- Uendeleg seint, 1989
- Kant, 1990
- Dyrehagen Hardanger, 1993
- Vått og svart, 1994
- Nei å nei. Hundemanuskripta 1, fabel, 1995
- Du å du. Hundemanuskripta 2, fabel, 1996
- Fy å fy. Hundemanuskripta 3, fabel, 1997
- Søster, kortprosa, 2000
- Spelejenta, 2009
På banantokt med Jon Fosse
Det beste Jon Fosse har skrive for barn, finn ein om ein går på bananjakt i bøkene hans.
↑ Utsnitt frå «Uendeleg seint», faksimile / Jon Fosse. Foto: Agnete Brun
Då Jon Fosse fekk nobelprisen i litteratur i fjor, sprang eg til biblioteket. Eg krafsa rundt i dramatikkhylla først, og etter det raska eg med meg det eg fann av barnebøker han har skrive. Fosse er rett nok best kjend som dramatikar, lyrikar og romanforfattar, men han har òg ni barnebøker i katalogen sin. Kor gode er dei?
Barnebøker av Jon Fosse
Barnelitteratur
Alle utgjevne på Samlaget. Lista er henta frå Store norske leksikon.
Fosse går djupt inn i situasjonar som er utfordrande å stå i for eit barn
Helst ikkje
Tja, er kan hende svaret om ein spør nobelprisvinnaren sjølv. I alle fall sa han følgande i 2002: «Eg er meir usikker på om dei har fascinasjonskraft for ungane» («dei» her i tydinga «barnebøkene»). Og det berre fem år etter at Fosse sjølv skapte omgrepet allalderlitteratur. Resultatet vart at han byrja skriva antibarnelitteratur-barnelitteratur. Ein litteratur som skulle vera estetisk autonom og ikkje pedagogisk. Helst ikkje.
Det som slo meg då eg las dei ni bøkene, er korleis Fosse leikar seg midt i det alvorlege vanvitet i nokre av dei. Og korleis Fosse går djupt inn i situasjonar som er utfordrande å stå i for eit barn: Der ein kjenner skuld, der ein angrar, der ein er sint eller redd og der ein må fiksa mykje av det sjølv. Eg likar best bøkene der barn er hovudpersonar. Eg tykkjer til dømes Hundemanuskripta mest har meir for den vaksne enn for barnet. Bøker som Kant og Spelejenta er blant dei mest kjende, begge har òg blitt til fine teaterframsyningar. Men skal ein leita etter leiken, bør ein kikka etter bananar. Det er faktisk sant.
Samvit og handling
Om ein har lese Fosse sin prosa eller dramatikk, kan ein lett kjenna igjen tema og språk derfrå i barnebøkene hans. I den første barneboka si, Uendeleg seint (Samlaget 1989), set han interessante mekanismar i spel. Guten, eg-forteljaren, kjem heim med dårleg samvit. Mor skjønar at det er noko, og ho plagar han med spørsmål der ho står attmed komfyren og lagar middag.
Saken er at guten har stole ein banan. Ikkje berre det, han har stole bananen frå veska til ei gammal dame.
Då kan ein tenka: Dette er gamle dagar. Kven stel ein banan – og kven bryr seg om å bli fråstolen ein? Samstundes veks bananen (reint visuelt gjer han faktisk det) og vert eit bilete på noko større.
Ein skal ikkje stela, det veit alle. Ein skal ikkje lyga, heller. Men guten gjer begge deler, og han veit det så godt. Han står der med bananen i handa, og mora spør kor han har fått han frå. Når middagen kokar, trur guten han har redda seg unna. Men nei. Så han lyg til ho, seier han har fått bananen, og han kjenner seg slem og stygg, for han veit at det han gjer, er gale.
Nett her, i denne situasjonen, elskar eg Jon Fosse
Verda: 0. Fosse og guten: 1
Mødrer kan vera ein pest og ei plage. I alle fall vert mor forferda – for guten hennar har ikkje takka for bananen han fekk! Det var ikkje nett slik guten hadde tenkt det skulle gå. Mor dreg han med seg ut døra på jakt etter den gamle dama slik at guten skal få takka for bananen.
Kva gjer ein då? Spinn seg lenger inn i nettet av lygn? Innrømmer alt? Stikk av?
Nett her, i denne situasjonen, elskar eg Jon Fosse. Ute på gata ser dei dama, ho går så uendeleg sakte, ho har berre så vidt runda brannstasjonen (bra plassert i tekst og bilete, staden som varslar at fare er på ferde). Guten, som er full av skuld og tusen andre kjensler, må sortera i oppgåvene sine, korleis han skal løysa dette. Så han spring frå mora og mot den gamle dama. Han navigerer i sin eigen moral, finn ut kva som er det aller viktigaste for han, og seier det eine ordet som er aller vanskelegast å seia: Unnskyld. Så spring han heim att.
Mor veit ikkje noko. Dama skjønar lite. Bananen får far ete. Men guten har løyst oppgåva og fått ei viktig innsikt.
Verda:0. Fosse og guten: 1.
Fosse leikar med lesaren
Nase-peik
Kva er leiken i dette? Fosse leikar med lesaren. Tek han djupt inn i samvitskvalar, det er som om me har stole den bananen sjølv. Fosse gjer som i dramatikken: Lar stilla rå og situasjonane få vera det dei er så ein verkeleg kan kjenna på dei. Så lar han guten løysa det på sitt vis, samstundes som han er heilt og fullt på barnet si side, både i at det han har gjort ikkje er greitt, men òg i løysinga guten vel. Løysinga er ei slags nase-peiking til verda.
Illustrasjonane medverkar sterkt til kjensla av dårleg samvit. Tilbakeblikk på banan-nappinga kjem så å seia i kvart einaste oppslag, bananen i veska veks og veks, ryggen til den gamle dama er til stades i fleire bilete. Han blir ikkje kvitt ho. Alf-Kåre Berg sine illustrasjonar gjer opplevinga av teksten sterkare. Tvisten på slutten gjer at eg tenker dette er ein av dei artigaste barnebøkene Jon Fosse har skrive – midt i alt alvoret.
Inn i leiken
Ser ein nøye etter, finn ein bananar i Dyrehagen Hardanger (Samlaget 1993) òg. Det er Berg som står for omslaget, men denne boka er ikkje illustrert. Likevel er ho rik på bananar. Kva står på spel i denne boka?
Her tek Fosse lesaren med rett inn i leiken. Ungane leikar at dei er ein dyrehage, og i den dyrehagen skjer mykje – heile tida. Tigeren rømmer for å gå på butikken og kjøpa snop, apekatten held ikkje fred om han ikkje får banan, og strutsane er i ferd med å bryta ut av innhegninga si. Dyrepassaren og assistenten har det travelt. Dyrehagen ligg i låven til bestefar til Jon, der får dei lov å leika seg så mykje dei vil. Ungane er inn og ut av leiken, dei er ikkje like nøgde med rollane dei har fått, og nokre av dei gidd ikkje meir innimellom. Leik kan vera slitsamt! Bård vil vera bjørn, ikkje villsvin, og kva skjer når han som faktisk er bjørn, Per, er på veg mot strutsane Anne Marit og Kari? Vert dei etne?
Dei vaksne ler av denne dyrehagen i Hardanger, medan ungane utforskar maktforhold, medverking og samarbeid
Leiken er slik leiken er
I denne leiken jobbar ungane hardt. Nokre av dei for å bryta ut av leiken, nokre av dei for å halda han i hop. Noko av det som er mest tydeleg i denne boka, er korleis dei vaksne ikkje skjønar kor viktig leiken er, det er liksom berre leiking ungane driv med. Dei vaksne ler støtt av denne dyrehagen i Hardanger, medan ungane utforskar maktforhold, medverknad og samarbeid. Når mor og bestemor til Jon kjem for å besøka dyrehagen, ler dei godt. Det kjennest ikkje greitt for Jon og dei andre når dei ler så mykje at leiken og alt dei har bygd opp vert øydelagt. Dei vaksne forsøker å halda seg alvorlege, forsøker å forstå leiken, men heile omvisinga vert ein fadese, alt det avanserte som ungane har bygd opp, vert liksom til inkje.
Redninga er den vaksne som skjønar leiken. Butikkmannen kjem dei til unnsetning både med bananøskjer og gamle bananar. Sjølv den snopsugne tigeren Knut ombestemmer seg og blir med tilbake til låven. Heile vegen tilpassar ungane leiken til verda, det er ein plastisk leik dei kan vera i så lenge dei berre vil.
Dyrehagen Hardanger kan minna om høyrespelet Leika leiken, som Fosse skreiv i 2022. Der gjer den vaksne så godt han kan, men det er berre barnet som er open for leiken, alle endringane i han, alvoret og det presise arbeidet leiken krev. Den vaksne skjønar liksom ikkje kva leiken er, at leiken er slik leiken er, og at slik er det berre. Her er Jon Fosse konsekvent på barnet sitt parti, den vaksne manglar noko i livet sitt som barnet har. Barnet gjer så godt det kan for å invitera den vaksne inn.
Lyset i mørket
Eg fortset jakta på det gule. Eg trudde i pur lykke at eg såg eit par bananar i Vått og svart (Samlaget 1994) òg, men det viste seg at det var to gule sokkar som låg der på golvet. Men det gule objektet vert sentralt også i denne boka, berre no i form av ei lommelykt som Lene ikkje får lov å låna frå bror sin. Lykta er fin og gul, og jenta veit at det er nett denne ho treng for å møta si største frykt og fascinasjon: Den mørke, mørke trappa ned til kjellaren. Å gå åleine ned dit.
Så ho nappar lykta medan mora er på butikken og broren er ute i snøen. Det er som om ho, idet ho tek lykta, veit at nokon kjem til å kome. Og ganske rett: Broren og ein kamerat kjem for å finna lykta, og Lene gøymer seg under senga. Bror er fortvila, han og vennen stikk ut for å finna lommelykt-tjuven. Utgjort, tenker Lene. Ho som skulle utforska så mykje der nede! Ho ser for seg alt som finst der i mørket.
Medan Lene kjempar med seg sjølv – ho tør ikkje gå ned, men vil det så gjerne – kjem mor og bror Asle heim. Det vart ikkje nokon tur ned denne gongen, men fantasien om det mørke i kjellaren veks seg endå større. All den innsatsen for å komma seg ned i kjellaren til inga nytte! Eller?
Her lar Jon Fosse barnet utforska tankar kring det farlege, ekle og ubehagelege. Lene løyser det denne gongen med å tenka seg til større mot. Kanskje neste gong kjem ho seg ned. Kanskje.
Det gule
Den tydelegaste fargen i Jon Fosse sin forfattarskap er gul. Gule bananar (sjølv om nokre av dei er blitt brune), gul lommelykt, gule sokkar. Skodespel med tittel som Jente i gul regnjakke. Jamvel Øyvind Torseter lar handlinga krinse kring variantar av den lysande fargen i boka Spelejenta.
I skodespelet Jente i gul regnjakke finst det ikkje noka jente. Jenta i den gule regnjakka er eit bilete karakterane i stykket manar fram som eit minne, og det at ho er kledd i gult, gjer ho til eit distinkt og tydeleg minne. Ho står der liksom for seg sjølv, litt bortkommen, kan ein tenka når ein les.
I eit intervju Live Lundh i magasinet STREK gjorde med Henning Hagerup og Jon Fosse i 2021, vart jenta i regnfrakken eit tema. Samanhengen var omgrepet det lysande mørket, som Fosse har nytta fleire gonger. Hagerup fortalde om sitt essay «Jente i regnfrakk»:
– Det var en dag jeg var ute og gikk i parken, ganske dyster. «Helvetes liv, hva gjør jeg her?» Jeg fikk øye på en liten jente iført regnfrakk som var ute og gikk med en hund. Synet av dem, det vekket meg. Plutselig forsvant den svarte følelsen og sorgen. Oppmerksomheten ble drevet bort fra meg selv og over til mine medskapninger. Hunden også. Den fortroligheten disse to utstrålte var så gripende. De stolte på verden. Selv om hvilken som helst drittsekk kunne kommet og skadet dem. Det brente seg fast i meg, og kommer alltid til å være der. Det er mange år siden nå. Hun må være voksen, og hunden død.
– Det er rart du sier det, for jeg har skrevet et stykke som heter Jente i gul regnjakke. Det handler om det samme som du snakker om, sier Fosse.
Hvor kom bildet fra for din del?
– Jeg aner ikke, men det er helt sentralt i det stykket. Hun er også utsatt, men trygg.
Håpsbringande
Me lar bananjakta slutta der, i det gule og trygge. I den bortkomne, utsette og håpsbringande regnfrakkjenta full av alt som kan henda i livet. Kan hende har ho ein banan i lomma. Kan henda har no nett våga seg ned trappa. Kan hende har ho rømt frå dyrehagen.
Men eitt veit me: leika seg, det kan ho. Ho representerer den som kan. For gjennom barnebøkene sine har Fosse vist ein grunnleggande tillit til nett det: leiken.