Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Øvingar i kunst og samfunnsøkologi på Teaterfestivalen i Fjaler

KATEGORI

Scenekunst,

SJANGER

Anmeldelse,

PUBLISERT

onsdag 4. oktober 2017

Teaterfestivalen i Fjaler har sidan 2013 markert seg som ein stad som legg vekt på sterke synergieffektar mellom ulike aktørar og publikumsgrupper.

↑ Fra Teaterfestivalen i Fjaler og prosjektet Radio Fjellom. Foto: David Zadig.

I høvet til det unge publikummet kjem dette mest tydeleg fram gjennom familidagen i midten av festivalen, kor heile bygda kjem til torgs både som arrangørar og publikum for ei rekke ulike aktivitetar.

Familiedagen står knytt opp til festivaltema som dette året var Antroposcen – mennesket i naturen, med eit fagsymposium som eit av hovudpunkta for programmet. Temaet rammer òg inn resten av programmet, som har eit utprega fokus på å skape resonans mellom ulike sceneuttrykk, så vel som å engasjere den lokale befolkninga.

Dette høyres i utgangspunktet kanskje ikkje særleg innbydande ut for eit bornepublikum, men så er det nettopp her det skjer noko særeiget. For heller enn å dele familiedagen inn i bestemte postar kor ein er for born og ein annan for vaksne og ein for alle saman, og så bortetter, er familiedagen prega av å vere eit inkluderande og ope arrangement som emnar å trekke til seg heile familiar, ungdomar og eldre, og kunstnarar og arrangørar knytt til festivalen, i fritt leide mellom det som er av aktivitetar. Borna blir ikkje utskild som gruppe, men medrekna som likeverdige deltakarar.

Teaterfestivalen i Fjaler


Årets festival tok plass 13.-17. september.

Teaterfestivalen i Fjaler vart fyrste gang arrangert i 2013, og arrangerast kvart år i september. Festivalen programmeras ut frå ein tematisk overbygning, og legg vekt på å skape møtepunkt mellom kunsten og bygda.

Kjelde: Teaterfestivalen i Fjaler.

Slik blei borna gjennom sine eigne syn på livet aktive i ein kunstnarleg prosess som samstundes sette dei i sentrum for festivaltema.

Borna som aktørar

Mange av borna hadde allereie fått med seg ei eller fleire førestillingar mynta på born gjennom eit samarbeid mellom festivalen og Den kulturelle skolesekken (Mørkemodig av Katma, og Lekene slår tilbake og Ønskedrøm av Det andre teateret), då me laurdag morgon blei ønska velkomen til familiedagen av festival-leiar Torkil Sandsund. Her introduserte han prosjektet Helsing til Dale om 100 år, eit samarbeid mellom elevar ved Dingemoen skule, Teaterfestivalen og kunstnarane Andreas Vermheren Hol og Sveinung Unneland.

Som del av prosjektet fekk borna kome på scena og presentere nokre av framtidsvisjonane sine for å markere kva dei hadde gjort. Elevar frå 1.-7. klasse hadde skreve åtte sider kvar om tankar, draumar og bilete av framtida etter sitt eige sinn og i sitt eige språk. Sidene blei så omgjort til bøker, som sidan blei støypt inn i ein eigen bokboks forsegla med bivoks. Under seremonien blir denne overrekt til ordføraren i Dale, og skal opnast av born i Dale om 100 år.

Slik blei borna gjennom sine eigne syn på livet aktive i ein kunstnarleg prosess som samstundes sette dei i sentrum for festivaltema. Den store tematikken om menneske, natur og korleis me tek vare på livet i oss og rundt oss fekk gjennom borna eit universelt preg, som òg sat kjensler i sving blant det vaksne publikummet slik eg så det. Borna sender si melding til borna i framtida, og indirekte, til borna i oss: Ingen i heile verda får det bra om me ikkje tek oss av kvarandre og jorda me står og går på og lever av. Me bler oppmoda til å leve med, ikkje eller av jorda.

Fra Helsing til Dale om 100 år. Foto: David Zadig.

Hendingane rører seg i ulike konstellasjonar mellom det stadbundne, kroppslege, og det stadlause og virtuelle.

Sosiologisk, performativ skulptur

Med prosjektet Hendingar gir familiedagen i Fjaler òg eit eige rom til Masterstudentane frå Kunsthøgskolen i Oslo (KHiO). På tvers av scenefaga er studentane frå den nye tverrdisiplinært innretta masterordninga ved skulen invitert til å samarbeide med elevar frå Musikk, dans og drama-linja ved Firda VGS.

Med utgangspunkt i bygda som historisk stad, presenterte prosjektet Dale sentrum for publikum gjennom ni stads-spesifikt utvikla performance-installasjonar. Meir enn klassiske førestillingar, blei dei ulike hendingane til sosiologisk funderte performative skulpturar. Publikum fekk utdelt kart med titlar og stader for dei ulike hendingane og kunne slik vandre fritt rundt i løypa og tre inn i dei ulike bileta som opna seg i samkvemmet mellom valet av stad og aktørane i dei. Nokre av titlane var Broa over storelva, Den gamle Statoilbutikken, Vaskehallen på Firda billag, og sluttstasjonen Jordet ved rundkøyringa.

Tematikken i prosjektet blir framstilt som ei utforsking av tilhøvet mellom industri-utvikling og -avvikling i ei lita bygd, av stader som no står i fluxus mellom sitt historiske livsgrunnlag og nye arbeids- og leveformer. Slik sett speglar Hendingar i likskap med framtidsvisjonane frå skuleborna, og Antropocen-tematikken. Det er eit stort tema, som i Hendingar får eit identitetsutforskande preg på fleire nivå. Gjennom si tilknyting til området, og i samspel med stadane kjem dei lokale ungdommane til syne som performative, poetiske skulpturar, sett i scene av seg sjølve, og synleggjer både håp og element av apati i kva det vil seie å vere ung i møte med pågåande samfunnskriser.

I tråd med dette bringer mange av Hendingane òg fokus på stadar som er i ferd med å tømmast for meining, fanga i overgangen mellom gamal industri og eit nytt, digitalisert samfunn. I det post-antroposceniske nachspielet i Firda Billag sin Vaskehall, kor mørksinn og paralysert ungdom råder grunnen, i Den gamle Statoilbutikken kor ein jentegjeng utforskar sine identitetar i lys av oppvekststaden sin. Og på ein stad som ikkje har namn, men som handlar ei framtid kor dei alle seier at dei mest sannsynleg vil bu ein annan stad, og ikkje lenge etter sjekkar iphonen sin. Hendingane rører seg i ulike konstellasjonar mellom det stadbundne, kroppslege, og det stadlause og virtuelle, på ein måte kor begge ender av aksen synar som potensielt felleskapsberande, men óg som einsame rom.

Fra Hendingar. Foto: David Zadig.

Å visualisera ein drømmehage

På den niande og siste stasjonen i prosjektet, Jordet ved Rundkøyringa, kjem relasjonane mellom festivaltema og Hendingar kanskje aller tydelegast til syne. I programmet står det:

Her skal vi plante ein drømmehage på Dales mest fertile jord. Diverre kjem dissa blomene aldri til å blomstra, for her skal det byggast eit hagesenter. Kom og plant ein blome i lag med oss!

«Drømmehagen» blei til ved at aktørane leigde publikum i handa på ein tur over jordet, medan dei visualiserte ein drømmehage full av blomar og vekstar for oss, på eit jorde som altså er kjøpt opp og skal bli til tomt for Hageland-butikk. Me kom til slutt fram til ein liten jordlapp kor kvar enkelt publikummar fekk plante ein blomelauk med hadde fått i handa før turen begynte. Her møtte me og masterstudent Helle Bendixen, som samanfatta med ein tekst som markerte den organiske og poetiske, karakteren i prosjektet, og vitna om prosjektet som ny erfaring og prosessbasert arbeid som eit utsegnsrom i seg sjølv:

 

Det hende omtrent slik
at vi trong leire
og ei dame frå Dale fortalde at det finnast
blåleire her i bygda
så ho ringde ein kar som kjenner ein
annan kar
som bur ein stad oppi lia der det finnast
leire
så han kom med spaden og tok oss med
der leira er
og vi gravde i lag
men det var for langt ned til leira
så han ringde ein annan kar
som har ei gravemaskin
og han visste om ein annan plass der det
finnast leire
men plassen eigast av kommunen
og alle kjenner ei som jobbar i kommunen
som seier at det er greit at vi graver opp
leira

Fra Hendingar. Foto: David Zadig.

Samfunnsdeltaking som effekt av kunstprosessar

Hendingar speglar slik eit særtrekk ved Teaterfestivalen i Fjaler som handlar om engasjement på tvers av aldersgrupper og aktør-mottakar-aksen. Her er det skapt eit rom kor engasjementet går i alle retningar, kor møte mellom ulike aktørar og publikumsgrupper i seg sjølv blir gitt meining, og oppstår i kraft av at så mange har fått ei aktiv rolle i utforminga av festivalen. Både Hendingar og framtidsvisjonane frå skuleborna emnar å synleggjere samfunnsdeltaking som effekt av kunstprosessar, og er samstundes ein invitasjon både til å nærme seg Dale som stad, og festivalen som kunstnarisk og samfunnsskapande praksis.

Bendixen avsluttar Hendingar med vitne om erfaring av eit verdiskapande møte mellom kunst- og samfunn, inn i ein felles økologi:

 

Om eg hjelper deg
og du hjelper han
og han hjelper ho
og ho hjelper dei
og dei hjelper oss

om vi tek med oss nye tankar heim frå
denne byda
om vi lev i eitt med naturen her i bygda
om vi lev i eitt med kulturen her i bygda
så er vi ein del av noko større

Annonser