Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Frå ungdommen

KATEGORI

Litteratur,

SJANGER

Artikkel,

PUBLISERT

torsdag 11. desember 2014

Ungdomslesaren veit noko om den gode ungdomsboka som du ikkje veit.

↑ «Vorfrühling im Wienerwald» av Ferdinand Georg Waldmüller (1793–1865), ca. 1861. Wikimedia Commons

Vi er uroa for dei unge lesarane våre. Vi skulle ynskje dei las meir, og betre. Vi som på ulikt vis har funne arbeidsfeltet vårt mellom boka og barnet, set store ressursar inn i arbeidet for å betre stoda. Men veit vi kva ei god ungdomsbok er?

Men da den egentlige bruker av barneboken ikke kommer til orde, veit vi i grunnen ikke hva som er en god barnebok. Vi vet hva mange voksne mener er en god barnebok, men det er ofte noe annet. (Breen 1989: 24-25.)

Sitatet er henta frå innleiingskapittelet «Vurdering av barnelitteratur» i essaysamlinga «Mellom boka og barnet» frå 1989. Nesten tjue år seinare etablerte Foreningen !les Uprisen, ungdommens eigen kritikarpris. I masteroppgåva Kulturar for kvalitet kring nyare norsk ungdomslitteratur undersøker eg kva kriterium for kvalitet som er aktive i ungdomsjuryane sine talar om vinnarbøkene i åra 2007-2011. Deretter samanliknar eg desse responsane med andre ytringar om kvaliteten i bøkene som vann, frå fleire aktørar i det barnelitterære feltet.

Det er ein føresetnad for kvalitet i ungdomslitteraturen at teksten fungerer for ein lesar i målgruppa. Ungdomslesarane sine responsar gjev presise innsikter i kva lesarroller som er mulege i slike tekstar. Undersøkinga mi viser at vi vaksne somme tider bommar når vi let teksten si evne til å kommunisere med lesaren vere eit kriterium i våre vurderingar av kvaliteten i tekstane. Men undersøkinga viser også at ungdomsbøkene ikkje treng å vere litterært svakare enn anna litteratur for å treffe dei lesarrollene som er mulege i målgruppa for tekstane. Kunsten kan kommunisere, også med ungdomslesaren.

Ung ekspertise i å vere ung

Ungdommane i dei ulike juryane ytrar seg autoritativt og viser til sitt eksklusive «ethos» som målgruppe. Det ser ut til at dei er seg bevisste si symbolske makt ved å vere i den definerte målgruppa som tekstane er skrivne for. I grunngjevinga for å gje prisen til romanen «Handgranateple» i 2007, heiter det til dømes:

Årets vinner tar opp tema som ungdom er opptatt av. Hovedpersonen står overfor flere valg. Mange ungdommer kjenner seg igjen i dette. Og det er ingen tvil om at årets vinner er en skikkelig bra UNGDOMSbok.

Juryane argumenterer som om dei representerer ungdommar flest som lesarar. Dette kan knytast til overtydingsstrategien vi frå retorikken sitt omgrepsapparat kjenner som «ethos», som kan forståast som å nytta eigenskapar ved talaren sjølv som argument. Implisitt i jurytekstane forstår eg at lesarane meiner dei er dei beste til å vurdere om ein tekst skriven for ungdom fungerer for ungdom, fordi dei er ungdommar sjølve. Dei er difor i posisjon til å slå fast at denne boka er bra.

I artikkelen «Kampen om fortællingen» går den danske litteraturdidaktikaren Bodil Kampp grundig inn på korleis ungdomslitteraturen sin eigenart kan klargjerast ved at den framstiller kva det inneber å vere ung. Denne presiseringa understrekar lesarane i sine vurderingar.

Ved sitt «ethos» som målgruppe syner lesarane også eit ansvar internt i målgruppa, ved å kåre ei vinnarbok som mange kan like. Alle skal med: Vinnerboka slo an blant gutter og jenter, hos lesesterke og lesesvake. Boka er ikke så lang, men har masse innhold (Marki Marco, 2009.)

Juryane har også meldingar til oss vaksne som syner at dei ynskjer å bli tekne seriøst som lesarar:Ungdomsbokforfattere har en tendens til å bruke banneord i annenhver setning for å få ungdoms oppmerksomhet («Pitbull-Terje bli ond», 2008)

Lesarane ber forfattarane om å ikkje «ta for mykje Møllers tran» i jakta på dei, slik eg forstår det dei skriv. Dette er verdt å merke seg med tanke på tendensen i tekstar for denne målgruppa for tida.

Ved sitt «ethos» som målgruppe som grunnlag og utgangspunkt finn eg at ungdomslesarane identifiserer ei rekkje kvalitetar ved tekstane dei premierer, både funksjonelle og estetiske.

Den oppslukte lesemåten

Ungdomslesarane er opptekne av at teksten skal kunne lesast som det ein i litteraturteorien kallar «umediert røyndom». Eg kallar det «den oppslukte lesemåten». Lesarane skildrar det som «å se en film» eller som «å stå ved siden av det som skjer». Denne lesemåten tek likevel høgde for det uføreseielege og ukjende, slik juryane formulerer seg. Tekstar som ikkje utfordrar persepsjonen kan heller ikkje få varig estetisk verdi for lesaren. Tekstar som er for vanskelege, vil heller ikkje ha nokon verdi, fordi den oppslukte lesemåten ikkje vil vere muleg. Dermed blir lesemåten eit produktivt kriterium for kvalitet, både for lesaren og for teksten: Den vinkar til eit kvalitetskrav om originalitet og nyskaping, men ei god vurdering av ei ungdomsbok må også ta omsyn til implisitte lesarroller.

Mot betre lesing av betre bøker

For ungdomslesarane er det også eit viktig kriterium at dei kan identifisere seg med deltakarane i forteljinga på ein slik måte at dei kan utforske sine eigne tankar og mulegheiter. Juryane skildrar dette både som eit kognitivt potensiale for den som les, men også slik at det seier noko om teksten sin kompleksitet. Dei viser til indre og ytre handlingsnivå, og syner korleis tekstane dei premierer har ein polyfon karakter som dermed opnar for mange mulege lesarroller. Føresett at den kommuniserer med lesaren, innbyr den komplekse ungdomsboka til ein sofistikert lesemåte der lesaren får mulegheit til å utvikle sine litterære ferdigheiter og dømmekraft, men også sin eigen mentale fleksibilitet i møtet med stadig meir avansert litteratur.

God kritikk for lesaren sitt beste?

Foreningen God Kritikk oppretta i 2002 nettstaden www.barnebokkritikk.no. Dei uttrykker ei forventning om like høg kvalitet i kunstproduksjonar for barn som i kunstproduksjonar for vaksne:

Hva denne kvaliteten bør bestå i, må du gjerne bli med oss å diskutere. Vi ønsker å holde kvalitetsdebatten levende. Det har forfattere, forlag, de unge leserne, og ikkje minst bøkene, fortjent.

Pierre Bourdieu skildrar i artikkelen «For en vitenskap om litterære verk» korleis avgrensingane kring eit kulturelt delfelt, som barnelitteraturen, syner seg ved at aktørane har ei felles interesse av å heve statusen til delfeltet i kulturproduksjonen elles. I lys av Bourdieu, forstår eg at nettstaden sine målsettingar er motiverte av eit slikt ynskje. Korleis slår det ut for lesaren i målgruppa?

Fire av dei fem vinnarbøkene er melde på denne nettstaden. Når eg samanliknar desse meldingane med ungdomslesarane sine responsar er fleire av dei same kriteria aktive, men ofte med negativt forteikn. Mest tydeleg er denne skilnaden når meldingane involverer tilhøvet til lesaren som eit kriterium for kvalitet. I meldinga av «Marki Marco» vert lesaren underkjent som ei årsak til svak integritet i teksten. Nye jenteroller vert avviste som utvendige og lite truverdige for involvering og identifikasjon i meldinga av «Fittekvote». Det vert uttrykt uro for om intensiteten er god nok i meldinga av «Landet under isen», ved at fantasyheltar ikkje vert «levande» for lesaren. Då vil ikkje teksten vere attraktiv nok for at den første, litterære forelskinga kan skje. I meldinga av «Pitbull-Terje blir ond», identifiserer meldaren seg med handlinga på ein positiv måte, men mest på vegner av si eiga, vaksne lesaroppleving, slik eg les henne.

Likevel er dei fire bøkene valde ut som nokre av dei viktigaste bøkene for barn og unge, ved at dei er melde. Bøkene er tekne på alvor, og vurderte ut frå det Barnebokkritikk forstår som god kritikk, gjennom sin praksis. Eg forstår denne praksisen slik at den akademiske kritikken primært tek eit ansvar for teksten, men dermed, indirekte, også for lesaren. Mitt komparative forskingsperspektiv antyder at dei vaksne meldarane somme tider bommar når dei tek omsyn til lesarrolla som eit kriterium for kvalitet. Her gjev ungdomslesarane sine responsar presise innspel det er verdt å lytte til, for å klargjere kva kvaliteten i ungdomsboka bør bestå i.

Mange små kriterium, eitt stort krav

Fleire kriterium er aktive i juryane sine talar: Behovet for meining og realisme, gleda over humoren i forteljingane, sjølv om den ofte er der for at det alvorlege skal vere til å leve med. Vidare understrekar dei verdien av integritet i teksten, forstått som godt språk og tydeleg struktur. Endeleg premierer lesarane det dei opplever som originalt i vinnarbøkene.

Men det dei identifiserer som det originale i tekstane er nok ikkje særleg originalt, sett med dine auge. Difor treng ungdomslesaren og ungdomslitteraturen også din vaksne ekspertise.

Mi uro er at ei utvendig forståing av ungdomslesarane sine responsar skal medføre at litteraturen skriv seg «ned» i jakta på målgruppa, i staden for at vi som arbeider mellom boka og barnet arbeider på tvers av posisjonar for å ta lesaren med «opp» mot dei gode bøkene. Vi har ei felles interesse av å heve statusen, både til teksten og til lesaren. Eg ynskjer meg ei meir overskridande tilnærming, dei ulike fagfelta i mellom, slik at vi kan hjelpast åt. Vi deler ei edel von. Om leseglede. Til ungdommen.

Frå ungdommen kjem kravet om at ei god ungdomsbok må fungere for ungdom. Kva det betyr, er det dei som veit.

 

Utvalde referansar:

Andersen, Per Thomas (1987): «Kritikk og kriterier» I tidsskriftet Vinduet, Oslo.

Appleyard J.A (1991): Becoming a reader: the experience of fiction from childhood to adulthood. Cambridge: Cambridge University Press

Bakhtin Michail (1991): «Epos og roman»: I Kittang m.fl (red): Moderne litteraturteori, en antologi. Oslo, Universitetsforlaget.

Bourdieu, Pierre (1996): «For en vitenskap om litterære verk» Symbolsk makt. Artiklar i utvalg. Oslo: Pax s. 112-130.

Breen, Else (1989) «Vurdering av barnelitteratur» I Fosseng, E. Jenssen, R og Risa, G (red) Mellom boka og barnet. Oslo, NKI-forlaget.

Kampp, Bodil (2006): «Kampen om fortællingen. Om ungdomslitteraturens egenart» I Christensen, N, og Skyggebjerg A.K: På oppdagelse i børenlitteraturen. København: Høst & Søn, s 46-58

Karner Smidt, Jofrid (2011):  «Litteratursosiologi og estetikk, Jan Mukarovsky revisited»

Oslo, Sakprosa Vol 3. Nr. 2. Henta 12. november 2012 her

Mjør, Ingeborg (2012): «Barnelitterære ryggmargsrefleksar. Innspel til forskingshistorie – perspektiv på forsking og kritikk». Barnelitterært forskingstidsskrift, vol 3. S. 1-12.  Henta 1. Mars 2013 her

 

Saka vart først presentert på barnebokkritikk.no 12.11.2014.

Annonser
Stikkord:
·