Barnelitteratur som kunstform
Ein må vere klar over at både barne- og vaksenlitteratur først og fremst er kunst, og at det estetiske er noko dei yngre må få lære seg å omfamne, skriv forfattar Per Olav Kaldestad i denne kommentaren i etterkant av Falturiltu-festivalen.
↑ Forfattar Per Olav Kaldestad. Foto: Roald Kaldestad
Grunnleggjande i all kunst er eit sterkt uttrykksbehov. Kunstnarar søkjer å gjera seg og sitt gjeldande i møte med dei gjengse retningslinene for eit samfunns produksjon av bilde, tonar, scenario og ord – og dei er med på å endra dei same retningslinene med arbeidet sitt.
Kunsten byggjer bru mellom individet og fellesskapet, og den stimulerer og utviklar sanseopplevingane og tankane våre; den kan framkalla det vakre så vel som å skapa uro, den kan visa oss noko nytt eller få oss til å sjå det gamle på nye måtar, den kan opna rom for nødvendig ettertanke og omtanke. Ikkje all kunst er grensesprengjande, den gjenkjennande og stadfestande kunstopplevinga må òg reknast som verdifull; ofte er det blandinga av det gjenkjennande og det nye og framande som skaper kunstopplevinga.
Må gi varierte opplevingar
Det er viktig å halda fram borns eigenverdi som menneske i alle samanhengar. Den største skilnaden på born og vaksne er at borna er i konstant utvikling, og dette pregar veremåten deira. Vi kan alle observera korleis dei lærer å beherska språket ved heile tida å prøva grensene for det som er «rett», «sant» og «fint» – og på liknande vis har dei ei open og utprøvande haldning til uttrykksmidlane i andre kunstarter, som t.d. biletkunst og musikk. Slik er det ein slektskap mellom barnet og kunstnaren: Begge er dei fascinerte av materialet og formingsprosessen i dei respektive kunstartene. Born har såleis ein naturleg motivasjon for å nærma seg kunstuttrykk.
Eit varig behov for kunstnarleg fordjupning kjem likevel ikkje av seg sjølv. Endå om born i utgangspunktet er opne for den motivasjonen som ligg bak kunsten, må vi frå den tidlege barndommen systematisk gi dei varierte opplevingar med musikk, biletkunst, litteratur, teater og dans. Berre slik kan vi skapa grunnlag for ei brei estetisk danning og hjelpa dei til å utvikla dei skapande evnene sine – både som publikum og utøvarar.
Å laga kunst for born er i prinsippet det same som å laga kunst for vaksne. I begge tilfelle er det ei kunstnarleg utfordring: Ein prøver å skapa noko som held mål reint estetisk. Barnelitteraturforfattaren er ikkje pedagog, han er ein forfattar som tar utgangspunkt i saker som er felles for born og vaksne og gir dei eit kunstnarleg uttrykk som kan opplevast direkte av barnet. Dialogen mellom vaksen og barn er sentral i denne litteraturen, men det formande medvitet er vakse: Den barnelitterære samanhengen tilbyr kunstformer for det forfattaren har å seia – noko som har vore forløysande for mange store forfattarskap.
Born er ikkje kunstnarar
Den ekte kunsten etablerer kontakt med det skapande i dei som opplever den, den utfordrar til medoppleving så vel som medskaping. Born er særleg aktive her. Dei kjem lett fram med reaksjonane sine og kan lett bevegast til å skriva og teikna og laga musikk i forlenging av ei kunstoppleving. Ein slik entusiasme er det viktig å ta vare på – og det er samtidig viktig å ha klart for seg at born ikkje er kunstnarar. Borns entusiasme og kunstnarlege potensiale blir gjerne utløyst av møte med kunstnarar, og borna skaper ofte fascinerande dikt og bilde, men slike produkt må sjåast som del av ein opplevings- og læringsprosess. Dei tener fyrst og fremst som utgangspunkt for ei djupare oppleving i møte med profesjonell kunst og bidrar til å skjerpa den estetiske sansen og auka kunnskapen om ulike kunstuttrykk.
Kunsten skaper grunnlag for ulike alternative erkjenningar av livet og samfunnet. Ved å halda fram aninga og intuisjonen som vesentlege erkjenningsmiddel bidrar kunsten til tankesprang som er nødvendige for å møta det ukjende. Eit mangfaldig kunsttilbod er med på å utvikla den annleistenkinga som er nødvendig for å gjera oss rusta til å ta tak i dei utfordringane vi står overfor no og i framtida.
Samtidskunsten har ei særstilling her: Den bearbeider og sorterer dagens kaotiske mylder og formar dei i ord, bilde, tonar og scenario – av og til i avklarte former, av og til oppsplitta og uavklart, men alltid utfordrande for vanetanken. Den kunsten som blir skapt for born og unge, rettar seg bokstavleg talt mot framtida; den tilbyr alternative visjonar for den verda borna våre skal vera med og forvalta.
Viktige vegvisarar
Skjønnlitteraturen er den kunstforma som har lengst tradisjon i å venda seg til born og unge. To relativt nylege forfattarjubileum minner oss om at kunstnarleg høgverdig nordisk barne- og ungdomslitteratur alt har ei lang historie: I 2007 var det 100 år sidan Rasmus Løland døydde og Astrid Lindgren blei fødd. Den fyrste skapte den moderne barneforteljinga, der barnet sine eigne opplevingar blir utforska, den andre førte denne typen barneskildring vidare og sette det sjølvstendige barnet tydeleg i sentrum for handlinga.
Både Løland og Lindgren har ei sterk lokalitetskjensle, og handlingane i bøkene deira er knytte til bestemte historiske rom, anten dei er realistiske eller fantastiske. Saman med den gjennomførte empatien i forhold til borns tankar og fantasi har dette gjort dei til viktige vegvisarar for fleire generasjonar av seinare barne- og ungdomsbokforfattarar. Endå om vi i vår tid kan sjå ein aukande tendens til allmenngjering av miljø og karakterar i litteraturen for unge lesarar, finst det også no mange framståande forfattarar som forankrar forteljingane og dikta sine i ein definert lokalitet.
Når ein legg til grunn at barnebøker tilliks med vaksenbøker fyrst og fremst er litteratur – kunstnarleg framkalling av viktige menneskelege erfaringar – blir forskjellen mellom nyare og eldre bøker ikkje alltid vesentleg. No er ikkje alle klassikarar like levande for dagens lesarar som dei var i samtida, men somme av dei har likevel ei språkleg kraft som framleis verkar når ein møter dei med ope sinn.
Kritikaren må vera tydeleg og reflektert
I dagens store mangfald på barnebokmarknaden er det urimeleg å søkja ein bestemt definisjon av «barnelitteratur» eller konsensus om vurderingskriterium. Barnelitteraturen rommar minst like mange sjangrar som vaksenlitteraturen. I tillegg til forteljing, dikt, dramatikk og sakprosa finst det eit spekter av biletbøker der variasjonen er stor, frå den enkle småbarnsforteljinga til komplekse bøker som kan romma fleire sjangrar og vender seg både til born og vaksne.
Formidlarane eller kritikarane må alltid ha dette sjangermangfaldet for auga, og dei må motverka tendensen til å oppfatta barnelitteraturen som noko einsarta, slik den ofte blir framstilt i aviser og andre allmenne media. Dessutan lyt dei klargjera posisjonane sine når dei vel eller vurderer på vegner av born og unge. Ei barnebok blir oftast ikkje berre vurdert etter generelle sjangerkrav, men også etter intensjonen med den enkelte teksten, tilpassinga til mottakaren og brukssituasjonen. Det er naturleg, etter som tekstar for born kan seiast å vera skrivne i ein særleg type bunden form. Men både formidlaren og kritikaren må reflektera over desse aspekta og seia tydeleg frå om kva dei legg vekt på i den endelege vurderinga av ei bestemt bok. Problemet med barnebokkritikken i avisene (i den grad den finst) er at den syner lite medvit om dette. Det kan skuldast kunnskap eller vilje hos dei som utfører kritikken, men djupast sett kjem det av redaksjonane si manglande prioritering av kunst for born.