Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Borealis-festivalen: Fekk booka artistar dei knapt kunne drøyme om

KATEGORI

Musikk, Visuell Kunst,

SJANGER

Intervju, Reportasje,

PUBLISERT

tirsdag 24. mars 2020

Uredd ungdom frå Arrangørakademiet når ut til fleire med eksperimentell musikk.

↑ Frå det rusfrie ungdomsarrangementet Rift. Foto: Sondre Eriksen.

AKKS Bergen er ein viktig aktør innan opplæring, rekruttering og utvikling av unge musikarar og arrangørar. Den frivillige musikkorganisasjonen har avdelingar i Bergen, Kristiansand, Oslo, Stavanger og Trondheim, og kjempar for å gje jenter større plass i musikkbransjen. AKKS vart starta på Blitz i Oslo i 1982 for å gje kvinner moglegheita til å lære seg å spele musikk og held i dag låtskrivingskurs, DJ-kurs, kurs innanfor produksjon og mykje meir. Nytt i AKKS er Bergens-prosjektet Arrangørakademiet kor ungdom får vere med og arrangere festival frå start til slutt.

I år gjennomførte dei Arrangørakademiet for andre gong. Akademiet oppsto i 2018 då seglskutefestivalen The Tall Ship Races tok kontakt med AKKS Bergen og ynskte seg ei fokusgruppe, og eit samarbeid med festivalen oppstod. Under årets utgåve av Arrangørakademiet fekk ungdommane meir ansvar og planla fleire månader i førevegen.

AKKS Bergen: Arrangørakademiet


AKKS Bergen festivalskole, Arrangørakademiet, gjer ungdom mellom 15 og 25 år moglegheit til å påverka festivalavvikling frå start til slutt, innanfor kommunikasjon og produksjon, men òg det kunstnariske.

Årets case var Borealis kor Arrangørakademiet ga festivalens eksperimentelle program eit ungdommeleg preg.

AKKS BERGEN har som formål å arbeide for likestilling og mangfald i alle ledd av musikkbransjen.

Eg synest det er veldig spanande med alle ledd av det å arrangere.

Potensial i dei unge

I år fekk Arrangørakademiet oppgåva å fylle Østre med den sprikande sjangeren eksperimentell musikk, laurdagskvelden 7. mars. Østre er eit hus for lydkunst og elektronisk musikk. Østre held konsertar, utstillingar og lydinstallasjonar, samt Ekkofestivalen. Samarbeidet med Borealis, Bergens årlege festival for eksperimentell musikk, vart til då aktørar frå dei ulike kultursektorane møttest under ein samtale for mangfald. Dei var einige i det store potensialet i å arbeide med ungdom. Samtidig som ein når ut til ei større målgruppe, gjev det eit ungt blikk på det som skjer. Borealis hadde eit ynskje om å få med ungdom på laget.

Eg prata med leiar av prosjektet, Ragnhild Severeide (24), og deltakar på akademiet, Jenni Gloppe Solem (20) i forkant av kvelden deira, for å høyre kvifor eit slikt tiltak freista.

– Eg synest det er veldig spanande med alle ledd av det å arrangere. Eg studerer musikkvitskap, og der har eg ein del fag som er retta mot musikkbransjen og korleis den fungerer. Derfor er AKKS ei god moglegheit til å få erfaring. I tillegg syns eg Borealis har veldig mykje gøy på programmet sitt, seier Jenni Gloppe Solem.

Deltakarar i Arrangørakademiet, Solem til venstre, følger med på at alt går som det skal under ein performance. Foto: Sondre Eriksen.

Årets utgåve av Arrangørakademiet består av åtte deltakarar som arbeider med alt frå booking, kommunikasjon, marknadsføring, produksjon og ansvar for frivillige. Dei får moglegheit til å arbeide innanfor musikkbransjen og få ein smak av arbeidslivet.

Ragnhild Severeide såg og anledninga til å presentere ein kanskje ny og ukjent sjanger til eit ungt publikum.

– Nokon vart med fordi dei er interessert i Borealis, mens andre syns det er spanande med arrangementsavvikling og vil lære meir innanfor det. Det har vore veldig interessant å ha den kombinasjonen av deltakarar: Både dei som kjenner sjangeren veldig godt, og dei som ikkje gjer det, seier ho.

Å skape ein møteplass kor noko skjer

Prosessen starta etter sommaren og dei har hatt ein kontinuerlig dialog med Borealis undervegs for å bli einige om kva som skal stå på programmet. Resultatet vart eit konsept dei kallar Rift, eit rusfritt arrangementet til ein billig penge, og med fri aldersgrense. Eg les i programmet:

Kva er likskapen mellom ei rift i universet og eksperimentell musikk? Og kva skjer om rifta utvidar seg og slukar alt me kjenner, og etterlet oss med blanke ark? … Saman oppdagar me kva eksperimentell musikk kan vere, og opnar både auge og øyre for eit univers med uana moglegheiter.

Kva er likskapen mellom ei rift i universet og eksperimentell musikk?

Deltakarane vart einige om å gradvis auke intensitet utover kvelden i ei naturleg oppbygning, for å skape ei eskalerande spenning.

Kvelden startar med performancen Ecstatic Material som er booka inn av Borealis og vart vist dagen før òg. Performancen går føre seg på Lydgalleriet og kunstnar Keith Harrison drysser noko som liknar sukker på bilhøgtalarar, medan andre høgtalarar huser små innsjøar av klart vatn, andre av farga vatn. Når høgtalarane reagerer på lyden, reagerer materialet vidare på høgtalarane sine rørsler og materiala sprett, boblar, vibrerer og skaper bølger. Lyden er perfekt, og det er proft gjennomført.

Materialane vekkast til liv av bilhøgtalaranes rørsler. Frå Performancen «Ecstatic Materials» av Beatrice Dillon og Keith Harrison. Foto: Sondre Eriksen.

Vidare fortsett kvelden oppe i andre etasje, på Østre med tre artistar. Det er som ein liten festival inni festivalen. Deltakarane vart einige om å gradvis auke intensiteten utover kvelden i ei naturleg oppbygning, for å skape ei eskalerande spenning. Mellom artistane visast filmsnuttar med tilhørande musikalsk performance, laga av kunsthøgskulens studentar.

Materialane vekkast til liv av bilhøgtalaranes rørsler. Frå Performancen «Ecstatic Materials» av Beatrice Dillon og Keith Harrison. Foto: Sondre Eriksen

Fordel å vere utan erfaring

Artistane Arrangørakademiet har booka er både frå Bergen og utanfrå. Ragnhild Severeide meiner det er ein fordel å vere litt utan erfaring i festivaldrift. Ho er imponert over kor modige deltakarane har vore i bookinga og rosar rett-på-haldninga som gjorde at Arrangørakademiet fekk artistar som Severeide først ikkje trudde var mogleg. Eit eksempel er musikar og DJ AYA frå Storbritannia, som vant den internasjonale talentkonkurransen WIP, arrangert av den Londonbaserte radiostasjonen NTS. Hen avslutta kvelden på Østre.

– Som ung er ein litt uredd og berre prøver ting. Ein har eit anna blikk. Eg hadde ikkje turt å prøve å booke alle som er på programmet no, fordi ein lett kan tenke at dei er for store og at det ikkje er nokon vits, seier ho.

Den britiske musikaren og DJen AYA avslutta det rusfrie ungdomsarrangementet Rift. Foto: Sondre Eriksen.

Som ung er ein litt uredd og berre prøver ting. Ein har eit anna blikk.

Fucales frå Bergen bidrog med jazz, støy og vakre melodiar. Foto: Sondre Eriksen.

Deltakarane fekk ansvar for all kontakt med artistane og så utvikla opplegget saman med Severeide. Dette er ein bransje kor ein nødvendigvis ikkje treng utdanning, men kan arbeide seg oppover om ein kjem seg inn i eit miljø. Severeide meiner er fint å gje moglegheita til dei unge allereie så tidleg. Arrangørakademiet har blant anna deltakarar frå vidaregåande, studentar frå music management og musikkvitskap. Fellestrekket er at dei er interessert i musikk. For deltakarane er det ei fin erfaring:

– Me har fått moglegheita til å arbeide breitt og sjå ulike sider ved å arrangere. Eg veit ikkje heilt spesifikt kva eg vil jobbe med, men no får eg vore innom fleire arbeidsoppgåver og kjent litt på forskjellige delar av arbeidslivet. Ein får kjensla av å samarbeide med veldig ulike folk, og sånn trur eg det er i det virkelege arbeidslivet òg. Så det er ei veldig fin erfaring, seier Jenni Gloppe Solem.

Ho valde å melde seg inn i produksjonsgruppa og var med på å lage produksjonsplan etter synfaring på Østre. På vakt under performancen såg ho ut til å ta ting med knusande ro.

Severeide er einig med Solem:

– Det er mykje som skjer, og det trur eg er viktig i eit arrangement for unge. Dei over 18 år er vane med at ein kan sitte og drikke øl. Det er eit poeng at ingen skal ha behov for å gå rundt eit hjørne og smugdrikke, så me prøver å skape mykje aktivitet og noko som skjer.

Me har fått moglegheita til å arbeide bredt og sjå ulike sider ved å arrangere.

Eit ungt publikum nyt eksperimentell musikk på Østre laurdags kveld. Foto: Sondre Eriksen.

Det var litt overtenning då me hadde brainstorming. Me ville gjere dét og dét og dét…. Alt var mogleg!

Overtenning og TikTok

Ein viktig del av festivaldrift er kommunikasjonsdelen. Dei drøfta tidleg i prosessen korleis dei ville nå ut, og enda opp med Facebook og Instagram som hovudkanalar. Dei vurderte òg Snapchat og TikTok, men slo det frå seg då dei følte at det vart for ungt.

– Me tenkte: Skal me ha ein TikTok av at me står og riggar liksom? ler ho.

– Det var litt overtenning då me hadde brainstorming. Me ville gjere dét og dét og dét … Alt var mogleg! supplerer Solem.

Dei meiner begge det er viktig å nå ut til ungdommane der dei er, og samtidig skape tilgjengelege møteplassar for unge.

­–  Eg syns det er kult at det er på Østre. Om ein er interessert i den typen musikk, er det ein stad som tilbyr veldig mykje spanande og eksperimentelt.

Severeide skyt inn at det òg. er ein naturleg stad for yngre å gå på når dei vert litt eldre.

Artikkelen held fram etter anbefalingane og annonsane.

Plass til alle kjønn

AKKS Bergen presenterer seg som ein idealistisk musikkorganisasjon med mål om rekruttere, motivere og synleggjere kvinner i alle ledd av musikklivet, og Borealis har kjønnsbalanse blant artistar som krav. Vert dette spegla i Arrangørakademiet?

Som i anna frivillig arbeid er også Akademiet overrepresentert av eitt kjønn, her med kun ein gut mot sju jenter. Severeide synest det er interessant at det er så mange jenter og kvinner som arbeider frivillig, deltid og frilans, mens når det kjem til dei tyngre stillingane, som festivalsjef og bookingsjef, finn ein ofte menn. Arrangørakademiet har vore merksame på problematikken i bookinga av artistar og har landa på eit nesten balansert resultat.

– Det finnast bra folk i alle kjønn og med alle bakgrunnar. Ein må gje dei ein sjanse og synleggjere førebilete me føler høyrer med i framtida. Me har for eksempel hyra inn ein kvinneleg lysteknikar for å skape balanse til den mannlege teknikaren på huset. Me vonar me er i ferd med å sprenga eit glastak.

Severeide reknar dei to festivalane hittil som prøveår. Ho påpeikar at ho framover ynsker at kjønnsbalanse skal vere eit krav der det lar seg gjere. Dessutan: Danmarksplass er ein bra spot for å henge opp plakatar. Severeide er svært nøgd då eg påpeiker Arrangørakademiet-plakaten eg rusla forbi ein dag. Den solbleika plakaten har allereie fått henge i fred i fleire månadar.

Det finnast bra folk i alle kjønn og med alle bakgrunnar. Ein må gje dei ein sjanse og synleggjere førebilete me føler høyrer med i framtida.

Annonser
Stikkord:
· · · · · · · · · · · · · ·