Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

– Eg er så skuffa som eg får blitt over dette svaret

KATEGORI

SJANGER

Leserinnlegg,

PUBLISERT

torsdag 10. oktober 2019

Å skrive at «løn ikkje er alt» til ein som har brukt heile livet på å øve og lese om kunst og kultur er rett ut flaut, skriv Hans Martin Austestad.

↑ Hans Martin Austestad er musiker og tidligere DKS-utøver. Foto: Privat

Dette er et tilsvar til Kulturtanken, som svarte på Hans Martin Austestads «Open post til Kulturtanken» tidligere denne uken.

Les de tidligere innleggene her:

Hans Martin Austestad: «Open post til Kulturtanken». 9. oktober 2019

Lin Marie Holvik: «Vi sitter på ingen måte stille i båten». 9. oktober 2019

Det følgende er en utvidet versjon av en post Austestad skrev på sin Facebook-vegg 9. oktober:

 

Hei igjen Kulturtanken v/Lin Marie Holvik

Først av alt, takk for ros om engasjement. Eg har dog slutta å turnere i DKS som følgje av mangel på langsiktighet. Eg mista ansienniteten min med eit pennestrøk 1. august 2017. Så det er ikkje langsiktig nok for meg.

Eg skreiv at Kulturtanken sitt stille i båten, det er mogleg de ikkje skjønte kva dette betyr.

Det har vakse fram ei gjengs oppfatning iblant utøvarar om at Kulturtanken ikkje har legitimitet i sitt kvalitetssikringsarbeid. Fordi etaten ikkje tek heilskap på alvor. Å skrive at «løn ikkje er alt» til ein som har brukt heile livet på å øve og lese om kunst og kultur er dessutan rett ut flaut, og held ikkje same tone som den hyggelege innleiinga i innlegget.

Hol i skroget

Creo har peika på hol i skroget. Utøvarane har peika på hol i skroget. Fleire fagforbund manglar forhandlingsrett. Ingenting skjer. Difor hevdar eg at Kulturtanken sitt stille i båten.

At Kulturtanken velger å bruke mesteparten av spalteplassen sin på snakke om portal og stevner er for meg urovekkande. Det skulle berre mangle, med alle midlene de har til rådighet. Kor mange av desse 2000 søknadane til portalen som har hatt stønad til produksjon er også ein annan debatt. La den ligge no.

Utøvarane er misnøgde. Har vore det lenge. Dette oppropet handlar om samanheng mellom løn og kvalitet. Og det er det me skal diskutere no. Om de så motvillig vil la vere. De slepp ikkje unna. Denne debatten skal avklarast no.

Oppropet har nådd 1305 underskrifter, grunnlaget til dette oppropet er at aksjonistar krevjar forhandling om sentral lønnsavtale mellom KS og Creo. Me snakkar ikkje om ei sentral avtale som oppdragstakar. Dette er me ferdige med.

Eg synst det er flott at Kulturtanken vedkjenner at DKS-arbeid treng gode vilkår. Eg synst også det er positivt at Kulturtanken påpeiker at det er KS sitt ansvar å stille til forhandling med Creo. Creo har altså krevd lønnsforhandling, og har ikkje fått det. Kva synest Kulturtanken om dette?

Hans Martin Austestad. Foto: Privat

De slepp ikkje unna. Denne debatten skal avklarast no.

Historielaust

Kulturtanken trekk fram at det er gode vilkår i ordninga. Eg kan meddele, som utøvar med over 1500 konsertar under beltet, at vilkåra har blitt dårlegare etter at Kulturtanken kom på banen.

Holvik skriv:

«Den sentrale avtalen om oppdrag som er fremforhandlet mellom KS og Creo gir derfor en helt annen forutsigbarhet enn tidligere.»

Det er direkte feil. Eller, historielaust, som ein så populært seier i polemikken.

Den sentrale avtala for oppdragstakarar, mellom KS og Creo, gjev ikkje betre forutsigbarhet enn tidlegare. Denne avtala er ikkje noko nytt. Den eksisterte frå før av, fram til august 2017 mellom Rikskonsertene og MFO. Deretter kom det eit opphald i ei sentral avtale for oppdragstakarar fram til August 2018. Det gjekk eit heilt skuleår utan nokon avtale. Eg sat sjølv i utvalet som forhandla fram den nye avtala. Den nye avtala tok til og med utgangspunkt i den gamle, med formuleringar, punkter og det heile.

Dette vart ordna for seint fordi Kulturtanken og Fylkeskommunane sov på vakt. Forhandlingsmotpart var ikkje ein gang på plass ved 1. august 2017. Creo varsla om dette på førehand, men vart ikkje høyrd.

Når ei ny avtale så kom på plass, er altså ikkje dette noko som gjev betre forutsigbarhet. Det representerer kun å få på plass halve avtaleordninga som vart øydelagd med Kulturtanken sitt inntog. Det er eit problem for kvaliteten at Kulturtanken ikkje hugsar lenger tilbake enn til sin eigen fødsel.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kven skal ta diskusjonen?

Denne oppdragsavtala (ASA) er heller ikkje det me snakkar om no. No snakkar me om løn, som er den delen av ordninga som KS og Fylka ikkje har klart å få på plass sidan august 2017. Dette står i klartekst i oppropet. Så eg ber dykk om å halde dykk til sak. Om de vil innrømme at de ikkje har lov til å snakke om dette, må de peike på den som skal ta denne diskusjonen.

Eg legger også til at FAFO idag kom med ein rapport som oppsummerer med at sjølvstendig næringsdrivende kjem dårlegast ut av inntektsveksten i Norge:

«Realveksten i inntekt for kunstnerne har vært lavere enn for resten av befolkningen. Det er store inntektsforskjeller mellom kunstnere med ulike tilknytningsformer. Fast ansatte kommer best ut, dernest frilansere, mens selvstendig næringsdrivende kommer dårligst ut.

Det finnes en god del tariffavtaler innenfor kunstfeltet som dekker de faste og midlertidig ansatte kunstnerne, mens frilansere og selvstendig næringsdrivende i noen tilfeller er dekket av rammeavtaler om minstesatser eller rådgivende satser.»

Her kastast altså DKS-arbeidarar inn i det segmentet som kjem dårlegast ut på statistikken. Kan no dette føre til betre kvalitet? Er no dette å skape gode vilkår?

La det få handle om utøvarane

Eg fekk altså ikkje svar på problematikken rundt pkt 2 og 3 i brevet mitt. Og pkt 1 vart avfeid med ei demagogisk forenkling av samanhengen eg refererte til, understøtta av feilaktige påstandar. Eg er så skuffa som får blitt over dette svaret.

Med håp om vidare svar på det denne saka faktisk handlar om. Argument for kvifor DKS-ordninga treng ei sentral lønnsavtale. Det dreier seg om kvalitet og breidde. Og vær snill, og la dette få handle om utøvarane for ein gongs skuld. Me har venta i fleire år på å få diskutere korleis me sikrar kvalitet, og får dei beste utøvarane på vegen.

Så eg ber dykk om å halde dykk til sak.

Annonser
Stikkord:
· · · ·