
Kvifor treng me song i skulen?
Meir enn 300 barn frå nærare 20 barnekor sto på scena i Grieghallen då Bergen Filharmoniske Orkester (BFO) inviterte til konserten «Sangskatten». Må ein på allsongkonsert for å få synga i fellesskap no til dags?
↑ Det var fullt både i salen og på scena i Grieghallen under Sangskatten-konserten. Og når ein syng bergensarane si nasjonalhymne, "Nystemten", må ein legga handa på hjartet. Foto: Tarjei Hummelsund
Det å synga er ein utruleg frigjerande måte å bruka kroppen sin på
Eg blir med prosjektleiar Ingeborg Ekeland på ei øving i forkant av konserten for å finna ut av saker og ting.
Det er pause, og Ingeborg slår hjul. Det er ikkje det beste hjulet, men det er med stor sjølvtillit ho dreier rundt sin eigen akse. Er det noko som heiter bergensk sjølvtillit? I så fall er det det eg ser no. Ingeborg er BFO sin produsent for barn og unge, og konferansier for Sangskatten i Bergen, eit allsongkonsept lånt av Arktisk Filharmoni.
Me er på Steinerskulen i Bergen to veker før konsertdagen der gute- og jenteaspirantane i Edvard Grieg-kora øver.
– Eg visste ikkje at vaksne kunne gjera slik, seier ei av jentene forbausa.
Disiplin og leik
Ingeborg minner om både Tante Sofie og Pippi: streng som Sofie med full kustus på barna, men òg leiken som Pippi der ho gjer akrobatikk i pausen. Ho er skulert songar og har stort engasjement for song.
– Eg vaks opp med song i ryggmargen, fortel Ingeborg.
– Musikk er viktig for å bygga eit menneske! Det handlar om identitet! Det å synga er ein utruleg frigjerande måte å bruka kroppen sin på.
To jenter kjem bort til meg.
– Er det du som skal intervjua oss på ein måte? Me går i kor, men eg skal slutta etter konserten, fortel ho eine.
– Kvifor det? spør eg
– Veit ikkje, fortset ho før dei spring av garde.
Pausen er for kort til å stå i ro og prata.
Eg spør ei med litt færre lopper i blodet om ho likar å vera med i kor.
– Ja, det er kjekt å synga i kor fordi det er kjekt å synga med andre, kan ho fortelja.
Eg lurer på om det er skummelt å skulle stå på scena i Grieghallen framfor så mange menneske, men det synest ho ikkje. Den andre hobbyen hennar er å spela cello, så ho er vand med å musisera for publikum.
SANGSKATTEN
Sangskatten er eit allsongkonsept utvikla av Arktisk Filharmoni.
Under konserten i Grieghallen 1. februar 2025 medverka følgande:
Aspirantane i Edvard Grieg Guttekor poserer backstage i Grieghallen. Foto: Magnus Skrede

Mange fordelar
Det å vera med i kor inneber ein innsats både frå barn og foreldre, og Ingeborg fortel meg at kor stabilt oppmøte det er på øvingar faktisk avheng ein del av foreldra sin innsats.
Dirigent for jenteaspirantane, Katrin Heyland, ser på kravet om innsats som eit positivt aspekt ved kordeltaking.
– Nokre barn synest det kan vera utfordrande at det ikkje berre er kos på timane og at det inneber ein del jobbing. I tillegg til at det å synga i kor gjer deg kjent med ulike typar musikk og moglegheita til å oppleva den med heile kroppen, er det òg nyttig øving å læra å jobba målretta, meiner ho.
Sapfo Maria Stavrides er dirigent i Bergen Barnekor og Edvard Grieg Korene.
– Det er mange grunnar til at det å synga i kor er viktig. Jo tidlegare ein arbeider med gehør, jo betre resultat får ein. Samstundes legg ein lista lågare for å bli med i kor seinare i livet, og ein lærer gode songvanar, som å stå riktig, pusteteknikk og scene- og publikumsskikk, fortel Sapfo.
Ho trekk òg fram kor gunstig kordeltaking er i samband med å læra uthald.
– Ein lærer å takla motstand og visa tolmod. Koristane lærer seg at musikk er eit langsiktig prosjekt og at ein skal ha respekt for andre som står på scena, fortel Sapfo.
Ho er spesielt nøgd med at desse kvalitetane visar seg i andre stader i livet.
– SFO-medarbeidarar fortel meg at disiplinen elevane lærer i koret, påverkar dei urolege koristane i andre disiplinar òg, på ein positiv måte, seier Sapfo.
Ein lærer å takla motstand og visa tolmod
Aspirantgutane i Edvard Grieg Kor på øving med dirigent Martina Starr-Lassen på Steinerskulen i Bergen. Foto: Sunniva Øiestad

Ein lærer mykje om gruppedynamikk gjennom å synga saman
Ein tradisjon i fritt fall?
– Song har ein lang tradisjon i norsk skule, men forsvinn gradvis frå pensum, seier Ingeborg.
– Det betyr at ein i større grad vert nøydd til å oppsøka allsong sjølv, utanom skuletid. I lang tid vurderte ein song som ein nyttig måte å utvikla røyst og språk på. I tillegg såg ein verdien av det sosiale aspektet gjennom å samarbeida om noko felles. No vert det diverre ført ein politikk der musikk, song og kunst- og handverksfag vert fjerna frå skulen og pedagogutdanningar.
– Ein lærer mykje om gruppedynamikk gjennom å synga saman. Ein kan samanlikna det med gruppeidrett, men utan konkurranseaspektet, seier Ingeborg.
– I tillegg har me ein utruleg rik songkultur me må ta vare på! Det er verkeleg ein nasjonalskatt me må hegna om. Det er andre gongen BFO set opp Sangskatten. Førre gong var det fleire som «skrapa på døra» og ville inn, fortel Ingeborg, men det vart heilt utseld. Denne gongen er delar av repertoaret blitt endra. Til dømes er songane av Alf Prøysen er erstatta med songar frå Vestlandet. Arktisk Filharmoni har valt å ha same repertoar sidan oppstart i 2016. Felles for begge er at alle songane er norske.
Eg spør om «barneminister» Marie Synnøve Stokke frå Arktisk Filharmoni har tid til ein prat. Ho har hatt ansvar for produksjonane for og med barn og unge i Arktisk Filharmoni sidan hausten 2017, då stillinga med den fine tittelen vart oppretta. Ho er utdanna pianist og barnekordirigent.
– Eg har alltid tid til ein prat om Sangskatten! svarar ho kjapt.
Konferansier Ingeborg Ekeland og dirigent Ingunn Korsgård Hagen står ofte saman på scena under barnekonsertar med Bergen Filharmoniske Orkester. Foto: Tarjei Hummelsund

Aukande interesse for allsongkonsertar
– Gjennom Sangskatten får me halde live i ein kulturarv som fungerer for alle aldrar. Me er redd for at desse gullkorna skal døy og er difor veldig medvetne om at akkurat her treng me ikkje nye songar. Og kora kjem tilbake år etter år! Dei tenker ikkje at det er barnslege songar, fortel barneministeren.
På repertoaret står dei gode, gamle klassikarane som «Alle fugler», «Per Spelmann», «Grevling i taket» og «Mellom bakkar og berg». Det var ein lengre prosess å velja ut kva songar som skulle med, fortel ho.
– Eg starta med ein haug barnesongbøker og noterte ned alle eg meinte var viktige. Lista vart lang. Eg utfordra koordinator i Den kulturelle skulesekken i Bodø kommune, Alice Sivertsen, som var involvert i prosjektet, om å gjera det same. Me «slost» litt om kva som burde vera med, og reduserte frå 500 songar til 300, før me etter fleire rundar hadde kutta heilt ned til beinet. Arrangør Øystein Jæger bestemte endeleg repertoar og oppbygging. Me valde medvite bort dei songane som me veit fortsett vert sungne, som Bæ, bæ lille lam og dei andre mest kjente. Sangskatten kunne fort fått heilt andre songar. Det er så mange me må ta vare på.
Barneministeren ser at slike allsongkonsertar breier om seg i Noreg – både med og utan orkester. Det er trillekonsertar, babykonsertar, pubkor. Sjølv fortel ho at den neste draumen hennar er å setta opp ein konsert med fotballsongar, «sjølv om det er rølpesongar», inspirert av ein konsert Stavanger Symfoniorkester sette opp.
– Me treng høve til å synga. No syng me nesten berre i kyrkja. Helst skulle eg klona meg sjølv slik at eg kunne dratt overalt for å «setta i gang» og spreia mest mogleg song, seier barneministeren.
– Det er så sinnsjukt mykje forsking på song som viser kor sunt det er å synga saman. For viss ein først har sunge saman – då er ein på lag. Då har ein kommunisert. Forskinga viser at ein faktisk løyser oppgåver saman betre om ein har sunge saman, fortel ein entusiastisk barneminister.
Viss ein først har sunge saman – då er ein på lag
Edvard Grieg Barnekor består av fleire ulike kor. Her er heile korfamilien samla. Foto: Eirik Johannessen

Det er ikkje mykje naturleg song lengre
Ein skatt gjennom livet
På Steinerskulen vert korøvinga delt i jentekor og gutekor. Åtte-ti gutar i barneskulealder står i halvsirkel framfor pianoet og vert instruert av dirigenten. Dei syng mest saman, men òg nokre deler ein og ein. Det er modig å fylla rommet heilt åleine med si eiga songrøyst. Ingeborg sper på med instruksjonar om dansetrinn der det passar, og viser korleis ein kan poengtera teksten ved å synga ekstra høgt nokre stader, og kviskra andre stader. Gutane ser på dei vaksne med fullt fokus og konsentrasjon, samstundes som dei leiker at dei er elefantar medan dei syng «Dyrene i Afrika».
– Det er ikkje mykje naturleg song lengre. No er det ei oppfatning om at ein må kunna det. Det skal vera The Voice, liksom. I mi tid song alle lærarar og elevar. Det var berre noko me skulle gjera. Det som er viktig er å synga, ikkje å prestera, meiner barneministeren.
Live Rahlff Tyssen på seks år finn tryggleik i at dei er fleire som syng saman når ho er på korøving.
– Det er fint å synga i kor. Viss eg ikkje kan songane kan eg berre prøva litt fordi dei andre kan dei. Og så lærer me dei og eg kan visa dei til mamma og pappa og venene mine, fortel ho.
Pugging er ein del av gamet, og denne terpinga viser seg å ha noko for seg. Barneministeren fortel om Sangskatten-songhefter som har blitt liggande på gamleheimar og fungert som, ja, medisin omtrent til demente bebuarar. Vers som vart pugga tidleg i barndomen har festa seg til minnet eit heilt liv seinare.
– Det er så mange rørande forteljingar. Eg høyrer om demente som har mista kontakten med dei rundt, men som «kjem tilbake» når dei syng dei gamle barnelåtene dei vaks opp med. Det er noko spesielt med barnesongane. Dei treff noko som sender oss tilbake til barndomen og det første i livet. Kva om me mister det? Kva då?
Dirigent Ingunn Korsgård Hagen dirigerte i alle retningar i Grieghallen: orkester, kor, solistar og publikum. Foto: Tarjei Hummelsund

Dei er jo litt nasjonalistiske der i Bergen
Karaoke i Grieghallen
Så, slår dette repertoaret an? Det er konsertdag og eg har tatt med både foreldra mine og sonen min på 16 månadar. No skal denne kulturarven verkeleg testast. På scena står kora i formasjon rundt BFO. Det er paljettar, fine kjolar, spente blikk, men òg barn som verkar å ha ramla inn på scena utan å heilt vita kvifor dei er der. Det er frigjerande å sjå at dei ikkje let seg imponera av «Bergen si storstove» med høgtideleg ramme.
BFO-musikarane gjer seg klare og stemmer instrumenta. Sonen min klappar spontant og begeistra med dei små hendene sine.
Publikum er invitert til å synga med, og kan følga teksten på storskjerm. Som små drypp gjennom konserten troppar unge, modige solistar opp. Gravalvoret som oppstår når dei første solistane syng «Dyrene i Afrika» er overraskande rørande. Det er ikkje vanskeleg å førestilla seg kor stort det må vera å stå på ei scene framfor hundrevis av menneske.
Ein ung gut stig fram i dress og finn plassen sin. Som ein liten Pavarotti held han handa lågt på magen medan han finn sin mørkaste bass. Nok ei vestlandsk perle: «Dar kjem Dampen». Med eit slengkyss til publikum forlèt han scena. Der er den bergenske sjølvtilliten igjen. Mor mi og eg vert sjarmert i senk av det som truleg er den yngste Don Juanen i Grieghallen denne dagen.
Han på 16 månadar er like opptatt av publikum som det som skjer på scena, men «Kjerringa med staven» får det til å rykka i dansefoten hans.
Medan eg rekna med litt barnegråt og uroleg stemning mot slutten av konserten, verkar det som Ingeborg har stålkontroll på det nøgde publikummet. Kledd i gallakjole, og tidvis grevlingmaske, lirer ho av seg kjappe replikkar.
Det er tydeleg at MGPjr-vinnarsongen «Vestlandet» frå 2016 treff jentene bak oss, som skrur opp volumet. På Steinerskulen vart «Jenter frå Bergen» (1977) trekt fram som ein favoritt. «Dei er jo litt nasjonalistiske der i Bergen» ler barneministeren over telefon. Ingen tvil om det. Når me vert bedd om å reisa oss for å synga den bergenske stoltheita «Nystemten», er den eldste delen av publikum meir enn nøgd.
Under konserten kom solistar frå fleire ulike kor fram på scena. Foto: Tarjei Hummelsund

Røysta er noko me er fødd med. Det er det me har og det me er
Initiativ utanfor skulen
Barneministeren kan igjen visa til forsking når ho fortel at på dei skulane og barnehagane der dei vaksne likar å synga, vert det òg meir naturleg med song for barna.
– Det er ein skam at lærarar og vaksne skammar seg over røysta si, synst Ingeborg, og fortset: Røysta er noko me er fødd med. Det er det me har og det me er.
I Bergen har Bergen kommune og Ung i Kor – Vest tatt initiativ til at alle barn skal ha eit kortilbod i sitt nærmiljø. Under paraplyen Bergen Barnekor har fleire barnekor i Bergen starta opp som ein del av prosjektet «Barn Synger». Fleire av desse står på scena i Grieghallen.
Bergen Barnekor-dirigent Sapfo skulle ynskja kvar skule hadde sitt eige kor, men meiner dei har funne ei løysing som fungerer.
– Eg dirigerer skulekora i SFO-tid, noko som er veldig lagleg for foreldre som då ikkje treng å gjera noko. FAU kan ta kontakt med Ung i Kor – Vest for å få rettleiing i korleis ein etablerer barnekor i sitt område.
Ingeborg ser ein stor forskjell i apparatet rundt kvart enkelt barn.
– Nokon er veldig privilegerte og har apparat rundt seg som kan følga opp. Likevel har eg inntrykk av at foreldre ikkje er like investert som viss dei har leigd ein fiolin eller kjøpt ein fotball. Eg riv meg i håret over at barn kjem på korøving dei siste minutta med ei svak unnskyldning frå foreldra.
Det høyrest ut som eit argument for å få song inn i undervisninga.
Medlemmar av Edvard Grieg Jentekor på heimebane utanfor Grieghallen ved eit anna høve. Foto: Magnus Skrede

Det store spørsmålet
– Kvifor er song så viktig eigentleg? spør eg barneministeren.
Stille.
«Kor skal ein byrja?» høyrer eg mellom linjene
– Det er jo tusen grunnar, men fellesskapet det skapar er det viktigaste. Song er glede, det er sunt, det er språktrening, kognitiv utvikling. Det er ein skandale at me ikkje syng meir!
– Me merkar at skulane er veldig glad i Sangskatten. Me sender dei songhefte og lydfilar som dei skal øva på. Deretter får kvar klasse eller skule ansvar for eit vers dei skal framføra på Sangskatten-konsert. Då må dei reisa seg og synga sitt vers. Dette konseptet gir skulane ein grunn til å øva på songane. Det er ei fin greie for lærarane. Og det at me ser ei aukande interesse for allsong, gler meg. Me er glade for å ta dette ansvaret.
Live på seks år er nøgd etter konserten, både med BFO og Ingeborg.
– Det var spanande og morosamt å synga med eit helt orkester. Og så var det gøy når ho som snakka, tulla så mykje.
Ho som tulla så mykje er oppgitt over at songen forsvinn frå skulen og at kunstfag vert fjerna frå læreplanane. Ho meiner nokon må ta grep. Heldigvis ser ho litt bevegelse i allsong-interessa, og det er varsla besøk frå Oslo-Filharmonien, som vil koma for å sjå om konseptet er overførbart til deira arena.
Barneministeren vel å sjå positivt på framtida.
– No har me barnehage-songskatt, julesongskatt og nordisk songskatt, og så syslar eg litt med tanken på samisk songskatt. Derifrå kan det fortsetta med Sangskatten volum 2, 3, 4 og så bortetter, fortel ein ivrig barneminister.
Annonser

