Det var den draumen, då
Berre det blir plass til å kikke seg rundt. Berre det blir rom for leik og draum.
↑ Arnt Birkedal har kontor oppe i huset, men «får ikkje puste der», så dei siste åra har han har hatt skriveplass i vinterhagen. Foto: Herman Awuku / Illustrasjon frå «Sennepsfrø. Natt til idrettsdag». Foto: Inger Lise Belsvik
– Eg tenker ikkje på kven eg skriv for, eller kva eg skriv om. Eg har skrive haikudikt om det paraplytreet der, seier Arnt Birkedal og nikkar mot ein stumtenar i eit hjørne. Eg er nok ein sånn REM-forfattar.
Skriv du i søvne?
– Neidå, men eg slepper liksom inn den boka eller draumen som står og bankar på. Når eg har vore sikker på at det blir ei bok av det, har eg disiplinert meg. Og når ho er ferdig, er eg ferdig med den draumen, så kjem det ein ny. Men det er viktig for meg å understreke at eg brukar det meste av arbeidstida på å skrive om igjen og om igjen det eg har skrive før, pusse og stryke. Pirke. Når eg seier kor mange gongar eg skriv meg gjennom eit avsnitt, eit dikt, ein tekst, trur folk meg ikkje. Eg trur det knapt sjølv. Det er sikkert ikkje alltid lurt å jobbe slik, ein kan kverke det spontane og ekte òg. Men slik er det blitt.
I stort og smått den same, gamle
Vi møter Arnt Birkedal på puben Cardinal, midt i Stavanger sentrum. Utestaden, som serverer 600 typar øl (men kanskje ikkje på ein gong), reklamerer med at dei «dessverre ikkje kan by på støyande musikk», så det er ein god stad for ein samtale. Birkedal har skrive oppunder 40 bøker i fleire sjangrar, mange av dei for barn og unge. Han har vore lærar. Han har skrive tekstar for Vamp, du drar kanskje kjensel på «Hønsahus», «13 humler», «Fuglane vett» og «Jentene på landet». Han er ikkje blant dei mest kjende barnebokforfattarane våre, men for dei som kjenner han, er han godt kjend.
– Eg er eldre no, det er annleis. Tidene har endra seg, eg veit ikkje om eg skriv slik det «skal vere». Men eg tenker at det meste er det same heile vegen, manne-parykkar, jojo-ar og smarttelefonar kjem og forsvinn igjen, elles er verda – i stort og smått – den same, gamle.
Men Sennepsfrø kunne du skrive, den kom i 2021, ikkje så lenge sidan?
– Det er rett. Og eg kjem alltid til å skrive. Men eg kan ikkje finne på noko, som eg plar seie når eg er på skulebesøk.
Er det ikkje det ein forfattar gjer, same kor nært røyndomen ein legg seg: Å finne på ting?
– Jo, det er vel det. Eg gjer det likevel ikkje. Alt er opplevd eller drøymd, tenker eg.
Tidene har endra seg, eg veit ikkje om eg skriv slik det «skal vere»
Arnt Birkedal
Norsk forfatter av dikt, romanar og kortprosa, mange av bøkene skrive for barn og ungdom
Utdanna lærar, har vore forfattar på heiltid sidan 1998
Mottakar av Samlagsprisen i 2007 og Teskjekjerringprisen i 2008
Den mutte, regntunge ferja
Den mutte, regntunge
ferja: Jentene står
stolte og
einsame på bildekket.
Ingen kan veta
kor dei har vore
i slikt
ukristeleg vêr(Frå Eg kan godt lika deg, unge dikt, Samlaget 1991)
Ikkje ven med idrettsdagar
Sennepsfrø. Natt til idrettsdag (Wigestrand 2021) er ei bildebok med illustrasjonar av Inger Lise Belsvik. Her gruar vesle Alvhild Aske seg til idrettsdag på skulen, og forsvinn natta før inn i ein draum som tar henne vekk frå skrekken. Gjennom dette blir ho betre rusta til dysten. I boka skildrar forfattaren lærarar som gler seg så mykje til idrettsdagen at dei vaknar klokka 03.38.
– Det er kanskje vondskapsfullt, men det får vere. Det er vondskapsfullt å ha idrettsdag òg.
Hata du idrettsdagar på skulen sjølv?
– Ja, eg gjer det framleis.
Den klare, enkle forteljinga
Her på Cardinal er det i alle fall ingen som ber oss om å kaste med liten ball eller springe 60-meter. I staden kan Arnt Birkedal fortelje i ro og fred om at han likar den klare, enkle forteljinga. Men i Dyffel (Samlaget 2005) gir han ikkje ved dørene. Her finst ei dveling ved kviser, attkjenneleg for mange unge, og romanen handlar om damer, børst og sjølvmordstankar. Men forma er avansert, kanskje krevjande, delt opp som ho er i tre ulike forteljemåtar: ein mytisk/bibelsk, ein tilbakeskodande (det som har skjedd fram til alt gjekk gale sist kveld), og ein som skildrar det som skjer nett no.
– Det er medvite at det er tre ulike vinklingar. Det er ei ganske alvorleg bok.
Det er ikkje så opplagt at dette skal vere ei ungdomsbok, men det har du og forlaget bestemt?
– Eg trur forlaget meiner den er for folk på «femten og eit halvt», vaksen ungdom, om du vil.
Du vil ikkje undervurdere ungdomslesaren?
– Eg vil ikkje undervurdere nokon. Men eg har aldri prøvd å lure vaksenbøker på ungdom, altså. Eg er einig i at Dyffel er ei ungdomsbok.
Mange meinte at ein ikkje kunne skrive ein vaksenbok om eit piggsvin og ein katt. Jo, det kan ein. Og ein kan skrive bibelsk-mytiske ungdomsbøker
Blir eldre på veg til badet
Om han skriv for barn, unge eller vaksne, er det eigentleg berre éin litteratur, likevel, seier han.
– Då eg skreiv Det indre Tasta (Samlaget 1996), var det nok mange som meinte at ein ikkje kunne skrive ein vaksenbok om eit piggsvin og ein katt. Jo, det kan ein. Og ein kan skrive bibelsk-mytiske ungdomsbøker. Når du er uti stoffet, begynner du å tenke på kven det er for. Men i byrjinga ikkje i det heile. Skal ein planlegge då, skjer det aldri nokon ting. Språket mitt er ikkje så forskjellig frå barne- og ungdomsbøker til vaksenbøker. Det ligg kanskje meir i kva univers boka skildrar.
Kva er forskjellen på universa?
– Eg føler jo at eg er 12–13 år inni meg. Eg kan finne den ungdommen igjen utan å hale og dra. Straks eg vaknar, når eg nett kjem ut av draumen, tenker eg gjerne at eg er ein tolvåring. Så kjem eg på at eg er jo minst 30, og om lag når eg kjem inn på badet demrar det at eg er 63 og eit halvt. Det kjem som eit ørlite sjokk. Eg trur ikkje heilt på den vaksenmaska. Dei fleste er nok barn og ungdom inst inne. Det er i barndommen og ungdommen me opplever noko, utforskar verda, gjer noko viktig. Eg tenker at eg snart, når eg er 66 eller sånn, kan fullføre det viktige arbeidet eg begynte på då eg var fem, seks, sju. Til dømes å utforske krikar og krokar, hushjørne og bakhagar i første gata mi heime. Gå inn i bislaga, ringe på. Forresten, det er vel langt på veg det eg driv med, når eg skriv desse bøkene.
Blir du vaksen nokon gong?
– Eg veit ikkje kva vaksen er. Når du ikkje oppfører deg som vaksen, får du reaksjonar frå andre vaksne, og slik veit du at du ikkje er vaksen. Då eg fekk madam og onkelungar, tenkte eg at no kan du kanskje vere med i denne vaksenklubben du òg, Arnt.
Eg trur ikkje heilt på den vaksenmaska. Dei fleste er nok barn og ungdom inst inne
Prøver aldri å vere morosam
Arnt Birkedal er kjent for å skrive lunt, humoristisk, og ein kan legge til: i opposisjon. Mot det vaksne, fornuftige, det sømmelege. Men det er ikkje alltid lett å nå fram gjennom det leikne, til eit stort publikum.
Humor er ikkje naudsynleg gangbar mynt?
– Sannsynlegvis ikkje. Og eg prøver aldri å vere morosam, men synest det er heilt ok om eg er det. For meg har det vore sjølvsagt at eg skal få mi løn i himmelen. Eg er ikkje bitter av den grunn.
Litt av vitsen
Du er her. Og du
kjem aldri heilt
fram
hit. Det er
litt av
vitsen.(Frå Draumar og dynejakker, dikt for ungdom, Samlaget 1989)
Det er nok meir jag og mindre leik no i liva til dei unge. Det er blitt meir seriøst, meir organisert, det heile
Det finst ein kunstnar i oss alle
Birkedal skriv i Dyffel at hovudpersonen tenker: «Ein vel skole. Det er bare bare å velja ein av dei, det. Alle dei skolane går vidare.» Dette er kan hende litt snudd på hovudet etter panikken mange ungdomsskoleelevar kjenner på når dei skal søke seg til ein vidaregåande. Er det berre eit karaktertrekk for hovudpersonen, eller kjem forfattaren med ei utsegn om å slappe meir av? Og kan det ha vore lettare å slappe av i 2005, då denne boka kom, med omsyn til karakterjag og anna jag?
– No prøver du å lokke fram læraren i meg. Han reiste for godt då eg blei forfattar på heiltid. Forresten, eg trur aldri eg var heilt lærar, på skikkeleg. Eg jobba som ein galning, men trur aldri eg var «han Læraren», du veit. Eg valde lærarskulen fordi eg tenkte eg kunne det meste dei lærte bort der frå før av, eg ville ha plass i hovudet mitt til å skrive og leike. Men det var meg, det var då. Og: Ja, det er nok meir jag og mindre leik no i liva til dei unge. Det er blitt meir seriøst, meir organisert, det heile. Det er gale.
I «Gaulevik» (Samlaget 2008) er det slik at alle andre gaular, hovudpersonen er stille. Det er «ei fortetta og forunderleg historie om ein kunstnarsjel som etter kvart finn seg til rette i verda», skreiv Kristine Isaksen i si bokmelding i Bergens Tidende. Er du einig i den tolkinga?
– Ja, jo, det er absolutt noko i det. Sjølv om eg ikkje heilt kan med ordet «kunstnarsjel», det høyrest litt vakse og fisefint ut. Me er vel alle litt kunstnarar, og me har vel alle litt sjel. I alle fall dei aller fleste av oss, inst der inne. Og me treng vel alle litt ro og fred.
Drøymarar og kunstnarar
I Svalesukk (Wigestrand 2014) er ein gut og mora hans på hytta. Guten må flytte eit svalereir som er i vegen, på mora si oppfordring, og vi får høyre tankane hans om kor skrekkeleg det opplevast, og korleis han responderer med å sjå djupare inn i kven fuglane er og det livet dei lever, kva for verdi det har. Er dette nok ein kunstnarroman (om ein no får gjenta noko så fisefint), om ein som har eit blikk som går forbi det vi andre ser?
– Det er vel rett å seie. I den boka er dei elles meg alle i hop, tenker eg. Hovud-personen, altså guten, mora hans, faren som er på flyttefot, og folka som ser mora og guten køyre forbi på veg til hytta. Engelen (Vaskehjelpa) òg, ja, særleg ho. Eg er sikkert òg svalene på straumlinja og egga i det reiret.
Kjenner du ansvar for dei barna og ungdommane som har ei kunstnarspire i seg? Og tenker du slik at barnet er kunstnaren, den vaksne er realisten?
– Svaret er nok ja, sjølv om eg ikkje har tenkt mykje over det. Eit ørlite ansvar føler eg kanskje. Men eg prøver å ikkje tenke på at nokon les bøkene mine. Og greier det stort sett, i alle fall medan eg skriv dei. I intervjusituasjonar og på skulebesøk må eg jo tenke litt på det. Eg har fått vite eit par gonger at folk, stort sett unge, har funne ei viss trøyst i bøkene mine. Det er elles nokså opplagt for meg at unge flest er drøymarar og kunstnarar. Og at dei vaksne ofte lèt som dei ikkje drøymer, leikar.
Det er nokså opplagt for meg at unge flest er drøymarar og kunstnarar
Når eg blir vaksen
Når eg blir vaksen,
flyttar ut,
kjem namnet ditt
til å stå,
vil dei finna
hjartet mitt,
bakom senga her,
på tapeten.(Frå For alt eg veit, unge dikt, Samlaget 1996)
Søkk og sukk
I tillegg til draum og mytar, er forfattarskapen til Birkedal forbunde med kvardag. Kva er det med kvardagen, som er så lokkande?
– Alle dagar er spennande og forlokkande i utgangspunktet. Du har nettopp drøymt, og så står du opp til denne rare, vakre verda, med desse rare, vakre folka, dyra, vesena. Her er så underleg, som han sa, han Sigbjørn (Obstfelder, red.anm.).
Han Arnt kan vere underleg òg, i alle fall undrar eg meg over den hyppige frekvensen av ordet «søkk» i bøkene hans. Er det ei kjensle, ei erkjenning, eller ei topografisk konstatering? Kan det kjennest som eit søkk å vere ungdom, for eksempel?
– Ja, det trur eg. Eg tenker vel òg at det går søkk – og sukk – gjennom landskapet og tilveret. Søkk av motløyse, sukk av lykke. Berg- og dalbane. Der er søkk med sommar, kav av minne. Men òg luftige bakketoppar. Eg skal ikkje vere for personleg, men mi ungdomskuletid var eit «julingssøkk», som langt på veg har forsvunne frå minnet. Og godt er det. Å vere ung kan vere eit helvete. Heldigvis går julinga oftast over. Og ein kjem ut og opp på andre sida.
Her vi sit på Cardinal er det ingen som får juling. Vaksenlivet kan vere gemyttleg og sivilisert. Om ikkje alltid. Ein kan spørje seg om lærarane i Sennepsfrø. Natt til idrettsdag er særleg siviliserte, der dei totalt manglar forståing for at ikkje alle elskar idrettsdagar. Om mangelen på denne forståinga kan sjåast på som ein type juling. Ein fetter av meg sa ein gong at han skulle bli verdsmeister i 100 meter lengde. Det var hans tilsvar til idrettsdagar.
Eg tenker at det går søkk – og sukk – gjennom landskapet og tilveret. Søkk av motløyse, sukk av lykke
Ingen har hengt meg ut
Ingen har hengt meg ut
med tekst og bilete i
venterommet på kaien
i dag heller. Ingenhar spytta ned
sykkelen, eller rive opp
regnjakka med
kniv.Eg er vel gjerne OK
då? Kan hende?(Frå Eg kan godt lika deg, unge dikt, Samlaget 1991)
Intervjuet held fram etter annonsane.
Action kan du ha for meg
Korleis har det vore å arbeide med Inger Lise Belsvik i Sennepsfrø?
– Eg synest me utfyller kvarandre. Me er svært forskjellige, ho er observant, gløgg, kvikk, eg er ein drøymar. Ho ser det eg drøymer fram, og tolkar det på framifrå vis. Eg har tenkt på å lage bildebok med nokon i «alle år», men det har aldri blitt, før no. Eg vil gjerne lage ein heil liten serie i lag med henne, gjerne om Alvhild Aske, før eg lettar og flyg min veg.
I Sennepsfrø brukar Birkedal loppesirkuset som bilde. Er det å vere forfattar eigentleg å drive loppesirkus? Få folk til å tru på at det går føre seg noko der, som eigentleg «berre» er dikting?
– Det er sjølvsagt mykje i det du seier her. Godt sagt og sett, som eg skulle sagt det sjølv. Ikkje at det ikkje skjer noko der eller her, for det gjer det overalt, heile tida. Rundt hushjørnet, over hekken. Då tenker eg ikkje på «action», sånn springande, heseblesande handling. Eg har alltid hata action. Når eg les ei bok, ser ein film, tenker eg at det finaste og mest spennande skjer når den verste «handlinga» har dundra forbi. Når me får puste ut, og kan begynne å oppleve igjen. Greitt med litt handling i filmen, i boka, har eg alltid tenkt, berre det blir plass og tid til å kikka seg rundt.
I samarbeid med Barnebokkritikk lanserer Periskop ein serie intervju med forfattarar som ikkje naudsynleg er blant dei mest kjende, men som vi meiner fortener eit blikk på forfattarskapen sin. Arnt Birkedal er nummer 1 i serien, og intervjuet blir samstundes publisert på barnebokkritikk.no. I morgon publiserer Barnebokkritikk ei bokmelding av Sennepsfrø. Natt til idrettsdag.