Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Barneteater i førjulstida: Hygge for alle – eller berre for dei heldige?

KATEGORI

Scenekunst,

SJANGER

Leserinnlegg,

PUBLISERT

fredag 29. november 2024

Norsk barneteater må våge å spegle heile barnas røyndom – sjølv om det er jul.

↑ FRA BOK TIL TEATER TIL NETFLIX: Gina Bernhoft Gørvell spiller Hedvig i Det Norske Teatrets forestilling «Snøsøstera». Foto: Dag Jenssen

Når desember kjem, fyllast barneteaterscenene med lys, glede og familiehygge. Men for mange barn er jula ei tid prega av utryggleik og vonde opplevingar. Kva fortel vi barna når vi år etter år unngår desse realitetane på scenen?

Hyggelege, konfliktfrie historier dominerer scenene i desember

Når hygga overskygger sanninga

Jul og barneteater går hand i hand. Kvar desember fyllast scenene med lys, latter og varme – ein tradisjon som skaper fellesskap. Men denne idyllen overser ei viktig sanning: ikkje alle barn opplever jula som ei tid for glede. Ifølgje Redd Barna har 1 av 5 barn i Noreg opplevd fysisk vald i heimen minst éin gong, og 1 av 20 har vore utsett for seksuelle overgrep frå ein vaksen. For mange barn er jula ei tid der einsemd og smerte blir forsterka.

Likevel er desse realitetane nesten fråverande i norsk barneteater. Hyggelege, konfliktfrie historier dominerer scenene i desember. Dette er historier som treffer mange, men overser dei barna som ikkje kjenner seg igjen i idyllen. Teateret kan vere ein kraftfull arena for å inkludere og gi håp, men berre om det vågar å spegle heile breidda av barns erfaringar – også dei vonde.

Kalkun må ein ha til jul! Bernhard Arnø vartar opp i Nationaltheatrets framsyning «Et juleeventyr». Foto: Birgit Solhaug

Frykt kan hjelpe barn med å bearbeide det fortrengte

Halloween-paradokset

Halloween viser oss at barn ikkje berre toler frykt, men omfamnar ho. Dei kler seg ut som zombiar, skjelett og vampyrar – groteske figurar som utfordrar dei til å møte frykta på ein leikande måte. Ann Sylvi Larsen ved NTNU koplar skrekkfiksjon til tragediesjangeren og peikar på korleis frykt kan hjelpe barn med å bearbeide det fortrengte – tabuar som døden og barndommens traume. Ho trekk fram Sigmund Freud, som meinte at frykt ofte spring ut av det ukjende eller underbevisste, og understrekar korleis slike historier kan gi barn eit språk for å handtere eigne kjensler.

Forfattar Anita Berge utdjupar dette i boka Kunsten å skremme barn og argumenterer for at frykt er ein viktig del av barns kjensleregister. Gjennom metaforar og bilete kan barn utforske eigne grenser og oppleve meistring i trygge rammer.

På Halloween leiker vi oss med frykt. Men i desember, når jula nærmar seg, pakkar vi vekk både frykta og alt som kan minne oss om røyndomens mørke sider. Denne dobbeltstandarden viser til eit paradoks som undervurderer barns evne til å forstå og bearbeide eigne erfaringar, og gjer at viktige historier blir utelatne frå scena.

Julian (Vetle Bergan, i midten) har mista storesøstera si i framsyninga «Snøsøstera». Raudkledde Juni hjelper han å takle sorga. Foto: Erik Berg

Historier som denne viser at barneteater kan vere meir enn underhaldning – det kan også gi språk og trøyst til barn som treng det

Eit viktig unntak: «Snøsøsteren»

Det Norske Teatret si framsyning Snøsøstera er eit sjeldant døme på korleis barneteater kan balansere lys og mørke. Gjennom Julian, som har mista storesystera si, møter barn sorg, tap og håp i ein trygg kunstnarleg ramme. For dei barna som sjølve opplever sorg i jula, kan denne historia vere livsviktig.

NRK omtalar korleis Maja Lundes bok Snøsøsteren, som framsyninga er basert på, hjelper både barn og vaksne med å bearbeide kjensler knytt til sorg og sakn. Historier som denne viser at barneteater kan vere meir enn underhaldning – det kan også gi språk og trøyst til barn som treng det.

Likevel er slike historier sjeldne i Noreg, og for mange barn utanfor storbyane er slike opplevingar nesten uoppnåelege. Teateret har eit stort potensial til å inkludere fleire barn ved å ta opp komplekse tema, men då må vi våge å gi rom til desse historiene også i juletida.

Gjennom Julian, som har mista storesystera si, møter barn sorg, tap og håp i ein trygg kunstnarleg ramme

Far er borte, men nær likevel, som en skygge i bakgrunnen. Piero Issa (bak) og Reidun Melvær Berge (foran) i «God dag, herr Jul» ved Det Vestnorske Teateret. Foto: Andreas Roksvåg

Vi må erkjenne vår makt, og forstå at barn fortener meir enn idylliske forteljingar

Ansvar og moglegheiter

Redd Barna rapporterer at halvparten av barn som opplever vald eller overgrep, aldri fortel det til nokon. Ofte veit dei ikkje at det dei opplever, er feil. Teater kan spele ei viktig rolle i å gi desse barna eit språk for å forstå og uttrykke eigne kjensler, og ikkje minst gi dei kjensla av å bli sett.

Men ansvaret for å endre hovudtrenden ligg på fleire nivå. Dei som finansierer teaterproduksjonar må prioritere historier som tek barn på alvor og speglar heile røyndomen deira. Samstundes må vi vaksne vere meir bevisste på kva historier vi etterspør og støttar. Vi må erkjenne vår makt, og forstå at barn fortener meir enn idylliske forteljingar – dei treng historier som anerkjenner både lyset og mørkret i livet.

Carina Furseth spiller jenta med fyrstikkene ved Teater Vestland. I den kalde nyttårsnatta varmer hun seg på fyrstikkene hun egentlig skal selge. Foto: Espen Nyttingnes / Rakkar

Ei oppfordring til norsk barneteater

Eg utfordrar norsk teater til å satse meir på historier som Snøsøstera. Ho viser at det er mogleg å balansere lys og mørke på ein måte som når både barn og vaksne. Dette bør ikkje vere eit unntak – det må bli normen.

Barn treng teater som tar dei på alvor, som gir språk til kjenslene deira, og som inkluderer alle erfaringar – ikkje berre dei hyggelege. La oss bruke teateret til å gi barna håp, meistring og ei kjensle av fellesskap – også i desember.

Første jul utan storesøster er tungt for Julian (Vetle Bergan) i «Snøsøstera». Foto: Erik Berg

Kjelder:

 

Annonser
Stikkord:
· · · · · · · · · · · · · · · · · ·