Haust-debutant: Berre smil og trygge vaksne
«Tenk å vere eit menneske» er ei diktsamling og ei biletbok som undrar seg over tilværet og gler seg over alle dei gode familierelasjonane og venskapa eg-personen har. Ei gjennomtrygg bok for sengekanten.
↑ Oppslag fra «Tenk å vere eit menneske» av Idun Alma Ramsdal.
Idun Alma Ramsdal debuterer med diktboka Tenk å vere eit menneske. Boka er trygg lesing på senga, og eg vil tru at det også har vore intensjonen. Slik sett vil eg kalle boka ein gjennomarbeidd suksess. Her er det barnleg undring, barnleg glede, trygge vaksne og gode relasjonar i kvart eit dikt. Det finst mørkeredsle ein stad eller to, og utolmodig venting på skulestart. I éi setning får vi også høyre at mamma kan vere sinna, men det er i det store og heile ei gjennomtrygg oppleving Ramsdal skapar, godt hjelpt av illustratør Nora Brech.
Tenk å vere eit menneske
Diktsamling for barn av Idun Alma Ramsdal
Illustrert av Nora Brech
Målgruppe: 3-6 år
Vigmostad & Bjørke 2022
Harmonisk samspel
Nora Brech er langt meir erfaren enn Ramsdal. Ho debuterte i 2017 og har gitt ut fire kritikarroste biletbøker. Bokmeldar Cathrine Strøm var blant dei som verkeleg slo på stortromma og skreiv at siste boka hennar hadde eit «internasjonalt format» (abo.). Ho har nett nyillustrert André Bjerke sine Morovers og følger altså opp med å illustrere nok ei diktsamling. I Morovers valde ho å gjere som illustratørane før ho, og tok for seg kvart dikt som eit eige univers. I Tenk å vere eit menneske fortel ho ei samanhengande historie, og saman med Ramsdal følgjer Brech ei fabulerande, fantasifull jente frå ho står opp om morgonen til ho legg seg om kvelden.
Nokre gonger er det dikta til Ramsdal som gir overgangen frå eitt oppslag til neste, nokre gonger er det Brech sine teikningar, men dei to spelar heile tida på lag. Brech har valt å ikkje utfordre eller utvide, berre understøtte. Slik blir også teikningane trygge og fulle av smil. Éin plass er jenta redd, på eitt oppslag har ho tårer på kinna, men tryggleiken er snart på plass att. Sjølv den skumle løva, trollet og natta har smil om munnen i denne boka. Det er ingen fare for at den vaksne høgtlesaren skal øydelegge søvnen til ungane sine.
Sjølv den skumle løva, trollet og natta har smil om munnen i denne boka
Diktsamlingar for barn
Vi er ikkje bortskjemte med diktsamlingar for barn og unge. I fjor kjøpte Kulturrådet inn ei einaste ei. I år er talet oppe i fire. Dette trass i at dikt er ein sjanger som har mykje å gi til denne målgruppa. Dikta er jo ikkje berre små forteljingar, men ordleik og fantasi og humor, på ein heilt annan måte enn prosa. Dikt kan ein bruke i så mange samanhengar, frå skule til tannpuss, og dei kan ha så mange ulike funksjonar, frå motivasjon til distraksjon. Dei er kulturelle opplevingar ein kan lure inn overalt.
Samstundes er det sjølvsagt ein krevjande sjanger, for dikta bør vere tilgjengelege og finurlege på same tid om dei skal fungere. Ramsdal sine dikt får det best til når det lyriske eget hennar undrar seg. Jenta sine spørsmål treffer nettopp på at dei er enkle og litt overraskande samstundes, og i desse dikta leiker Ramsdal med orda i størst grad. Som her:
Kva er eigentleg ein tanke?
tenkjer eg
og kjenner
korleis hjernen byrjar å spinne
korleis tankar tumlar rundt der inne
som ein tankevirvelvind
i trommevirvelfart
Andre gode spørsmål er «korleis kan ein så liten måne / dra på eit heilt hav?» og «kva tenkjer du på / gamle tre? / kilar det / når vinden blæs i blada dine?». Dei kjennest som spørsmål eit barn kan stille, og dei er morosame å spekulere vidare på saman.
Felles leik
Dei dikta som berre uttrykker glede eller skildrar ein trygg relasjon, er ikkje slike ein får lyst til å lese høgt eller snakke om. Dei er raskt lesne og raskt gløymde. Som denne enkle frukostsituasjonen: «Vil du ha litt solskin? / spør mamma / og skjenker appelsinjus i glaset». Men når jenta og foreldra leiker saman, blir det meir sving over teksten igjen, og ein stad skapar teksten sitt eige bilete:
om
natta
når alle folk søv
tar treet pysjamasen på
seier mamma
det er ein stor jobb –
det må tre alle greinene
inn i ermane
det byrjar med dei øvste
og så jobbar det seg
nedover og nedover
heldigvis kan greinene
hjelpe kvarandre
elles kan det hende
det hadde sovna
før
det
vart
ferdig
Det er først og fremst i dei oppslaga der jenta er på veg ut eller inn i draumeland, at fantasiane kjem fram i bileta
Mykje å oppdage
Det er mange små geniale trekk ved dette treet, både når det gjeld utsjånad, ordleik og rekkefølgje. Her er det mykje å oppdage og snakke om. Kanskje burde det ha fått betre plass på oppslaget sitt? No står det i spegelen, slik at det på sett og vis speglar situasjonen på motsett side, der mora hjelper dottera på med nattkleda. Men den visuelle utforminga av teksten blir litt borte i den travle illustrasjonen. Eit merkeleg val, sidan Brech gir teksten mykje rom i fleire av dei andre oppslaga.
For Brech jobbar gjennomgåande med store flater og pastellfargar, og ho held seg stort sett i dei realistiske situasjonane. Det er først og fremst i dei oppslaga der jenta er på veg ut eller inn i draumeland, at fantasiane kjem fram i bileta. Natta er til dømes personifisert som ein svart og koseleg Barbapappa, ein du kan bli ven med, og månen dreg havet som eit teppe opp på stranda. Sidan heile sytten av dei førtifem dikta handlar om senge- eller leggesituasjonar, blir ikkje realismen påtrengande, men det er eit fint grep at dagen er relasjonar og natta er fantasi.
Inga utfordring
Nyleg sa ei forfattarvenninne til meg at ho berre ville skrive om å vere lykkeleg – og så lo vi godt. For det blir jo ikkje litteratur av berre lykke. Litteraturen skal gi litt motstand, han skal utfordre. Det kan eg ikkje påstå at Ramsdal og Brech gjer. Som heilskap er Tenk å vere eit menneske ei utgiving som likevel gjer det ho skal gjere. For intensjonen har nok ikkje vore å gi lesarane kunst, men ein venleg nattaklem.
Eg er glad for alle diktsamlingar som kjem for barn og unge. Vi treng fleire av dei. Med Tenk å vere eit menneske leverer Ramsdal og Brech trygt og godt. Eg kunne ha ønskt meg at dei utfordra seg sjølv og sjangeren litt meir. Men vil du ha ei koseleg lesestund på sengekanten, er denne biletboka ein sikker suksess.