli tatt på alvor, og at litteraturen speglar det livet dei lever, og ikkje minst den verda dei lever i.

Det høyrer med at desse lesarane som regel er tenåringar, og dermed litt eldre enn målgruppa for sakprosabøkene. Likevel er det eit poeng der, trur eg: For i fiksjonen kan alt gå an. Der veit lesaren at det berre er noko eg har funne på. I sakprosabøkene stiller det seg annleis. Heilt frå første side gjer eg det heilt klart at historiene i bøkene er sanne, og at det eg skriv om faktisk har skjedd. Det gjev ein heilt anna nærleik til stoffet.

Som vaksen sjåar har eg sjølv lete meg underhalda av ein serie som Game of Thrones, der både sexen og valden er heilt absurd (inkludert sex mellom søsken). Hadde dei same tinga skjedd i ein dokumentar eller ei nyhendesending, hadde eg neppe klart å sjå på.

Innlegget held fram etter annonsane.

I fiksjonen kan alt gå an. Der veit lesaren at det berre er noko eg har funne på. I sakprosabøkene stiller det seg annleis.

Går du forbi vindauget til nokon som har sex, snur du deg vekk. Ser du nokon som får juling, ringer du politiet, eller bryt inn.

Intimitet er privat

Då eg spurde på Twitter, var det fleire som peika på Amerika, der vald er kvardag, medan sex er tabu. Har kanskje norske barn, eller endåtil det norske samfunnet, blitt endå meir amerikanisert i det siste?

Eit anna svar handla om intimiteten. Vald er ikkje privat på same måte som sex. Går du forbi vindauget til nokon som har sex, snur du deg vekk. Ser du derimot nokon som får juling, ringer du politiet, eller bryt inn.

Slik kan dei offentlege avrettingane heilt fram til midten av 1800-talet nettopp opplevast som eit offentleg anliggande, medan historia om to sjuke personar som på den same tida sneik seg vekk for å ligga saman gjev ei litt ekkel kikkarkjensle. Sjølv om også dette blei sett på som ei sak for styresmaktene, sidan isolasjonen trass alt var eit tiltak for å hindra smittespreiing, kjem me for tett på når me snakkar, skriv og les om det – sjølv om det har gått 150 år.

Min umiddelbare respons då desse motforestillingane kom, var at samfunnet er på feil veg, og at noko så naturleg som sex har blitt for stort og skummelt til at me i det heile tatt kan snakka om det. Kanskje har ikkje samfunnet blitt så skamlaust som mange av oss liker å tru.

Både alder, formidlingsformat og situasjon speler uansett inn. Kva som er skummelt, flaut, pirrande og spennande heng ofte saman, og det er ikkje alle rom ungar og vaksne skal inn i saman.

Kanskje er denne skepsisen vel så mykje eit sunnheitsteikn?

Annonser
Stikkord:
· · · · · · · · ·