Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Ei bok for barn og besteforeldre

KATEGORI

Litteratur,

SJANGER

Anmeldelser,

PUBLISERT

mandag 26. januar 2015

Ei jente ser for seg 2. verdskrig som ei spennande barndomstid besteforeldra hennar har fortalt om. Kva hender når jenta ein dag vaknar opp og oppdagar at ho ikkje lenger lever i 2014, men i januar 1945?

↑ Stortinget under krigen, med tysk propaganda. Fotograf: Ukjent. Kilde: Wikimedia Commons

Ingunn Røyset har gitt ut ei barnebok tidlegare, «Prins Storm» frå 2012. «Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen» er hennar første roman, og handlar om Dagny som ligg under dyna etter ein krangel med mor, og vaknar dagen etter i siste krigsåret i andre verdskrig. Ideen om å skrive om andre verdskrig er god, særleg fordi besteforeldregenerasjonen som opplevde verdskrigen er i ferd med å døy ut. Dette er erfaringar som ikkje kan gløymast, heller ikkje av barnelesaren i dag. Ideen om å skrive om krigen kan kanskje verke enkel, men ofte er dei enkle litterære ideane best, og boka kan opne for samtalar mellom besteforeldre og barnebarn om krigsåra. Krig er ikkje eit tema som nokon gong vert uaktuelt heller, dessverre. Barn med krigserfaringar kjem til Noreg kvart år, og i nyhenda kjem krigsreportasjar frå andre verdsdelar dagleg.

Fakta


«Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen»

av Ingunn Røyset

Det Norske Samlaget 2014

Å ha lyst på krig

Hovudpersonen i boka har flytta til eit gamalt hus der slekta budde under krigen. «Det er ein potetkjellar her i huset. Rett under senga mi. Det kiler i magen når eg tenker på det. Det var der mormor og oldemor og oldefar gøymde seg når det kom bomber. Rett under senga her eg ligg. Der var det ekte krig. Det har eg også lyst på.» Særleg den siste setninga kan ein gripe tak i. For det er dette som er utgangspunktet for Dagny. Ho har lyst på krig. Ho ser for seg at det er spennande, langt meir spennande enn hennar liv er no. Ho vil også starte krig mot mor si, som har overtalt dei til å flytte. Av besteforeldra har ho dessutan fått høyre historier om krigen, og har sine indre førestellingar om at dette er spennande. Sjølvsagt vil resten av boka vise at krig er mange andre ting enn spennande, og i kapittel 20 er Dagny lei av krigen: «Det er nok no. Eg vil ikkje meir. Eg vil ikkje vere i krigen meir». Men Dagny vert verande i krigen gjennom heile boka, og opplevingane ho har viser eit nyansert krigsbilde. Vi møter fattigdom og sosial naud, bombeangrep og barn som vert sendt frå Finnmark etter angrepa der. Vi møter åleinemødrer, russiske krigsfangar, tyskarar som både er vennlege og vonde, og mange andre karakterar.

Besteforeldregenerasjonen og tidskoloritten

Barnebøker vert karakterisert som litteratur med dobbel adressat. Vanlegvis tenkjer ein på foreldregenerasjonen som vaksenlesaren, men i boka til Røyset er det besteforeldregenerasjonen som er vaksenlesaren. Det er dei som vil kjenne seg att i boka, ikkje dagens foreldregenerasjon. Dette er eit godt grep, meiner eg. Gjennom boka til Røyset får ein innblikk i ei verd der ein står ved pultrekkjene når læraren med lærarfrakken (her kalla badekåpa) kjem inn i klasserommet, der ein ålar poteter, og har på seg lange strømper som kleiar og må knappast fast i strikketoppen. Dette er ei verd som er milevis frå det moderne livet, sjølv om det ikkje er meir enn 70 år sidan. Den eksotiske kjensla av gamle dagar er gjennomgåande i boka, ikkje berre tematisk fordi den skildrar eit bondesamfunn på Vestlandet i Noreg under krigen, men også språkleg og stilistisk. Besteforeldra til Dagny nyttar ord som ikkje vert nytta i dag. Vi får høyre om å ha døravit, om Banna-Bjønn som er omete, om Fina som er ute og riksar, om bislag og gutefarkar, om å slå seg halvt forderva eller lage vondlar av høy. Ein språkleg tidskoloritt som dette er viktig, men vert ikkje nytta så ofte i boka at teksten verkar ekskluderande for ein barnelesar. Ordvalet kan heller vere med på å opne opp teksten for ei metaspråkleg nyfikne, og kan vere utgangspunkt for undring over dialektar eller eldre seiemåtar.

I tillegg til den spesifikke tidskoloritten som gjer seg gjeldande i boka, er den allmenn-menneskelege tematikken tydleg. For det første vennskapen mellom Belinda og Dagny og vanskane ein har som ny i klassen. «Dei og vi»-mentaliteten frå klasserommet vert også synleg i den store konflikten mellom tyskarar og nordmenn, eller dei mange moralske gråsonene som krigen får fram i folk. Det moderne mennesket kjenner like godt til dei-oss-tenkinga, som kan vise seg på mange måtar også i dag.

Å vere fanga i fortida

Romanen er forma som ei rammeforteljing. Hovudhandlinga ligg i 1945, men vendingar som «Eg høyrer hjartet mitt så godt i gamle dagar» eller «Eg tenker på den store sjokoladekaka mamma laga til bursdagen min i fjor. Med eit engleansikt av nonstop og venger av marshmallows. Eg kjem ikkje i nærleiken av ei slik i år», minner oss på at Dagny er eit moderne barn som møter dramatikken i 1945, og som ikkje kjem seg tilbake til notida. Å vere fanga i fortida er ikkje eit nytt litterært grep, men barnelesaren vil kunne identifisere seg med Dagny, fordi ho har eit utanforståande blikk på det ho opplever.

Boka er interessant lesnad først og fremst for dei barna som er nysgjerrige på andre verdskrig. Det er også ei bok som opnar for mange historier mellom barn og besteforeldre, og barnebarna av i dag er siste generasjon som kan samtale om krigen med sine besteforeldre.

Les også melding av boka på barnebokkritikk.no.

Annonser
Stikkord:
· · · · ·