Periskop

Kritikk av kunst for barn og unge

Performance: Modige studentar ofrar håret sitt

KATEGORI

Visuell Kunst,

SJANGER

Intervju, Reportasje,

PUBLISERT

mandag 6. mars 2023

HVOR
Kunstskolen i Bergen

Ein freistar bryta seg ut frå sine eigne knutar, ein annan målar seg i okseblod, og ein tredje barberer av seg alt håret. Periskop var fluge på veggen då studentane på Kunstskolen i Bergen fekk undervisning i performance.

↑ Håret fall då studentane ved Kunstskolen i Bergen (KiB) arrangerte eit halvt døgn med performance-festival. Foto: Tilda Zsemberovszky

Håret fall då studentane ved Kunstskolen i Bergen (KiB) arrangerte eit halvt døgn med performance-festival. Frå klokka ni på morgonen til klokka 21 på kvelden vart Marken 37 fylt med utprøvande framføringar som studentane hadde arbeidd med i to veker.

KiB er ein toårig kunstfagskule plassert i sentrum av Bergen. Fleire av studentane kjem rett frå vidaregåande og bruker desse to åra som ei førebuing før kunsthøgskulen. Dei siste fem åra har skulen hatt performance på timeplanen. Over to veker får studentane innsyn i kunstforma og presenterer eigne prosjekt på ei offentleg framsyning. I år er det performancekunstnar Mia Øquist (1980) som held kurset for studentane.

Over to veker får studentane innsyn i kunstforma og presenterer eigne prosjekt på ei offentleg framsyning

Fokus på performancekunst


Denne saka er ein del av Periskop sin serie om performance. Kva for verdi kan eit møte med performance ha for barn og unge – og kor har dei unge moglegheit til å verta underviste og kunne utvikla seg i kunstuttrykket?

Denne gangen har me tatt turen til Kunstskolen i Bergen (KiB) for å sjå nærare på korleis studentane vert underviste i performance.

 

 

Å driva med performance er både eit verktøy for å utvikla seg sjølv, og eit verktøy ein kan bruka i kunsten sin

Eigen kropp som verktøy

– Å driva med performance er både eit verktøy for å utvikla seg sjølv, og eit verktøy ein kan bruka i kunsten sin. Det er så utruleg mykje forskjellig ein kan gjera innanfor performance, meiner Øquist.

Øquist er ein Bergensbasert kunstnar og aktivt medlem i Performance Art Bergen (PAB). Ho brukar ofte eigen kropp som sentralt verkemiddel i kunsten. Med seg sjølv som verktøy prøver ho å retta fokus og setja spørsmålsteikn ved sosiale kodar i samfunnet og mellom oss menneske. For å skapa samspel mellom fleire kroppar, involverer ho òg frivillige i performancane. Sjølv om ho er vand med å vera blikkfang på den performative scena, har ho stor forståing for at dette kan vera uvand og ubehageleg for studentane.

For kunstnarspirene har kanskje hatt skulptur-, teikne- og målekurs i tankane når dei har søkt seg til kunstfagskulen. Det obligatoriske performancekurset utfordrar studentane si komfortsone. Arne Bakke, rektor ved skulen, har bede meg trø varsamt når eg kjem på besøk.

Performance "Connection" av Kaja Isabel Petterson & Anne T. Nystad. Dei siste fem åra har skulen hatt performance på timeplanen. Foto: Alisa Hulsbeek

Å konsentrera seg om ein flekk

Studentane er åtte dagar inn i kurset når eg dukkar opp. Det er ei variert gruppe som møter meg. Nokon ser ut som dei aldri har drive med anna enn kunst, medan andre truleg vil gå heilt andre vegar etter kvart.

Eg vert invitert til å vera med på nokre enkle performance-oppgåver for å varma opp til resten av dagen. Første oppgåve er at me skal setja fokus på ein detalj eller eit objekt i rommet. Peikefingeren vert ivrig brukt til å peika på diverse greier. Ein flekk på ei dør, eit mønster i golvet. Nokre er meir performative enn andre og brukar blikket for å stirra demonstrativt på utvalde objekt.

Utfordringa her er ikkje hovudsakleg kreativitet, men å tora. Eg får lyst til å legga meg på golvet som ein stiv pinne for å retta fokus mot dei rette linjene som golvlistene utgjer. Men eg tør ikkje og former heller henda til to L’ar for å framheva det kvadratiske straumuttaket i golvet.

Sjølv om ingen tør å gjera dei store tinga og sleppa seg laus, oppstår ein konsentrasjon. Heilt stille fokuserer me på flekken på veggen, den bølgjete leidningen og teksturen i golvet – i fellesskap.

Utfordringa her er ikkje hovudsakleg kreativitet, men å tora

Sjå her! Å rydda kan òg vera performativt

Overføringsverdi

Før me skal over til neste bolk, vert rommet rydda. På få minutt har alle borda og stolane bytt plass, og rommet er transformert. Øquist sin jobb er å gjera studentane bevisste. Ho ser det performative i det meste:

– Sjå her! Å rydda kan òg vera performativt. Det handlar om openheit og å skapa augeblikk.

Rektor Bakke er sjølv kunstnar og meiner erfaringane studentane får på performancekurset er nyttig innanfor andre kunstformar òg.

– Overføringsverdien dette kurset har er ein viktig årsak til at me arrangerer det. Kurset er intensivt for studentane, men det er kjempenyttig å utfordra dei. Å la studentane møta og konfrontera det ubehaget dei kjenner på når dei går inn med heile seg i ein performance, er lærerikt, meiner Bakke.

Øquist ser seg einig:

– Dei har jo ikkje søkt seg inn på teaterstudier eller oppsøkt det å stå på ei scene. For nokon er det i utgangspunktet heilt uaktuelt å stå framfor klassen og prata. Det er ein balansegang kor mykje ein skal pressa studentane. Eg meiner at sjølv om nokon syns det er skummelt, så kan det vera greitt å pressa dei litt, fortell Øquist.

Performance "Connection" av Kaja Isabel Petterson & Anne T. Nystad. Foto: Tilda Zsemberovszky

Performance handlar jo i stor grad om å presentera noko. Å krevja eit nærvær. Også når ein klippar hår. Foto: Daniel Jin Heggelund

Å krevja eit nærvær

Øquist haldt kurset i fjor òg. Då var det ein student som var så utilpass med heile kurset at hen skugga vegen kvar gang hen såg Øquist. Løysinga vart å utføra performancen bak eit forheng med eit lite kikkhol i. Ein og ein kunne publikum stilla seg i kø for å få ein gløtt av kva som skjedde bak forhenget. Der sto studenten i nokolunde trygge omgivnadar og skapte kunst for eit lite og handterleg publikum.

For performance handlar jo i stor grad om å presentera noko. Å krevja eit nærvær.

– Når eg pratar, er eg Mia, men viss eg er stille og visar noko med kroppen, er det noko anna. Då vert det med ein gang meir performativt, meiner Øquist.

På ein stol er student Alisa Hulsbeek klar for sin performancen «Klippe i fortiden». Foto: Tilda Zsemberivszky

Kva med å klippa av seg håret og bruka det til ein pensel for å mala kvarandre?

Med blodig hår gjennom byen

Studentane pratar om erfaringane til no frå performancekurset. For nokre dagar sidan valte ein student å gjera ein performance ute i bybiletet. Med blod greidd gjennom håret spaserte ho gjennom byen. Klassen reflekterer rundt korleis det påverka performancen at dei gjekk bak ho i ei klynge. Vart det mindre verknadsfullt fordi klassen tydeleggjorde at det var konstruert og oppstilt? Og kva med fotografane som sprang i forkant og knipsa ivrig – burde dei gøymt seg eller vore meir diskré slik at den bloddrypande karakteren vart meir konfronterande for menneska ute i byen? Slik at overraskingsmoment vart større – eller ville det vore for brutalt? Skulle ein tatt omsyn til bussen med ukrainske barn som tilfeldigvis stoppa rett ved performancen og kanskje vart trigga av blodet?

Performancen satte i gang mange spørsmål hjå studentane, og viser kor mykje meir effektivt og verknadsfullt praksis kan vera framfor teori. Å føla på kroppen korleis eit bybilete reagerer på ein blodig kropp – det kan ein ikkje lesa seg til i ei bok.

Studentane myldrar om kva dei skal gjera på framsyningsdagen. Skal ein rulla seg rosa i raudbeter og måla lerretet med kroppen sin? Kva med å klippa av seg håret og bruka det til ein pensel for å mala kvarandre? Dei gir kvarandre råd og testar idear fram og tilbake.

Studentane er ikkje berre ansvarlege for å fylla programmet med performancar, men òg å arrangera eindagsfestivalen. Ein student lurer på om det skal strøymast i år òg, og verkar ivrig etter å visa den digitale omverda kva dei driv på med. Saman med Øquist vert dei einige om at dagen bør dokumenterast og leggast ut på Instagram og Facebook, og helst strøymast òg viss mogleg.

Performance "Oxblood" av Anne T. Nystad. Studenten valgte å gjera ein performance ute i bybiletet. Med blod greidd gjennom håret spaserte ho gjennom byen. Foto: Daniel Jin Heggelund

Performance-øvingar

Før lunsjpause har ein student lyst til å visa oss sin performance. Den viser seg å vera kunstfilosofisk og humoristisk. Me samlar oss framfor han. Det vert stille. Det er noko som skjer med ein gang nokon stiller seg på ein scene. Alt som skjer no får fullt fokus. Studenten simulerer ein operasjon ved å laga skjere- og syrørsler i lufta. Det einaste rekvisitten han har, er eit munnbind. Stilla vert broten av «eg prøvde å skilja kunsten frå kunstnaren, men eg mislukkast» og eit «kondolerer». Eg vekslar mellom å tenka at det verkar så lett å berre stilla seg opp og prøva ut ein performance, og å føla meg nervøs på hans vegner.

Øquist gir honnør til den modige studenten og påpeiker for klassen korleis enkle rekvisittar kan setja ein kontekst, her i form av eit munnbind som indikerer når «legen» går inn i operasjonsrommet, og når operasjonen er ferdig. Ved å stilla spørsmål og påpeika grep, setter Øquist i gang tankeprosessar hjå studentane.

Etter framsyninga får studentane arbeida på eigen hand. Ein student saumfer skulen for å finna ein passande plass å festa eit reip. Reipet skal han binda rundt kroppen for så å bruka all kroppsvekt og styrke til å forsøke å slita seg laus. Trebjelkane i øvste etasje appellerer, og Øquist gir klarsignal etter å ha testa med si eiga kroppsvekt ved å dingla litt frå bjelkane. Ho er ganske sikker på at dei skulle tåla det, og skulle dei heilt uventa knekka, vil det jo tross alt bli ei særs sterk performanceoppleving.

Eg vekslar mellom å tenka at det verkar så lett å berre stilla seg opp og prøva ut ein performance, og å føla meg nervøs på hans vegner

Performancen «La meg tøye» med Ask Eirik Thorsen. Fotograf: Tilda Zsemberovszky. Med eit reip binda rundt kroppen brukar han all kroppsvekt og styrke til å forsøke å slita seg laus.

Håret som fall

Eg går inn i eit stille, konsentrert rom fredag den 13. Festivaldagen. Eg stiller meg saman med eit fokusert publikum. På ein stol sitt student Alisa Hulsbeek, som er i gang med performancen «klippe i fortiden». Håret hennar har ein uformeleg frisyre og er delvis farga med raudlege tilskott i det elles blonde håret. På eit bord framfor ho ligg ein spegel, saksar og ein barbermaskin. Meir og meir av håret fell til golvet. Ho tek spegelen opp, klipper, ser på seg sjølv. Me ser på ho. Publikum smiler og verkar anerkjenna offeret studenten gir for denne kvelden. Etter kvart kjem barbermaskina fram. Den er frustrerande dårleg, og arbeidet tek lang tid. Det er usikkert om den tidkrevjande barberinga er bevisst eller om det er ein teknisk tabbe og mangel på øving. Eg heller mot det siste. Dette er tross alt første gong dei fleste studentane held ein performance. Her er det rom for prøving og feiling.

I løpet av kurset har Øquist prøvd å få studentane til å tenka på tidsbruken i performance. Intensiteten – kor lenge kan ein halde den? Og er det eit mål at det skal vera intenst? Og kva er publikum sin rolle? Skal dei involverast? Den opne kunstforma har ingen grenser, og nøkkelen til suksess er ikkje openberr.

Etter kvart vert publikum invitert til å barbera Hulsbeek. Det er stille. Smil vert utveksla. Det er ei sterk kjensle av fellesskap i rommet og det å dela eit augeblikk saman.

Performancen endar og den nybarberte studenten og medstudentane ler av det fjonete resultatet. Ho rufsar seg i håret. Delvis skrelt, delvis fjonete.

Ho rufsar seg i håret. Delvis skrelt, delvis fjonete

Kjensla av empowered

– Eg gledde meg eigentleg til å ha performance, men rett før eg skulle utføra den, var eg ganske nervøs. Eg byrja tenka på alle som skulle sjå på meg. Det varte heilt til eg starta performancen, då gjekk eg inn i ein slags modus der eg fokuserte på å klippa håret mitt, og ikkje på at det var publikum der, fortel Alisa Hulsbeek.

– Etter performancen kjende eg meg veldig empowered. Eg var glad eg hadde gjort det, og var spent på å høyra korleis det var å vera i publikum. Eg var overraska over at såpass mange frå publikum deltok i performancen min og var med på å barbera hovudet mitt. Det var gøy å sjå at eg klarte å oppnå noko sterkt utan å ha planlagt akkurat kva som skulle skje, fortset ho.

Performance "Klippe i fortiden" med Alisa Hulsbeek. Etter performancen kjende ho seg veldig empowered. Foto: Anne Nystad Tvedt

Han fortel vidare at han har diare

Frie kunstrom

Det slår meg kor frie desse kunstromma er. Gutar går med skjørt, jenter barberer av seg håret. Her er det ikkje like antrekk. Malen for å passa inn er uklar.

Studentane vekslar mellom om å vera konferansier for kvelden. Ho som etterlyste strøyming tidlegare i veka introduserer neste performance – og visar eigarskap til rolla si.

Eg oppsøker eit rom der ein gut sit og teiknar. Han skal sitta her i fleire timar, og eg får beskjed om at eg kan spørja han om alt. Teikningane er verkeleg imponerande. Han teiknar hender som stikk ut frå knoklete ryggrader og kravlar bortover skitne holer. Det er bekmørkt og teknisk av høg kvalitet. Han fortel meg at han er deprimert, og at teikningane illustrerer tungsinnet. Eg har ikkje spurt. Han fortel vidare at han har diare. Eg har framleis ikkje spurt. Her er det sjokkverdien som vert prøvd ut.

Performance-byen Bergen

Etter fullført performancefestival sit eg att med inntrykket av at dei aller fleste tok eigarskap til prosjektet. Øquist er nøgd med utfallet.

– Dei tok sine arbeid på alvor, og eg trur dei fleste kjende tilknyting til det dei viste, fortel Øquist.

Bergen har kanskje fått nokre nye tilskot til performancemiljøet.

– Bergen er eit midtpunkt for performance i Noreg. Det er mange som arbeider med denne kunstforma her. Og ved å møta mange performancekunstnarar utviklar ein òg sin eigen kunst. Difor er det alltid nyttig og spanande å sjå ut. Det er eit sterkt miljø for det her lokalt, men òg internasjonalt. Performancekunstnar Agnes Nedregård, til dømes, har nesten gått under radaren her i Noreg, men er kjent internasjonalt i nettverket, fortel Øquist.

Ved å møta mange performancekunstnarar utviklar ein òg sin eigen kunst

– Å driva med performance er både eit verktøy for å utvikla seg sjølv, og eit verktøy ein kan bruka i kunsten sin. Det er så utruleg mykje forskjellig ein kan gjera innanfor performance, sier Mia Øquist til Periskop. Hun er performancekunstner og undervisar i performance på Kunsthøgskolen i Bergen. Foto: Erik Øye

Uansett kva felt du held på med innanfor performance, så er det plass til det

Plass til alle

PAB er ein viktig arena for performance i Bergen som arbeidar både nasjonalt og internasjonalt. Organisasjon vart stifta i 2011 av performancekunstnarane Kurt Johannessen, Agnes Nedregård, Karen Kiphoff, Rita Marhaug, Benedicte Leinan Clementsen and Robert Alda, og produsent Marianne Rønning.

Dei har som mål å styrka og synleggjera kunstforma gjennom faglege fora, workshops, festivalar og internasjonal utveksling. Øquist understrekar at dei alltid er veldig opne for å ta i mot nye tankar og medlem, og meiner det er litt av nøkkelen til suksess. Arne Bakke seier seg einig:

– Eg trur PAB vinn på å la fleire kome til. Det skapar ei interesse for feltet og bidreg til å lokka dei utanfor til Bergen. Me i Bergen er heldige som har eit så inkluderande miljø. Kunstnarane her ser ikkje på kvarandre som konkurrentar, men hjelp heller kvarandre med søknader og heier på kvarandre, fortel Bakke.

– Det kjem nye krefter til heile tida. Det er veldig opent, og dei etablerte performancekunstnarane er interesserte i dei nye. PAB er ikkje vår baby og me tek imot studentar med opne armar. Uansett kva felt du held på med innanfor performance, så er det plass til det, forklarer Øquist.

Saken fortsetter under bildene. 

Overraska av det uventa

Hulsbeek sit att med kjensla av å utfordra og flytta nokre grenser etter at ho barberte av seg håret på scena.

– Eg har lært at ein ikkje alltid treng å planlegga alt til minste detalj, men berre sjå korleis ting utviklar seg og stola på at det går bra. Ein kan la seg overraska av noko uventa, fortel ho.

– Eg trur dét er viktig å ta med vidare i livet, avsluttar Alisa Hulsbeek.

Ein kan la seg overraska av noko uventa

Annonser
Stikkord:
· · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · · ·