Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Kan vinna viktig teaterpris for barneteaterstykke

KATEGORI

Litteratur, Scenekunst,

SJANGER

Intervju, Nyhet, Nyheter,

PUBLISERT

torsdag 10. november 2022

Eirik Fauske er ein av tre nominerte til Deutscher Kindertheaterpreis for teksten til teaterstykket «Hundrevis av barn i vill kamp».

Eirik Fauske. Foto: Privat

Sidan 1996 har dei tyske litteraturprisane Deutscher Jugendtheaterpreis og Deutscher Kindertheaterpreis blitt delt ut annakvart år til framifrå teaterstykke skrive for barn og ungdom. Prisen vert delt ut av Kinder-und Jugendtheaterzentrum i Tyskland.

No er ein norsk teatertekst blant dei tre finalistane som kan vinna den høgthengande barneteaterprisen. Dramatikar Eirik Fauske er stolt og glad over at Hundrevis av barn i vill kamp (Hunderte Kinder in wildem Kampf) er blitt løfta fram av den tyske juryen.

– Berre det å bli langlista var stas, for meg er dette veldig stort, seier ein glad Fauske til Periskop.

– Når det er sagt, veit eg at teksten er god. Det er litt sånn: «Ja, så fint dei fekk lest den».

Eirik Fauske


Norsk dramatiker og regissør (f. 1982).

Uteksaminert med ein mastergrad i regi fra Kunsthøgskolen i Oslo i 2017, har i tillegg ein skuespillergrad fra Nord universitet i 2002.

Fauske har skrive og regissert fleire teaterstykke, mellom anna LINDÅS og LIVE –
sorgarbeid. Han har skapt vandreframsyningar og verk prega av installasjonar på Teaterfestivalen i Fjaler og Stamsund Internasjonale Teaterfestival.

Fauske har òg vore festivalkunstnar for Høstscena i Ålesund.

Med Under barnehagen vart han nominert til Ibsenprisen i 2011, og fleire av stykka for barn vert hyppig spelt i Tyskland.

Fleire norske dramatikarar har vore langlista til desse teaterprisane tidlegare. Mellom anna var Eirik Fauske sitt stykke Under barnehagen langlista til same prisen i 2016. Under barnehagen vart òg nominert til den norske Ibsenprisen. Eitt av kriteria for å bli nominert, er at teksten må ha vore sett opp ved eit tysk teater. Og det er ikkje så uvanleg at ny norsk barne- og ungdomsdramatikk vert spelt i Tyskland.

– Det finst mange barneteater i Tyskland, og det er lettare å bli vist der enn i Noreg, så ein nominasjon kan føre til fleire produksjonar. Eg merker at teksten blir synleggjort. Eg har fått meldingar frå andre kantar av verda frå folk som vil lesa manuset, fortel Fauske.

Det finst mange barneteater i Tyskland, og det er lettare å bli vist der enn i Noreg

Frå oppsetjinga i München. Frå venstre: Janosch Fries, Simone Oswald, Lucia Schierenbeck, David Benito Garcia, Michael Schröder, Helene Schmitt. Foran: Hardy Punzel. Foto: Cordula Treml

Fell gjennom isen

Hundrevis av barn i vill kamp handlar om ein gut som på veg heim, etter å ha sett sin døde bestefar på sjukehuset, fell ned frå skuldrene til far sin og ned mot isen. Men i staden for å treffe asfalten, fell han vidare, gjennom luft og ned mot eit hav. Der nede ser han ei skute med hundrevis av barn i vill kamp. I løpet av stykket sklir vi inn og ut av verkelegheita til guten. Han er tre-fire-fem år, og er i ein slags magisk fase der fantasien og verkelegheita blandar seg. Men for han er alt verkeleg.

Stykket hadde urpremiere ved Kilden i Kristiansand i november 2020. Då skreiv Periskop sin kritikar Hedda Fredly mellom anna at teksten er uføreseieleg, og at han har sin eigen logikk. Hundrevis av barn i vill kamp loddar djupare enn mange nyskrive verk med same tema, meinte Fredly. Her kan du lesa meldinga hennar.

Klar til kamp i forestillinga «Hundrevis av barn i vill kamp» ved Kilden. Foto: Heida Gudmundsdottir.

Alvorleg leik og fabulering

– Eg byrja på stykket i ein periode der eg skreiv ein del tekster om sorg. Det var umogleg å skriva om noko anna. To tekstdelar har vore med meg frå tidleg av i arbeidet med Hundrevis av barn i vill kamp. Det er synet av bestefar i kista og dette fallet til guten inn i ei anna verd. Guten framsto òg tidleg som utruleg snakkesalig, med eit stort formidlingsbehov. Det vart ein motor for skrivinga, fortel Fauske.

– Sjølv om dette stykket og Under barnehagen har sorg og død som tema, er eg meir opptatt av leiken rundt det. At det er ein leik med døden. Ein slags alvorleg leik og fabulering.

Tittelen er ganske kraftfull og vill. Kan du seia noko om den?

– Tittelen stammar frå ei setning i stykket, når guten skildrar ei skute han ser, der desse barna er. Eg ville framstille noko voldsomt og kraftfullt. At guten har ei dragning mot dette. At det å miste sin beste ven er eit fall og ein kamp på same tid. Akkurat kva dei gjer, desse barna, kva kamp dei kjemper, er ikkje alltid klart. Det er like mykje ein leik rundt kampen som kamp i seg sjølv. Men han prøver jo òg å redde bestefar sin på eit tidspunkt. Kanskje det er ei trøyst. I fantasiverda finn han andre barn som kjempar, slik som han. Sjølv om han er aleine, er han ikkje einsam.

Å mista sin beste ven er eit fall og ein kamp på same tid

Ensemblet i «Hunderte Kinder im wilden Kampf». Foto Cordula Treml

det er ein krig der nede
det er eit skip der nede
det er ein kamp der nede

det er små prikkar som meg
som spring rundt på dekk

dei sloss
dei kjempar

no kjem eg!

eg skal vere med!
eg skal vere med!
gi meg eit sverd!
gi meg eit sverd!

en garde!

 

(Utdrag frå Hundrevis av barn i vill kamp)

Frå den tyske framsyninga. Foto: Cordula Treml

Det var eit større fokus på den alvorlege sorga i Noreg, og fantasien vart psykologiforklart

Leiken og tullete

Hundrevis av barn i vill kamp har vore vist i Noreg og i Tyskland. Ser du nokre skilnader mellom dei ulike framføringane? 

– Eg såg framsyninga på Kilden i Kristiansand og på Schauburg i München. Oppsetjinga i Tyskland forløyste teksten. Framsyninga var leiken og tullete i spelestilen. Her var det sju på scena, i Noreg to. Det har sjølvsagt noko å seia. Dess fleire, dess betre, tenker eg. I Tyskland var framsyninga teksttru, men i Noreg vart den redigert. Det var eit større fokus på den alvorlege sorga i Noreg, og fantasien vart psykologiforklart. Det var rett og slett ei anna lesing av teksten, fortel han.

Fungerer teksten på den måten du hadde tenkt i møte med eit barnepublikum?

– Ja. Men i Tyskland var eg veldig publikum sjølv, og tenkte ikkje så mykje på barna, må eg innrømme. Eg la sjølvsagt merke til når barna lo eller mumla, men eg gjekk ganske raskt inn i ein publikumsrolle. Når eg skriv, er det både for barn og vaksne.

Prisen vert delt ut i Frankfurt torsdag kveld. Vinnaren får 10.000 euro (som delast med omsetjar, Fauske delar ein eventuell pris med Elke Ranzinger). Og uansett korleis det fell seg i kveld, er Fauske heilt sikker på at han har meir på hjartet:

– Eg kjem til å skrive meir for barn. Det veit eg. 

Les utdrag frå jurygrunngjevinga etter annonsane.

Juryen seier mellom anna dette om Hundrevis av barn i vill kamp (fritt omsett frå tysk – her kan du lesa den tyske grunngjevinga):

 

I korte setningar og i eit klårt og lydmalande språk plasserer forfattaren fleire røynder oppå og mot kvarandre: Over er vaksenverda, der ingen har fortalt guten at livet ein gong tek slutt. Under er ei røff barneverd som en som ein eventyrleg leikeplass, ein stad for det ubevisste, fantasien sitt rike. På grensa, der desse røyndene møtast, oppstår konfliktar mellom generasjonane, dei finn ikkje fram til kvarandre og finn inga felles forståing.

Teksten fortel historia konsekvent og kjenslevart frå guten sitt perspektiv. Gjennom ein kortfatta, men aldri lukka komposisjon gir teksten rom for eigne tolkingar og opplevingar.

Eirik Fauske sitt stykke fortel ei tydeleg historie både i form og språk om korleis barn handsamar døden. Men framfor alt er teksten ei vill oppmoding om å erobra verda med leik.

Annonser
Stikkord:
· · · · · · · · · · · · · ·